3 Samarbeid om demokrati og menneskerettar
OSSE sitt arbeid for vern av menneskerettane, utvikling av demokrati og styrking av rettsstatsprinsippa er viktige tilskot til langsiktig stabilitet. I dette arbeidet står Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) og sendelaga heilt sentralt. Noreg stør arbeidet til OSSE på dette området og ser det som særleg viktig at den sjølvstendige rolla til ODIHR vert vidareførd. Noreg er likeins oppteke av at OSSE må samarbeide nært med andre internasjonale organisasjonar, i første rekkje Europarådet.
Det har vorte stadig fleire direkte åtak på og trugsmål mot menneskerettsforsvararar i Russland og fleire andre OSSE-land. Noreg har i lengre tid teke til orde for at OSSE bør styrkje arbeidet sitt for å stø menneskerettsforsvararar.
3.1 Valobservasjon og valstandardar
Arbeidet som ODIHR gjer for å oppfylle OSSE-standardar knytte til demokrati og gjennomføring av frie og rettferdige val, er ein sentral del av samarbeidet i OSSE. Men det er usemje om kor stor grad av sjølvstende ODIHR skal ha i verksemda si, særleg når det gjeld arbeidet med valobservasjon og valstandardar.
Noreg er ein aktiv støttespelar for ODIHR og har fleire gonger forsvart ODIHRs sjølvstyre. Noreg yter òg økonomiske tilskot til kontoret sitt arbeid med fremjing av grunnleggjande menneskerettar og rettsstatsprinsipp.
Russland ønskjer at deltakarlanda i større grad skal styre arbeidet til ODIHR ved å vedta detaljerte reglar for valobservasjon. Dette er vurderingar som i dag er overlatne til ODIHR, som har utvikla ein svært omfattande og internasjonalt godteken metodikk som gjeld heile valprosessen. Russland innførde før presidentvalet i mars 2008 så mange avgrensingar med omsyn til talet på observatørar og lengda på operasjonen at ODIHR og OSSEs parlamentarikarforsamling (PA) fann det uråd å gjennomføre ein forsvarleg observasjon av valet. Andre deltakarland som gjennomførde val i 2008, til dømes Kviterussland, inviterte ODIHR til å observere vala utan noka form for avgrensingar når det gjaldt talet på observatørar og tida dei fekk til rådvelde. Det var likevel beklageleg at kviterussarane ikkje gav observatørane tilgjenge til oppteljinga av røystene. ODIHR gjennomførde ei rekkje vellukka valobservasjonar i 2008. Noreg deltok i ni av dei med i alt 25 korttidsobservatørar og 13 langtidsobservatørar.
Den finske formannskapen arrangerte etter russisk ønske eit seminar om valobservasjon i juli 2008. Russland ønskte eit slikt seminar for å gå gjennom det dei oppfattar som ei ubalansert tilnærming frå ODIHR, der val i SUS-landa får langt større merksemd enn val i Europa og USA. Seminaret var vellukka i den tydinga at det var eit fint høve for deltakarlanda i OSSE og frivillige organisasjonar å drøfte ulike tilnærmingar til valspørsmål. Det er venta at valspørsmål, medrekna metodologien som ODIHR nyttar ved valobservasjon, vil verte eit sentralt tema i OSSE-samarbeidet i 2009 òg.
På ministermøtet i Helsingfors i desember 2008 vart det oppnådd semje om ei omfattande erklæring for å markere 60-årsdagen for FNs menneskerettsfråsegn, som innebar at alle deltakarlanda gjentok målet sitt om å oppfylle alle skyldnader innanfor den menneskelege dimensjonen. Utanriksministrane understreka på nytt at brot på menneskerettane i eit land ikkje er ei intern sak, men noko som vedkjem alle deltakarland. Frå norsk side ser ein det som svært positivt at ein lukkast i å verte samde om ei slik erklæring.
Parlamentarikarforsamlinga i OSSE spelar ei viktig rolle i valobservasjon. Dessverre har tilhøvet mellom forsamlinga og ODIHR til tider vore spent. I ein situasjon der valobservasjonsarbeidet til OSSE er under stort press frå einskilde deltakarland, er det viktig at ein får til eit styrkt samarbeid mellom Parlamentarikarforsamlinga og ODIHR.
ODIHR har i dei seinare åra har bygd opp ein informasjonsbase, som gjev eit oversyn over rasistisk motiverte hendingar i deltakarlanda, som også omfattar nasjonal lovgjeving på området og konkrete eksempel på tiltak mot rasisme. ODIHR har òg ei rekkje prosjekt som rettar seg mot skuleverket, og som omfattar utvikling av skulemateriell om holocaust og andre utslag av rasisme. Vidare er det utvikla utdanningsprogram retta mot politiet og justisvesenet. Noreg er oppteke av at OSSE sitt arbeid med toleransespørsmål skal sjåast i samanheng med den fleirkulturelle og fleirreligiøse dialogen som går føre seg i FN og Europarådet.
3.2 Menneskehandel og seksuell utnytting av barn
Menneskehandel er ei alvorleg utfordring for alle OSSE-land, anten som opphavsland, transittland eller mottakarland. Den mest utbreidde forma for menneskehandel i OSSE-området er kvinner og barn som vert utnytta til prostitusjon og andre seksuelle føremål. Det er òg eit aukande problem at stadig fleire vert tvinga inn i slaveliknande arbeidstilhøve. OSSE samarbeider nært med andre internasjonale organisasjonar og aktørar i kampen mot menneskehandel. På ministermøtet i Helsingfors i desember 2008 vart det vedteke å styrkje deltakarlanda si etterforsking i menneskehandelsaker. Særleg sendelaga på Vest-Balkan og i Moldova har fokus på menneskehandel, og dei arbeider for å auke medvitet om dette temaet i vertslanda. I tillegg yter dei hjelp til offera og freistar å medverke til å styrkje etterforskinga av menneskehandelsaker. Dei hjelper dessutan vertslanda med å utarbeide handlingsplanar for å nedkjempe menneskehandel. OSSE-spesialrepresentanten for menneskehandelsaker sitt arbeid vert stadig meir synleg i deltakarlanda.
Noreg er ein pådrivar for OSSE sin kamp mot menneskehandel grunna på regjeringa sin handlingsplan for ein samordna innsats for å stoppe handelen med menneske og for å sikre offera hjelp og vern.
3.3 OSSE-høgkommissæren for nasjonale minoritetar
Knut Vollebæk har sidan sommaren 2007 vore OSSE-høgkommissær for nasjonale minoritetar (HCNM). Dette er ei viktig stilling i organisasjonen fordi Høgkommissæren har som oppgåve å varsle om og medverke til å førebyggje destabiliserande etniske konfliktar i OSSE-området. HCNM opererer i område med potensielle etniske konfliktar og freistar å forhindre slike gjennom stille diplomati på høgaste plan. Høgkommissæren vitjar med jamne mellomrom særleg Sentral-Asia, Sør-Kaukasus, Vest-Balkan og Baltikum.
Høgkommissæren tek i arbeidet sitt utgangspunkt i vedtekne internasjonale standardar knytte til rettane til minoritetane. På grunnlag av dei skyldnadene som deltakarlanda i OSSE har teke på seg, har HCNM gjennom institusjonen sin femtenårige eksistens lagt etablerte normer til grunn for balanserte og rettferdige løysingar, som er tilpassa ulike lokale og regionale utfordringar. Samstundes har HCNM hjelpt ulike land med å utforme nasjonal lovgjeving og har utferda eigne allmenne retningsliner knytte til rettane til minoritetane, mellom anna på områda utdanning, språk og deltaking i samfunnet.
Vollebæk presenterte i juni 2008 eit sett slike nye tilrådingar om handsaming av minoritetsspørsmål i mellomstatlege tilhøve. Der vert statane sitt ansvar for å verne nasjonale minoritetar innanfor eigen jurisdiksjon framheva. Høgkommissæren understrekar vidare at statane må respektere andre statar sin suverenitet og territoriale integritet og etterleve folkeretten dersom dei gjer noko for å verne, forsvare eller stø nasjonale minoritetar utanfor eigen jurisdiksjon. Tilrådingane vart særleg aktualiserte gjennom krigshandlingane i Georgia i august 2008, der russiske styrkar tok kontroll over store delar av georgisk territorium, og der dette vart grunngjeve med trongen for å verne russiske borgarar.
Vollebæk vitja Georgia rett etter krigen for å kartleggje den interetniske situasjonen i landa, medrekna Abkhasia og Sør-Ossetia. Etter å ha vorte nekta tilgjenge til Sør-Ossetia (eit brot på mandatet til HCNM) understreka Vollebæk at den parten som kontrollerer territoriet, også må respektere rettane til, og leggje til rette for retur av, dei etniske georgiarane. Det har ikkje hendt, og ein trur at det per i dag ikkje er etniske georgiarar att i Sør-Ossetia. Høgkommissæren held fram engasjementet sitt i Abkhasia, særleg i sør, der det primært bur etniske georgiarar, med sikte på å førebyggje mogeleg vidare konflikt og å forhindre nye bølgjer av internt fordrivne i Georgia. Samstundes stør Høgkommissæren bevaring av abkhasisk språk og kultur.
Krigen i Georgia har vist at førebygging av konfliktar med etniske aspekt framleis må gjevast høgaste prioritet innanfor rammene av OSSE. Både på Balkan og i tidlegare sovjetiske statar er store delar av samfunnet i realiteten framleis todelt, der ulike etniske grupper bur kvar for seg, ofte utan å tale kvarandre sitt språk, og har parallelle strukturar for utdanning og lokale styresett. I økonomiske nedgangstider kan slike samfunn vere særleg mottakelege for oppblomstring av aggressiv nasjonalisme og andre mogelege destruktive og destabiliserande strøymingar. Høgkommissæren vil arbeide vidare innanfor mandatet sitt for å fremje integrasjon og berekraftig sameksistens med sikte på å førebyggje konfliktar der nasjonale minoritetar er involverte.
Regjeringa vil vidareføre støtta til Høgkommissæren sitt arbeid.