9 Rehabilitering for den samiske befolkninga
Eit overordna mål for regjeringa er å sikre tilgjenge til og mest mogeleg likeverdige tenestetilbod uavhengig av kva etnisk gruppe ein tilhøyrer.
Forslag til nasjonal plan for helse- og sosialtenester til den samiske befolkninga blei avgitt i 1995 (NOU 1995:6). Utgreiinga legg vekt på primærhelsetenesta, sidan det er her den grunnleggjande kontakten mellom tenesteytar og pasient/klient finn stad. Dokumentet gjer greie for problema og føreslår tiltak innretta mot heile det samiske busetjingsområdet.
Etter høyringsrunden har regjeringa vedteke at den vil følgje opp planen med ein handlingsplan. Fleire av forslaga i utgreiinga er følgde opp i ulike stortingsmeldingar om helse- og sosialtenesta dei siste åra, og vil bli følgde opp også i samband med denne meldinga. Sametinget har etter oppmoding frå departementet oppretta ei referansegruppe som har teke del i dette arbeidet.
9.1 Problemomtale
NOU 1995:6 peikar på at manglande språkleg og kulturell kunnskap hos fagpersonell kan verke hemmande på rehabiliteringsprosessen og på kommunikasjon og samarbeid mellom helsepersonell og den samiske brukararen/pårørande. Utan god kommunikasjon er det vanskeleg å gi hjelp til brukarane i brukarane si meistring, eigatrening og sjølvhjelp. Når til dømes samisktalande barn med samansette problem må reise bort for behandlingsopphald på institusjon, kan det oppstå omfattande tilpassings- og åtferdsproblem dersom personellet manglar samisk språk og kulturkompetanse.
Sametinget si referansegruppe legg særleg vekt på at samiske funksjonshemma i møtet med helse- og sosialarbeidarar kan få uttrykkje seg på sitt eige språk, slik at ønskje og behov blir forstått. Dette vil igjen kunne auke motivasjonen for rehabilitering. Referansegruppa peikar på at innanfor den samiske befolkninga er det særleg personar med afasi, lidingar i muskel- og skjelettsystemet, kreft og psykososiale og samansette lidingar, og høyrsels- og synshemma, som har særskilte behov for rehabilitering. Ofte vil det vere barn og eldre som vil ha størst problem med å meistre og forstå norsk språk i møtet med helse- og sosialtenesta.
Referansegruppa har òg peika på at det i dag er stor mangel på samiskspråkleg personell som arbeider innanfor rehabiliteringsverksemda. Regjeringa har i St meld nr 18 (1997-98) Tillegg til St meld nr 41 (1996-97) Om norsk samepolitikk signalisert at ein vil leggje til rette for at det blir utdanna fleire samisktalande helse- og sosialarbeidarar.
9.2 Nærmare om ulike forslag
Eigen samiskspråkleg rehabiliteringsinstitusjon
NOU 1995:6 legg vekt på at ein bør satse på nettverkssamarbeid, mellom anna gjennom IT og bildekommunikasjon, for å kunne utvikle tilbodet om rehabilitering innanfor samiske kjerneområde og i andre kommunar med samisk befolkning.
Utgreiinga tilrår dessutan ei utgreiing av behovet for ein samiskspråkleg rehabiliteringsinstitusjon. Det blir peika på at ein slik institusjon vil kunne ta vare på spesialisthelsetenesta sitt ansvar for medisinsk rehabilitering for den samiske befolkninga, ved å tilby døgntilbod til innlagde pasientar, vurdere rehabiliteringspotensialet til den enkelte, medverke til å utarbeide rehabiliteringsplanar og gi rettleiing til kommunehelsetenesta. Ein slik institusjon kan vere ein kompetansebase der det kan drivast forsking, utviklingsarbeid og kompetanseutvikling basert på samisk språk og kultur. Sametinget si referansegruppe legg sterk vekt på at institusjonen bør opprettast, og at den også bør få ein landsdekkjande funksjon.
Logopedtenesta
For høyrselshemma og afasiramma, og for personar med ulike typar talehemmingar, kan mangel på samiskspråkleg basert assistanse medføre store problem.
NOU 1995:6 omtalar ikkje logopedtenester for den samiske befolkninga. Tenestene er heimla i skolelovgivinga, og er ein del av det kommunale ansvaret for vaksenopplæring og pedagogisk-psykologiske tenester (PPT).
Ved Sonjatun helsesenter i Nordreisa blir det gitt rehabiliteringstilbod til afasiramma, mellom anna logopedhjelp, som del av spesialisthelsetenesta i Troms fylkeskommune. Finnmark fylkeskommune har inngått avtale om kjøp av gjestepasientplassar ved senteret. Tilbodet består i hovudsak av tverrfagleg utgreiing og er basert på at kommunal logoped kan overta når pasientane blir utskrivne. I dag er ikkje tilbodet spesielt innretta mot samisktalande personar.
Den kommunale logopedtenesta er lite utbygd i store delar av det samiske busetjingsområdet. Svært få av kommunane har oppretta logopedstillingar. Det finst i vårt land i dag svært få praktiserande logopedar som meistrar samisk språk.
Eigne samiskspråklege ambulerande team
NOU 1995:6 drøftar to alternative strategiar for utvikling av samiskspråkleg kompetanse innanfor fylkeskommunen sitt tilbod; å byggje inn samisk kompetanse i dei etablerte ambulante tenestene til fylkeskommunen, eller ved å opprette eigne team innretta mot den samiske befolkninga. Innstillinga konkluderer med at det bør opprettast eit felles team for barn og vaksne med psykisk utviklingshemming, og at dette teamet bør få ein base i midt-Finnmark.
Sametinget si referansegruppe tilrår også at det blir oppretta eit slikt team, mellom anna for å hindre at menneske med psykisk utviklingshemming, som ofte er eittspråklege, ikkje får ei ytterlegare funksjonshemming. I høyringa i samband med utgreiinga fikk forslaget om eige samisk team for barn og vaksne støtte frå både kommunar, fylkesmannen i Finnmark og Finnmark fylkeskommune.
Rehabiliteringsplan for Finnmark fylkeskommune
Finnmark fylkeskommune har i sin eigen samiske helse- og sosialplan frå 1995 slutta seg til at spørsmålet om ein eigen samiskspråkleg rehabiliteringsinstitusjon bør utgreiast. I forslaget til den nye rehabiliteringsplanen for Finnmark fylkeskommune går fylkeskommunen i mot etablering av ein samisk rehabiliteringsinstitusjon innanfor kompetanseområdet til spesialisthelsetenesta. Det blir heller ikkje lagt opp til eit eige samisk ambulant habiliteringsteam. Planen legg heller vekt på at det bør tilsetjast personell med kompetanse i samisk språk og kultur ved Kirkenes sjukehus, i det eksisterande ambulante teamet og ved den nye opptreningsinstitusjonen i Alta.
9.3 Vurdering
Som for resten av befolkninga vil den vesentlege delen av rehabiliteringsinnsatsen for den samiske befolkninga måtte gå føre seg i kommunane. Det synest vanskeleg å rekruttere tilstrekkeleg samisktalande helse- og sosialpersonell i kommunane, til dels også i dei aktuelle fylkeskommunane, noko som er avgjerande for å kunne gi den samiske befolkninga rehabiliteringstenester innanfor samisk språk og kultur. Departementet vil derfor leggje forholda betre til rette for å auke tilgangen på samisktalande personar til rehabiliteringsrelevante studiar og fag ved ulike høgskular.
Dersom ein eventuell samiskspråkleg institusjon skal gi spesialiserte tenester innanfor ansvaret til fylkeshelsetenesta, er føresetnaden til departementet at denne institusjonen må forankrast i det fylkeskommunale planverket, helst i Finnmark fylkeskommune. Departementet vil innleie ein dialog med Finnmark fylkeskommune om korleis ein innanfor ramma av den fylkeskommunale rehabiliteringsplanen, kan komme behova til samiske pasientar i møte på andre måtar.
Når det gjeld opprettinga av eige habiliteringsteam for den samiske befolkninga, ser ikkje departementet dette som ei nasjonal, men som ei fylkeskommunal oppgåve.
Departementet vil elles vidareføre Nordnorsk IT-eining (NONITE). NONITE gir eit desentralisert tilbod av IT-baserte hjelpemiddel til barn og unge i eit samhandlingsnettverk. Samiske barn og unge er ei viktig målgruppe i prosjektet. Det blir vist til St prp nr 1 (1998-99) Sosial- og helsedepartementet.
Departementet vil også oppmode til interkommunalt samarbeid for å styrkje logopedtenesta.
Sosial og helsedepartementet vil
innleie ein dialog med Finnmark fylkeskommune om korleis ein kan imøtekomme behova til samiske brukarar innanfor ramma av den fylkeskommunale rehabiliteringsplanen
etablere ei fireårig prøveordning med eit utdanningsstipend til samisktalande personar innanfor utvalde og rehabiliteringsrelevante personellgrupper
vidareutvikle kompetansen i samisk språk ved Sonjatun helsesenter i samarbeid med Troms fylkeskommune
Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet vil
i løpet av våren 1999 utarbeide ei felles forskrift om opptak til høgare utdanning frå år 2000. Forskrifta vil gi høve til å utforme kvoteringsreglar, slik at ein mellom anna kan sikre tilgangen på studentar med samisk bakgrunn til særleg rehabiliteringsorienterte fag
arbeide for å auke tilgangen på samisktalande spesialpedagogar, medrekna logopedar