Meld. St. 27 (2023–2024)

Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred

Til innhaldsliste

4 Lovverk, ansvar og sentrale aktørar

4.1 Kapittelsamandrag

Ei rekke aktivitetar i arbeidet med flaum og skred er regulerte i lov, slik som kartlegging av risiko, kommunal arealplanlegging, iverksetjing av sikringstiltak og beredskap under ei hending. Vidare er ansvaret for handtering av flaum og skred fordelt mellom private aktørar, kommunen, fylkeskommunen og staten. Alle sektorar, frå samferdsels- til kommunalsektoren, har ansvar for å følge opp sitt regelverk og sine oppgåver knytte til flaum og skred.

Med mange aktørar og eit omfattande regelverk er det særleg viktig at forvaltninga er samkøyrd og samarbeider godt. Det kan vere utfordrande for kommunane og andre aktørar med ei lang rekke rettleiarar frå ulike statlege etatar. Regjeringa vil styrke den statlege samordninga, mellom anna slik at rettleiinga blir enklare og meir oversiktleg. Regjeringa vil vidare at etatssamarbeidet Naturfareforum skal bidra til samordning. Denne meldinga presenterer fleire tiltak for å styrke koordineringa mellom sektorane. Regjeringa vil òg vurdere statleg bistand med å handtere enkelte andre naturfarar enn flaum og skred.

Regjeringa vil

  • vurdere korleis nasjonale myndigheiter sitt arbeid med å handtere havnivåstiging, stormflod og bølgjeoppskylling kan bli betre (kapittel 4.6)

  • at etatssamarbeidet Naturfareforum skal bidra til samordning, mellom anna ved utvikling av enkel og oversiktleg rettleiing retta mot kommunane (kapittel 4.7)

4.2 Juridiske rammer

Sentrale lover som regulerer forhold innanfor flaum og skred, er plan- og bygningslova (lov av 27. juni 2008 nr. 71), vassressurslova (lov av 24. november 2000 nr. 82), vassdragsreguleringslova (lov av 14. desember 1917 nr. 17), sivilbeskyttelseslova (lov av 25. juni 2010 nr. 45), naturskadelova (lov av 25. mars 1994 nr. 7), naturskadeforsikringslova (lov av 16. juni 1989 nr. 70), naturskadeerstatningslova (lov av 15. august 2014 nr. 59), naturmangfaldlova (lov av 19. juni 2009 nr. 100), skogbrukslova (lov av 27. mai 2006 nr. 31), jernbanelova (lov av 11. juni 1993 nr. 100), veglova (lov av 21. juni 1963), forureiningslova (lov 13. mars 1981 nr. 6) og kulturminnelova (lov av 9. juni 1978 nr. 50).

Plan- og bygningslova

Plan- og bygningslova er det sentrale verktøyet for å sikre at areal blir brukte på ein effektiv og rasjonell måte. Planlegging etter lova skal fremme samfunnstryggleik ved å førebygge risiko for tap av liv og skade på helse, miljø, viktig infrastruktur, materielle verdiar osv. Samfunnstryggleik skal vere eit gjennomgåande tema frå overordna planar til byggesaker. Byggteknisk forskrift (TEK17), som er heimla i plan- og bygningslova, fastset konkrete krav til tryggleik mot flaum og skred. Det er kommunen som er lokal planmyndigheit, og som har ansvaret for å oppfylle desse krava. Lova er forvalta av Kommunal- og distriktsdepartementet.

God arealplanlegging er avgjerande for å førebygge og redusere risikoen knytt til flaum, skred og andre naturfarar. Etter plan- og bygningslova kan det berre byggast nytt på eit areal der det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følge av natur- eller miljøforhold.

Vassressurslova og vassdragsreguleringslova

Vassressurslova skal sikre forsvarleg bruk og forvaltning av vassdrag og grunnvatn for samfunnet. Lova stiller krav om konsesjon for vassdragstiltak som kan vere til nemneverdig skade eller ulempe for allmenne interesser. Sikringstiltak for å redusere flaumskadar er eit døme på vassdragstiltak som i visse tilfelle krev konsesjon etter vassressurslova. Vern av vassdrag er også heimla i vassressurslova jf. figur 4.1. Forskrifter som er knytte til vassressurslova, stiller mellom anna krav til beredskap, kompetanse, miljøtilstanden i vassdrag og tryggleik for dammar og andre vassdragsanlegg. Større vasskraftverk, reguleringar og overføringar treng konsesjon etter vassdragsreguleringslova.

Figur 4.1 Æneselva i Kvinnherad kommune i Vestland er eit døme på eit verna vassdrag.

Figur 4.1 Æneselva i Kvinnherad kommune i Vestland er eit døme på eit verna vassdrag.

Foto: Sveinung Klyve

Begge lovene er forvalta av Energidepartementet. I ein konsesjon gitt etter vassdragsreguleringslova eller vassressurslova kan det setjast vilkår for å motverke skadar eller ulemper for allmenne eller private interesser. Alle vasskraftanlegg må bidra til å redusere skadane i flaumsituasjonar.

Sivilbeskyttelseslova

Sivilbeskyttelseslova har til formål å verne liv, helse, miljø, materielle verdiar og kritisk infrastruktur. For å ivareta formålet er det gitt føresegner om plikter og tiltak for Sivilforsvaret, kommunane, verksemder og enkeltpersonar. Lova er forvalta av Justis- og beredskapsdepartementet.

Lova pålegg kommunane ei generell beredskapsplikt, inkludert ei plikt til å kartlegge kva for uønskte hendingar som kan oppstå i kommunen, vurdere sjansane for at desse hendingane skjer, og korleis dei i så fall kan påverke kommunen. Resultatet av dette arbeidet skal vurderast og samanstillast i ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).

Basert på den heilskaplege ROS-analysen skal kommunen utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og planar for å følge opp samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i kommunen. Kommunen skal òg utarbeide ein overordna beredskapsplan som skal innehalde ein plan for kriseleiing, varslingslister, ressursoversikter, evakueringsplanar og ein plan for krisekommunikasjon.

Naturskadelova

Lova regulerer sikring mot naturfarar. Tidlegare hadde lova ei føresegn om statleg erstatningsordning, men denne er overført til naturskadeerstatningslova. Dei resterande føresegnene regulerer kommunane sitt ansvar for sikring mot naturfarar, refusjonsreglar for sikringstiltak, ekspropriasjon og bygge- og deleforbod. Lova er forvalta av Energidepartementet.

Naturskadeforsikringslova

Naturskadeforsikringslova regulerer den private forsikringsordninga mot naturskade. Bygningar og lausøyre som er forsikra mot brannskade, er også forsikra mot naturskade, dersom skaden ikkje blir dekt av anna forsikring. Naturskade er i lova definert som ein skade som er ei direkte følge av naturulykke i form av skred, storm, flaum, stormflod, flodbølge, meteorittnedslag, jordskjelv eller vulkanutbrot. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for lova.

Forsikringsselskapa er medlemmer av ein felles skadepool, Norsk Naturskadepool. Naturskadeforsikringsordninga bygger på eit solidaritetsprinsipp, ved at alle har tilgang til forsikring på like vilkår, uansett individuell risiko for naturskade. Naturskadeerstatninga omfattar i utgangspunktet ikkje utgifter til førebygging.

Naturskadeerstatningslova

Naturskadeerstatningslova regulerer den statlege erstatningsordninga for naturskade på fast gods i privat eige som ikkje kan forsikrast. Skade på jordbruksareal, skogbruksareal, bruer og kaiar er døme på kva som blir dekt av ordninga.

Den statlege naturskadeordninga dekker kostnadar ved å rette opp det som er skadd etter ei naturhending, men ikkje sikring mot nye skadar eller forbetring av standard. Lova er forvalta av Landbruks- og matdepartementet. Erstatningsordninga er forvalta av Landbruksdirektoratet.

Naturmangfaldlova

Naturmangfaldlova har som formål at naturen med sitt biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfald og dei økologiske prosessane blir tatt vare på gjennom berekraftig bruk og vern. Lova skal samtidig sikre grunnlag for menneskeleg verksemd, kultur, helse og trivsel, no og i framtida, også som grunnlag for samisk kultur.

Naturmangfaldlova er ei sektorovergripande lov, og hovudprinsippa gjeld for løyve som blir gitt etter anna lovverk. Lova får derfor verknad for tiltak knytte til flaum og skred og andre naturfarar. Det er mellom anna krav til kunnskapsgrunnlag, bruk av føre-var-prinsipp, bruk av miljøforsvarlege tiltaksmetodar og vurdering av økosystemtenester og samla belasting frå tiltak. Lova er forvalta av Klima- og miljødepartementet.

Skogbrukslova og andre landbrukslover

Skogbrukslova har til formål å fremme ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Lova regulerer skogbrukstiltak, men også vernskog. Slik skog tener som vern for annan skog eller gir vern mot naturskadar, og er nærmare omtalt i kapittel 7 om sikring.

Andre jordbruks- og skogbrukstiltak som kan ha verknad på og bli påverka av naturfarar, er regulerte i til dømes jordlova, forskrift om landbruksvegar, forskrift om nydyrking og forureiningsforskrifta (planeringstiltak). Med unntak av den sistnemnde forskrifta er desse lovene og forskriftene forvalta av Landbruks- og matdepartementet.

Veglova og jernbanelova

Veglova skal trygge planlegginga, bygginga, vedlikehaldet og drifta av offentlege og private vegar, slik at trafikken kan gå på eit vis som trafikantane og samfunnet til ei kvar tid kan vere tente med. Jernbanelova gjeld all aktivitet knytt til jernbane. Samferdselsetatane har eigne tekniske regelverk, som vegnormalane og Bane NOR sitt tekniske regelverk. Dei er viktige styringsverktøy og regulerer krav knytte til flaum og skred. Lovene er forvalta av Samferdselsdepartementet.

Forureiningslova

Forureiningslova har mellom anna til formål å verne det ytre miljøet mot forureining og å redusere eksisterande forureining. Etter lova er det forbode å ha, gjere eller setje i verk noko som kan medføre fare for forureining, utan løyve til det eller utan at det på annan måte er lovleg. Lova er forvalta av Klima- og miljødepartementet.

Ved naturfarehendingar som flaum og skred vil ikkje grunneigar eller eigar av eigedelar vere ansvarleg for forureining som er naturleg utløyst av hendinga, til dømes eit skred som tar med seg jorda ut i eit vassdrag. Eigaren kan derimot bli ansvarleg for forureining som eigne tiltak eller manglande tiltak fører til, slik som terrenginngrep eller manglande vedlikehald. I slike tilfelle pliktar den ansvarlege å redusere forureininga.

Kulturminnelova

Kulturminnelova har som formål å verne kulturminne og kulturmiljø. Fylkeskommunen er regional kulturmiljømyndigheit og har førstelinjeansvar for å følge opp dei fleste freda kulturminne og kulturmiljø. Tiltak knytte til flaum og skred, slik som sikringstiltak, må oppfylle krava etter lova, til dømes forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne. Lova er forvalta av Klima- og miljødepartementet. Kulturmiljølovutvalet arbeider med forslag til ei ny lov som skal gi ein betre reiskap til å ta vare på kulturmiljøet og vere tilpassa samfunnsutviklinga.

4.3 Aktørar og ansvar på lokalt nivå

4.3.1 Enkeltindividet og eigaransvaret

Kvar enkelt innbyggar har eit ansvar for sin eigen tryggleik. Dette prinsippet gjeld på dei fleste område, frå bruk av eigen eigedom til friluftsliv, ferdsel eller annan aktivitet der ein kan vere utsett for fare frå flaum eller skred.

Grunneigarar og eigarar har i utgangspunktet ansvar for å ta vare på sin eigedom og sine eigedelar. Det inneber til dømes at ein grunneigar sjølv må vurdere om det er behov for sikringstiltak. Vidare, dersom ein eigedom får skade frå flaum eller skred, må grunneigaren i utgangspunktet betale for skadane sjølv. Kostnadene til reparasjon av skadar som har oppstått, kan i dei fleste tilfelle dekkast av anten private forsikringsordningar eller den statlege naturskadeordninga med ein viss eigendel.

Etter omstenda kan ein grunneigar eller rettshavar sine handlingar eller unnlatingar føre til erstatningsansvar for skadar på tredjepart, til dømes ved manglande sikring. Det rettslege grunnlaget for eit eventuelt erstatningsansvar kan mellom anna vere grannelova eller alminnelege erstatningsrettslege reglar.

Denne meldinga tar utgangspunkt i gjeldande rett. Det blir ikkje foreslått endringar i ansvaret som grunneigarar og eigarar har. Det kan finnast unntak frå grunneigaransvaret der det ligg føre eit særskilt rettsleg grunnlag, slik som ved ein avtale mellom partar. For å få støtte frå NVE til eit sikringstiltak, er det til dømes vanleg å setje som vilkår at kommunen skal vedlikehalde tiltaket, uavhengig av eigarforholda.

4.3.2 Kommunen

Kommunane har eit grunnleggande ansvar for å trygge befolkninga innanfor sitt geografiske område, og har også ansvar for beredskap og krisehandtering. Dette er regulert i forskrift om kommunal beredskapsplikt, jf. sivilbeskyttelseslova. Farar som truar tryggleiken for befolkninga, kan inkludere flaum og skred.

Som lokal planmyndigheit etter plan- og bygningslova har kommunen ansvaret for å utvikle og bestemme arealbruken. Kvar kommune sikrar kvalitet og moglegheiter for bygging og vern ut frå dei lokale forholda. Dette inkluderer å sikre at krava til tryggleik mot flaum og skred blir oppfylte. Flaum og skred skal takast omsyn til i kommuneplanar, reguleringsplanar og i kvar enkelt byggesak.

På lik linje med andre eigarar har kommunen som eigar av grunn og infrastruktur ansvar for sine eigedelar, til dømes kommunale vegar, vass- og avløpsnett og kommunalt eigde bygningar. Kommunen har også ei nøkkelrolle når det gjeld å sikre eksisterande busetnad, og deltar med førebuing, koordinering, dels gjennomføring og tilsyn med sikringsanlegg, jf. kapittel 7.6.2.

4.4 Aktørar og ansvar på regionalt nivå

Fylkeskommunen

Fylkeskommunen er regional planmyndigheit og har ansvaret for å utarbeide og vedta regional planstrategi og regionale planar. Regionale planar kan gjelde for arealbruk eller bestemte tema for heile eller delar av fylket. Fylkeskommunen har òg ansvar for kulturmiljø og for fylkeskommunal infrastruktur slik som vegar og bruer. Dei fylkeskommunale pliktene i samband med naturfarar er hovudsakeleg regulerte i plan- og bygningslova og kulturminnelova.

For å handtere naturfare i eigen region kan fylkeskommunen utarbeide ein regional plan som omhandlar naturfare. Fylkeskommunen skal rettleie og hjelpe kommunane i samfunns- og arealplanlegginga og vere ein pådrivar for å finne løysingar på tvers av kommunegrenser.

Statsforvaltaren

Statsforvaltaren er statens representant i fylket og ansvarleg for å følge opp statens vedtak, mål og retningslinjer. Statsforvaltaren er eit viktig bindeledd mellom kommunane og dei sentrale myndigheitene.

Statsforvaltaren er fagmyndigheit innan landbruk, miljø, helse og samfunnstryggleik, og skal sørge for at kommunane tar omsyn til nasjonale interesser og retningslinjer i arealforvaltninga. Statsforvaltaren skal mellom anna informere og rettleie om samfunnstryggleik og klima- og miljøomsyn i plansaker og følge opp statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Vidare skal statsforvaltaren skaffe oversikt over risikoar og sårbarheiter i fylket gjennom ein risiko- og sårbarheitsanalyse for fylket. Statsforvaltaren har vidare motsegnsrett når det gjeld samfunnstryggleik i plansaker. Under ei hending har statsforvaltaren eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå. Statsforvaltaren kan kalle saman fylkesberedskapsrådet, som er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret.

4.5 Aktørar og ansvar på nasjonalt nivå

4.5.1 Departementa

Ansvaret knytt til flaum og skred er fordelt på fleire departement. Dette er formålstenleg sidan flaum og skred påverkar fleire sektorar som har eit eige ansvar for å førebygge og handtere flaum og skred. Departementa må derfor samarbeide tett for å utvikle regelverk og strategiar og handtere større hendingar. Departementa arbeider på eit overordna strategisk nivå. Rammene for handtering av flaum og skred blir mellom anna sette gjennom statsbudsjett og stortingsmeldingar. Styringssignal til underliggande etatar blir gitt gjennom tildelingsbrev og instruksar.

Energidepartementet har ansvar for statlege forvaltningsoppgåver knytte til flaum og skred. Departementet har også ansvaret for etatsstyringa av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Kommunal- og distriktsdepartementet er øvste plan- og bygningsmyndigheit og har eit overordna ansvar for rammeverket som styrer kommunane og inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane. Departementet styrer tildeling av skjønnsmidlar etter naturfarehendingar. Departementet har mellom anna ansvaret for etatsstyringa av Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Kartverket.

Justis- og beredskapsdepartementet har eit overordna ansvar for samfunnstryggleik og beredskap. Departementet har mellom anna ansvaret for etatsstyringa av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). I tillegg ligg Sysselmeisteren på Svalbard og regulering av naturskadeforsikring under dette departementet.

Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for mellom anna riksveg, jernbane og luftfart, og har med det ansvaret for forvaltninga av infrastruktur innanfor desse områda, inkludert reparasjon etter oppstått skade. Departementet har mellom anna etatsstyringsansvar for Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet, Statens jernbanetilsyn og Vegtilsynet.

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å legge til rette for det heilskaplege arbeidet regjeringa gjer på klimatilpassingsområdet. Ansvaret omfattar arbeid knytt til overvatn, forureining, natur og kulturmiljø. Departementet har vidare ansvaret for etatsstyringa av Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Meteorologisk institutt (MET).

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for forvaltninga av jordbruks- og skogsressursane. Dette omfattar store areal som er utsette for, og som påverkar, flaum- og skredrisiko. Departementet har ansvar for etatsstyringa av Landbruksdirektoratet, som mellom anna forvaltar statens naturskadeordning, tilskotsordninga ved produksjonssvikt i landbruket og tilskotsordningar til nærings- og miljøtiltak i landbruket. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er også underlagt Landbruks- og matdepartementet.

Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarleg departement for Noregs geologiske undersøking (NGU), som kartlegg geologien i Noreg, og som òg utfører skredkartlegging. Departementet har i tillegg ansvaret for etatsstyringa av Norsk romsenter (NRS), som arbeider med satellittdata som er nyttige for kartlegging av naturfarar.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har det administrative ansvaret for statsforvaltarane og arbeidet med berekraftsmåla.

Figur 4.2 viser ei oversikt over nasjonale, regionale og lokale aktørar innan arbeidet med flaum og skred.

Figur 4.2 Oversikt over statlege, regionale og lokale aktørar.

Figur 4.2 Oversikt over statlege, regionale og lokale aktørar.

Kjelde: Energidepartementet

4.5.2 Statlege fagmyndigheiter og sentrale fagaktørar

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE har ansvar for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av flaum og skred. NVE gir bistand til kommunar og samfunnet elles med kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling, beredskap og kunnskapsformidling om flaum og skred.

Det er ikkje mogleg å oppnå full tryggleik mot farar og skadar i samfunnet. NVE skal legge ei risikobasert tilnærming til grunn, og prioritere innsats og tiltak ut frå kost-nytte-vurderingar. NVEs bistand innan flaum og skred endrar ikkje ansvaret til kommunane eller tiltakshavar.

Eit av hovudmåla til NVE er å bidra til å betre evna samfunnet har til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring, jf. Prop. 1 S (2023–2024). NVE skal mellom anna auke kunnskapen i samfunnet om flaum- og skredfare, og bidra til at det blir tatt tilstrekkeleg omsyn til flaum- og skredfare ved arealplanlegging. NVE bidreg vidare med fysiske sikringstiltak og overvaking, varsling og rådgiving knytt til flaum og skred. Frå 2013 har NVE vurdert Svalbard på lik linje med fastlandet ved prioritering av bistand innan flaum- og skredførebygging. Figur 4.3 viser NVE som gjennomfører målingar ved Jægervatn i Lyngen kommune.

Figur 4.3 NVE gjennomfører måling på Jægervatn i Lyngen kommune.

Figur 4.3 NVE gjennomfører måling på Jægervatn i Lyngen kommune.

Foto: NVE

NVE har vidare ansvar for å forvalte vass- og energiressursane i landet, inkludert ansvar for å sikre samfunnsforsvarleg bruk og forvaltning av vassdrag og grunnvatn. Dette inkluderer regulering av konsesjonspliktige tiltak etter energi- og vassdragslovgivinga som kan ha innverknad på flaum og skred.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

DSB skal ha oversikt over risikoar og sårbarheiter i samfunnet. Vidare skal DSB vere pådrivar i arbeidet med å førebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og har ei rettleiingsrolle overfor anna offentleg forvaltning. DSB fører òg tilsyn med korleis departementa arbeider med samfunnstryggleik, i tillegg til å følge opp statsforvaltaren og kommunane i arbeidet med samfunnstryggleik. DSB har utarbeidd ei rekke rettleiingar som er relevante for naturfarar, mellom anna i samband med arealplanlegginga i kommunane, kommunal beredskapsplikt og heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse.

Kunnskapsbanken er eit datasystem forvalta av DSB som innhentar, samanliknar og gjer tilgjengeleg data om risiko og sårbarheit. Meir informasjon om Kunnskapsbanken finst i kapittel 5.9. Sidan 2011 har DSB gitt ut dokumentet Analyser av krisescenarioer (tidlegare Nasjonalt risikobilde), som omhandlar risiko knytt til katastrofale hendingar som kan ramme samfunnet, inkludert naturfarar.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)

DiBK forvaltar, utviklar og fører tilsyn med det bygningstekniske regelverket. DiBK forvaltar forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK17) med tilhøyrande rettleiing, som skal bidra til at det blir bygd sikre, miljøvennlege og tilgjengelege bygningar. Særleg TEK17 kapittel 7 om tryggleik mot naturpåkjenningar er relevant for flaum og skred.

DiBK forvaltar òg byggesaksforskrifta (SAK10) med rettleiing om byggesaksbehandling, kvalitetssikring og kontroll. DiBK har vidare ansvaret for den sentrale godkjenningsordninga, ei frivillig kvalitetsordning der ein vurderer kvalifikasjonane i føretak sett opp mot krava i byggesaksforskrifta, til dømes for føretak som skal bygge sikringstiltak.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet har oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap som påverkar matforsyning, reindrift, skog og natur- og avlingsskadar.

Landbruksdirektoratet forvaltar den statlege ordninga for erstatning til private for naturskade på objekt det ikkje er mogleg å forsikre gjennom ei alminneleg privat forsikring. Direktoratet forvaltar mellom anna òg tilskotsordninga ved produksjonssvikt i landbruket, tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tilskot over regionale miljøprogram (RMP).

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har som hovudoppgåve å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur, hindre forureining og legge til rette for friluftsliv.

Direktoratet skaffar og formidlar miljøinformasjon, rettleier det regionale og kommunale nivået og gir faglege råd til Klima- og miljødepartementet. Når det gjeld naturfarar, gir Miljødirektoratet mellom anna innspel om overvatn, om korleis flaum og skred påverkar naturmiljøet, og om korleis endringar i naturmiljøet kan påverke risikoen for flaum og skred. Vidare bidreg direktoratet til at det blir tatt klima- og miljøomsyn i plansaker, og er nasjonal myndigheit innanfor fiskeforvaltning.

Riksantikvaren

Riksantikvaren er overordna kulturmiljømyndigheit og har ansvaret for å setje i verk den nasjonale kulturmiljøpolitikken. Direktoratet har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturmiljøfeltet. Riksantikvaren har òg ein del rettleiingsmateriell, til dømes innanfor klimatilpassing.

Kartverket

Kartverket har som oppgåve å sikre posisjons-, kart- og eigedomsdata for Noreg, og forvaltar og formidlar oppdatert geografisk informasjon. Kartverket skal bidra til god og effektiv tilgang til offentleg geografisk informasjon for offentlege og private formål.

Kartverket forvaltar og deler data som er viktige for handtering av flaum og skred, mellom anna data frå den nasjonale høgdemodellen som gir detaljert kunnskap om terrengforhold. Data frå høgdemodellen blir brukte til naturfareanalysar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskapsplanlegging. Kartverket er vidare nasjonal geodatakoordinator og sentral matrikkelmyndigheit og har dessutan oppgåver som sjøkartmyndigheit.

Noregs geologiske undersøking (NGU)

NGU har ansvar for å kartlegge geologien i Noreg og skal dekke behovet for geologisk basiskunnskap i samfunnet. Samfunnet treng geologisk informasjon mellom anna i samband med arealplanlegging, vurdering av naturfarar, planlegging og gjennomføring av sikringstiltak og i ulike miljøspørsmål.

NGU er samarbeidspart og rådgivar for NVE når det gjeld geologiske grunndata. Dei utfører fjellskredkartlegging, utviklar aktsemdskart og bidreg med forsking og utvikling. NGU har mellom anna det nasjonale ansvaret for lausmassekartlegging, som er basisdata for skredfarekartlegging.

Norsk romsenter (NRS)

NRS skal sikre norske interesser i internasjonale romprogram der Noreg deltar, og stimulere til meir samfunnsnyttig bruk av satellittdata i Noreg. Satellittdata for kartlegging og varsling av naturfarar blir særleg skaffa gjennom EUs Copernicus-program og den europeiske meteorologiorganisasjonen (EUMETSAT).

Meteorologisk institutt (MET)

MET står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. MET overvaker og varslar vêret og modellerer klimaet i notid og framtid. MET utviklar og leverer ei lang rekke tenester og sørger mellom anna for at beredskapsetatane er førebudde på ekstremvêr og anna farleg vêr. MET samarbeider med NVE når det gjeld flaum- og skredvarsling.

Norsk klimaservicesenter (KSS)

KSS er eit samarbeid mellom MET, NVE, Kartverket, forskingsinstituttet NORCE og Bjerknessenteret. KSS utviklar klimaframskrivingar og hydrologiske framskrivingar for Noreg og tilbyr tenester som gir grunnlag for klimatilpassing. KSS utarbeider klimaprofilar og anbefaler klimapåslag som kan nyttast av kommunar, infrastruktureigarar og andre samfunnsaktørar.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

NIBIO har ansvar for nasjonal kartlegging av arealressursar i landbruksområde, slik som jordbruksareal, jordsmonn, jordkvalitet og skogressursar.

Sysselmeisteren på Svalbard

Sysselmeisteren har same myndigheit som både statsforvaltar og politimeister, og er sektormyndigheit på klima- og miljøområdet på Svalbard.

Sysselmeisteren vurderer konsekvensane av klimaendringar og tar omsyn til dette i den daglege forvaltninga, særleg etter svalbardmiljølova. Vidare kan Sysselmeisteren kontinuerleg vurdere behov for forvaltningstiltak i lys av kunnskap om klimaendringar og nye utviklingstrekk. Ved til dømes fare for skred i Longyearbyen er det til dømes Sysselmeisteren som tar avgjerd om evakuering.

4.5.3 Statlege infrastruktureigarar

Statlege infrastruktureigarar har ansvaret for tryggleiken knytt til eigen infrastruktur, som riksvegar, bruer og hamner. Sentrale statlege infrastruktureigarar inkluderer Statens vegvesen, Bane NOR SF, Nye Veier AS, Avinor AS og Kystverket.

Ansvaret inneber å drive førebyggande arbeid for å motverke skadar som følge av at flaum eller skred rammar infrastrukturen. Det omfattar ulike sider av det førebyggande arbeidet, slik som kartlegging av utsette område, val av tekniske løysingar, traséval, plassering av byggverk, fysiske sikringstiltak, beredskap ved fare for skred eller flaum, formidling og kompetanseutvikling. Handtering av naturfarerisiko inngår som ein integrert del av verksemda, inkludert planlegging, utbygging, drift og vedlikehald jf, figur 4.4.

Figur 4.4 Statens vegvesen utbetrar veg og installerer to store kulvertar i Kristiansand.

Figur 4.4 Statens vegvesen utbetrar veg og installerer to store kulvertar i Kristiansand.

Foto: Statens vegvesen

4.6 Statleg bistand ved andre typar naturfarar enn flaum og skred

Kommunar og andre lokale og regionale aktørar kan ha behov for fagleg støtte og rettleiing, også når det gjeld andre typar naturfarar enn flaum og skred. Etatssamarbeidet Naturfareforum har gått gjennom regelverk, roller og ansvar knytt til meir enn tjue geofysiske naturfarar, deriblant overvatn, stormflod og havnivåstiging (Naturfareforum, 2023). Rapporten frå Naturfareforum peiker på at det er behov for å vurdere eit større statleg ansvar for å rettleie når det gjeld planlegging og gjennomføring av overvasstiltak og handtering av overvasshendingar. I samband med behandlinga av Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn har Stortinget bedt regjeringa vurdere å utnemne ei koordinerande nasjonal myndigheit for overvatn, jf. Innst. 161 S (2023–2024) vedtak nr. 1. Regjeringa vil komme tilbake til denne vurderinga.

Regjeringa meiner det er viktig at kommunane og andre lokale aktørar får nødvendig bistand til å handtere naturfarar. Regjeringa varsla i Meld. St. 26 (2022–2023) eit arbeid med å vurdere korleis arbeidet til myndigheitene med å handtere havnivåstiging kan bli betre.

Klima- og miljødepartementet, i samråd med relevante departement, vil vurdere om, og eventuelt korleis, nasjonale myndigheiter sitt arbeid med å handtere havnivåstiging, stormflod og bølgeoppskylling kan bli betre. Dei vil i samband med dette vurdere behovet for nye føringar og verkemiddel.

4.7 Betre samordning av statlege etatar

At forvaltninga er samkøyrd og samarbeider godt, er viktig for å få nytta dei samla ressursane til å handtere risiko knytt til naturfarar mest mogleg effektivt. Vidare er det viktig for dei lokale og regionale aktørane at dei statlege aktørane er godt samordna og kan yte bistand, til dømes når det gjeld ulike typar rettleiing og ikkje minst koordinering under ei hending. Det er mange aktørar og eit omfattande regelverk innan naturfarar. Det krev at rettleiinga er samordna, brukarvennleg og tilgjengeleg.

For å samordne statlege aktørar på naturfareområdet har ein mellom anna etablert Naturfareforum, jf. boks 4.1. Dette etatssamarbeidet har bidrege til betre koordinering og samhandling.

Boks 4.1 Naturfareforum

Naturfareforum er eit samarbeidsforum for førebyggande arbeid i tilknyting til naturfarar. Partane i forumet utvekslar informasjon og erfaringar, og forumet tar initiativ til å setje i gang prosjekt på område med sektorovergripande utfordringar. Forumet skal identifisere manglar eller forbetringspotensial i førebygginga og handteringa av naturfare i samfunnet, og foreslå løysingar. Dei skal vidare legge til rette for samarbeid mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar for å gjere samfunnet mindre sårbart for uønskte naturhendingar.

Partane i samarbeidet er Direktoratet for byggkvalitet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Jernbanedirektoratet, Kartverket, Landbruksdirektoratet, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statens vegvesen, arbeidsutvalet for fylkesberedskapssjefane og Kommunesektorens organisasjon. NVE og DSB har hovudansvaret for å legge til rette arbeidet i Naturfareforum og for å rapportere samla frå arbeidet.

Naturfareforum har status som Noregs nasjonale plattform for oppfølging av FNs globale rammeverk for katastrofeførebygging, Sendai Framework for Disaster Risk Reduction 2015–2030.

Regjeringa vil at etatssamarbeidet skal bidra til samordning, mellom anna ved utvikling av enkel og oversiktleg rettleiing retta mot kommunane. Det inneber eit ansvar for å koordinere og stimulere til samarbeid på tvers, men Naturfareforum skal ikkje styre arbeidet til partane.

Regjeringa vil styrke samarbeidet og koordineringa når det gjeld flaum og skred, og foreslår i denne meldinga fleire tiltak for å oppnå det. Det gjeld mellom anna koordineringa mellom sektorane innan kartlegging og formidling av kunnskapsgrunnlag (kapittel 5), innan rettleiingar for fareutgreiing og arealplanlegging (kapittel 6) og innan planar for sikringstiltak (kapittel 7).

Til forsida