Meld. St. 27 (2023–2024)

Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred

Til innhaldsliste

8 Overvaking og varsling

8.1 Kapittelsamandrag

Gjennom kunnskap om fareområde, god arealplanlegging og sikring av utsette område blir sannsynet for flaum- og skredskadar redusert. Det er likevel verken praktisk mogleg eller samfunnsøkonomisk forsvarleg å sikre fysisk overalt. Også der det blir sikra mot naturfare, vil det vere ein restrisiko. Derfor er overvaking og varsling viktig for å handtere hendingane når dei kjem.

Overvakings- og varslingstenestene for flaum og skred er kritiske samfunnsfunksjonar som er viktige for tryggleiken i samfunnet. Tenestene varslar publikum og beredskapsmyndigheitene i forkant av naturhendingar, slik at førebyggande eller skadereduserande tiltak kan setjast i verk. Overvaking og varsling er òg viktig for å påverke korleis folk handlar, til dømes å få dei til å legge skituren utanom område med fare for snøskred.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for dei nasjonale varslingstenestene for flaum, jordskred og snøskred, med i hovudsak regionale varsel. Overvakinga og varslinga av fare for fjellskred er lokal og knytt til enkelte ustabile fjellparti. Tenestene skal utviklast vidare for å møte behova til brukarane best mogleg. Varsling skaper større bevisstheit og kompetanse om flaum- og skredfare i samfunnet. Varsla skal presenterast og formidlast på ein brukarvennleg måte.

Meir presise varsel, som i større grad er risikobaserte, ved at dei tar omsyn til konsekvensane som kan oppstå, vil gi mottakarane betre grunnlag for å ta avgjerder knytte til flaum- og skredfare. Regjeringa vil legge til rette for at Noreg i større grad kan ta i bruk risikobasert varsling av naturfare.

Regjeringa vil

  • vidareutvikle dei nasjonale varslingstenestene for flaum og skred (kapittel 8.6)

  • legge til rette for at Noreg i større grad kan ta i bruk risikobasert varsling av naturfare (kapittel 8.4)

8.2 Ansvar for overvaking og varsling

NVE har ansvaret for fem nasjonale varslingstenester: flaumvarslinga, jordskredvarslinga, snøskredvarslinga, isvarslinga og fjellskredovervakinga. Etaten overvaker òg tørke gjennom dagleg overvaking av vassføring og grunnvatn. NVE samarbeider tett med Meteorologisk institutt (MET) og Statens vegvesen.

MET overvaker og varslar vêr. Dei sender ut farevarsel for vind, regn, lyn, snø, snøfokk, høg vasstand langs kysten og i fjordane, is (på veg/infrastruktur), polare lågtrykk og ising på skip og dessutan kuling- og stormvarsel for kysten og dei nære fiskebankane.

I samråd med NVE sender MET ut varsel om styrtregn som kan føre til overvatn og lokal flaum. Dei to etatane bruker samsvarande fargekodar (gul, oransje og raud) som viser kva grad av aktsemd beredskapsmyndigheitene og publikum bør ha. Ved raudt nivå sender MET ut eit ekstremvêrvarsel som får eit eige namn. Eit slikt varsel kan vere for høg vasstand langs kysten og i fjordane eller for vind, regn eller snø.

Alle farevarsla frå MET og NVE blir presenterte på varsom.no. Det er òg mogleg å abonnere på varsla på SMS og e-post. Abonnementsløysinga har over 18 000 unike brukarar.Bortsett frå snøskredvarsel på gult nivå blir farevarsla òg presenterte på yr.no. Yr har fleire millionar brukarar over heile verda og når nesten heile den norske befolkninga. Beredskapsaktørar har tilgang til METs vêrportal Halo.

NVE samarbeider tett med vassdragsregulantane i flaumsituasjonar, jf. kapittel 10. Regulantane overvaker situasjonen i regulerte elvar og magasin og har modellar som viser korleis vassdraga er forventa å reagere under store flaumar. Dei skal informere og dele data og prognosar med NVE når det er fare for skadeflaum.

Statsforvaltaren er varslingsformidlar, bistandsytar og samordnar, og fungerer som eit bindeledd mellom sentrale og lokale myndigheiter når det er behov for samvirke.

Kommunane skal vurdere behovet for befolkningsvarsling i samband med heilskapleg ROS og lage ein plan for varslinga som del av den overordna beredskapsplanen, jf. kapittel 9. Ein del kommunar har etablert system for befolkningsvarsling via SMS. Befolkninga i utsette område kan òg bli varsla gjennom den nasjonale løysinga for å varsle om akutte og alvorlege hendingar på mobiltelefon, jf. boks 9.3. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varslast, og det er også dei som sender ut varselet. Slik varsling vart nytta under ekstremvêret Hans i august 2023.

8.3 Nasjonale varslingstenester

8.3.1 Regional varsling av flaum-, jordskred- og snøskredfare

NVE har utarbeidd landsdekkande vassføringsprognosar og flaumvarsel på regionalt nivå sidan 1989. Varslingstenestene for snøskred og jordskred starta i 2013 og blir utvikla og drifta av NVE i samarbeid med Statens vegvesen og MET. Nettstaden varsom.no har vore hovudkanalen for formidling av flaum- og skredvarsel sidan 2013. Sjå nærmare omtale i boks 8.2. Det blir gjort daglege vurderingar av farenivå som gjeld for inneverande dag og dei to neste dagane.

Flaumvarselet gir ei regional oversikt over område og vassdrag med fare for flaum basert på dei hydrologiske og meteorologiske tilhøva. NVE varslar òg om flaumfare når det er venta at vassføringa i eit vassdrag eller vasstanden i ein innsjø vil overstige eit visst nivå. Eit varsel om jordskredfare varslar om regional fare for jordskred, sørpeskred og/eller flaumskred. Dei ulike varslingsnivåa er forklarte i boks 8.1.

Flaumvarslinga og jordskredvarslinga er operative kvar dag heile året. Tenestene dekker heile Fastlands-Noreg.

Snøskredvarslinga publiserer varsel kvar dag i sesongen for 24 regionar som dekker delar av fastlandet og Svalbard. Varsla er retta mot beredskaps- og transportmyndigheitene og dei som ferdast i, eller treng å unngå, snøskredterreng. Snøskredvarslinga har hovudsesong frå 1. desember til 31. mai med skuldersesong frå 20. oktober til 20. juni. I skuldersesongen og utanfor dei 24 faste regionane blir det berre publisert varsel dersom det er venta stor snøskredfare.

Snøskredvarslinga har om lag 100 observatørar som leverer observasjonar i dei 24 varslingsregionane 2–3 gonger i veka. NVE har utvikla Regobs, som er eit registreringsverktøy for observasjonar, fareteikn og hendingar til bruk i varsling og beredskapsarbeid. Verktøyet legg opp til at alle kan bidra med data. Regobs blir brukt til å sende inn og dele data frå felten og er samkøyrt med data frå Statens vegvesen.

Figur 8.1 Frå NVE sitt varslingsrom.

Figur 8.1 Frå NVE sitt varslingsrom.

Foto: NVE

Boks 8.1 Varslingsnivå

Flaum- og jordskredvarslinga er basert på ein varslingsskala med fire nivå – grønt, gult, oransje og raudt. Varslingsnivået seier noko om kva grad av varsemd eller merksemd dei som får varselet, bør ha, og kva tiltak dei kan setje inn for å førebygge skadar. NVE bruker gjentaksintervallet for den berekna vassføringa til å bestemme varslingsnivået. Gult nivå gjeld vassføring mellom middelflaum (2–3 års gjentaksintervall) og 5-årsflaum, oransje nivå gjeld vassføring mellom 5- og 50-årsflaum, og raudt nivå gjeld vassføring over 50-årsflaum.1 Til ei viss grad tar NVE òg omsyn til skadeomfanget ved tidlegare hendingar når dei fastset varslingsnivået.

Snøskredfaren blir varsla etter den europeiske snøskredfareskalaen. Skalaen har fem trinn, frå 1 (liten fare) til 5 («meget» stor fare). Faregrada blir sett basert på ei vurdering av sannsynet for skred og mogleg skredstorleik i ein varslingsregion.

Faregrad 2 (moderat fare) blir rekna for å vere normaltilstanden for snøskred og blir varsla i omkring halvparten av varslingssesongen. Ved nivå 2 er faren for infrastruktur avgrensa, men skred kan bli utløyste ved ferdsel i skredterreng. Faregrad 4 (stor) og 5 («meget» stor) inneber fare for infrastruktur og blir varsla landsdekkande.

1 Eit nivå med eit årleg sannsyn på 1/50 blir kalla ein 50-årsflaum fordi det i gjennomsnitt over ein svært lang periode vil gå 50 år mellom flaumar på dette nivået.

8.3.2 Nettet av målestasjonar

Sanntidsdata frå målestasjonar for vasstand, vassføring og grunnvatn i heile landet er ein viktig føresetnad for flaum- og jordskredvarslinga. Eit døme på ein hydrologisk målestasjon er vist i figur 8.2. Flaumvarslinga bruker data frå om lag 500 målestasjonar. NVE eig og driftar om lag 180 av desse, medan dei resterande 320 har andre eigarar. Dei fleste av desse stasjonane er pålagde vasskraftregulantane gjennom hydrologiske pålegg med krav om innsending av data til NVE. Halvparten av stasjonane som er eigde av vasskraftregulantar, blir i dag drifta av NVE. Dataa er derfor lett tilgjengelege for NVE. For andre stasjonar er NVE avhengig av at regulantane regelmessig sender inn data. For å kunne oppretthalde ei god flaumvarsling treng NVE data i sanntid frå målestasjonane.

NVE sitt stasjonsnett er omfattande, men dekker likevel berre ein liten del av elvane og innsjøane i Noreg. Dei fleste målestasjonane vart etablerte i samband med kraftutbygging og er ikkje alltid relevante og tilfredsstillande for å overvake flaumfare. NVE planlegg òg nye målestasjonar, spesielt i små nedbørfelt og i urbane område.

Instrumenteringa i store delar av stasjonsnettet NVE eig og driftar, har nådd teknisk levealder. NVE har starta oppgraderinga til ny og moderne instrumentering. Den nye instrumenteringa har løysingar som gjer utstyret meir driftssikkert.

Sanntidsdata frå målestasjonar for temperatur, nedbør og vind er viktige også for skredvarsling. I tillegg til det eksisterande stasjonsnettet som MET, Statens vegvesen og NVE har for å måle desse parametrane, har MET, i samarbeid med NVE og Statens vegvesen, etablert meir enn 80 nye meteorologiske målestasjonar sidan skredvarslinga starta i 2013. Formålet er å gjere skredvarslinga betre, men dei nye stasjonane styrker òg det generelle kunnskapsgrunnlaget. NVE har òg tatt i bruk satellittdata for operativ bruk i flaum- og skredvarslinga, sjå nærmare omtale i kapittel 5.

Figur 8.2 Hydrologisk målestasjon i Nessedalselv i Høyanger kommune.

Figur 8.2 Hydrologisk målestasjon i Nessedalselv i Høyanger kommune.

Foto: NVE

8.3.3 Modellar – eit viktig grunnlag for farevarslinga

Modellar utgjer ein stor del av grunnlaget for å vurdere farane for flaum og skred. Modellar som beskriv utviklinga av atmosfæren, og dermed vêret, saman med meteorologiske og hydrologiske observasjonar blir brukte som inngangsdata til hydrologiske modellar. Dei hydrologiske modellane simulerer dei fysiske prosessane frå nedbør som fell, snø som smeltar, vatn som trenger inn i jorda eller fordampar, grunnvassmagasin som blir fylte med vatn, og vatn som renn ut i bekker, elvar og innsjøar. Modellar er òg viktige for snøskred- og isvarslinga. Nokre av modellane gir informasjon i form av kart over snø-, vêr- og vassforhold for kvar kvadratkilometer i Noreg frå 1957 til 9 dagar fram i tid.

Boks 8.2 Varsom-systema

Nettportalen varsom.no har vore NVE sin hovudkanal for formidling av flaum- og skredvarsel sidan 2013. Tenesta blir levert av NVE i samarbeid med Meteorologisk institutt (MET) og Statens vegvesen. MET og NVE samordnar farevarsla når det gjeld form, innhald og kommunikasjon. Det blir brukt internasjonale standardar for farevarsling.

Varsom omfattar både sjølve varslingstenestene og fagkunnskapen og systema som ligg til grunn for å overvake og varsle naturfare. Målet med Varsom er å hindre tap av liv og verdiar i samband med snøskred, flaum, jordskred, fjellskred og isforhold i Noreg.

Varsom-systema består av desse komponentane:

  • Varsom.no presenterer varsla. I tillegg inneheld portalen bakgrunnsinformasjon, ulykkesinformasjon og opplæringsmateriell. På varsom.no kan ein abonnere på landbaserte naturfarevarsel frå NVE og MET straks dei er publiserte.

  • Varsom-appen har samla det viktigaste frå Varsom-systema så ein kan ha det i lomma på tur eller i beredskap. Her kan ein sjå og dele observasjonar på telefonen, sjå aktuelle farekart eller lese varsel frå varsom.no og yr.no.

  • Regobs.no er eit system for å lese, lagre og dele data om no-situasjonen når det gjeld snøskred, flaum, jordskred og isforhold. Regobs finst òg på Varsom-appen.

  • seNorge.no er ein portal med grid-data om snø, vatn, vêr og klima som dekker heile Noreg. Dataa går frå 1957 til 9 dagar fram i tid.

  • Xgeo.no er ekspertverktøyet for varslarar og beredskap, og blir brukt til å vurdere flaum- og skredfare.

  • Iskart.no er ein portal med data for å vurdere isforholda i vassdraga.

  • Naturhendelser.varsom.no er ein portal som viser rapportar som dokumenterer alvorlege flaum- og skredhendingar i form av kart, tekst, bilete og video.

  • Api.nve.no er eit maskinlesbart grensesnitt med eit utval data frå NVE, inkludert varslingsdata og hydrologiske data.

8.3.4 Formidling av varsla

Varsel om flaum- og skredfare blir publiserte på naturfaretenesta varsom.no, jf. boks 8.2, på yr.no og på fleire vêrtenester nasjonalt og internasjonalt.

Alle kan abonnere gratis på flaum- og skredvarsel frå NVE og ekstremvêrvarsel frå MET på e-post eller SMS. Kommunar og beredskapsaktørar blir oppfordra til å abonnere på varsom.no, slik at dei får e-post eller SMS straks varsla er publiserte.

Varsel av ein alvorleg eller ekstrem situasjon når det gjeld flaum- og jordskred (oransje og raudt farenivå), og varsel om stor eller «meget» stor fare for snøskred (raudt og svart farenivå) blir i tillegg sende frå NVE til aktuelle statsforvaltarar, vegtrafikksentralar og MET. Media er også ein viktig formidlingskanal.

I beredskapssituasjonar bør dei ulike aktørane analysere kvar skredfaren vil ha størst konsekvensar. Statens vegvesen bruker til dømes varsel for å vurdere beredskapsnivå, og entreprenørane set beredskapsnivå for drift av vegane dei har ansvaret for.

Figur 8.3 er eit skjermbilete frå varsom.no. Det viser ei liste over naturfarane som blir varsla på varsom.no, og eit konkret varsel for dei 24 varslingsregionane for snøskred.

Figur 8.3 Døme på varsel for snøskredfare på varsom.no

Figur 8.3 Døme på varsel for snøskredfare på varsom.no

Kjelde: Skjermdump frå varsom.no

8.4 Regional, lokal og risikobasert varsling

Dei nasjonale varslingstenestene i regi av NVE er i hovudsak av regional karakter. Det er opp til lokale aktørar å vurdere overvaking og varsling av bestemte dalsider og skredbanar. På same vis er det i utgangspunktet opp til lokale aktørar å vurdere overvaking og varsling av flaumfare på bestemte elvestrekningar som kan bli råka av flaum. Slike tenester blir omtalte som lokal varsling. For snøskred blir tilsvarande varsling omtalt som stadspesifikk varsling. Denne varslinga spenner frå svært spesifikk (til dømes automatisk stenging av veg ved deteksjon av snøskred i ein definert skredbane) til mindre spesifikk (til dømes fare for skred mot definerte bustadområde).

NVE har nokre stader laga kravspesifikasjonar for og delfinansiert eller utført stadspesifikk varsling medan ein ventar på sikringstiltak. Dette gjeld mellom anna for snøskred i Honningsvåg, Longyearbyen, Mosjøen og Tromsø. Kommunar og andre aktørar kan ha eigne avtaler med private aktørar om lokal varsling eller aktiv skredkontroll enkelte stadar. Der det finst både lokal og regional varsling, er det viktig med god samordning for å unngå sprikande varsel for same område.

For å auke nytteverdien av varsla for brukarane jobbar NVE med pilotprosjekt for å vurdere korleis ein kan varsle meir risikobasert. Risikobasert eller konsekvensbasert varsling inneber at konsekvensane er utgangspunktet for varslingsnivåa. I prosjekta FlomRisk og SnøRisk testar NVE korleis ein kan etablere risikobaserte varsel (sjå nærmare omtale i boks 8.3). Det kan vere behov for å utvikle ei rettleiing for etablering av risikobasert varsling som kan brukast av kommunar og konsulentar. Regjeringa vil legge til rette for at Noreg i større grad kan ta i bruk risikobasert varsling av naturfare.

Flaumvarsling

NVE kan varsle at det vil bli flaum i éi eller fleire elvar i ein region i løpet av ein bestemt periode. Eit slikt regionalt varsel er relativt grovt. Under ekstremvêret Hans var varselet i forkant av hendinga regionalt, men det vart stadig meir lokalt utover i hendinga ved at NVE varsla vasstandar både i Drammenselva ved Mjøndalen og i dei store innsjøane. Det opplevde beredskapsaktørane som svært nyttig. Det gav dei mellom anna eit betre grunnlag for å vurdere evakuering.

Varslingsnivåa for flaumfare er baserte på gjentaksintervalla for ein flaum av ein bestemt storleik. Til ei viss grad er gjentaksintervalla kopla til konsekvens, for jo meir sannsynleg det er med ein større flaum, jo meir sannsynleg er det at han får store konsekvensar. Likevel kan det vere svært store flaumar i små vassdrag som ikkje forårsakar skade, medan moderate flaumar kan forårsake stor skade om det er mykje busetnad og infrastruktur som ligg flaumutsett.

Framover kan det vere aktuelt at NVE startar med risikobasert varsling for enkelte elvestrekningar der konsekvensane er størst, avhengig av resultata frå pilotprosjektet FlomRisk. Det vil uansett ikkje vere aktuelt at NVE utfører risikobasert varsling i alle vassdrag i heile landet.

Snøskredvarsling

Den nasjonale snøskredvarslinga varslar regional faregrad for 24 timar om gongen. Varslinga presiserer årsakene til skredfaren med å beskrive dei aktuelle skredproblema. På varsom.no blir det også gitt råd om korleis ein kan handtere risiko ved ferdsel, og det står kva konsekvensar varselet kan ha for veg, jernbane og busetnad og dermed for beredskapen.

NVE er medlem av European Avalanche Warning Services (EAWS) og varslar etter europeisk standard. Varslingsnivåa er bestemte ut frå høgaste faregrad i varslingsperioden og for eit område større enn 100 kvadratkilometer. Til ei viss grad er faregrada kopla til konsekvens, for jo meir sannsynleg det er med eit større skred, jo meir sannsynleg er det at konsekvensane blir store. Likevel kan det gå svært store skred til dømes i fjellområde utan at det får konsekvensar for busetnad eller infrastruktur. Eit risikobasert varsel tar betre omsyn til både sannsynet for og konsekvensane av eit snøskred.

Boks 8.3 Utvikling av risikobasert varsling for flaum og snøskred

FlomRisk: NVE testar ut korleis risikobasert varsling av flaum kan utformast. Målet er at kommunane og andre aktørar får eit betre grunnlag for avgjerder i flaumsituasjonar der ein kan gå ut frå at ein flaum vil ha konsekvensar. Drammen, Modum, Voss, Bergen og Beiarn er pilotkommunar, og representerer kommunar med ulik flaumproblematikk. NVE utfører prosjektet i samarbeid med kommunane, MET, Statens vegvesen og Bane NOR.

SnøRisk: NVE testar ut risikobasert snøskredvarsling. Gjennom SnøRisk skal dei utvikle kart og verktøy som viser kva risiko snøskred har for bygningar og ferdsel i terreng, for å gi brukarane eit betre grunnlag for avgjerder i og nær skredterreng. NVE skal òg teste å varsle snøskredfare for mindre og meir dynamiske regionar enn i dag. Snømodellane skal forbetrast slik at dei tar omsyn til fordelinga av snø i terrenget. Vidare skal det utviklast maskinlæringsmodellar for å redusere tida det tar å lage varsel, og for å gjere varslinga meir føreseieleg.

8.5 Overvaking av ustabile fjellparti og varsling av fjellskred

Store fjellskred er sjeldne, men faresonene og skadane kan vere store, særleg om slike skred går ut i fjordar eller innsjøar og lagar flodbølger. Grunnlaget for fjellskredberedskapen er at eit skred utviklar seg gjennom langvarige, sakte rørsler i fjellet som aukar fram mot eit skred. Med bakgrunn i dette har beredskapen mot fjellskred dei siste 15 åra vore basert på overvaking, tidleg varsling og evakuering.

I 2005 starta kontinuerleg sanntidsovervaking av fem ustabile fjellparti som kan utvikle fjellskred – tre i Møre og Romsdal og to i Troms. Overvakinga var i starten drifta av to interkommunale selskap. I 2015 overtok NVE overvakinga, og er i dag ansvarleg for å varsle beredskapsaktørar, i hovudsak politi, kommune og statsforvaltar.

Varslinga av farenivå skjer på bakgrunn av rørslemålingar i fjellpartia. Dette er ei stadspesifikk overvaking og varsling. Fare- og evakueringssoner er kartlagde i forkant, og det finst eigne lokale planar for handtering av varsel om auka farenivå for kvart av dei ustabile fjellpartia.

Figur 8.4 Måling av rørsler på ustabilt fjellparti, Jettan, i Kåfjord kommune.

Figur 8.4 Måling av rørsler på ustabilt fjellparti, Jettan, i Kåfjord kommune.

Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen

Kommunane har ansvaret for å varsle befolkninga, medan politiet har ansvaret for å gjennomføre evakuering. Statsforvaltarane har ei koordinerande rolle i beredskapen. Ansvarsforholda er omtalte i Nasjonal beredskapsplan for fjellskred (NVE, 2015). Fjellskredvarslinga er døgnkontinuerleg. Statusrapportar og varsel om endra farenivå blir publiserte på varsom.no. Når farenivået er grønt, blir det publisert ein vekerapport om alle fjellpartia, medan det ved gult, oransje eller raudt farenivå blir publisert daglege rapportar for dei aktuelle fjellpartia.

Den kontinuerlege overvakinga av ustabile fjellparti omfattar i dag ti fjellparti, jf. figur 8.5. Alle desse fjellpartia har høg fare og risiko. Å måle rørsler er det viktigaste i overvakinga, og til dette nyttar ein fleire metodar, slik som GPS, lasersystem, radar, strekkstag og borehôlsinstrument.

Figur 8.5 Ustabile fjellparti med kontinuerleg overvaking.

Figur 8.5 Ustabile fjellparti med kontinuerleg overvaking.

Kjelde: NVE

I 2016–17 vart det etablert ei periodisk overvaking av ustabile fjellparti i Noreg der satellittbaserte radararar måler rørslene til reflektorar som er plasserte på dei ustabile fjellpartia. Målingane skjer minst ein gong i veka. Dei periodisk overvaka fjellpartia har lågare risiko enn dei kontinuerleg overvaka fjellpartia, og vil bruke lengre tid på å utvikle skred. Kostnadane for denne overvakinga er vesentleg lågare enn for den kontinuerlege overvakinga. Det gjeld både etablerings- og driftskostnadene. Per i dag er 21 fjellparti periodisk overvaka. Det blir brukt radarmålingar frå satellittar i overvakinga (InSAR), jf. kapittel 5.5.5.

Ein jobbar enno med å kartlegge ustabile fjellparti, sjå nærmare omtale i kapittel 5. Resultatet av kartlegginga vil vise kor stort behov det er for kontinuerleg og periodisk overvaking av fleire fjellparti.

8.6 Utvikling av varslingstenestene

Overvakings- og varslingstenester skal gi reduserte skadeverknader ved at beredskapsaktørane og publikum kan setje inn tiltak før og under hendingar. Tenestene skal skape større bevisstheit og kompetanse om flaum- og skredfare i samfunnet. Varsla skal presenterast og formidlast på ein brukarvennleg måte.

Klimaendringane vil gi meir nedbør og meir styrtregn. Det gjer at vi kan forvente fleire og større regnflaumar og større sannsyn for skred i samband med dette. Varsling blir dermed stadig viktigare. Å varsle styrtregn er utfordrande fordi det kan gå svært raskt frå regnet startar, til vi får store flaumar og skred. Dette stiller nye krav til samspelet mellom varsling, beredskap og førebygging. Kommunikasjon og formidling av varsel blir meir krevjande når varsla er usikre og varslingstida kort. Etatane som har ansvaret for varsling, bør derfor styrke innsatsen når det gjeld kommunikasjon og formidling.

Blant dei største utfordringane for varslingstenestene framover er kapasitet, datatilgang, sårbarheit i drift og vidareutvikling av IT-system. I samarbeid med Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og andre aktørar skal NVE vidareutvikle og drive varsling av flaum, jordskred og snøskred på regionalt nivå.

Meir presise og risikobaserte naturfarevarsel vil gi kommunar og andre beredskapsaktørar eit betre grunnlag for å ta avgjerder som kan redusere skadeomfanget ved flaum- og skredhendingar. Regjeringa vil legge til rette for at Noreg i større grad kan ta i bruk risikobasert varsling av naturfare.

Det er viktig at alle varslingstenestene, både regionalt og lokalt, er godt samordna. Med det vil kommunane og andre aktørar få eit samla og godt grunnlag for å drive førebyggande arbeid.

Til forsida