15 Ministererklæring
Vi ser med glede på den konstruktive og positive dynamikken i fredsprosessen for ei politisk løysing av konflikten i Nagorno-Karabakh, som kom i gang etter dei to møta mellom presidentane i Armenia og Aserbajdsjan i 2008, i St. Petersburg 6. juni og særleg i Moskva 2. november.
Moskva-erklæringa, som vart underskriven av presidentane i Armenia, Aserbajdsjan og Russland, opna ein lovande fase i prosessen med å løyse konflikten. Vi oppmodar sterkt partane i deira ambisjon om å intensivere innsatsen i forhandlingsprosessen, i samsvar med føresegnene i Moskva-erklæringa og i samordning med medformennene i OSSEs Minsk-gruppe, til å utdjupe ytterlegare dei grunnleggjande prinsippa som vart føreslegne i Madrid 29. november 2007, og deretter til å byrje å utarbeide eit utkast til ei omfattande fredsavtale. Vi set stor pris på intensjonen deira om å utarbeide tillitsskapande tiltak og å tryggje våpenkvila.