St.meld. nr. 21 (1998-99)

Ansvar og meistring

Til innhaldsliste

5 Kartlegging av rehabilitering i fylkeshelsetenesta

5.1 Innleiing

Sosial- og helsedepartementet har i fleire offentlege dokument uttala at rehabilitering er eit satsingsområde. Det er også gitt tilrådingar om kva rehabiliterings- og habiliteringstilbod som bør bli bygde opp i spesialisthelsetenesta. For å stimulere til auka innsats på dette feltet, har departementet mellom anna gitt tilskot til styrking av den fylkeskommunale rehabiliteringsverksemda og til tilbodet til revmatikarar. Departementet har fått gjennomført ei evaluering av bruken av desse midlane. Nokre av resultata frå evalueringa er omtala i kapittel 4 i stortingsmeldinga.

Omtala i avsnitt 2 til 5 i dette vedlegget baserer seg på ei kartlegging av situasjonen i fylkeskommunane pr 31. desember 1997, gjennomført av Sosial- og helsedepartementet våren 1998.

5.2 Fylkeskommunale planar for habilitering og rehabilitering

Eitt av tiltaka i Handlingsplan for funksjonshemma 1994-1997 var utarbeiding av fylkesvise planar for habilitering og rehabilitering av funksjonshemma. Dette blei mellom anna også meldt i fleire rundskriv frå Sosial- og helsedepartementet. Det blei sett som føresetnad at planane skulle vere vedtekne av politisk organ i fylkeskommunane innan 1. januar 1997. I samband med stimuleringsmidlane som blei løyvde for å stimulere til auka satsing på rehabilitering og tilbod til revmatikarar, signaliserte departementet at ein i den vidare oppbygginga av rehabiliteringsfeltet ville leggje vekt på å organisere eit heilskapleg tilbod, slik det er omtala i Statens helsetilsyn sin rettleiar 3-91 Medisinsk rehabilitering - planlegging og organisering. Departementet nemnde spesielt oppbygging av rehabiliteringsteam og habiliteringsteam, rehabiliteringsavdelingar, observasjonseiningar for barn og områdepediatri. Det blei sett som føresetnad for tildeling av stimuleringsmidlane i 1998 at godkjend rehabiliteringsplan låg føre i løpet av året.

Pr november 1998 er det 17 fylkeskommunar som har politisk vedtekne planar for habilitering og rehabilitering. Fylkeskommunane som manglar plan, er i gang med planarbeidet og ventar å ha planen politisk behandla i løpet av 1998.

Mange av fylkeskommunane har i utarbeidinga av planane sine lagt til grunn dei tilrådingane som er gitt i rettleiaren frå 1991 og i St meld nr 41 (1987-88) Helsepolitikken mot år 2000 Nasjonal helseplan, og i andre aktuelle stortingsdokument.

5.3 Organisering av medisinsk rehabilitering for vaksne

Målgrupper

I dei fleste fylkeskommunane er målgruppa for den medisinske rehabiliteringstenesta vaksne over 18 år. I tråd med tilrådingar som er gitt, har mange fylkeskommunar definert målgruppa for rehabilitering ut frå funksjonsaspektet og ikkje ut frå diagnosar.

Sjølv om målgruppene er definerte ut frå funksjonsaspektet, gir desse tenestene i praksis tilbod til ulike pasientgrupper. Blant dei store pasientgruppene som får tilbod frå den medisinske rehabiliteringstenesta for vaksne, er pasientar med hjerneslag, nevrologiske lidingar, hjartesjukdomar, kroniske lungesjukdomar, ortopediske sjukdomar/skadar, hovud- eller ryggmargskadar, muskel- og skjelettlidingar og revmatiske sjukdomar og geriatriske pasientar med multifunksjonssvikt.

Rehabiliteringsavdelingane ved regionsjukehusa gir i hovudsak medisinske rehabiliteringstilbod til pasientar med hovud- eller ryggmargskadar og med alvorlege multitraume, til visse hjerneslagpasientar, og til pasientar med seinskadar og følgjetilstandar etter poliomyelitt.

Eksisterande tilbod

Det er i dag 15 fylkeskommunar som har oppretta eiga rehabiliteringsavdeling. Av desse ligg åtte i sentralsjukehus. I to av fylkeskommunane er rehabiliteringsavdelinga knytt til sentralsjukehuset, men lokalisert utanfor sjukehuset i eigne institusjonar. I to av fylkeskommunane er rehabiliteringsavdelinga tilknytt eit fylkessjukehus, og i tre av fylkeskommunane er rehabiliteringstenesta etablert i eigne institusjonar utan administrativ eller fagleg tilknyting til sjukehus. I alle dei fire fylkeskommunane utan eigne rehabiliteringsavdelingar blir det gitt medisinske rehabiliteringstilbod ved andre sjukehusavdelingar (avdelingsvis rehabilitering), ved poliklinikkar og ved spesielle fylkeskommunale rehabiliteringssenter (MS-senter o. a.). Totalt åtte fylkeskommunar har ein eller fleire rehabiliteringsinstitusjonar i tillegg til eiga rehabiliteringsavdeling.

Sentrale helsestyresmakter har tilrådd at det i tillegg til rehabiliteringsavdeling bør bli oppretta poliklinikk for rehabilitering. Pr i dag har 13 fylkeskommunar oppretta slik poliklinikk.

Avdelingsvis rehabilitering går også føre seg ved mange sjukehus. Dette inneber at den avdelinga pasienten er innlagd i, følgjer opp med medisinske rehabiliteringstilbod når det er behov for det. Døme på dette er medisinske avdelingar som har oppretta lungerehabiliteringstilbod og hjarterehabiliteringstilbod for innlagde pasientar. Mange av dei revmatologiske avdelingane har også etablert eige rehabiliteringstilbod for innlagde pasientar.

Det er i fleire stortingsmeldingar og i rettleiarar frå Statens helsetilsyn, blitt rådd til å opprette eigne slageiningar i sjukehus. Alle fylkeskommunar har etablert eit tilbod til slagpasientar. 18 fylkeskommunar har oppretta eigne slageiningar, og èin fylkeskommune har ein eigen post for slagpasientar ved eitt av sjukehusa i fylket. Ein del av slageiningane er akutteiningar. Dette inneber at hjerneslagpasientar som har behov for vidare rehabilitering, enten blir overførte til eigne einingar for slagrehabilitering eller til ei rehabiliteringsavdeling. Dei fleste slageiningane er knytt til medisinske avdelingar.

I tabell 5.1 blir det gitt ei oversikt over talet på fylkeskommunar med ulike former for oppretta rehabiliteringstilbod.

Tabell 5.1 Fylkeskommunar med ulike former for tilbod innanfor medisinsk rehabilitering av vaksne

Plan for hab. og rehab.Felles tenester for vaksneEiga avd. for rehabiliteringEigne senger innanfor rehabiliteringPoliklinikk for rehabiliteringTeam for rehabilitering (eitt el. fl)Eigne slageiningar
Har oppretta17141519131218
Har ikkje oppretta2154062731

1 Pr 1. november 1998.

2 To av desse fylkeskommunane har eit poliklinisk rehabiliteringstilbod, men ikkje eigen poliklinikk for slik verksemd.

3Fleire av desse fylkeskommunane har oppretta tverrfaglege team for spesielle pasientgrupper (td slagpasientar).

Rehabiliteringsteam

I St meld nr 41 (1987-88) Helsepolitikk mot år 2000 Nasjonal helseplan, blei det mellom anna frå Sosial- og helsedepartementet si side oppmoda om at fylkeskommunane burde opprette rehabiliteringsteam for alle lokalsjukehusområde og at teama burde knytast til sjukehus. Det er pr i dag store skilnader i måten å organisere rehabiliteringsteam og den ambulante verksemda på.

I til saman åtte fylkeskommunar er det oppretta generelle rehabiliteringsteam i sentralsjukehus eller som er knytt til sentralsjukehus. I èin fylkeskommune er rehabiliteringsteamet knytt til eit lokalsjukehus, og i tre fylkeskommunar er rehabiliteringsteam (eitt eller fleire) knytte til eigne rehabiliteringsinstitusjonar utanfor sjukehus. I seks fylkeskommunar er det oppretta rehabiliteringsteam både i sentralsjukehuset og i eitt eller fleire lokalsjukehus, og nokre av desse fylkeskommunane har team ved alle sjukehusa i fylket. Om lag fjerdeparten av fylkeskommunane har oppretta berre eitt rehabiliteringsteam. Desse teama har gjerne ein fylkesdekkjande funksjon.

I nokre lokalsjukehus er det alternativt oppretta stilling for koordinator. Koordinatoren syter for at brukarane får rehabiliteringstilbod ved til dømes å tilvise til rehabiliteringsteamet, til ei rehabiliteringsavdeling eller til andre tilbod.

I fleire av fylkeskommunane som ikkje har oppretta generelle rehabiliteringsteam retta mot fleire målgrupper, er det oppretta team for rehabilitering av spesielle pasientgrupper, til dømes slagteam, lungerehabiliteringsteam og geriatriske team.

Storleiken på rehabiliteringsteama varierer, men dei fleste har tre til fem medlemer. Dei mest vanlege personellgruppene i teama er legar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sjukepleiarar og sosionomar. Nokre rehabiliteringsteam har logoped og psykolog. I mange tilfelle er personellet tilsett i ei rehabiliteringsavdeling eller i andre avdelingar i sjukehus, og er knytte til rehabiliteringsteamet i deltidsstilling. Dette gjeld spesielt for legar.

Organisering av habilitering og rehabilitering

Den såkalla habiliteringstenesta for vaksne blei etablert som ei følgje av ansvarsreforma for psykisk utviklingshemma. Med bakgrunn i det tidlegare helsevernet for psykisk utviklingshemma har denne tenesta særleg hatt kompetanse i forhold til psykisk utviklingshemming. Psykisk utviklingshemma utgjer også i dag den største brukargruppa.

Departementet har tidlegare rådd fylkeskommunane til å organisere likearta rehabiliteringstenester som ein felles ressurs. Men hovudbildet er prega av at fylkeskommunane har valt å opprette eigne tilbod innanfor såkala habilitering av vaksne, delvis på sida av rehabiliteringsverksemda elles. I berre fire fylkeskommunar er denne tenesta knytt nært til den medisinske rehabiliteringstenesta for vaksne. Habiliteringstenesta for barn og unge og den såkalla habiliteringstenesta for vaksne er integrert eller samordna som èi teneste i fem fylkeskommunar. I to av desse fylkeskommunane er tenestene også samlokaliserte. Enkelte fylkeskommunar har vurdert ei samlokalisering, eventuelt ei samordning, av desse tenestene med sikte på betre samarbeid og betre utnytting av ressursar og kompetanse.

I seks fylkeskommunar er det oppretta eiga eining eller avdeling for såkalla vaksenhabilitering i somatiske sjukehus. I ni fylkeskommunar er det oppretta ei eining for såkalla vaksenhabilitering i eigne lokale utanfor sjukehus. I to fylkeskommunar er det ikkje oppretta eiga eining for denne forma for tilbod. Berre fem fylkeskommunar har eigne senger for såkalla vaksenhabilitering.

Alle fylkeskommunane oppgir at det innanfor den såkalla vaksenhabiliteringstenesta blir drive utoverretta verksemd (teamverksemd). I 12 fylkeskommunar blir det oppgitt at denne tenesta berre arbeider med ambulant verksemd. Om lag halvparten av fylkeskommunane har oppretta eigne vaksenhabiliteringsteam. Dei andre fylkeskommunane oppgir at heile den såkalla vaksenhabiliteringstenesta er organisert som eit team. Desse teama er i hovudsak større ein rehabiliteringsteama elles for vaksne, særleg i fylke der heile den såkalla vaksenhabiliteringstenesta er organisert som eitt team. Dei fleste teama har mellom 15 og 20 medlemer. Teama er i mange tilfelle delte inn i mindre team retta mot ulike grupper av brukarar.

5.4 Organisering av habilitering for barn og unge

Målgruppe

Habiliteringstenesta for barn gir tilbod til barn frå 0 til 18 år, i nokre fylkeskommunar frå 0 til 16 år og frå 0 til 15 år.

Eksisterande tilbod

Kartlegginga viser at det er 13 fylkeskommunar som har oppretta observasjonseining/habiliteringseining for barn og unge knytt til barneavdeling ved sentralsjukehus. Av desse er elleve einingar lokaliserte i sjukehuset, medan to er lokaliserte utanfor sjukehuset. I fem fylkeskommunar er det oppretta habiliteringseining eller habiliteringsteneste for barn og unge i eigne institusjonar/lokale utan å vere knytt til sjukehus. Det er berre ein fylkeskommune som pr i dag ikkje har oppretta eiga habiliteringseining for barn og unge. Denne fylkeskommunen har likevel eit habiliteringstilbod til barn, mellom anna eit habiliteringsteam. Berre fem fylkeskommunar har eigne senger for barnehabilitering.

I ti av fylkeskommunane er det oppretta eigen poliklinikk knytt til habiliterings-/observasjonseiningar. I tre fylkeskommunar har barnehabiliteringstenesta eit poliklinisk tilbod, men ikkje eigen poliklinikk.

Habiliteringsteam

Det er 10 fylkeskommunar som oppgir å ha oppretta eitt eige habiliteringsteam for barn i tillegg til habiliteringseining og poliklinisk tilbod. Ni fylkeskommunar oppgir at heile habiliteringstenesta for barn er organisert som eitt team. Også dei fleste barnehabiliteringsteama er langt større enn rehabiliteringsteama. Dei fleste teama har mellom 10 og 30 medlemer. Fagpersonell i teama er legar (spesialistar i barnesjukdomar), fysioterapeutar, psykologar, ergoterapeutar, sosionomar, spesialpedagogar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Nokre team har knytte til seg logoped. I ein del fylkeskommunar er habiliteringsteamet delt opp i mindre team med ansvar for ulike brukargrupper, til dømes har enkelte fylkeskommunar eige team for barn/unge med autisme, og eige team for psykisk utviklingshemma med store åtferdsavvik.

Oppgåvene til habiliteringstenesta

Ved habiliteringseiningane blir det i stor grad gitt tilbod om observasjon og diagnostisering/utgreiing, basert på dagopphald (ein til fem dagar) eller ved å gi polikliniske tilbod, og i mindre grad på grunnlag av på innlegging i habiliteringseiningane. I tillegg til å følgje opp barn som er inne til observasjon/utgreiing, gir barnehabiliteringsteama også tilbod til barn innlagde i barneavdeling eller i andre sjukehusavdelingar.

Oppgåvene til habiliteringstenesta er observasjon, utgreiing og å utarbeide individuelle habiliteringsplanar i samarbeid med kommunane. Mykje av verksemda går føre seg poliklinisk. Den utoverretta verksemda omfattar råd og rettleiing til pårørande og personell i kommunane knytt til det enkelte barnet, og generell ettleiing og rådgiving til kommunane. Undervisning og kompetanseoverføring til personell i kommunane er også ei viktig oppgåve for habiliteringstenesta/-teama.

I tabell 5.2 er det gitt ei oversikt over talet på fylkeskommunar med ulike former for tilbod innanfor habilitering av barn og unge.

Tabell 5.2 Fylkeskommunar med ulike tilbod innanfor habilitering av barn og unge

Eiga eining for habilitering eller eiga observasjonseiningEigne senger for barnehabiliteringEigen poliklinikk for barnehabiliteringHabiliteringsteam for barn
Har oppretta1851010
Har ikkje oppretta11149293

1 Fylkeskommunen har eit habiliteringstilbod for barn, men har ikkje oppretta eiga eining.

2 Tre av desse fylkeskommunane oppgir at det blir gitt eit poliklinisk habiliteringstilbod sjølv om det ikkje er oppretta eigen poliklinikk.

3 Alle desse fylkeskommunane oppgir at heile habiliteringstenesta er organisert som eitt/fleire team.

5.5 Oppsummering

Det har særleg opp gjennom 1990-åra skjedd ei vesentleg oppbygging av det fylkeskommunale rehabiliterings- og habiliteringstilbodet i landet vårt. Alle fylkeskommunar har etablert eit rehabiliteringstilbod til vaksne og eit habiliteringstilbod til barn og unge.

Dei fleste fylkeskommunane har valt å organisere rehabilitering, habilitering av barn og unge og såkalla habilitering av vaksne som skilde tenestetilbod.

Rehabiliteringstenesta er i stor grad knytt til sjukehus. Ein stor del av pasientane er innlagt i sjukehus, enten i rehabiliteringsavdelingar eller i andre sjukehusavdelingar. Rehabiliteringsteama arbeider både internt i sjukehuset og utoverretta mot kommunane.

Den såkalla vaksenhabiliteringstenesta er i større grad lokalisert utanfor sjukehus og disponerer i mindre grad eigne senger. Det ser ut til at denne tenesta arbeider meir poliklinisk og direkte utoverretta mot kommunane enn dei andre tenestene innanfor rehabilitering i fylkeshelsetenesta.

I fleire offentlege dokument blir det tilrådd å etablere eit strukturert samarbeid mellom desse tenestene. Spesielt når det gjeld den medisinske rehabiliteringstenesta for vaksne og den såkalla vaksenhabiliteringstenesta, er det rådd til å sjå på dei to tenestene meir som ein felles ressurs. Men det ser ut til at det i liten grad har skjedd ei utvikling mot meir samarbeid eller samordning mellom desse tenestene. Fleire fylkeskommunar peikar likevel i sine planar på at det er behov for å etablere samarbeidsrutinar mellom den såkalla habiliteringstenesta for vaksne og den medisinske rehabiliteringstenesta for vaksne.

I mange fylkeskommunar er det fleire einingar/institusjonar som gir rehabiliteringstilbod, og fleire rehabiliteringsteam er oppretta. Dette fører til at det blir mange instansar for rehabilitering å halde seg til, og tenestetilbodet kan såleis bli uoversiktleg, ikkje minst for brukarane. Sjølv om mange fylkeskommunar har sett i verk tiltak for å få til ei betre samordning, vil ei av utfordringane framover framleis vere å organisere tenestene slik at det blir færre instansar å halde seg til for brukarar og personell i kommunane.

Fleire fylkeskommunar peikar på eit behov for meir utoverretta verksemd mot kommunane, både når det gjeld enkeltpasientar og innanfor generell kompetanseoverføring. Manglande samhandling mellom første- og andrelinjetenesta, og mellom dei fylkeskommunale tenestene/institusjonane, ser framleis ut til å vere eit problem.

I kartlegginga av eksisterande rehabiliteringstilbod har Sosial- og helsedepartementet bede om opplysningar om fagpersonellet som er knytt til habiliteringsteama og rehabiliteringsteama for barn og vaksne. Opplysningane viser at desse teama stort sett er sette saman av dei personellgruppene som det er oppmoda om frå fagleg hald sentralt. Ein del team har ledige stillingar og problem med å rekruttere fagpersonell. Dette gjer særleg dei små rehabilteringsteama sårbare. Det ser ut til å vere flest ledige stillingar for psykologar og legar. I nokre av fylkeskommunane er det også problem med å rekruttere fysioterapeutar, ergoterapeutar og sjukepleiarar. I enkelte av fylkeskommunane er små rehabiliteringsteam ved lokalsjukehus slått saman til eitt team som dekkjer fleire lokalsjukehusområde.

Sjølv om rehabiliteringstilbodet har auka og fleire pasientar får tilbod, er det nokre pasientgrupper som fylkeskommunane meiner ikkje får eit tilstrekkeleg tilbod. Gruppene som særleg er nemnde, er pasientar med progredierande nevrologiske lidingar, multitraumepasientar, pasientar med traumatiske hovudskadar og lette/moderate hovudskadar, pasientar med følgjetilstandar etter kreft/kreftbehandling, geriatriske pasientar, revmatikarar, hjartepasientar, pasientar med kroniske lungesjukdomar, yngre slagpasientar og pasientar med sansetap.

Til forsida