Nasjonal plankonferanse 2024 - for planfolk på statleg og regionalt nivå

Departementet inviterer igjen til den tradisjonsrike samlinga for folk som jobbar med planspørsmål i fylkeskommunar, hos statsforvaltarar og i ulike andre statlege styresmakter. Her blir det variert fagleg påfyll, gode diskusjonar og interessante samtalar med nye og gamle kjenningar. Hotel Bristol, Oslo, 26. - 27. november.

Fellesprogrammet på første dag vil bli strøymd på nett og bli tilgjengeleg i etterkant. Dei parallelle bolkane på dag to blir ikkje strøymde. Vi vil også i år leggje til rette for læring og dialog på ulike måtar.

Vi har 200 plassar til fysisk deltaking og 120 plassar til middag.

Her gjeld i utgangspunktet prinsippet om første mann til mølla, men vi vil gjere endringar viss det må til for å sikre jamn representasjon.

Førebels program for nasjonal plankonferanse (pdf)

 



Overnatting

Rom på Hotel Bristol kan du bestille til arrangementspris innan 1. november, via lenke for bestilling av hotelrom.

Betaling og fråfall/endring

Det er gratis å delta på konferansen. Det inkluderer lunsj begge dagar og felles middag den 26. november. Reise og overnatting er ikkje dekka (med unnatak for føredragshaldarar).
For at så mange som mogleg skal få plass, er det viktig at du seier frå tidleg viss du ikkje kan delta likevel. Du kan melde fråfall, gjere endringar i påmeldinga eller overføre påmeldinga til ein kollega ved å følgje lenka du får i stadfestinga av at du er påmeldt. Dette er ein ny løysing frå tidlegare år.

Boks til strømming under arrangementet (DSS nett TV boks)