5 Kartlegging av flaum og skred
5.1 Kapittelsamandrag
Kunnskap om flaum og skred i form av kart som viser kvar det er fare, og kva som kan bli konsekvensane av hendingar, er ein føresetnad for å kunne jobbe systematisk med risikoreduserande tiltak som arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking, varsling og beredskap. Arbeidet med kartlegging er fordelt på ulike aktørar.
Regjeringa vil styrke kartlegginga av flaum og skred som del av det langsiktige arbeidet med å førebygge flaum- og skredskadar. Samfunnet skal ha god kunnskap om kva område som er utsette for flaum- og skredfare.
Det er behov for å styrke alle delar av kartleggingsprosessane, frå innhenting av grunnlagsdata, via vidareutvikling av metodar og rettleiing, og fare- og risikokartlegging, til formidling av resultat. Målet er betre dekning med farekart, effektiv kartlegging med god kvalitet og brukartilpassa formidling. Den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon skal vidareutviklast for å styrke delinga og bruken av data på tvers av offentleg og privat sektor.
For å sikre effektiv ressursbruk er det viktig å samkøyre kartlegging som NVE, infrastruktureigarar og kommunane får gjennomført. Regjeringa vil arbeide for at kartlegginga så langt det er formålstenleg, skal vere samordna mellom dei ulike sektorane. Etatssamarbeidet Naturfareforum skal bidra til denne samordninga. Betre aktsemdskart vil redusere behovet for utgreiing og dokumentasjon ved planlegging av nye tiltak og dermed spare utbyggarar for tid og kostnader.
Betre dekning med detaljerte farekart over område med eksisterande busetnad vil bidra til å avklare faren for dei mange som bur i område som i dag er kartlagde som potensielt utsette, og gi grunnlag for å vurdere sikringsbehov. Til dømes bur det meir enn 120 000 menneske innanfor dei om lag 2700 kartlagde kvikkleiresonene. For mange av desse faresonene er ikkje kartlegginga detaljert nok til å avklare reell fare.
Regjeringa vil framover særleg vektlegge innsatsen på lausmassekartlegging som basis for kartlegging av fare for kvikkleireskred og andre typar lausmasseskred. Regjeringa vil òg vurdere korleis nasjonal detaljert høgdemodell kan oppdaterast for å møte nye behov for farekartlegging og systematisk overvaking av risiko.
Regjeringa vil at viktig informasjon som fareutgreiingar og grunnundersøkingar skal samlast og gjerast tilgjengelege for alle, og har foreslått lovendringar for å innføre ei pliktig innmeldingsordning. Det vil vere effektiviserande å utnytte tidlegare arbeid.
Systematisk innsamling av skadedata ved hendingar vil bidra til stadig betre oversikt over risikobiletet og skadeutviklinga over tid. Regjeringa vil derfor greie ut eit fast system for rapportering av skadekostnader og andre konsekvensar av flaum- og skredhendingar.
Det er viktig at dei som skal kartlegge og greie ut flaum- og skredfare, har riktig kompetanse. Regjeringa vil vurdere kvalifikasjonskrava i plan- og bygningslova på område med særleg betydning for liv og helse, inkludert ved kartlegging av fare for skred og flaum.
Regjeringa vil
styrke arbeidet med kartlegging som del av det langsiktige arbeidet med å førebygge flaum- og skredskadar
arbeide for at kartlegginga så langt det er formålstenleg, skal vere samordna mellom dei ulike sektorane. Det inkluderer samarbeid om utvikling av metodar, rettleiing og formidling av fare, mellom anna gjennom å utnytte etatssamarbeidet Naturfareforum betre (kapittel 5.7)
særleg vektlegge innsatsen på lausmassekartlegging som basis for kartlegging av fare for kvikkleireskred og andre typar lausmasseskred (kapittel 5.5.3)
vidareutvikle den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon for å styrke delinga og bruken av data på tvers av offentleg og privat sektor (kapittel 5.5.1)
greie ut eit fast system for rapportering av skadekostnader og andre konsekvensar av flaum- og skredhendingar (kapittel 5.5.7)
heve kvaliteten på det offentlege kartgrunnlaget (kapittel 5.5.1)
vurdere korleis nasjonal detaljert høgdemodell kan oppdaterast for å møte nye behov for farekartlegging og systematisk overvaking av risiko (kapittel 5.5.2)
legge til rette for at Noreg skal halde fram med å delta i europeisk romsamarbeid, som bidreg med data til kartlegging og anna førebygging av skadar frå flaum og skred (kapittel 5.5.5)
at viktig informasjon som fareutgreiingar og grunnundersøkingar skal samlast og gjerast tilgjengelege for alle, og har foreslått lovendringar for å innføre ei pliktig innmeldingsordning (kapittel 5.5.8)
vidareutvikle og samordne statlege rettleiarar og verktøy for kartlegging slik at dei blir meir oversiktlege og enklare å bruke. Etatssamarbeidet Naturfareforum skal bidra til samordninga (kapittel 5.6)
vurdere kvalifikasjonskrava i plan- og bygningslova på område med særleg betydning for liv og helse, inkludert ved kartlegging av fare for skred og flaum (kapittel 5.8)
5.2 Ulike typar flaum- og skredkart
Aktsemdskart viser område der det er potensial for flaum, skred eller annan naturfare. Slike kart er som regel baserte på analysar av datasett som dekker heile landet. Karta blir brukte til å styre utbygging til trygge område og til å utløyse krav om meir detaljert utgreiing av fare ved ny utbygging. Eit døme på eit aktsemdskart er vist i figur 5.1.
Faresonekart viser område med forskjellig sannsyn for å bli ramma av skred eller flaum. Faren er som regel gradert i samsvar med tryggleiksklassane i byggteknisk forskrift (TEK17), slik at dei kan nyttast direkte for å avgjere om eit område er trygt nok til å bygge ut eller ikkje. Slike kart er som regel baserte på analysar av detaljerte og lokale datasett. Faresonekart blir òg brukte til å vurdere sikringstiltak, til å planlegge beredskap og i samband med handtering av hendingar. Eit døme på faresonekart er eit flaumsonekart, som vist i figur 5.1.
Risikokart kombinerer informasjon frå aktsemds- eller faresonekart med informasjon om konsekvensar. Slike kart kan bli brukte til å prioritere vidare utgreiing, sikring eller innsats i beredskapssituasjonar.
5.3 Ansvar for kartlegging
5.3.1 Kommunar, utbyggarar og infrastruktureigarar
Plan- og bygningslova regulerer ansvaret kommunar og utbyggarar har for å ta omsyn til flaum, overvatn og skred i plan- og byggesaker. Dette ansvaret inkluderer ansvar for at fare er tilstrekkeleg utgreidd før ny utbygging.
Sivilbeskyttelseslova med tilhøyrande forskrift stiller mellom anna krav om at kommunane skal gjennomføre ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse. Som del av denne analysen skal kommunen kartlegge, systematisere og vurdere sannsynet for alle typar uønskte hendingar, og vurdere korleis desse kan påverke kommunen. Kommunen skal følge opp analysen med ytterlegare kartlegging og tiltak der behov blir avdekte, anten sjølv eller ved å oppmode andre aktørar til å gjere det.
Infrastruktureigarar, til dømes innanfor samferdsel og kraftforsyning, har eit ansvar for å kartlegge risiko og sårbarheit ved eigne anlegg. Dette gjeld både ved eksisterande infrastruktur og ved ny utbygging. Ansvaret er nedfelt i ulike sektorlover og tilhøyrande forskrifter og i plan- og bygningslova. Kartlegging i regi av infrastruktureigarar er nærmare omtalt i kapittel 12.
5.3.2 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) bidreg med kunnskap om flaum og skred til kommunar og andre aktørar. Det skjer mellom anna gjennom utvikling av kart. Det er i hovudsak konsulentar som gjennomfører sjølve kartlegginga. Delar av kartleggingsarbeidet blir gjort av Noregs geologiske undersøking (NGU).
Farekartlegginga som NVE gjennomfører, blir prioritert ut frå ei risikobasert tilnærming. Kartlegginga er ikkje lovregulert eller ein rett, men ein bistand staten yter. I regi av NVE blir det utarbeidd aktsemdskart, faresonekart og risikokart. Faresone- og risikokartlegginga tar utgangspunkt i område med eksisterande busetnad der dei naturgitte forholda gir størst risiko. Verknader av klimaendring inngår i vurderingane av risiko.
NVE utviklar kartleggingsmetodikk og rettleiarar for kartlegging. Rettleiarane for flaum, skred i bratt terreng og kvikkleireskred er rekna som preaksepterte ytingar1 i byggteknisk forskrift (TEK17). Avvik frå desse rettleiarane vil utløyse krav om å dokumentere at metodikken som er vald, er like god eller betre. Rettleiarane omhandlar både metodikk for kartlegging og bestilling av utgreiingar, og gjer det enklare for kommunar og tiltakshavarar å bestille utgreiingar.
NVE gjer kartprodukt tilgjengelege gjennom løysingar som er mest mogleg brukartilpassa. Mange av kartprodukta inngår i det offentlege kartgrunnlaget (DOK), som set tydelege krav til format og form. Rettleiing om korleis kartprodukta skal brukast, blir formidla gjennom nettsider, på seminar og i samband med at NVE overleverer kart til kommunane.
NVE forvaltar ei tilskotsordning for kartlegging av skred- og flaumfare i område med eksisterande busetnad. Målgruppa for ordninga er kommunane. NVE prioriterer søknadar basert på ei risikobasert tilnærming. NVE set vilkår til korleis kartlegginga skal gjerast, og kva kompetanse som er nødvendig.
5.3.3 Noregs geologiske undersøking
Noregs geologiske undersøking (NGU) kartlegg geologien i Noreg og spreier kunnskap om han. NGU skal dekke behovet for geologisk basiskunnskap i samfunnet, og bidreg til auka berekraftig verdiskaping. NGU er ein forvaltningsetat underlagd Nærings- og fiskeridepartementet.
NGU utfører fleire oppgåver innanfor kartlegging av skred i samarbeid med NVE:
metodeutvikling og produksjon av aktsemdskart for fleire typar skred
kartlegging og fareklassifisering av ustabile fjellparti som kan føre til fjellskred
forsking og utvikling retta mot betre forståing av skredprosessar
NGU har det nasjonale ansvaret for fleire typar geologisk kartlegging som gir grunnlag for kartlegging av skredfare, mellom anna lausmassekartlegging, jf. kapittel 5.5.3. NGU driftar òg Nasjonal database for grunnundersøkingar (NADAG), som samlar informasjon frå grunnundersøkingar frå ei rekke aktørar, jf. kapittel 5.5.8. I tillegg driftar NGU InSAR Noreg, ei kartteneste som viser rørsler i landskapet basert på satellittdata, jf. kapittel 5.5.5.
5.3.4 Kartverket
Kartverket skal sikre posisjons-, kart- og eigedomsdata for Noreg, og har som oppgåve å samle, forvalte og formidle geografisk informasjon til offentleg og privat sektor. Dette gjeld mellom anna data som kan vere relevante for handtering av naturfare og klimatilpassing.
Som nasjonal geodatakoordinator har Kartverket ansvaret for å bygge og vedlikehalde den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Infrastrukturen består mellom anna av data, fellesløysingar, tenester, samarbeidsavtalar og standardar. Det er gjennom denne infrastrukturen geografisk informasjon blir delt. I nært samarbeid med kommunar, etatar og andre brukarar skal Kartverket utvikle den geografiske infrastrukturen og sørge for standardisert deling av data. Dette omfattar å forvalte den nasjonale delingsplattforma for geografisk informasjon, Geonorge. Kartverket koordinerer også samarbeida Geovekst2 og Norge digitalt3, og har eit regionalt apparat som har god kjennskap til og samarbeid med alle kommunane og fylkeskommunane i landet.
Som sjøkartmyndigheit har Kartverket ansvar for oppgåver innanfor djupnekartlegging. Kartverket har i tillegg ansvaret for å overvake havvasstanden, og dei driftar det nasjonale målenettet for havnivå.
5.4 Status for kartlegging i regi av NVE
5.4.1 Kartlegging av flaum
Status for aktsemdskartlegging
Det første nasjonale aktsemdskartet for flaum kom i 2009, og gjeldande kart er frå 2020. Kartet er landsdekkande, men dei minste bekkene er ikkje omfatta. Metoden for kartlegging blir vidareutvikla med sikte på stadig meir nøyaktige kart. Kartet er først og fremst tilpassa oversiktsplanlegginga på kommuneplannivå. Aktsemdskartet kan brukast til å vurdere om eit bygg eller tiltak er utsett for flaumfare i tråd med byggteknisk forskift. Kartet viser kva område som treng meir detaljert utgreiing av faren ved ny utbygging.
Status for faresonekartlegging
Etter den store flaumen på Austlandet i 1995 vart det satsa på flaumsonekart med grunnlag i St.meld. nr. 42 (1996–97) Tiltak mot flom. Flaumsonekartlegginga omfattar strekningar langs vassdraga som er mest utsette for skade, og skal både vise flaumforholda i dagens klima og endringar som følge av klimaframskrivingar. Det er til no kartlagt flaumsoner i om lag 150 område som dekker om lag 2000 kilometer elvestrekning. I overkant av 20 flaumsoner er oppdaterte på bakgrunn av ny kunnskap. Det er behov for å oppdatere fleire flaumsoner, i hovudsak som følge av kunnskap om nye flaumhendingar og forventa klimaendringar fram mot år 2100.
NVEs plan for kartlegging av flaumfare 2021–2025 (NVE, 2020a) viser kva type kartlegging, kartleggingsmetodar og kartverktøy NVE vil prioritere. Planen viser òg ei oversikt over kva flaumsoner som er aktuelle for oppdatering. I tillegg til NVE si kartlegging, vil tilskotsordninga for kartlegging bidra til at kommunane i eigen regi både kan utføre ny kartlegging og oppdatere eksisterande flaumsoner.
5.4.2 Erosjon og kartlegging av masseførande vassdrag
Erosjon er ofte ei medverkande årsak til at skadane under flaumhendingar blir store. Det er derfor viktig å få kunnskap om fare for erosjon for å kunne redusere skadepotensialet. Det finst mykje kunnskap om prosessar knytte til erosjon, massetransport og sedimentasjon, men det finst lite kartlegging av erosjonsfare.
Fleire alvorlege hendingar med flaum på elvevifter har resultert i store skadar, til dømes flaumane i 2011 og 2013 på Kvam i Gudbrandsdalen. I dag finst det ikkje eigna metodar for å kartlegge fare på elvevifter eller langs bratte vassdrag generelt. Det er viktig å få betre kunnskap om denne faren. Det er ein glidande overgang mellom masseførande flaumar og flaumskred. NVE arbeider med metodeutvikling for betre kartlegging av både masseførande vassdrag og flaumskred.
5.4.3 Kartlegging av skred i bratt terreng
Status for aktsemdskartlegging
NVE har publisert landsdekkande aktsemdskart for snøskred, steinsprang og jord- og flaumskred. I 2023 vart eit nytt aktsemdskart for snøskred (NAKSIN) publisert. Noregs geotekniske institutt (NGI) har utvikla eit kart som tar omsyn til skog og til dei lokale klimaforholda. Kartet er produsert med og utan effekten av skog, slik at kommunane kan vurdere snøskred med ulike skogsforhold.
NGU utviklar, på oppdrag frå NVE, metodikk og nye aktsemdskart for skred i bratt terreng. Det blir utvikla nye aktsemdskart for steinsprang og kvikkleireskred. Jordskred- og flaumskredkarta treng meir metodeutvikling.
Status for faresonekartlegging
NVE kartlegg faresoner for eksisterande skredutsett busetnad i Noreg der risikoen er størst. Prioriteringane av kva område som skal kartleggast, baserer seg på mellom anna nye grunnlagsdata, skredhendingar og nye aktsemdskart. Figur 5.2 viser eit døme på eit faresonekart for skred i bratt terreng.
Sidan 2011 er det kartlagt skredfare for eksisterande busetnad i 80 kommunar. I vel 50 kommunar er kartlegging i gang, eller det er planlagt kartlegging. Figur 5.3 viser statusen for kartleggingsarbeidet per april 2024.
5.4.4 Kartlegging av kvikkleireskred
Det er fire ulike nivå på kartlegginga og utgreiinga av skredfare for kvikkleire:
aktsemdskart for kvikkleire
oversiktskartlegging av kvikkleiresoner
forenkla soneutgreiing
detaljert soneutgreiing
Aktsemdskart for kvikkleire dekker i si enklaste form alle område under den marine grensa. Der det er gjort detaljert kartlegging av lausmassar, kan dette snevrast inn til område med mogleg samanhengande førekomst av marin leire. Ved å inkludere terrengforhold som gir potensial for kvikkleireskred, kan ein snevre inn området ytterlegare. Dette er gjort i det nye aktsemdskartet for kvikkleireskred frå 2024.
Oversiktskartlegginga av kvikkleiresoner viser område med kvikkleire, med ei grov klassifisering i faregradene høg, middels og låg. Ein har risikoklassifisert sonene i fem klassar ved å kombinere faregrada med informasjon om bygg og infrastruktur som kan bli ramma ved eit skred. Karta gir grunnlag for prioritering av vidare utgreiing og vurdering av sikring. Figur 5.4 viser eit utsnitt frå NVEs Temakart Kvikkleireskredfare med både aktsemdsområde og faresoner med losne- og utløpsområde.
Forenkla soneutgreiing er ein effektiv metode for å skilje ut dei områda som bør prioriterast for detaljert utgreiing og eventuell sikring.
For å avklare om tryggleiken er god nok i forhold til krava i byggteknisk forskrift, må ein gjere ei detaljert soneutgreiing som er forklart i ein rettleiar frå NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat, 2019). Detaljert kartlegging av faren for kvikkleireskred er særleg ressurskrevjande mellom anna fordi ein må gjere grunnundersøkingar.
Per juni 2023 var det definert 2625 kvikkleiresoner i til saman 112 kommunar i databasen til NVE. Om lag 1500 av desse kvikkleiresonene er plasserte i ein av dei tre høgaste risikoklassane (av totalt fem) eller har høg faregrad. Ein del av desse sonene er allereie utgreidde og sikra, men mange av dei er uavklarte og bør vurderast nærmare for ei forenkla eller detaljert soneutgreiing som grunnlag for eventuell sikring. Omfanget av soner som treng vidare utgreiing, vil auke med ny oversiktskartlegging.
NVE har gjennomført detaljert utgreiing av om lag 100 kvikkleiresoner og forenkla utgreiing av om lag 50 soner sidan 2009. Forenkla soneutgreiing er i gang i tre kommunar på Romerike og i to kommunar i Namdalen, med til saman om lag 130 soner. Denne utgreiinga blir ferdig i 2024.
Gjerdrumutvalet (NOU 2022: 3) meinte at ein ikkje har god nok oversikt over risikoen knytt til kvikkleireskred i Noreg. Utvalet peikte både på betre aktsemdskart og betre informasjon knytt til dagens faresoner. Vidare meinte dei at utgreiing av dei om lag 1000 sonene med høg risiko burde prioriterast og sluttførast i løpet av ein tiårsperiode. Dei peikte òg på at store område ikkje har detaljerte lausmassekart som grunnlag for betre aktsemdskart og for kvikkleireutgreiingar.
Utgreiing av kvikkleiresoner er svært ressurskrevjande. NVE vil gjennomgå arbeidet med kartlegging og utgreiing av fare for kvikkleireskred, mellom anna når det gjeld metodar og korleis aktiv erosjon og terrengendringar kan identifiserast. Ein ny plan for arbeidet vil dekke både vidareutvikling av metodar og prioritering mellom geografiske område og ulike typar kartlegging.
5.4.5 Kartlegging av fjellskred
Det er til no identifisert i overkant av 900 ustabile fjellparti i Noreg. Av desse er 113 ferdig risikoklassifiserte med faresoner. Sjølv om det står igjen mange fjellparti som ikkje er fare- og risikoklassifiserte, er det sannsynleg at mange av fjellpartia med høgast risiko allereie er identifiserte og overvaka.
NGU kartlegg ustabile fjellparti som kan føre til fjellskred, og utfører fareklassifisering i samarbeid med NVE. Risikoklassifiseringa har nyleg vorte overført til NVE. NVE publiserer faresonene for risikoklassifiserte ustabile fjellparti både med omsyn til fare for direkte treff av fjellskred og med omsyn til sekundærverknader som flodbølger i fjordar og innsjøar. Fare- og risikoklassifiseringa dannar grunnlaget for vurderingar av om eit fjellparti skal overvakast.
Kartlegginga har i hovudsak vorte gjort fylkesvis, prioritert ut frå kvar det har gått flest fjellskred før. NGU gjer prioriteringar av alle identifiserte ustabile fjellparti basert på utvikling, aktivitet og konsekvensar. Resultata frå dette arbeidet har endra måten ein prioriterer kartlegging på, og har ført til at ein no legg mindre vekt på å gjennomføre regional kartlegging.
Kartlegginga er langt på veg ferdig i Møre og Romsdal og tidlegare Sogn og Fjordane fylke. I Troms, Finnmark, Rogaland og tidlegare Hordaland fylke er kartlegginga kommen godt i gang. På Svalbard er eitt fjellparti, Forkastningsfjellet utanfor Longyearbyen, under utgreiing. Figur 5.5 viser utviklinga over tid når det gjeld identifiserte og ferdig risikoklassifiserte ustabile fjellparti.
5.5 Grunnlagsdata og databasar
Kartlegging av fare og risiko knytt til flaum, overvatn og skred krev gode grunnlagsdata. Dette kan til dømes vere flyfoto, satellitt- og radarbilete, nasjonale kartdataseriar, detaljerte høgdedata og geologiske kart. God kvalitet på grunnlagsdataa er ein føresetnad for gode fareutgreiingar. Derfor må den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon vere lett tilgjengeleg og oppdatert, og møte behova til brukarane.
5.5.1 Geografisk infrastruktur er eit fundament
Geografiske grunndata er informasjon om terreng, djupne, samferdsel, bygningar, adresser, eigedommar og annan infrastruktur. Dei gir eit fundament for kartlegging av naturfarar.
Geografisk naturfareinformasjon skal etter geodatalova delast på standardiserte format for å sikre einskapleg og enkel bruk hos kommunar, myndigheiter, beredskapsaktørar og fleire. Data blir delte gjennom den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Grunnmuren i denne infrastrukturen er nasjonale fellesløysingar for geodata, til dømes sentral felles kartdatabase og nasjonal detaljert høgdemodell.
Dagens fellesløysingar er ikkje lagde godt nok til rette for arbeidsprosessane i kommunane og behovet deira for funksjonalitet. Det ligg eit vesentleg gevinstpotensial i å gjere det enklare for kommunane å forstå og bruke dei nasjonale fellesløysingane i samband med kommunal arealplanlegging og førebygging mot alvorlege naturskadehendingar (Oslo Economics, 2022). Regjeringa meiner det er viktig at kommunane kan nytte fellesløysingane i den geografiske infrastrukturen til å utvikle eit trygt samfunn og handtere naturfarar. Regjeringa vil vidareutvikle den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon for å styrke delinga og bruken av data på tvers av offentleg og privat sektor.
Geodata frå det offentlege kartgrunnlaget (DOK) er ein viktig del av informasjonsgrunnlaget for kommune- og reguleringsplanlegging, konsekvensutgreiingar, risiko- og sårbarheitsanalysar og byggesaksbehandling. DOK omfattar 148 datasett som er eigde og forvalta av ei rekke etatar.
Kommunane, i samarbeid med staten, skal organisere ajourføring og tilgang til datasett i DOK, og ei rekke sektormyndigheiter bidreg på same vis med eigne temadata, mellom desse aktsemdskart og faresoner for flaum og skred frå NVE. Regjeringa vil heve kvaliteten på DOK, og det er allereie sett i verk fleire tiltak som del av handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi (Kommunal- og moderniseringsdepartementet [KMD], 2018a).
5.5.2 Detaljert terrengmodell treng oppdatering og utvikling
Detaljert høgdeinformasjon er særleg viktig for skred- og flaumkartlegging. Gjennom prosjektet Nasjonal detaljert høydemodell (NDH) vart det gjennom laserskanning etablert ein komplett detaljert høgdemodell av Noreg (utan Svalbard) i perioden 2016–2022. Prosjektet hadde ein kostnad på om lag 420 mill. kroner og vart samfinansiert av åtte departement. Terrenginformasjon om djupna under vatn i elvar, innsjøar og i sjøen langs kysten var ikkje ein del av NDH-prosjektet.
Ved gjentakande skanningar kan høgdemodellen mellom anna nyttast til å overvake erosjon og andre terrengendringar som kan utløyse kvikkleireskred. For at det skal vere mogleg å følge med på erosjonen over tid og avdekke risiko for skred, må dataa ha høg detaljeringsgrad og vere tilgjengelege som tidsseriar. Høgdemodellen må vidareutviklast for å handtere store datamengder i framtida, og legge til rette for endringsanalyse av data. Det er viktig at høgdemodellen blir oppdatert etter terrengendringar og utbyggingar. Regjeringa vil vurdere korleis nasjonal detaljert høgdemodell kan oppdaterast for å møte nye behov for farekartlegging og systematisk overvaking av risiko.
I skredutsette område nær vassdrag eller sjø vil ein terrengmodell som gir eit detaljert bilete av sjøen og elvebotnen, vere viktig for å vurdere naturfare. For kartlegging av grunt vatn kan ein bruke ein sensor for kombinert land- og sjøkartlegging omtalt som «grøn laser».
Det er viktig at data om sjøbotnen kan kartleggast og takast i bruk på ein effektiv måte i samband med vurdering av skredfare i strandsona. Samtidig er det viktig at kartlegginga skjer i samsvar med nasjonale tryggingsinteresser etter lov om informasjon om bestemt angitte områder, skjermingsverdige objekter og bunnforhold med forskrifter. Det er Kartverket som behandlar søknader om kartlegging av botnforhold, på vegner av Forsvaret.
5.5.3 Lausmassekart er eit nødvendig grunnlag for farekart
Lausmassekartlegging blir utført av NGU og dannar eit viktig underlag for kartlegging av skredfare. Lausmassekarta viser korleis ulike jordartar, blant anna skredmassar, fordeler seg i terrenget. Karta gir også mykje informasjon om eigenskapane, opphavet og stabiliteten til dei ulike lausmassane.
Det er stort behov for lausmassekart i målestokk 1 : 50 000 og meir detaljert. Lausmassekarta blir til dømes brukte til å vurdere skredfare i bratt terreng og til farevurderingar og utvikling av aktsemds- og farekart for kvikkleire. Detaljerte lausmassekart (1 : 20 000 eller meir detaljert) har vist seg å vere svært nyttige også i beredskapssituasjonar og for krisehandtering. Behovet for slike kart er stort blant ei rekke brukargrupper i samfunnet, og dei har stor nytteverdi. Det manglar lausmassekart i målestokk 1 : 50 000 for om lag halvparten av områda som er vurderte for vidare kartlegging av fare for kvikkleireskred.
NGU sin kartleggingsplan for lausmassekart gir oversikt for kart i målestokk 1 : 50 000 og peiker ut kva område som er viktige å prioritere på kortare og lengre sikt. Figur 5.6 viser at store delar av landet ikkje er dekte med lausmassekart i målestokk 1 : 50 000. I tillegg har mange av dei eldre karta ein kvalitet som ikkje tilfredsstiller dagens krav.
Gjerdrumutvalet (NOU 2022: 3) tilrådde å styrke NGU sitt arbeid med lausmassekartlegging med sikte på å dekke alle områda under den marine grensa med detaljerte kart. Utvalet peikte på at dei tettast folkesette områda, og område der det kan gå skred, burde prioriterast først.
Det er gjerne ein nær samanheng mellom stabiliteten til lausmassane og skredhendingar over og under havnivå. NGU har utført lausmassekartlegging langs norskekysten gjennom fleire tiår. Behovet for kartlegging i strandsona kjem i tillegg til det generelle totale behovet for meir lausmassekartlegging. I perioden 2020–2022 gjennomførte Kartverket, NGU og Havforskingsinstituttet eit pilotprosjekt der dei kartla tre område langs kysten. Resultata frå pilotprosjektet viser nytteverdien av slik kartlegging, og ligg til grunn for vidare satsing på strandsonekartlegging.
Det er viktig at lausmassekartlegginga har ei framdrift som gir det nødvendige underlaget for skredfarekartlegging. Regjeringa vil framover særleg vektlegge innsatsen på lausmassekartlegging som basis for kartlegging av fare for kvikkleireskred og andre typar lausmasseskred.
5.5.4 Flyfoto gir historisk referanse
Flyfoto gir god informasjon om terreng, arealbruk og konstruksjonar som kan nyttast i analysar knytte til flaum og skred. Historiske flyfoto er eit viktig datagrunnlag for å fastslå endringar i terrenget over tid, særleg menneskeleg aktivitet som fylling, graving, planering og bekkelukking. Informasjon frå historiske flyfoto var éi av fleire kjelder ein brukte til å finne årsaka til kvikkleireskredet i Gjerdrum.
Nasjonalt program for omløpsfotografering i regi av Kartverket tar flyfoto av heile landet og gjentar fotograferinga i regelmessige intervall på 5–10 år. Dette programmet vart starta i 2006 og gjer at vi framover vil få regelmessig oppdatering av terreng med meir og moglegheit til å avdekke endringar som påverkar flaum- og skredfaren. Statsforvaltarens fellestenester, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Kartverket står for grunnfinansieringa av programmet. Resten blir finansiert gjennom forvaltningssamarbeidet Norge digitalt og av Geovekst.
5.5.5 Satellittdata blir stadig viktigare
Satellittdata for kartlegging og varsling av naturfarar blir i hovudsak gjorde tilgjengelege gjennom EUs Copernicus-program og den europeiske meteorologiorganisasjonen for satellittdata, EUMETSAT.
Norsk romsenter (NRS), NGU, NVE og NORCE har samarbeidd om å utvikle teknikkar for bruk av satellittar til kartlegging og overvaking, og i 2018 lanserte dei InSAR Norge4. Det er den første landsomfattande og gratis nettbaserte karttenesta for InSAR-data i verda. InSAR blir brukt til å måle rørsler i landskapet, slik som ustabile skråningar og innsøkking som følge av setningar i urbane område.
Det er viktig at Noreg deltar i EU-programmet Copernicus for å nytte seg av satellittdata. Norsk romsenter bidreg til nasjonal tilrettelegging av satellittdata frå Copernicus saman med andre aktørar. Som eit resultat av dette arbeidet er Copernicus-satellittar gjennom det siste tiåret tatt i bruk på ei rekke område i Noreg, blant dei vêrvarsling, snøskred, fjellskred, nedsøkking, flaumsonekartlegging og havnivåstiging.
Gjennom Copernicus Emergency Management Service (CEMS) kan Noreg også mobilisere ytterlegare assistanse frå EU ved naturfarehendingar her i landet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) kan aktivisere denne mekanismen på vegner av Noreg. Dette vart gjort for å kartlegge flaumen under og etter ekstremvêret Hans i 2023. Gjennom CEMS blir det også skaffa detaljerte satellittbilete frå kommersielle satellittar, utan ytterlegare kostnad for Noreg.
Noreg er fast medlem i dei mellomstatlege organisasjonane European Space Agency (ESA) og EUMETSAT, medan den norske deltakinga i EUs romaktivitetar gjeld til 2027. Eventuell vidare deltaking blir forankra i stortingsvedtak som inkluderer norsk programdeltaking under EØS-avtalen. Regjeringa vil legge til rette for at Noreg skal halde fram med å delta i det europeiske romsamarbeidet, som bidreg med data til kartlegging og anna førebygging av skadar frå flaum og skred.
5.5.6 Betre oversikt over flaum- og skredhendingar
Informasjon om tidlegare flaum- og skredhendingar dannar eit viktig grunnlag for farekartlegging og analysar av risiko. Nasjonal skreddatabase (NSDB) vart etablert i 2002 av NGU med bidrag frå Statens vegvesen, Bane NOR, NGI, NGU, NVE og private. Det er i dag informasjon frå om lag 90 000 hendingar i databasen. NVE overtok ansvaret for nasjonal skreddatabase i 2012. Alle kan registrere hendingar gjennom Varsom Regobs (i app og på nett) og gjennom nettsida skredregistrering.no. Dette er ei løysing for å registrere, redigere og kvalitetskontrollere skred i den nasjonale skreddatabasen.
Varsom Regobs er utvikla for å samle inn informasjon som er relevant for NVE sine varslingstenester for flaum og skred, mellom anna observerte skred. Det er i gang eit arbeid med å vidareutvikle NSDB og betre oversikta over flaum- og skredhendingar. NVE samlar informasjon frå hendingar på nettstaden naturhendelser.varsom.no. Nettstaden erstattar rapportar som tidlegare vart publiserte av NVE etter større hendingar, og samanstiller data frå fleire aktørar.
5.5.7 Betre informasjon om skadekostnader
Oversikt over skadar og konsekvensar av hendingar, saman med informasjon om fareområde, vil bidra til eit mest mogleg komplett risikobilete. Informasjon om konsekvensane av hendingar gir grunnlag for samfunnsøkonomiske analysar av både framtidige hendingar og førebyggande tiltak. Kvaliteten på dei samfunnsøkonomiske analysane og prioriteringane som blir lagde til grunn for førebygging, avheng mellom anna av kor gode data som finst om kostnader, og kor komplette dei er når det gjeld ulike typar konsekvensar. Ved å samle informasjon om kva effekt førebyggande tiltak har hatt i konkrete hendingar, får ein også meir kunnskap om verknadene av tiltaka.
Kostnader i samband med store hendingar rammar både private og offentlege aktørar og fordeler seg på fleire sektorar og forvaltningsnivå. Erfaring viser at data om skadekostnader er lite tilgjengelege. Gjerdrumutvalet (NOU 2022: 3) peikte også på at det er behov for ei systematisk innsamling av slike data.
Gjerdrumutvalet viste vidare til at det er høgst variabelt kor enkelt det er å identifisere konsekvensane. Sjølv ved ei så geografisk avgrensa hending som Gjerdrumskredet vart kostnadene fordelte på mange sektorar og ei lang rekke aktørar. Nokre kostnader, til dømes omkøyringskostnader, er det i praksis ikkje mogleg å samle inn tal om, men det må gjerast eit overslag.
Forsikringsbransjen har i samarbeid med DSB etablert rutinar for å koordinatfeste kvart skadetilfelle og rapportere det inn til Kunnskapsbanken, jf. kapittel 5.5.9. Dette gir svært nyttig informasjon som bidreg til oversikt over risikobiletet. Innsamling av skadedata frå store hendingar viser at det er store kostnader for samfunnet som ikkje fell inn under forsikring, til dømes skadar på offentleg infrastruktur. Tal som vart henta inn frå sektormyndigheitene etter ekstremvêret Hans, viste estimerte direkte kostnader på over 7 mrd. kroner, jf. kapittel 2.4.3. Av desse var om lag 2,5 mrd. kroner berekna erstatning frå forsikring. I tillegg kjem indirekte kostnader som følge av brot på infrastruktur, produksjonstap med meir.
Gjennom å samle skadedata systematisk vil ein få eit stadig betre og meir komplett risikobilete og kunne følge med på utviklinga av skadar over tid. Regjeringa vil greie ut eit fast system for rapportering av skadekostnader og andre konsekvensar av flaum- og skredhendingar.
Eit framtidig system som samlar ulike typar skadedata, bør utnytte etablerte system og rapporteringslinjer der det finst. Statens vegvesen har til dømes ein rutine for å rapportere alle skredhendingar på veg inn til skredhendingsdatabasen, men det er inga tilknyting til kostnadstal. Betre kopling mellom data om infrastrukturen, dei fysiske skadane og kostnaden ved utbetring vil gi verksemdene betre oversikt over risikoen og eit betre grunnlag for å prioritere tiltak.
5.5.8 Meir tilgjengelege grunnundersøkingar og fareutgreiingar
Det blir i dag brukt store ressursar på grunnundersøkingar, mellom anna i samband med utbygging og utgreiing av stabilitet og flaum- og skredfare i plan- og byggesaker. Større grad av datagjenbruk vil føre til innsparingar for samfunnet ved utbygging. I tillegg vil informasjon om grunnundersøkingar vere viktig for beredskap og krisehandtering.
NADAG, som blir forvalta av NGU, samlar og gjer tilgjengeleg grunnundersøkingar og geotekniske rapportar frå mellom anna NVE, Statens vegvesen, Bane NOR, kommunar og konsulentar. NADAG har eige kartinnsyn. Figur 5.4 viser eit utsnitt frå NVE Temakart kvikkleire med borepunkt frå NADAG.
Det er i dag frivillig å melde inn grunnundersøkingar, og konsulentar melder i varierande grad inn sine undersøkingar til NADAG. NVE har i tillegg frivillige innmeldingsløysingar for utgreiingar av kvikkleiresoner og fareutgreiingar av flaum og skred i bratt terreng. Desse er offentleg tilgjengelege gjennom eigne kartløysingar.
Regjeringa vil at slik viktig kunnskap skal samlast og gjerast tilgjengeleg for alle, og vil innføre ei pliktig innmeldingsordning for fareutgreiingar og grunnundersøkingar. Innmeldingsplikta vil rette seg mot den som har gjennomført ei undersøking eller utgreiing. I praksis er det konsulentselskap og entreprenørar som gjennomfører slike undersøkingar og utgreiingar på vegner av ein oppdragsgivar. Dette vil vere effektivt og spare samfunnet for kostnader ved at ein kan nyttiggjere seg av tidlegare arbeid. Kommunal- og distriktsdepartementet har lagt fram eit lovforslag om dette våren 2024, jf. Prop. 90 L (2023–2024).
5.5.9 Kunnskapsbanken – tilgang til data om risiko og sårbarheit
Kunnskapsbanken er ein database utvikla av DSB for å gjere informasjon om risiko og sårbarheit lettare tilgjengeleg. Kunnskapsbanken inneheld informasjon om risiko og sårbarheit for naturhendingar henta frå ulike kjelder, mellom anna frå DSB sine eigne fagsystem, frå NVE og frå Finans Norge. Dataa er samanstilte og systematiserte med tanke på bruk i analysar innanfor samfunnstryggleik. I 2022 vart Kunnskapsbanken, med unntak av kartløysinga, sett ut av drift inntil vidare. Det var for å minimere risikoen for utnytting av sårbarheiter. Drifta og utviklinga av Kunnskapsbanken vart stoppa inntil vidare. DSB arbeider med å få på plass ei formålstenleg løysing for datadeling.
Justis- og beredskapsdepartementet viser til det større utviklingsarbeidet DSB er i gang med. Departementet vil arbeide for å finne løysingar som gjer at Kunnskapsbanken kan gjenopnast og vidareutviklast som eit verktøy kommunar og etatar kan bruke til å identifisere kvar risikoen er størst, og kva verdiar som er mest sårbare. Dette vil bidra til eit betre grunnlag for planprosessar og klimatilpassing.
5.6 Betre rettleiarar for kartlegging av flaum og skred
NVE har utarbeidd fleire rettleiarar om utgreiing av fare med formål om å gjere det enklare for kommunar og tiltakshavarar å bestille utgreiingar. God rettleiing gir betre kvalitet og meir kostnadseffektiv gjennomføring. NVE sine rettleiarar for utgreiing av flaum- og skredfare i arealplanlegging og byggesaksbehandling viser til rettleiinga til TEK17. Ved å følge prosedyrane i NVE sine rettleiarar vil ein få dokumentert tilfredsstillande tryggleik. Metodikken for fare- og risikoklassifisering av ustabile fjellparti er utarbeidd av NGU i samarbeid med internasjonale fagmiljø (Noregs geologiske undersøking, 2012).
NVE vil halde fram med å utvikle rettleiarar for kartlegging og fareutgreiing av flaum og skred som er tilpassa brukarbehova. Framover vil dei i større grad lage digitale rettleiarar og integrasjon med kartverktøy.
Regjeringa vil vidareutvikle og samordne statlege rettleiarar og verktøy for kartlegging slik at dei blir meir oversiktlege og enklare å bruke. Etatssamarbeidet Naturfareforum skal bidra til samordninga.
5.7 Samordna kartlegging på tvers av sektorar
Arbeidet med kartlegging av flaum- og skredfare er fordelt på aktørane i tråd med ansvarsområda deira. NVE utfører aktsemdskartlegging og gir bistand til detaljert kartlegging i prioriterte område med eksisterande busetnad. Dei store infrastruktureigarane utfører kartlegging knytt til infrastrukturen sin. Enkelte kommunar kartlegg òg flaum- og skredfare i område med eksisterande busetnad. Aktørane samarbeider, men kartlegginga knytt til busetnad er ikkje koordinert med kartlegginga knytt til infrastruktur som veg og jernbane.
For å sikre effektiv ressursbruk er det viktig å samkøyre kartlegginga som NVE, infrastruktureigarar og kommunane får gjennomført. Samarbeid er allereie etablert på fleire arenaer. Regjeringa vil arbeide for at kartlegginga så langt det er formålstenleg, skal vere samordna mellom dei ulike sektorane. Det inkluderer samarbeid om utvikling av metodar, rettleiing og formidling av fare, mellom anna gjennom å utnytte etatssamarbeidet Naturfareforum betre.
5.8 Krav til kompetanse ved fareutgreiing
For å sikre god kvalitet på all kartlegging er det viktig med gode rettleiarar og riktig kompetanse hos dei som utfører kartlegginga. Det er krav om å dokumentere sikker byggegrunn i samband med utbygging i samsvar med plan- og bygningslova § 28-1. Nødvendige utgreiingar for å skaffe dokumentasjonen blir bestilte av kommunen eller private og blir utførte av konsulentar. Det kan vere stor variasjon i kompetansen hos dei utførande, og dermed blir det også variasjon i kvaliteten på utgreiingane. Gjerdrumutvalet (NOU 2022: 3) peikte på at det bør etablerast betre ordningar for å sikre personell med riktig kompetanse ved vurderingar av grunnforhold, noko som krev spisskompetanse innan geoteknikk og geologi.
Det har vore ulike syn på omfanget og innretninga av kvalifikasjonskrava i bygningsregelverket. Byggkvalitetsutvalet (2020) foreslo å fjerne dagens kvalifikasjonskrav og erstatte dei med lovregulerte yrke innanfor branntryggleik, konstruksjonstryggleik og geoteknikk.
Regjeringa er opptatt av å vurdere nøye kva kvalifikasjonskrav som skal gjelde framover, og vil vurdere kvalifikasjonskrava i plan- og bygningslova på område med særleg betydning for liv og helse, inkludert ved kartlegging av fare for skred og flaum. Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt Direktoratet for byggkvalitet i oppdrag å greie ut moglege endringar og forbetringar i kvalifikasjonskrava, også innanfor geoteknikk. Formålet med oppdraget er å sikre meir treffsikre og forståelege kvalifikasjonskrav og eit enklare system med krav på færre fagområde.
Fotnotar
Preaksepterte ytingar er angitt av Direktoratet for byggkvalitet. Dette er ytingar som vil oppfylle, eller bidra til å oppfylle, eitt eller fleire funksjonskrav i byggteknisk forskrift. Funksjonskravet her er krav til tryggleik mot flaum og skred.
Geovekst er eit samarbeid om etablering og vedlikehald av dei mest detaljerte kartdataa i Noreg.
Norge digitalt er eit samarbeid mellom verksemder som har ansvar for å skaffe stadfesta informasjon, og/eller som er store brukarar av slik informasjon.
InSAR Norge er ei kartteneste som bruker satellittbilete frå ein syntetisk apertur-radar (SAR) ved hjelp av ein teknikk kalla SAR Interferometri (InSAR).