18 Noregs innlegg ved politisk direktør Vegard Ellefsen på det 16. møte i OSSEs ministerråd, Helsingfors, 4.-5. desember 2008
Herr formann,
Vi vil gjerne takke utanriksminister Stubb for det framifrå arbeidet han har gjort som formann saman med dei svært dyktige medarbeidarane sine her i Helsingfors og i Wien, og for å arrangere dette framifrå møtet. Under den finske formannskapen har OSSE vore ein svært synleg og effektiv aktør. Under den dramatiske utviklinga i Kaukasus i haust viste OSSE enno ein gong at organisasjonen kan spele ei vital og svært operativ rolle i internasjonal krisehandtering saman med Europarådet under svensk formannskap og Den europeiske unionen under fransk formannskap. Vi er takksame for den særs gode innsatsen som Formannskapet har gjort gjennom heile året.
Det som hende i Georgia i august, var eit tilbakesteg for alle som trur på dialog og søkjer fredelege løysingar på tvistar. Konflikten har hatt alvorlege etterverknader for tilhøvet mellom fleire deltakarstatar.
Genève-samtalane vil vonleg føre til ei fredeleg løysing som respekterer Georgias suverenitet og territoriale integritet. Fram til ei endeleg og fredeleg løysing vert funne, oppmodar vi alle partar til å etterleve fullt ut skyldnadene sine i samsvar med våpenkvileavtalen. Eit framleis OSSE-nærvere i Georgia med tilgang til heile landet er meir naudsynt enn nokon gong.
Krigen i Georgia viser tydeleg faren med å la konfliktar vere uløyste. Vi må fordoble innsatsen vår i denne samanhengen. Vi treng politisk vilje, vi treng leiarar som kan leie folka sine til å samle støtte for kompromissa som trengst. Vi har sett nokre positive teikn i det siste. Vi ønskjer å sjå fleire.
Det kviler på oss alle å medverke til å minske den menneskelege lidinga som denne krigen fører med seg. Alt bør gjerast for å bringe rask og effektiv hjelp til dei mange flyktningane. Dette vert prioritert høgt av Noreg. Vi såg difor med glede på og støtta gjevarkonferansen for Georgia, som Europakommisjonen og Verdsbanken arrangerte saman tidlegare i haust. Vi appellerer til partane som er direkte involverte, om å samarbeide nært med nasjonale og internasjonale hjelpeorganisasjonar og å sikre tilgang og akseptable arbeidstilhøve for hjelpearbeidarane.
Etter arrangement som desse er det viktig å gjere opp status og å sjå framover. Og nyleg har vi faktisk sett ein framveksande diskusjon om trongen for ein styrkt høgnivådialog om europeiske tryggingsspørsmål. Noreg meiner at det kan vere ein trong for å diskutere tryggingsspørsmål. Men vi bør forsikre oss om at vi ikkje definerer tryggingsutfordringane våre for smalt. Vi står overfor ei lang rekkje utfordringar, frå fiendskap mellom land til spenningar mellom grupper av menneske; det kan vere på grunn av etnisitet, religion eller knappe ressursar eller ha andre årsaker. Somme av desse konfliktane kan verte forverra av klimaendringane eller den globale økonomiske nedgangen og kan særleg påverke sårbare grupper i samfunnet vårt. Det er difor viktig å forsikre oss om at vi er godt budde på utfordringane som ligg framfor oss.
Konfliktane i Nagorno-Karabakh og Transnistria kan nett no vere noko mindre akutte enn situasjonen i Georgia. Vi ser med glede på teikn til auka direktekontakt mellom partane, til dømes møtet mellom presidentane i Armenia og Aserbajdsjan no nyleg, og vonar å sjå framdrift i samkvemmet mellom Chisinau og Tiraspol. Framleis aktivt engasjement frå OSSE si side er enno avgjerande i arbeidet med å finne ei fredeleg løysing på desse konfliktane.
Vi har eit sett av prinsipp som vi alle har vorte samde om, og som må etterlevast. Vi har eit solid rammeverk for diskusjon om og engasjement i felles tryggingstrugsmål. Og OSSE er eineståande posisjonert til å gjere dette fordi organisasjonen har så mange deltakarstatar og så breitt tryggingsomgrep.
Historia har lært oss at berre ei brei tilnærming kan gje reell tryggleik, og det er ei lekse vi ikkje må gløyme. OSSE er grunnlagd på standardar og verdiar som vi alle deler og må sikre. Demokrati, rettsstatlege prinsipp, respekt for menneskerettane, økonomisk og sosial utvikling og miljøvennlig praksis utgjer alle ein del av det felles tryggingsomgrepet vårt. Her gjer OSSE-institusjonane, mellom andre ODIHR, Høgkommissæren for nasjonale minoritetar og representanten for frie medium, eit framifrå arbeid med å yte hjelp til deltakarstatane.
Feltoperasjonane er framleis OSSEs viktigaste aktivum. Verdien av arbeidet dei gjer for å støtte deltakarstatane, er enorm. Dette er tilfelle for alle feltoperasjonane, men vi vil særleg understreke trongen for å halde fram med arbeidet vårt i Kosovo. Eit solid lokalt nærvere trengst i ein situasjon som ikkje er tilstrekkeleg avklard enno.
Når vi ser på tryggingsutfordringane innanfor og i nærleiken av OSSE-området, merkar Afghanistan seg ut som eit partnarland der det trengst hjelp, og der det er i vår eiga interesse at OSSE tek på seg ei større rolle. Noreg meiner at vi bør svare positivt på den klare oppmodinga om hjelp frå dei afghanske styresmaktene. Kabul-konferansen i november var ein suksess. Tida har kome for OSSE til å yte hjelp på viktige område, til dømes politireform, grensetryggleik og valførebuing og valobservasjon.
Herr formann,
Tidlegare denne veka underskreiv 93 statar, og mange av dei er representerte rundt dette bordet, konvensjonen om klasevåpen i Oslo. Avtalen forbyr ein heil kategori av våpen, og signatarane i konvensjonen forpliktar seg til å oppmode andre statar til å følgje opp. Vi kan forsikre kvar og ein om at vi ønskjer fleire signaturar på denne konvensjonen i dei komande dagane og vekene.
Herr formann,
Vi har ved mange høve sagt at vi verdset CFE-avtaleregimet med alle tilhøyrande element svært høgt. Vi vil halde fram med å oppfylle skyldnadene våre etter avtalen og ber innstendig Den russiske føderasjonen om å samarbeide med oss og andre partar om å finne ei løysing på stillstanden som rår no.
I både gode og vanskelege tider har vi greidd å bevare OSSE som ein open kanal for kommunikasjon og dialog. Dette viser verdien av organisasjonen.
Til slutt vil vi gjerne forsikre den greske utanriksministeren, Dora Bakoyannis, om at ho har Noregs fulle støtte når ho no tek på seg stillinga som formann i OSSE for 2009. Vi ser fram til å arbeide med henne og medarbeidarane hennar om å bevare og utvikle OSSE som ein reiskap for dialog og samarbeid mellom deltakarstatane.
Takk, herr formann.