6 Ny kartlegging av fylkeskommunale somatiske spesialsjukeheimar
6.1 Innleiing
I samband med NOU 1995:14 Fylkeskommunale langtidsinstitusjonar blei det i 1993 gjennomført ei kartlegging av alle dei institusjonane som ein gong var blitt godkjende som somatiske spesialsjukeheimar.
For å oppdatere talmaterialet frå denne kartlegginga, gjennomførte Sosial- og helsedepartementet ei ny, men mindre omfattande kartlegging av desse institusjonane (pr juni 1998). Kartlegginga er gjennomført ved hjelp av eit spørjeskjema som er sendt til fylkeskommunane. Alle fylkeskommunar har svara på spørjeskjemaet.
6.2 Utvikling i talet på institusjonar og tilbod
I 1993 var det til saman 32 somatiske spesialsjukeheimar, fordelte på 14 fylke. I 1998 er talet på spesialsjukeheimar nesten halvert, til 17 institusjonar fordelte på 12 fylke. Talet på institusjonar i kvart fylke varierer frå ein til tre. Av dei 15 spesialsjukeheimane som ikkje lenger eksisterer, er nokre overførte til kommunalt nivå og blir drivne som buform for heildøgns omsorg og pleie under lov om helsetenesta i kommunane, nokre er nedlagde, og nokre er avvikla som spesialsjukeheim og gjorde om til rehabiliterings- eller habiliteringsinstitusjonar.
Ei inndeling av spesialsjukeheimane i visse institusjonstypar gir eit bilde av korleis desse institusjonane har utvikla seg. Nedanfor blir det gitt eit oversyn over fordelinga av spesialsjukeheimane pr juni 1998. Som i 1993 er det stor variasjon mellom institusjonane, og ikkje alle institusjonane passar inn under dei nemnde institusjonstypane.
Det er tre spesialsjukeheimar av den «tradisjonelle» typen, med pasientar på varig opphald som tek i mot pleie- og omsorgstenester. Det er åtte kombinerte rehabiliteringssenter/spesialsjukeheimar, der institusjonen både fungerer som spesialsjukeheim med pasientar frå den opphavlege institusjonen og gir rehabiliteringstilbod til andre pasientgrupper. Det er to senter for habilitering. Det eine senteret yter habiliteringstenester til barn, det andre senteret gir eit tilbod både til barn og vaksne. Det er fire rehabiliteringssenter for vaksne funksjonshemma.
I 1998 er det flest kombinerte rehabiliteringssenter/spesialsjukeheimar, medan det i 1993 var flest tradisjonelle sjukeheimar. Talet på «tradisjonelle» spesialsjukeheimar er vesentleg redusert i denne femårsperioden.
6.3 Talet på plassar og opphaldstid og alder for pasientane
Kartlegginga i 1998 viser at dei attverande institusjonane til saman oppgir å ha 356 plassar. Av desse er det 146 langtidsplassar, 182 kortidsplassar og 28 dagplassar.
I 1993 var det til saman 800 pasientar som fekk tilbod i somatiske spesialsjukeheimar (døgn- og dagplassar). Pr juni 1998 var det til saman 329 pasientar som hadde opphald i somatiske spesialsjukeheimar. Talet på pasientar er redusert med over 50 prosent sidan 1993.
Talmaterialet viser elles at prosentdelen av pasientar på korttidsopphald har auka frå 30 til 43, medan prosentdelen av pasientar på dagopphald har gått ned frå 21 til 13 sidan 1993. Det oppgitte talet for pasientar på dagopphald er høgare enn det oppgitte talet på plassar for dagopphald. Dette kan ha samband med at institusjonane har ein fleksibel bruk av plassane, til dømes ved at ledige korttidsplassar blir nytta til dagplassar ved behov.
I femårsperioden frå 1993 til 1998 oppgir fylkeskommunane at det er teke inn til saman 13 nye pasientar for langtidsopphald (opphald på over eitt år).
Det er gjort ei kartlegging av liggjetida for pasientar på langtids- og korttidsopphald. Dei innsamla tala for 1998 viser at 54 prosent av pasientane har ei opphaldstid på under eitt år. 46 prosent av pasientane har ei opphaldstid på over eitt år. Dei fleste av langtidspasientane har vore innlagde i over 10 år (35 prosent). Prosentdelen av pasientar innlagde på korttidsopphald har auka frå om lag 34 i 1993 til 54 i 1998. Dette indikerer ei auka satsing på kortare rehabiliterings- og habiliteringsopphald i spesialsjukeheimane. I denne kartlegginga manglar det tal frå tre institusjonar.
Når det gjeld aldersfordeling, viser dei innsamla tala for 1998 at 59 prosent av pasientane i dei somatiske spesialsjukeheimane var over 50 år. Det var til saman berre 10 pasientar (3 prosent) som var under 20 år. Alle desse pasientane fekk tilbod ved ein habiliteringsinstitusjon som berre har korttids- og dagplassar. 68 pasientar (21,5 prosent) var 70 år og eldre. Hovudtyngda av pasientane (75,5 prosent) var mellom 20 og 70 år. Det har ikkje skjedd store endringar når det gjeld aldersfordelinga for pasientane frå 1993 til 1998. Men prosentdelen av barn og ungdom under 20 år og prosentdelen av eldre over 70 år har gått noko ned gjennom desse fem åra.
I kartlegginga av aldersfordelinga til pasientane manglar det tal frå to institusjonar.
6.4 Nærmare om tilbodet ved institusjonane
Som i undersøkinga i 1993 er det kartlagt kva tilbod spesialsjukeheimane gir i 1998. Tre av institusjonane oppgir å ha berre eitt tilbod. Dei andre oppgir at det blir gitt fleire typar tilbod ved institusjonen.
I 1998 gir 12 av institusjonane tilbod om varig omsorg og pleie. 13 institusjonar gir tilbod om rehabilitering og habilitering. 10 institusjonar gir tilbod om observasjon/utgreiing. Fem institusjonar gir tilbod om poliklinisk behandling. Fire institusjonar gir tilbod om avlasting, og seks institusjonar gir andre tilbod. Andre tilbod blir oppgitt å vere mellom anna undervisning og rettleiing av personellet i kommunehelsetenesta og i skolar, kurs for pasientgrupper, og oppfølgingsopphald etter rehabiliteringsopphald.
I kartlegginga som blei gjennomført i 1998, blei fylkeskommunane spurde om kva endringar som har skjedd i tilboda til spesialsjukeheimane gjennom dei siste fem åra. Det blei mellom anna oppgitt at institusjonane arbeider med ei gradvis omlegging frå pleie- og omsorgsinstitusjonar til rehabiliterings- og habiliteringsinstitusjonar. Det går vidare føre seg ei nedbygging av langtidsplassar og permanente butilbod, medan talet på rehabiliteringsplassar aukar. Samstundes skjer det ei auka satsing på rehabilitering både ved at det blir tilsett meir fagpersonell, og gjennom kompetanseheving i institusjonane.