Meld. St. 27 (2023–2024)

Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred

Til innhaldsliste

14 Kunnskap, forsking og formidling

14.1 Kapittelsamandrag

For å handtere flaum og skred på ein god måte er det nødvendig med kontinuerleg vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget. Det norske naturvitskaplege miljøet har gjennom lang tid bidrege systematisk til kunnskapsutvikling og utdanning av fagkompetanse. Samtidig er det eit aukande behov for spesialisering og flaum- og skredfagleg spisskompetanse. Behovet for kandidatar til forvaltninga, konsulentbransjen, industrien og instituttsektoren ser òg ut til å auke. Dette stiller krav til både utvikling og kontinuitet innanfor forsking og utdanning på fagfelta, og i tillegg trengst tilstrekkeleg rekruttering til faga. Regjeringa forventar at utdannings- og forskingssektoren, forvaltninga og private aktørar samarbeider godt for å styrke kompetanseutviklinga på naturfareområdet.

For at samfunnet skal kunne nyttiggjere seg kunnskapsutviklinga som skjer, er det avgjerande med god kommunikasjon og formidling av ny kunnskap. Ei utfordring i dag er at mykje tilgjengeleg kunnskap om flaum og skred ikkje er godt nok tilrettelagd for brukarane. For brukarane er det mellom anna ei lang rekke rettleiarar og retningslinjer å ta omsyn til. Her kan etatssamarbeidet Naturfareforum spele ei rolle for å koordinere rettleiarane slik at dei blir enklare og meir oversiktlege å bruke.

Regjeringa vil

  • fremme forsking knytt til naturfare og naturskadeførebygging (kapittel 14.2.3)

  • at formidlinga frå nasjonalt til lokalt nivå skal vere brukarorientert og koordinert (kapittel 14.4.2)

14.2 Status og mål innan forsking og utvikling

Forsking og utvikling (FoU) på fagfelta flaum, skred og overvatn er avgjerande for at forvaltninga skal kunne møte både eksisterande og nye problemstillingar med oppdatert fagleg kunnskap og metodikk. Siktemålet er at

  • forvaltninga skal kunne levere betre fagleg kvalitet og samtidig arbeide meir effektivt

  • det skal vere godt samspel mellom forvaltninga og forskingsaktørane

  • forskingsaktørane skal halde eit høgt fagleg og internasjonalt konkurransedyktig nivå

Ny kunnskap blir utvikla gjennom ei rekke ulike aktivitetar der mange aktørar er involverte, ofte i samspel. Forskingsaktørane høyrer i hovudsak til i universitets- og høgskulesektoren (UH) og instituttsektoren. FoU kan òg skje gjennom oppdragsforsking og utgreiingar i konsulentbransjen.

Dei siste åra har det vorte retta stadig større merksemd mot samhandling mellom forskingsaktørar, ulike delar av forvaltninga og andre brukarar. Trenden går i retning av tydelegare tverrfagleg og forvaltningsretta forsking. Dette er styrt direkte av eit ønske om at det skal vere kort veg mellom forskingsresultat og bruk av resultata i samfunnet, men òg indirekte ved at utlysingar av forskingsmidlar frå Forskingsrådet eller EU ofte føreset ei slik innretning av prosjekta.

Innanfor FoU på flaum, skred og overvatn møtest mange ulike fagfelt i skjeringspunktet mellom naturlege prosessar, klimaendringar og samfunnet. Sjølv om dei ulike delane av geofaga kan sjå ut til å dominere, er grunnleggande naturvitskap som matematikk, fysikk og kjemi og dessutan statistikk, IKT-fag og ingeniørfag tydeleg til stades i denne forskinga. I tillegg gir ulike disiplinar innanfor samfunnsvitskap markante bidrag.

Fleire prosjekt og utgreiingar, mellom anna FOSS-prosjektet (NVE, 2021b) og Gjerdrumutvalet (NOU 2022:3) peiker på behovet for kartlegging og sikring mot naturfarar. I tillegg blir det framheva at det er eit potensial for å spare samfunnet for store summar ved å vidareutvikle kunnskap innanfor alle delar av det førebyggande arbeidet. Ein føresetnad for å hente ut dette potensialet er eit velfungerande forskingssystem på naturfarefeltet.

14.2.1 Forskingsmiljø

Noreg har fleire forskings- og utdanningsinstitusjonar med relevans for flaum- og skredområdet. Døme på viktige forskingsmiljø i instituttsektoren er Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Noregs geotekniske institutt (NGI), Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og SINTEF. I UH-sektoren er dei tyngste hydrologi- og vassdragsteknikkmiljøa knytte til Universitetet i Oslo (UiO), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har særleg stor kompetanse på hydrologi, som er viktig innanfor flaumforsking. Tradisjonelt har flaumforsking særleg vore retta mot vasskraft og i mindre grad mot andre område, som sikringstiltak og naturbaserte løysingar.

Forsking på skred i UH-sektoren skjer til dømes ved UiO, Universitetet i Tromsø (UiT), NTNU, Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen på Vestlandet (HVL). I tillegg driv NGI, Noregs geologiske undersøking (NGU) og NVE forsking på desse fagfelta.

Tett internasjonalt samarbeid er viktig, sidan det norske fagmiljøet innanfor flaum- og skredforsking ikkje er så stort. Norske institusjonar har deltatt i fleire EU-prosjekt, særleg innanfor vassfaglege tema. Slike internasjonale prosjekt gir tilgang til nettverk, kompetanse, data og metodikk.

14.2.2 Forskingsinfrastruktur

Den grunnleggande forskingsinfrastrukturen på flaum- og skredområdet gjeld spesielt tilgang til data med lange tidsseriar. Dette kan vere hydrometeorologiske, hydrogeologiske og kryologiske (is og snø) måleseriar. Det er òg nødvendig med ei rekke karttenester og laboratorium. Noko av dette er på plass, og det aller meste er basert på innsats frå institusjonane sjølve. Det finst også nokre få døme på infrastrukturar som er etablerte gjennom infrastrukturutlysingane til Forskingsrådet.

Meteorologisk institutt (MET) driv eit nettverk av målestasjonar for meteorologiske variablar, men òg nokre snømålingar knytte til temperatur i permafrost. NVE driv målestasjonar for vasstand/vassføring, snø, grunnvatn og markvatn, sediment, vasstemperatur, is og brear. Dette er data som er tilgjengelege for alle. Desse målingane utgjer det viktigaste grunnlaget for forsking på flaum i Noreg. MET og NVE har, i samarbeid med Statens vegvesen og Kartverket, etablert tenesta SeNorge, som tilbyr hydrometeorologiske og kryologiske dataseriar som dekker heile Noreg. Ein viktig eigenskap ved datasetta er at dei også inkluderer modellberekna variablar framover i tid. Dette gir grunnlag for både forsking og varsling innanfor flaum og skred.

Vassdragslaboratoriet på NTNU er eit av dei største hydrauliske laboratoria i Europa. Laboratoriet har fasilitetar til utdanning, forsking og kommersiell forsking, jf. figur 14.1.

Figur 14.1 Modellforsøk med erosjonssikring i vassdragslaboratoriet på NTNU.

Figur 14.1 Modellforsøk med erosjonssikring i vassdragslaboratoriet på NTNU.

Foto: NVE

Globale og regionale klimamodellar leverer klimaframskrivingar som dannar utgangpunktet for produksjonen av nedskalerte klima- og hydrologiske framskrivingar for Noreg. Slike framskrivingar er nødvendige for forsking på kva effektar klimaendringane har på flaum, og gir òg eit grunnlag for å forstå tilsvarande effektar på skredprosessar. Ei rekke ulike hydrologiske modeller blir nytta i forskinga, knytt til både varsling og effekten av klimaendringar på hydrologi.

NGI har vore nasjonalt forskingsinstitutt for geoteknikk sidan 1953 og for snøskred sidan 1972. Snøskredforskinga ved NGI er internasjonalt anerkjend, og teststasjonen på Ryggfonn på Strynefjellet er eit av to fullskala testanlegg for snøskred i verda. Framover vil det vere viktig å oppretthalde og vidareutvikle nasjonal forskingsinfrastruktur innanfor naturfare.

14.2.3 Forskingsfinansiering

Finansieringa av forskingsaktivitetane på dette området skjer dels gjennom rammetildelingar til dei ulike forskingsinstitusjonane, dels gjennom prosjektfinansiering frå Forskingsrådet og EUs rammeprogram.

Grovt sett kan den relevante forskingsfinansieringa frå Forskingsrådet delast i to grupper: finansiering gjennom senterordningar og tildeling av midlar til enkeltståande prosjekt gjennom ordinære utlysingar. I tillegg kjem midlar til nasjonal infrastruktur. Det finst i dag ikkje noko forskingsprogram eller budsjettformål hos Forskingsrådet som direkte dekker naturfareområdet. Forskinga innanfor flaum, skred og overvatn er derfor avhengig av utlysingar under temaområde som er delvis overlappande med naturfaretematikk, eller midlar til grunnforskingsformål.

Det finst to Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) som til ei viss grad er kopla til naturfareforsking: Centre for Geophysical Forecasting og Climate Futures. SFI Klima 2050 inkluderte mellom anna overvatn, jordskred og flaumskred, men dette senteret vart avslutta i 2022. Det har også vore to relevante Sentre for fremragende forskning (SFF) som har arbeidd med naturfare: International Centre for Geohazards og Physics of Geological Processes. Arbeidet med klimaforsking ved Bjerknessenteret gir òg nyttig bakgrunn for forsking på spesielt flaum og overvatn.

Av relevante prosjekt innanfor naturfaretematikken dei siste ti åra har dei fleste fått finansiering gjennom KLIMAFORSK i Forskingsrådet. Nesten alle desse prosjekta har vore retta mot flaum og overvatn, men det har òg vore nokre innanfor fjellskred og snøskred. Det har ikkje vore forskingsprosjekt finansierte frå Forskingsrådet innanfor lausmasseskred eller sørpeskred.

For å oppretthalde og vidareutvikle kompetansen i Noreg innanfor naturfare, både for enkeltforskarar og for fagmiljø, må det satsast meir på forsking og kunnskapsbygging innanfor fagfeltet. Regjeringa vil derfor fremme forsking knytt til naturfare og naturskadeførebygging.

14.3 Utdanning og kompetansebygging

Utdanning er sentralt for å bygge den kompetansen vi treng for å møte framtidige utfordringar. For å dekke behovet for kompetanse på flaum og skred trengst det personell med utdanning og kompetanse på ulike nivå.

Mange av universiteta har undervisning som er relevant for naturfarar i studieprogramma sine. Institusjonane som underviser innanfor naturfarar har ulik profil, og dette gir diversitet blant dei uteksaminerte kandidatane med omsyn til både spesialisering og breidde. At mange institusjonar tilbyr masterutdanning innanfor naturfaretematikk, tilseier at det blir utdanna kandidatar med relevant bakgrunn for eit breitt spekter av arbeidsoppgåver i samfunnet. Undervisninga ved eit byggfagleg eller geofagleg institutt vil vektlegge ulike skredfaglege aspekt.

14.3.1 Kompetansebehov

Til å handtere flaum-, overvatn- og skredrisiko trengst det samansett og tverrfagleg kompetanse. Kompetanse innanfor hydrologi, vassdragsteknikk, geologi og geoteknikk er spesielt sentralt på dette feltet. I tillegg trengst fleire støttefag for å handtere risiko på ein god og berekraftig måte, slik som miljøkompetanse, arealplanskompetanse, formidlings- og forvaltningskompetanse og kompetanse innanfor geografiske informasjonssystem, IKT og samfunnstryggleik og beredskap.

Tilgangen på fagpersonar innanfor handtering av flaum-, overvatn- og skredrisiko er i dag knapp. I tida framover vil vi trenge meir spisskompetanse innanfor vassdragsteknikk, geoteknikk og hydrologi, både i offentleg og i privat sektor.

Fagkompetanse er samansett av både teoretisk kunnskap, praktisk erfaring og kunnskap om gjeldande normer og regelverk. Erfaringslæring og -utveksling er ein viktig del av kompetansen, som det tar tid å utvikle.

Det trengst fleire fagfolk innanfor flaum og skred for å oppnå tilstrekkeleg kapasitet i bransjen. Utfordringane gjeld både kvalitet og kvantitet. Mest prekær er situasjonen for vassdragsteknikk og geoteknikk på masternivå. Talet på studentar i geoteknikk har auka noko, men for vassdragsteknikk er talet enno lågt, jf. figur 14.2.

Figur 14.2 Talet på masteroppgåver i geoteknikk og vassdragsteknikk på NTNU.

Figur 14.2 Talet på masteroppgåver i geoteknikk og vassdragsteknikk på NTNU.

Kjelde: Institutt for bygg- og miljøteknikk, NTNU

At det trengst fleire ingeniørar, er noko som er uttrykt frå fleire hald. Til dømes la regjeringa i mars 2023 fram Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge, der ein peikte på dei viktigaste kompetansebehova framover, mellom anna behovet for ingeniørkompetanse. I behovsundersøkinga til Noregs ingeniør- og teknologiorganisasjon (NITO) i 2024 sa 54 prosent av respondentane at det var vanskeleg å rekruttere kvalifiserte ingeniørar til verksemda deira (Noregs ingeniør- og teknologiorganisasjon, 2024). Regjeringa forventar at universitet og høgskuler, i samsvar med tiltak i utsynsmeldinga, samarbeider med arbeidslivet og gjer løpande vurderingar av framtidige kompetansebehov, både nasjonalt og regionalt.

14.3.2 Rekruttering

Fleire av fagfelta innanfor naturfare og hydrologi er smale, og på enkelte område er det få eller ingen som utdannar seg, sjå døme i figur 14.2. Opplæring skjer då ofte i arbeidslivet, og det er derfor viktig at både institutta og fagdirektorata klarer å oppretthalde høg kompetanse, slik at dei kan bidra i opplæring og rekruttering.

Vidaregåande opplæring

For å rekruttere til dei relevante studia i høgare utdanning er det viktig å stimulere til interesse for realfag og annan relevant kompetanse innan naturfareområde på alle nivå i utdanningssystemet. Dette gjeld òg på vidaregåande skule.

I læreplanane frå 2020 finn vi fleire kompetansemål innanfor ulike yrkesfag som er relevante for førebygging av flaum og skred, til dømes i anleggsteknikk i vg2 og fjell- og bergverksfaget med fordjuping i fjellsikring i vg3.

Frå 2024 er vg3 fundamenteringsfaget fastsett som nytt lærefag under programområdet bygg- og anleggsteknikk. Opprettinga av faget skal bidra til å redusere uønskte hendingar ved etablering av ulike bygg, anlegg og infrastrukturar og til å heve kompetansen om risikovurderingar og tryggleik, særleg knytt til utfordrande geologiske forhold. Læreplanen nemner særskilt å identifisere risiko for sensitiv kvikkleire.

Geofag som programfag i vidaregåande skule vart innført ved Kunnskapsløftet i 2006, og er ein særleg viktig arena for å bevisstgjere ungdom på at ein kan ta utdanning innanfor flaum og skred. I geofag får elevane erfaring med feltarbeid og kunnskap om årsakene til og konsekvensane av flaum og skred. For å stimulere til interesse for dei relevante studia i høgare utdanning er det viktig at elevane får møte realfag på engasjerande måtar gjennom heile utdanningssystemet.

Universitet og høgskule

Manglande rekruttering til fagfelta handlar vel så mykje om kva vegar studentane vel, som utdanningskapasiteten i UH-sektoren. Det er derfor særs viktig at både offentlege og private aktørar klarer å formidle kva moglegheiter som finst på naturfarefeltet. Dermed er det avgjerande å synleggjere dei ulike fagområda til både eksisterande og nye studentar, til dømes innanfor geo- og ingeniørfag. Samarbeid mellom offentlege og private aktørar innanfor undervisning, forsking og formidling er viktig i den samanhengen. Regjeringa forventar at utdannings- og forskingssektoren, forvaltninga og private aktørar samarbeider godt for å styrke kompetanseutviklinga på naturfareområdet.

Figur 14.3 Undervisning i felt i Lærdal kommune.

Figur 14.3 Undervisning i felt i Lærdal kommune.

Foto: NVE

14.3.3 Tverrfagleg kompetanse

Ei av utfordringane knytt til kompetanse gjeld behovet for å vere tverrfagleg. Flaum- og skredområdet er avhengig av at fagpersonar med kompetanse innanfor geologi, geoteknikk, geofysikk, vassdragsteknikk, mekanikk og hydrologi samhandlar. Til dømes er geologikunnskap viktig, men ikkje tilstrekkeleg når ein skal gjere stabilitetsberekningar. I tillegg til naturvitskapleg kunnskap krevst forståing av risiko- og sårbarheitsanalysar og samfunnsmessige forhold, miljøkonsekvensar og forvaltningsprosessar.

14.4 Formidling og kommunikasjon

Formidling av og kommunikasjon om flaum- og skredfare er ein viktig del av det førebyggande arbeidet.

14.4.1 Formidling av forskingsresultat

Forsking innanfor naturfarar er ei blanding av grunnforsking og anvend forsking som har til formål å bidra til eit tryggare samfunn. Dette krev ulike former for formidling av forskingsresultat – frå spreiing til andre forskarar gjennom publisering, til ein aktiv dialog med brukarar omkring kva forskinga seier, korleis ho kan brukast, og kva avgrensingar resultata har. Dei siste åra har det nærmast skjedd eit paradigmeskifte i forholdet mellom forskarane og dei som bruker forskinga innanfor flaum- og skredfare. Tidlegare gjekk kommunikasjonen for det meste éin veg, der resultat frå forskinga vart gjorde tilgjengelege gjennom artiklar, rapportar og så vidare. I dag er brukarane i fokus i ei heilt anna grad. Det blir utvikla gode brukarverktøy, og brukarane er ofte integrerte i forskingsprosjekta. Det er Forskingsråd-prosjektet ClimDesign eit døme på. Her tar sluttbrukarar frå kommunar og eigarar av infrastruktur del i forskinga gjennom seminar og synfaringar. Slikt samarbeid gjer at ein får identifisert kunnskapshol som forskinga må fylle for å bidra til forsvarleg forvaltning på tvers av sektorar.

Publisering i forskingsartiklar er den viktigaste kanalen for å formidle forskingsresultat til forskingsmiljøet. Publisering er i tillegg sentralt for å få vurdert kvaliteten på forskinga som blir gjennomført. Dei siste åra har forskingsresultat i større grad blitt publiserte i opne tidsskrift. Dette gjer det lettare å få direkte tilgang til ny forsking også for andre forskarar.

14.4.2 Etatane si formidling

I formidlingsarbeidet er det viktig at ein klarer å skape eit korrekt bilete av flaum- og skredrisikoen utan å skape unødig frykt. Aktuelle kommunikasjonsflater kan vere spissa digitale webinar og fagsamlingar om flaum- og skredproblematikk og klimatilpassing med fokus på heilskapleg planlegging, retta mot kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarar og konsulentselskap. Slike breie arenaer legg til rette for ein meir effektiv dialog mellom etatane og brukarane.

Digitalisering er viktig for at informasjonsflyten skal fungere best mogleg. Formidlinga skjer gjennom eigna produkt slik som kartløysingar, rettleiarar og ulike berekningsverktøy. Varslingsportalen varsom.no (omtalt i kapittel 8) er eit godt døme på korleis offentlege etatar kan samarbeide om eit produkt for informasjon som er viktig for befolkninga, forvaltninga og andre. På varsom.no ligg det òg populærvitskapleg faktainformasjon om dei naturfarane som blir varsla, og ei forklaring på korleis varsla blir utarbeidde. Enkelte forsikringsselskap informerer kundane sine i eit område via SMS om at det er sendt ut varsel der.

Norsk klimaservicesenter (KSS) er eit anna døme på korleis samarbeid mellom offentlege etatar kan legge til rette og formidle informasjon. KSS er eit samarbeid mellom MET, NVE, Kartverket, NORCE og Bjerknessenteret. I tillegg er Miljødirektoratet representert i styret for KSS. Hovudmålet med Norsk klimaservicesenter er å gi eit avgjerdsgrunnlag for klimatilpassing i Noreg. KSS har utarbeidd klimaframskrivingar for Noreg fram mot år 2100 og presenterer den beste tilgjengelege kunnskapen om effektane av klimaendringar i ulike regionar. Dei regionale klimaprofilane gir vurderingar av framtidige endringar i klima og hydrologi, flaumfare og skredfare. Klimaprofilane er utarbeidde for 18 regionar, inkludert Longyearbyen. Dei tilrår òg klimapåslag til bruk i dimensjonering av infrastruktur og arealplanar. Nettstaden klimaservicesenter.no inneheld mellom anna spesialtilpassa nettsider for informasjon til forskingsmiljø og skular.

Figur 14.4 Norsk klimaservicesenter legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data slik at dei kan brukast til klimatilpassing og forsking.

Figur 14.4 Norsk klimaservicesenter legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data slik at dei kan brukast til klimatilpassing og forsking.

Kjelde: Skjermdump frå klimaservicesenter.no

Utgreiinga frå Gjerdrumutvalet (NOU 2022: 3) peikte på eit auka behov for rettleiing. NVE har mellom anna møtt dette behovet ved å utarbeide ei sikringshandbok, som passar godt for prosjekterande, utførande eller dei som jobbar med flaum og skred i kommunen eller andre stader, jf. kapittel 7.5.1. NVE skal gjere brukarane i stand til å ta eigne, gode val for å setje samfunnet betre i stand til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring. Dette krev målretta informasjon og verktøy til ulike sluttbrukarar, særleg kommunane, andre offentlege etatar på nasjonalt og regionalt nivå, konsulentar og privatpersonar. Viktig informasjon som NVE formidlar i denne samanhengen, er potensiell og reell flaum- og skredfare på kart, korleis ein sikrar omsynet til flaum, overvatn og skredproblem i arealplanprosessar, korleis ein kan utføre og finansiere sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, data om flaum og skred og ulike naturfarevarsel.

Ei utfordring i samband med formidling er i dag at mykje tilgjengeleg kunnskap om flaum og skred ikkje er godt nok tilrettelagd for brukarane. Mellom anna er det mange rettleiarar og retningslinjer for brukarane å ta omsyn til. Her kan Naturfareforum spele ei rolle for å koordinere rettleiarane slik at dei blir enklare og meir oversiktlege å bruke. Regjeringa vil at formidlinga frå nasjonalt til lokalt nivå skal vere brukarorientert og koordinert. Det er viktig å få oversikt over korleis ulike brukarar ønsker at kunnskap skal formidlast. Det vil bidra til at dei får løyst oppgåvene sine på ein effektiv og formålstenleg måte.

14.4.3 Kommunane si formidling

Det blir formidla mykje informasjon om flaum og skred som kommunane må ta omsyn til, og det varierer truleg mykje kor godt kommunane evnar å handtere denne informasjonen. Det er viktig at kommunane er i stand til å forstå kva informasjonen inneber, slik at skaderisiko lokalt blir vurdert, flaum- og skredomsyn innarbeidd i arealplanlegginga og beredskapsplikta ivaretatt. Det er òg viktig at kommunane er godt kjende med si eiga rolle i flaum- og skredarbeidet for å ivareta tryggleiken til innbyggarane best mogleg.

Det bør leggast til rette for at privatpersonar som bur i aktsemdsområde eller faresoner, får tilpassa informasjon. Sjølv om NVE og andre gjer mykje for å formidle informasjon til eit breiare publikum, har kommunane ein nærleik til befolkninga som statlege etatar ikkje har. Denne nærleiken gir kommunane eit godt grunnlag for å nå eit breitt publikum. Det er mange gode døme på at kommunane bidreg til å spreie informasjon om flaum- og skredfare og kva omsyn som må takast for å unngå skade.

Til forsida