7 Kunnskap og kompetanseutvikling
Det er gjennomført ei omfattande forsøksverksemd med relevans for rehabiliteringsfeltet dei siste åra. I tillegg er det sett i gang vidareutdanningstiltak og prøvd ut ein modell for etterutdanning på rehabiliteringsfeltet.
Kartlegging som departementet har gjennomført, tyder likevel på at det framleis er store kunnskaps- og kompetansemanglar. Kunnskapen er fragmentert og vanskeleg å få oversikt over. Ulike yrkesgrupper som arbeider med rehabilitering synest å ha ein for smal og fragmentert kompetanse i høve til den heilskaplege tilnærminga som må prege dette feltet. For å få til eit godt lokalt samarbeid rundt den enkelte, spesielt rundt menneske med samansette behov, er det viktig at alle faggrupper har ei mest mogeleg felles tilnærming til særtrekka ved rehabiliteringsverksemda.
I tillegg har fleire kommunar og fylkeskommunar problem med å rekruttere viktige fagpersonar i arbeidet.
Departementet tek sikte på å redusere desse problema gjennom ei langsiktig satsing på kompetanseutvikling, gjennom utdanning, forsking, rettleiing og forsøksverksemd, og løpande ved å vurdere studiekapasiteten for viktige personellgrupper.
Kompetanseutvikling i regi av regionhelsetenesta og ved landsomfattande kompetansesentra er omtala i kapittel 4.1.5 og 5.3, men må sjåast i samanheng med forslaga til tiltak i dette kapitlet.
7.1 Nokre erfaringar frå forsøksverksemda til departementet
Forsøksverksemd i trygdesektoren
Forsøksprogrammet blei sett i gang i 1994 som eit ledd i Regjeringa si satsing for å førebyggje og redusere sjukefråveret. Det er årleg løyvt inntil 10 mill kr til programmet, som er forankra i Rikstrygdeverket. Prosjekta blir initierte og følgde opp i tett samarbeid med partane i arbeidslivet.
Den overordna målsetjinga for programmet er å betre livskvaliteten for arbeidstakarar med sjukdom og skadar gjennom hjelp til å halde fram med arbeid og aktivitet. Målgruppa er primært personar med muskel- og skjelettlidingar eller med andre kroniske smertetilstandar, og som står i eit arbeidsforhold.
Ein prøver å hjelpe ved å få til førebygging, oppfølging av sjukefråvere og attføringstilbod knytte til den enkelte sin arbeidsplass, mellom anna ved hjelp av aktiv sjukmelding. Nye modellar for samarbeid mellom dei sjukmelde sine verksemder og det offentlege hjelpeapparatet blir prøvde ut. Trygdeetaten har ei sentral rolle i hjelpeapparatet, både ved oppfølging av langtidssjukmelde og gjennom den nye «vegvisarrolla» i relasjon til verksemdene. I mange av prosjekta arbeider etaten med utvikling av samarbeidsrelasjonar og med fag- og rolleutvikling knytt til nye og gamle oppgåver for etaten.
Forsøket blir evaluert av Byggforsk og evalueringsrapporten vil liggje føre hausten 1999.
Trygd- og rehabiliteringsprogrammet
Forsøksprogrammet Trygd- og rehabilitering blei gjennomført i perioden 1992 til 1997. Målgruppa var personar med smertefulle og funksjonshemmande tilstandar i rørsleapparatet. 30 prosjekt var med i programmet som blei finansiert av Sosial- og helsedepartementet. Programmet hadde desse målsetjingane:
Betre livskvalitet for brukarane.
Betre og meir relevant og tilgjengeleg tenestetilbod til brukarane.
Færre, eller kortare, sjukmeldingar på grunn av muskel-/skjelettplager og dermed reduksjon i utbetalingane av sjukepengar frå trygda.
Redusert tal på uførepensjoneringar på grunn av muskel- og skjelettplager og dermed reduksjon i trygdekostnadene til uførepensjon.
Brukarperspektivet har vore eit gjennomgåande prinsipp for planlegging, gjennomføring og evaluering. Dei fleste deltakarane i programmet oppgir betre livskvalitet som følgje av å ha delteke i prosjekta. Kvaliteten er gjerne knytt til auka meistring, betre sjølvtillit og ei oppleving av å bli teken på alvor og akseptert med den lidinga ein har. I mange av prosjekta har ein makta å gi brukarane eit meir relevant og tilgjengelig tenestetilbod.
Programmet har likevel i liten grad medverka til å endre det etablerte hjelpeapparatet. I dei fleste prosjekta påviser evalueringa heller ingen nedgang i sjukefråvere og trygdeutbetalingar. Deltakarane i fleire av prosjekta der det ikkje var kontrollgrupper, rapporterte likevel om betre meistring, auka sjølvtillit og auka tru på framtidig yrkesinnsats. Det synest rimeleg å tru at dette på lengre sikt vil kunne resultere i redusert sjukefråvere. Dei prosjekta som inkluderte sjukmelde pasientar, kunne dokumentere at fleire kom i arbeid i løpet av oppfølgingsperioden. Om dette var eit resultat av å ha delteke i prosjekta, er likevel uvisst.
Forsøksprogrammet Trygd og rehabilitering er nærmare omtala i vedlegg nr 1.
Helse- og kultursatsinga
Sosial- og helsedepartementet har i samarbeid med Norsk kulturråd, Rikskonsertane, kommunar og fylkeskommunar sett i gang ei landsomfattande satsing på helse og kultur. Satsinga består mellom anna i ei utstrekt forsøksverksemd, der kultur blir brukt som eit verkemiddel i det helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande arbeidet.
I prosjekta blir det fokusert på brukarane sine ressursar, enten ved at tersklane til ordinære kulturtilbod blir senka, eller ved å etablere eigne arenaer for samvere, oppleving og deltaking i kulturelle aktivitetar. I mange av prosjekta er brukarane også aktive i utforminga av prosjekta. Satsinga skal gå ut 1999 og blir evaluert av Norsk institutt for by- og regionforskning.
7.2 Behov for vidare kompetanse- og kunnskapsutvikling
7.2.1 Problemomtale
Departementet si kartlegging tyder på at mange av dei problema brukarane møter er dei same, uavhengig av kva funksjonshemming eller sjukdom som ligg bak. Dei tenestene, metodane og haldningane som brukarane kjem i kontakt med, synest å vere prega av mangel på heilskap og systematikk. Rehabiliteringsfeltet er til dels prega av profesjonsmotsetningar som skaper problem i samband med samhandling og som fører til ulik ideologisk tilnærming til problema.
Desse kompetanseproblema kan få store konsekvensar både for brukarane og for feltet:
Produksjonen av kunnskap er for tilfeldig og på ein del område for svak, mellom anna når det gjeld utarbeiding og gjennomføring av individuelle planar.
Kompetansen om rehabilitering som ein heilskapleg og systematisk prosess er mangelfull.
Det manglar systematiske og oppdaterte oversyn over forskings- og erfaringsbasert kunnskap som er produsert på rehabiliteringsfeltet generelt, og spesielt når det gjeld langsiktig brukarmedverknad og tverrsektoriell samhandling med brukarane i sentrum.
Kontakten mellom forskingsmiljøa, dei erfaringsbaserte forsøka og utdanningsinstitusjonane er for svak, slik at overføring av kunnskap til aktørane på praksisfeltet er mangelfull.
Det er store manglar når det gjeld kunnskap om effektar av ulike former for rehabiliteringsopplegg, mellom anna med omsyn til den enkelte si meistring og funksjonsevne, og når det gjeld kostnad-nytte-vurderingar.
Hjelpeapparatet har mangelfull kunnskap om tilstandar som ligg bak, og om konsekvensar av desse tilstandane for den totale livssituasjonen til brukaren og dei pårørande.
Det er lite kunnskap om verknaden av arbeid med sorg og sosial støtte, særleg når brukarane må reorientere sine liv etter ei funksjonshemming som er oppstått.
Det synest å mangle kompetanse om kor viktig det er å fremme motivasjon og meistring, og om kva som bryt ned motivasjonen til den enkelte.
Både i forsking og på praksisfeltet er det lite kunnskap om rehabiliteringsbehov som er kopla til psykiske problem som følgje av funksjonshemming.
Kunnskap om spesielle metodar, hjelpemiddel og tiltak er ikkje tilfredsstillande.
Kompetansen omkring utgreiing og behandling av rygglidingar synest også å vere mangelfull.
7.2.2 Vurdering og tilrådingar
Konsekvensane av problema nemnde ovanfor er mellom anna at forvaltninga og tenesteytarane har problem med å skaffe seg heilskapleg kunnskap som grunnlag for kontinuerleg utvikling av verkemiddel og tiltak på rehabiliteringsfeltet, spesielt slike som kan verke samordnande og sikre heilskapen. Departementet vil av denne grunnen arbeide langsiktig for å styrkje og koordinere kunnskapsutviklinga på feltet.
Sentralforvaltninga og tilsynsstyresmaktene kan medverke til ei meir planmessig koordinering av kunnskapsutviklinga. På eit fragmentert felt, prega av mange ulike aktørgrupper, synest det likevel å vere behov for ein samlande og tverrfagleg kompetanseinstans utanfor departementet, som kan supplere departementet i arbeidet med desse oppgåvene.
Departementet ser eit stort behov for å halde fram med forsøksverksemd i kommunesektoren, som i samarbeid med frivillig sektor og regionale og statlege instansar kan prøve ut ulike organisasjonsmodellar og metodar for brukarmedverknad og individuell planlegging.
For å stimulere til størst mogeleg praktisk nytte av eksisterande og nye kompetanseutviklingstak, vil det vere ei sentral utfordring at kunnskapen som blir produsert, også blir gjord lett tilgjengeleg for brukarar, pårørande, dei ulike tenestene og forvaltninga. Formidling, undervisning og rettleiing, både generelt og i forhold til den enkelte brukar, bør styrkjast.
Det er også viktig å utvikle ei meir felles kunnskapsplattform som kan medverke til å redusere motsetningane mellom faggruppene, til nytte for brukaren spesielt og samfunnet generelt i form av meir effektiv bruk av ressursane.
7.2.3 Nærmare om eit sentralt kompetansemiljø
Ei sentral utfordring er å sikre utvikling av kunnskap og kompetanse om rehabilitering som ei samanhengande og sektorovergripande verksemd.
Etter ei samla vurdering av ulike modellar for organisering av kunnskapsproduksjon og formidling vil departementet setje i gang ei utgreiing med sikte på å etablere eit sentralt kompetansemiljø for rehabilitering. Formålet med ei slik sentral eining er at den skal kunne verke som pådrivar og koordinator i høve til kunnskapsproduksjon, kunnskapsformidling, og i samband med utdanningsspørsmål på feltet. Verksemda skal vere tverrfagleg og byggje på brukarmedverknad og samarbeid med offentlege og frivillige instansar. Ei slik eining kan mellom anna ta ansvar for å
halde alle sentrale aktørar oppdaterte med utviklinga på rehabiliteringsfeltet, nasjonalt og internasjonalt
etablere eit kunnskapsnettverk mellom etablerte miljø, og mellom miljø som vil bli etablerte
gi departementa råd om kva område som bør styrkjast når det gjeld kompetanse og kunnskap
initiere og gjennomføre rehabiliteringsrelevant forsking
initiere, følgje opp og syte for at prosjektbasert utviklingsarbeid blir evaluert
delta i utgreiing, planlegging og faktisk gjennomføring av undervisning på ulike nivå
gi anna relevant informasjon til statleg forvaltning, kommunar, fylkeskommunar og frivillig sektor
Det er vidare viktig at eit slikt senter blir knytt til eit miljø som også har ansvar for å gi undervisning til viktige personellgrupper på feltet. Det vil vere mest aktuelt å plassere senteret innanfor det etablerte forskings- og utdanningssystemet, til dømes ved eit større høgskolemiljø. Det synest mest formålstenleg at senteret får form som eit femårig prosjekt som blir evaluert før det eventuelt blir etablert på permanent basis.
7.2.4 Forsking under Noregs forskingsråd
Av St meld nr 35 (1994-95) Velferdsmeldingen gjekk det fram at departementet arbeidde med å få etablert eit nytt forskingsprogram for feltet rehabilitering under Noregs forskingsråd frå og med 1996. Stortinget hadde ingen særskilde merknader til dette, utover å slutte seg til behovet for auka kunnskap, jf Innst S Nr 180 (1995-96). Det har av ulike grunnar vist seg vanskeleg å realisere eit eige forskingsprogram.
I dag går det føre seg forsking som er relevant for rehabilitering, under fleire av programma til forskingsrådet, mellom anna om kroniske smertesyndrom, programmet «Arbeid og helse» og programmet «Helse og sjukdom i eit kulturelt perspektiv».
Sosial- og helsedepartementet vil framleis gi støtte til rehabiliteringsrelevante program. Departementet vil dessutan ta initiativ til at forskingsrådet gir ei samla rapportering frå desse prosjekta, på tvers av programgrensene.
7.2.5 Forskings- og utviklingsverksemd i regi av departementet
På feltet rehabilitering har Sosial- og helsedepartementet satsa breitt innanfor forsking, forsøk og utviklingsarbeid dei siste åra. Verksemda har vore viktig for å innhente meir kunnskap og styrkje interessa for feltet.
Departementet tek sikte på ei vidareføring og forsiktig opptrapping av forskings-, forsøks- og utviklingsverksemda, særleg for å styrkje kunnskapen om korleis ein skal utarbeide individuelle planar, lokal samhandling, kvinnehelse og helse og kultur, og for stimulere utviklingsarbeid i kommunar og fylkeskommunar. Ei opptrapping må også sjåast i samanheng med utgreiinga og etableringa av eit nytt kompetansemiljø for heilskapleg rehabilitering.
7.2.6 Spesielt om kompetanseutvikling omkring rygglidingar
Sosial- og helsedepartementet har tidlegare vurdert og føreslått tiltak for å styrkje fagutviklinga, fremme forskinga og heve kompetansen omkring rygglidingar, jf St prp nr 65 Om prioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1998 og St prp nr 1 (1998-99) Sosial og helsedepartementet.
Det har gått føre seg ein vesentleg nettverksbasert forskingsaktivitet omkring rygglidingar, finansiert av Sosial- og helsedepartementet. Verksemda er evaluert og utprøvd med sikte på ei vurdering av diagnostiske og behandlingsmessige tiltak. Samarbeidsnettverket vil bli videreutvikla frå 1999. Alle regionsjukehus vil bli omfatta, og alle sentralsjukehus og mindre sjukehus vil få tilbod om å delta. Målet er mellom anna at nettverket skal forske på sentrale problemstillingar omkring rygglidingar, ikkje minst når det gjeld samhandlinga mellom første- og andrelinjetenesta.
Sosial- og helsedepartementet vil
etablere eit statleg kompetansesenter for heilskapleg rehabilitering som kan vere pådrivar og nettverksbyggjar i kompetanseutvikling og -formidling. I første omgang skal senteret vere eit femårig prosjekt, som så skal evaluerast før eventuell permanent etablering
trappe opp støtta til forskings- og utviklingsaktivitetar
støtte rehabiliteringsrelevant forsking under Noregs forskingsråd og syte for ei samla rapportering frå denne forskinga
7.2.7 Felles kunnskapsplattform og harmonisert kompetanseoppbygging
Velfungerande rehabilitering føreset at dei involverte aktørane har ei felles forståing av omgrep og eit medvite forhold til dei verdisyna som rehabiliteringsprosessen bør byggjast på. Aktørane må også ha ei felles forståing av roller og funksjonar for dei ulike aktørane, kunnskap om kva brukarmedverknad inneber og krev av dei involverte, og kompetanse om samarbeid, rådgiving og rettleiing. Det er også viktig at aktørane har generell og spesiell kunnskap om prosessar, tiltak og verkemiddel. Det er likevel eit problem at det manglar eit felles faginnhald innanfor relevante grunn-, vidare- og etterutdanningar.
Det er fleire utfordringar i samband med målet om ei sterkare harmonisering av rehabiliteringsrelevante vidare- og etterutdanningar. Til dels heng dette saman med at personellgruppene har svært ulike grunnutdanningar innanfor ulike disiplinar. Utdanningane har ulike fagtradisjonar og er omfatta av ulike rammeplanar. Rammeplanane er berre eit utgangspunkt for den undervisninga som kvar enkelt utdanningsinstitusjon gir gjennom sine fagplanar.
Av desse grunnane tek departementet i første omgang sikte på å vidareføre pågåande tiltak, og som rettar seg mot alle relevante personellgrupper, dvs faglege rettleiarar og etterutdanningskurs. I det vidare arbeidet vil det også bli fokusert på innhaldet av rehabilitering i relevante grunn- og vidareutdanningar.
7.2.7.1 Faglege rettleiarar
Statens helsetilsyn har gitt ut fleire rettleiarar innanfor habilitering og rehabilitering. Ein generell rettleiar blei utgitt i 1992, «Medisinsk rehabilitering - planlegging og organisering» (3-91). Rettleiaren gir tilrådingar om organisering av rehabilitering av vaksne og habilitering av barn både på kommunalt, fylkeskommunalt og regionalt nivå. Eit av tiltaka i Handlingsplan for funksjonshemma 1994-97 var utarbeiding av fem faglege rettleiarar om arbeidet retta mot ulike grupper av funksjonshemma, i regi av Statens helsetilsyn. Ved utgangen av november 1998 er to av rettleiarane gitt ut, ein rettleiar i rehabilitering av slagramma (4-96) og ein rettleiar i habilitering av barn og unge (1-98). Ein rettleiar for arbeidet retta mot personar med sansetap vil etter planen liggje føre ved utgangen av 1998. Ein rettleiar for rehabiliteringa av personar med progredierande nevrologiske sjukdomar og ein for rehabilitering av personar med lungesjukdomar vil etter planen bli gitt ut i 1999.
Rettleiarane blir laga i nært samarbeid med brukarorganisasjonane og sentrale fagpersonar. I samband med utgiving av rettleiarane legg Statens helsetilsyn dessutan til rette for at dei kan bli forstått og brukast i praksis av sentrale målgrupper for arbeidet. Det er svært stor etterspørsel etter rettleiarane, og det blir også planlagt å etterprøve nytteverdien deira, og eventuelt å intensivere tilsynsetaten si oppfølging i kommunar og fylkeskommunar etter at rettleiarprosjektet er avslutta.
Departementet ser på rettleiarane som svært nyttige og vil vurdere å utarbeide ytterlegare rettleiingsmateriell, særleg i samband med tverrsektoriell samhandling rundt den enkelte brukar.
7.2.7.2 Tverrfagleg etterutdanning
Høgskulen i Oslo utarbeidde og prøvde i 1996 ut eit tverrfagleg etterutdanningskurs i rehabilitering. I løpet av 1998 blei det halde slike kurs i 11 fylke, i alle helseregionar i landet. Kurset vender seg til fagpersonell innanfor ulike sektorar og nivå, og føreset relevant fagkunnskap og forankring i praktisk rehabiliteringsarbeid. Brukarrepresentantar er trekte aktivt inn i undervisninga som ressurspersonar. Når det gjeld innhaldet, dekkjer kurset mellom anna forståinga av ulike omgrep, brukarmedverknad, språk, kommunikasjon og roller, og tverretatleg samordning og samarbeid.
Det har vist seg vanskeleg å rekruttere tilsette i skolesektoren og i trygde- og arbeidsmarknadsetaten til kurset. Det synest å vere vanskeleg å endre tankegangen om at rehabilitering primært er ei oppgåve for helsetenesta. For å prøve å endre på dette vil departementet i samarbeid med kursarrangøren syte for ei meir planmessig rekruttering til kursverksemda.
Utdanningsopplegget er under evaluering, og rapporten vil liggje føre ved utgangen av 1998. For å sikre ein viss kontinuitet vil departementet vidareføre opplegget for 1999. Departementet vil med utgangspunkt i evalueringa vurdere temainnhald, dimensjon og vidareføring av opplegget også for åra etter 1999. Departementet vil dessutan vurdere eit liknande og meir intensivt opplegg spesielt retta mot personar med koordinatorfunksjonar i kommunane.
7.2.7.3 Vidareutdanning på høgskole- og universitetsnivå
Fleire høgskolar har med utgangspunkt i ein fagplan for medisinsk rehabilitering utarbeidd av høgskolen i Ålesund, planlagt eller gjennomført tverrfaglege og vekttalsgivande vidareutdanningar, godkjende av Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet. Kriteria for opptak har i hovudsak vore 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning, eller relevant pedagogisk kompetanse og yrkeserfaring.
Ved Universitetet i Oslo er det etablert eit hovudfagsstudium i helsefag over fire semester, i første rekkje retta mot helsepersonell med 3-årig høgskoleutdanning. Studiet gir høve til fordjuping i rehabilitering. Det er også etablert hovudfag i helsefag ved dei tre andre universiteta i landet. Universitetet i Bergen tilbyr fordjuping i i fysioterapi innanfor hovudfag i helsefag.
Høgskolen i Telemark set i 1998 i gang ei 2-årig tverrfagleg vidareutdanning i «Kultur for helse», delvis finansiert av Sosial- og helsedepartementet og Norsk kulturråd. Målet er å gi studentane innsikt i ulike sider ved samanhengen mellom kultur og helse, og å utvikle kompetanse i kreativ og tverrfagleg samhandling. Vidareutdanninga kan vere relevant for aktørar i rehabiliteringsarbeidet.
Utdanningane har ikkje blitt evaluerte. Det har heller ikkje blitt gjennomført nokon systematisk gjennomgang av kvantiteten eller innhaldet av rehabilitering i undervisninga som blir gitt i grunnutdanninga for dei respektive yrkesgruppene. Ein har heller ikkje sett utdanningane på høgskolenivå i samanheng med innhaldet av rehabilitering i grunn- eller spesialistutdanningane for legar og psykologar.
Det eksisterer i dag ingen godkjent rammeplan for tverrfagleg vidareutdanning på høgskolenivå. Departementet ser eit stort behov for ein slik rammeplan, ein plan som kan søkje å harmonisere den generelle kunnskapen om rehabilitering med anna utdanning som finst på feltet. Det bør derfor gjennomførast ei samla vurdering av ulike vidareutdanningar. Utdanningane vil bli vurderte i relasjon til undervisning i rehabilitering som blir gitt i ulike relevante grunnutdanningar, både på høgskole- og på universitetsnivå, medrekna spesialistutdanningane for legar og psykologar. Vidareutdanningane vil også bli samanhaldne med erfaringane frå etterutdanningskursa, og med den interne opplæringa i trygde- og arbeidsmarknadsetaten.
7.2.7.4 Vidareutdanning av helse- og sosialarbeidarar med vidaregåande opplæring
Ved enkelte vidaregåande skolar er det sett i gang vidareutdanning av helse- og sosialarbeidarar med utdanning frå vidaregående opplæring. Det går føre seg ei utprøving av læreplanar i samband med dette, og departementet tek sikte på å prioritere utprøving av ein læreplan for vidareutdanning i rehabilitering.
Sosial- og helsedepartementet vil, delvis i samarbeid med Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet
vidareføre arbeidet med faglege rettleiarar
vidareføre det tverrfaglege etterutdanningsopplegget
evaluere forsøk med vidareutdanning i rehabilitering, og vurdere innhaldet av rehabiltering i ulike grunnutdanningar med sikte på å lage ein rammeplan for yrkesgrupper med treårige høgskoleutdanningar
søkje å harmonisere innhaldet i vidareutdanningar i rehabilitering på høgskolenivå med innhaldet i spesialistutdanningar for legar og psykologar
prøve ut læreplan innanfor vidareutdanning i rehabilitering for helse- og sosialpersonell med vidaregåande opplæring
7.3 Studiekapasitet for visse personellgrupper
Mange yrkesgrupper er involverte i rehabiliteringsorienterte oppgåver. For at både kommunar og fylkeskommunar skal kunne klare oppgåvene og prioritere feltet høgare, er ein avhengig av tilstrekkeleg tilgang på personell.
Sosial- og helsedepartementet har utarbeidd ein eigen plan for helse- og omsorgspersonell for perioden 1998-2001. Tiltaka for å auke tilgangen av personell innan psykisk helsevern er omtala i St prp nr 63 (1997-98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006.
7.3.1 Problemomtale
Fysioterapeutar og ergoterapeutar
Fysio- og ergoterapeutar er sentrale faggrupper på det kommunale nivået. Kommuneundersøkinga viser at ergoterapeutar og fysioterapeutar er dei faggruppene det er vanskelegast å rekruttere. I åra 1987 til 1997 steig likevel talet på fysioterapiårsverk i kommunehelsetenesta med om lag 750. Ved utgangen av 1997 var tre prosent av det samla talet på årsverk ledige, mot sju prosent i 1987.
Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå Sosial-og helsedepartementet utført framskrivingar av tilbod og etterspørsel etter fysioterapeutar fram mot år 2010. Overslaga er svært usikre, men kan tyde på eit visst overskot av fysioterapeutar i åra etter år 2000.
Mellom 60 til 70 prosent av kommunane har i dag tilsett ergoterapeut, og av desse er det få i små og mindre kommunar. Uoffisiell personellstatistikk kan tyde på at det er lågare dekningsgrad av ergoterapeutar i Noreg samanlikna med andre skandinaviske land. Denne statistikken kan òg tyde på at dekninga er blitt betre i alle fylkeskommunar i perioden 1990-97. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå tyder på eit underskot av ergoterapeutar fram til år 2000. Deretter vil tilbodet gradvis kunne bli større enn etterspørselen. Overslaga er likevel usikre.
Logopedar, synspedagogar og audiopedagogar
Ulike spesialpedagogar tilbyr viktig kompetanse for personar med sansetap, afasi og andre talehemmingar. Enkelte av foreiningane til spesialpedagoggruppene har gitt uttrykk for mangel på slik kompetanse på fleire nivå innanfor høyrsels- og synsomsorga. I tillegg synest fleire kommunar å ha problem med å rekruttere logopedar til ledige stillingar.
Legar og legespesialistar
Særområdet fysikalsk medisin og rehabilitering har i dei siste åra stått sentralt i oppbygginga av tilbod i spesialisthelsetenesta, til dømes ved etablering av rehabiliteringsavdelingar. Andre viktige disiplinar innanfor medisinsk rehabilitering er nevrologi, revmatologi, geriatri og pediatri (habilitering av barn).
Ved utgangen av 1997 stod 12 prosent av godkjende, oppretta stillingar innanfor området fysikalsk medisin og rehabilitering ledige, mot 8 prosent av stillingane innanfor nevrologi, 6 prosent innanfor revmatologi og 5 prosent innanfor pediatri. Prosentdelen av ledige stillingar for desse gruppene har vore etter måten stabil dei siste åra.
For å auke utdanningskapasiteten er det dei siste åra oppretta fleire utdanningsstillingar i desse faga, noko som synest å ha vore ei vellykka satsing.
7.3.2 Vurdering
Mange av faggruppene som er involverte i rehabilitering er typiske kvinneyrke, noko som medverkar til lågare utnytting av utdanna arbeidskraft på grunn av meir deltidsarbeid og meir fråvere frå arbeidsmarknaden enn i andre yrke.
Departementet har merka seg at mange små og mindre kommunar framleis har problem med å rekruttere fysioterapeutar og ergoterapeutar, trass i aukande studiekapasitet. Ei sterkare satsing på å styrkje koordineringsfunksjonen frå kommunane si side, og auka satsing på formidling av hjelpemiddel i kommunehelsetenesta kan føre til auka etterspørsel etter begge faggruppene.
Spesialpedagogar utgjer ei langt mindre personellgruppe, men mangel på slike kan skape flaskehalsproblem mellom ulike tenester og nivå. Manglande dokumentasjon og mangel på prognosar om etterspørsel og tilbod gjer det likevel vanskeleg å vurdere om studiekapasiteten ved universiteta er god nok på desse felta.
Fleire fylkeskommunar har problem med å rekruttere legar til habiliterings- og rehabiliteringsverksemda. For å få ei sterkare statleg styring med spesialistutdanninga er det oppretta eit nasjonalt råd for spesialistutdanning av legar. Departementet har også føreslått ei ny ordning som inneber ei sterkare overordna statleg styring av fordelinga av nye legestillingar. Desse ordningane vil gjere det lettare å auke tilgangen på rehabiliteringsrelevante legespesialistar.
Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet
vurdere utdanningskapasiteten innanfor fysioterapi- og ergoterapiutdanningane
gjennomføre ei kartlegging for å betre dokumentasjonen av tilbod og etterspørsel etter spesialpedagogar
Sosial- og helsedepartementet vil
etter at behovet for nye legestillingar i samband med fastlegereforma er klarlagt, vurdere nye utdanningsstillingar innanfor rehabiliteringsorienterte legespesialitetar