St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

14 Vedtak nr. 13/08. Spørsmål som gjeld Forum for tryggingssamarbeid

Ministerrådet,

som minner om vedtak V i Helsingfors-dokumentet frå 1992, der det vart vedteke å skipe eit forum for tryggingssamarbeid i KSSE, og som stadfestar at deltakarstatane vil sørgje for at innsatsen deira for å fremje våpenkontroll, avvæpning, tillits- og tryggleiksskapande tiltak, tryggingssamarbeid og konfliktførebygging innanfor ramma av forumet er konsekvent, samstemt og utfyllande,

som minner om vedtak nr. 3 om å fremje OSSEs rolle som eit forum for politisk dialog, som vart vedteke på Ministerrådets 9. møte i Bucuresti i 2001, og som mellom anna pålegg Forumet for tryggingssamarbeid (FSC) å vere nærare knytt til det samla arbeidet med aktuelle tryggingsspørsmål som skjer innanfor OSSE,

som ønskjer å byggje vidare på OSSEs strategi for å møte trugsmål mot tryggleiken og stabiliteten på 2000-talet, som vart vedteken i 2003 på Ministerrådets 11. møte,

som er fast bestemt på å halde fram med å styrkje gjennomføringa av eksisterande tillits- og tryggleiksskapende tiltak innanfor ramma av Wien-dokumentet frå 1999, samtidig som det tek omsyn til at trugsmåla mot tryggleiken og stabiliteten i OSSE-området stadig endrar seg,

som er fast bestemt på å halde fram med å styrkje gjennomføringa av OSSEs åtferdskodeks for dei politiskmilitære sidene ved tryggleiken,

som vidare ønskjer å vise at deltakarstatane i OSSE er bestemde på å oppfylle dei skyldnadene som følgjer av FNs tryggingsrådsresolusjon 1540 (2004) og 1810 (2008),

som merkar seg ministerrådsvedtak nr. 11/08, som vart vedteke i Helsingfors i 2008, om handvåpen og lette våpen og lagra konvensjonell ammunisjon,

  1. ser med glede på, innanfor ramma av Forumet for tryggingssamarbeid,

    • framdriftsrapportane om arbeidet med å styrkje gjennomføringa av OSSEs åtferdskodeks for dei politiskmilitære sidene ved tryggleiken og om arbeidet med å få på plass avtaler om våpenkontroll og tillits- og tryggleiksskapande tiltak, i tråd med mandatet til Forumet for tryggingssamarbeid,

    • dei aktive drøftingane i tryggingsdialogen i 2008, særleg dialogen mellom deltakarstatane som tok sikte på å møte den væpna konflikten i august 2008, og andre konfliktsituasjonar og tryggingsproblem i OSSE-området, på ein rådgjevande og konstruktiv måte,

    • FSC-vedtak om å betre gjennomføringa av åtferdskodeksen og eksisterande tillits- og tryggleiksskapande tiltak,

    • framdrifta som er gjort i gjennomføringa av FNs tryggingsrådsresolusjon 1540 (2004), og i utarbeidinga av handbøker om beste praksis for å gjennomføre resolusjonen,

  2. oppmodar Forumet for tryggingssamarbeid til å intensivere tryggingsdialogen ytterlegare og halde fram arbeidet med spørsmål innanfor mandatet sitt på brei front, i tråd med OSSEs kooperative tryggingsomgrep og i samarbeid med andre internasjonale fora der det høver,

  3. ber Forumet for tryggingssamarbeid ved formannen leggje fram framdriftsrapportar om arbeidet sitt på Ministerrådets 17. møte i 2009. Desse rapportane bør innehalde tiltak for å styrkje gjennomføringa av OSSEs åtferdskodeks for dei politiskmilitære sidene ved tryggleiken, tiltak på området våpenkontroll og tillits- og tryggleiksskapende tiltak, i tråd med mandatet til Forumet for tryggingssamarbeid, og eventuelt på andre område.

Til forsida