17 Ministererklæring om 60-årsdagen for konvensjonen om hindring av og straff for brotsverket folkemord
Vi, medlemmene i Ministerrådet i OSSE, markerer 60-årsdagen for Konvensjonen om hindring av og straff for brotsverket folkemord, som vart vedteken av generalforsamlinga i FN 9. desember 1948 (heretter kalla konvensjonen).
Vi erkjenner at verdserklæringa om menneskerettane erkjende at det naturlege menneskeverdet og like og umissande rettar for alle menneske på jorda var grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda, og vi tek òg opp att relevante skyldnader som er nedfelde i Sluttakta frå Helsingfors.
Vi stadfestar verdien av konvensjonen som eit viktig internasjonalt verkemiddel for å hindre og gje straff for brotsverket folkemord.
Vi oppmodar dei deltakarstatane som enno ikkje har gjort det, til å vurdere å verte partar i konvensjonen så snart som mogleg og verte ein del av dette globale rammeverket for å hindre og gje straff for brotsverket folkemord. Vi oppmodar vidare partane til å utvide og intensivere aktivitetane sine som tek sikte på full gjennomføring av skyldnadene deira etter konvensjonen.
Vi merkar oss at då FN vedtok konvensjonen, erkjende FN at brotsverket folkemord var ei motbydeleg svepe som hadde påført menneskja store tap, og var overtydd om at det kravdest internasjonalt samarbeid for å lette snøgg hindring av og straff for brotsverket folkemord.
Vi erkjenner at folkemord er eitt av dei alvorlegaste brotsverka i folkeretten som er fordømde av det internasjonal samfunnet som heilskap, og kan aldri rettferdiggjerast.