2 Vedtak nr. 1/08. Oppnemning av direktør for Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar
Ministerrådet,
som minner om vedtaket som Ministerrådet gjorde på sitt andre møte i Praha i 1992 om utvikling av Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR),
som tek omsyn til at etter ministerrådsvedtak nr. 1/06 vil mandatperioden til den no fungerande direktøren for ODIHR, Christian Strohal, gå ut 30. juni 2008,
som uttrykkjer si takksemd til avtroppande direktør for ODIHR, Christian Strohal,
som tek omsyn til tilrådinga frå Det faste rådet,
vedtek å nemne opp Janez Lenarèiè til direktør for ODIHR for ein periode på tre år, med verknad frå 1. juli 2008.
Tolkingserklæring i samsvar med punkt iv.1(a)6 i møteføresegnene til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i europa
Frå delegasjonen frå Kviterussland:
«I samband med vedtaket i OSSEs ministerråd om å nemne opp ambassadør Janez Lenarèiè til stillinga som direktør i OSSE-kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) har delegasjonen vår fullmakt til å kome med denne tolkingserklæringa.
Vi har slutta oss til konsensus når det gjeld kandidaturet til ambassadør Janez Lenarèiè, og minner om at reforma av OSSEs ODIHR må halde fram for å gjere aktivitetane til ODIHR meir opne og gjere ODIHR meir ansvarleg overfor OSSEs kollektive organ. Vi forventar at den nye direktøren i kontoret kjem med relevante framlegg og gjennomfører relevante tiltak, medrekna dei tiltaka som krevst for å få ei fullstendig gjennomføring av vedtak nr. 19/06, som vart gjort på møtet i OSSEs ministerråd i Brussel, i den delen som gjaldt ODIHR. Vi stadfestar samstundes at vi vil samarbeide konstruktivt med den nye direktøren i ODIHR.
Vi meiner at det som må prioriterast høgast, er å løyse problema med å få orden på valobservasjonar og organiseringa av OSSEs arrangement om den menneskelege dimensjonen. Særleg må ein ta konkrete steg for å standardisere framgangsmåtane for valobservasjon og gjere desse om til einsarta reglar som alle deltakarstatane er samde om, og dessutan må ein justere reglane for korleis OSSEs arrangement om den menneskelege dimensjonen skal haldast.
I denne samanhengen minner vi om framlegga frå ei rekkje deltakarstatar i 2007 om å vedta «Grunnleggjande prinsipp for organiseringa av OSSE/ODIHR-observasjon av nasjonale val» og «Reglar om deltaking frå ikkje-statlege organisasjonar på OSSE-møte».
Det er òg viktig å halde fram arbeidet med å gjere ODIHRs finansiering utanom budsjettet meir open. Vi tek det standpunktet at kontoret, i samsvar med mandatet sitt, vert oppmoda til å hjelpe deltakarstatane med å oppfylle skyldnader innanfor OSSE når statane ber om det, og ikkje å prakke slik «hjelp» på dei.
Vi understrekar at ODIHR er ein spesialinstitusjon i OSSE og difor er ansvarleg overfor alle deltakarstatane. Vi ser som utillateleg all ODIHR-aktivitet som vert utførd utan godkjenning frå dei kollektive organa i OSSE, eller som omgår vedtaka til OSSE.
Vi vil strukturere det framtidige samarbeidet vårt med ODIHR og vil òg revidere haldninga vår innanfor ramma av diskusjonen om programaktivitetane og budsjettet til kontoret, avhengig av i kva grad leiinga i kontoret tek omsyn til dei ovannemnde tilnærmingsmåtane i aktivitetane sine.
Vi ber om at denne erklæringa vert lagd ved vedtaket og vert teke inn som vedlegg til journalen for møtet i dag.»