St.meld. nr. 21 (1998-99)

Ansvar og meistring

Til innhaldsliste

10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Hovudfokuset i denne meldinga er å medverke til å rette opp mangelfull koordinering av tilboda, uklare ansvarsforhold, og til dels mangelfull kompetanse i rehabiliteringsarbeidet.

Det blir ikkje lagt opp til ei forskyving av ansvarsforholda mellom kommunar og fylkeskommunar, eller mellom ulike sektorar. Dagens roller og ansvarsforankring er lagd til grunn. Kommunane blir ikkje pålagde prinsippielt nye oppgaver som følgje av forslaga i denne meldinga. Søkjelyset blir særleg retta mot samarbeidet mellom ulike nivå og sektorar.

Fleire av forslaga inneber omfordeling innanfor dei gjeldande løyvingsrammene. Ei nærmare tilknyting av opptreningsinstitusjonane til fylkeskommunane, gjennom eit endra finansieringssystem, vil innebere ein ny måte å kanalisere ressursar på innanfor dei rammene som ein har i dag. Tilpassinga av systemet med innsatsstyrt finansiering i spesialisthelsetenesta slik at det betre reflekterer ressursbruken innanfor medisinsk rehabilitering på sjukehus, vil skje gjennom ei omfordeling innanfor ISF-systemet.

For nokre tiltak vil det bli gitt meir detaljerte pålegg i form av forskrifter. I desse tilfella vil dei økonomiske og administrative konsekvensane til dels være avhengige av korleis forskriftene blir utforma.

I kapittel 3 blir det presisert kva som blir venta og kravd av rehabiliteringsverksemda i kommunane, mellom anna med omsyn til å syte for koordinatorfunksjonar, og med omsyn til den sentrale rolla kommunen bør ha for å sikre heilskap og framdrift i den individuelle planlegginga. Dette vil i stor grad innebere ei systematisering av verksemda i forhold til den enkelte og ei betre utnytting av eksisterande ressursar på tvers av faggrenser og målgrupper. Ei forskrift med funksjonskrav til rehabilitering med utgangspunkt i lova om helsetenesta i kommunane, vil gi ei presisering og klargjering av oppgåver som det er venta at kommunane utfører i medhald av § 1-3 i denne lova.

Kommunen sitt ansvar for å stå for ein koordineringsfunksjon i arbeidet vil ikkje nødvendigvis innebere at kommunen må etablere eller byggje opp nye administrative einingar. Etablering av ein slik funksjon vil heller kreve at kommunen definerer ei rolle og peikar ut ein instans som kan syte for denne funksjonen. Departementet legg til grunn at det er eit vesentleg effektiviseringspotensial i ei betre og meir planbasert samordning av rehabiliteringstilboda internt i kommunane, og i ei betre samordning av dei kommunale tilboda med tilbod frå fylkeskommunen og andre offentlege instansar.

Forslaget om ei plikt til å utarbeide individuelle planar for personar med behov for langvarige og koordinerte tenester, er fremja i Ot prp nr 10 (1998-99) Om lov om spesialisthelsetjenesten m.m. Er det samla tilbodet prega av sprikjande planlegging for den enkelte, kan det føre til at brukarar med store behov blir skyvde frå instans til instans, noko som blir unødig kostnadskrevjande for dei etatane og tenestenivåa som er involverte. Ein eventuell moderat auke av ressursinnsatsen i samband med meir systematisk individuell planlegging må vegast opp mot dei effektivitetsgevinstane som vil bli frigjorde, og opp mot konsekvensane av mangelen på slik planlegging. Det blir vist til nærmare vurdering av dei administrative og økonomiske verknadene i Ot prp nr 10 (1988-99) Om lov om spesialisthelsetjenesten m.m.

Brubyggingstiltaka mellom helse, trygd og arbeid som er omtala i kapittel 3.2.5.4, handlar om psykososial rehabilitering, dvs den delen av rehabiliteringsprosessen der individet får hjelp til å mobilisere eigne ressursar og eiga meistringsevne i forhold til å delta i samfunnet; sosialt, kulturelt og i arbeidslivet. Tilrettelegginga av slik hjelp må vere ein del av rehabiliteringsarbeidet som kommunen har ansvaret for. Det er viktig også at kommunane ser denne typen brubyggingstiltak i samanheng med dei allereie etablerte statlege øyremerkte tilskota til kommunane for å ta hand om ulike brukargrupper, til dømes til menneske med psykiske lidingar.

Den vidare utviklinga av det fylkeskommunale rehabiliteringstilbodet vil framleis bli stimulert gjennom eit eige øyremerkt tilskot. Regjeringa har i budsjettet for 1999 føreslått å løyve 117, 5 mill kr til dette. I ein del fylkeskommunar vil det i tillegg kunne frigjerast ressursar i samband med at omdanninga av dei fylkeskommunale somatiske langtidsinstitusjonane held fram. Vidare vil fylkeskommunane kunne styrkje si rehabiliteringsverksemd gjennom ein meir målretta og effektiv bruk av opptreningsinstitusjonane.

I samband med ei omstrukturering av fylkeskommunale, somatiske langtidsinstitusjonar blir kommunane sitt noverande ansvar for grunnleggjande pleie-, omsorgs- og rehabiliteringstenester understreka. Det blir òg sett som føresetnad at ein nyttar eksisterande statlege støtteordningar for å flytte ut dei bebuarane som ønskjer det.

Utvikling av eit sentralt FoU-miljø for heilskapleg rehabilitering vil i utgreiingsfasen bli finansiert over departementet si FoU-løyving. Vidare finansieringsbehov vil bli vurdert i samanheng med statsbudsjettet. Det same gjeld finansiering av etter- og vidareutdanningstiltak på rehabiliteringsfeltet. Dette vil departementet komme tilbake til når føreslåtte evalueringar og utgreiingar er gjennomførte.

Ulike FoU-innsatsar, vidareføring av den tverrfagleg etterutdanninga, og av rettleiarprosjektet under Statens helsetilsyn, og utvikling av informasjonssystem vil bli finansiert over departementet sine eksisterande løyvingar til rehabilitering. Ei eventuell etablering av nye regionale kompetansesenter må sjåast i samanheng med dei statlege stimuleringsmidlane til fylkeskommunane og med dei ordinære rammetildelingane til fylkeskommunane.

Ei ny ordning med tilbod om utleige av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralane til kommunane er føreslått i kapittel 3. Frå departementet si side er det ein føresetnad at ordninga skal vere kostnadsnøytral for folketrygda.

Det blir føreslått nærmare utgreiingar av ei rad ulike spørsmål, til dømes når det gjeld kva rolle og oppgåver visse landsdekkjande institusjonar skal ha, sjukeheimane si rolle i det kommunale rehabiliteringsarbeidet, og om refusjonsordningane i folketrygda kan stimulere rehabiliteringsrelevant verksemd på ein betre måte. Konsekvensane av eventuelle forslag må ein komme tilbake til når desse utgreiingane ligg føre.

Til forsida