11 Rett til rådgiving
11.1 Gjeldande rett
Privatskulelova har ingen reglar om rett til rådgiving. Etter Barnekonvensjonen artikkel 28 nr. 1 bokstav d skal staten gjere informasjon og rettleiing om undervisning og fagutdanning tilgjengeleg og oppnåeleg for alle barn. For den offentlege skolen er retten til rådgiving lovfesta i opplæringslova § 9-2.
11.2 Høyringsforslaget frå departementet
Departementet foreslo lovfesta rett til rådgiving for elevar i frittståande skolar.
Høyringsbrevet viste til Barnekonvensjonen artikkel 28 nr. 1 bokstav d, som seier at staten skal gjere informasjon og rettleiing om undervisning og fagutdanning tilgjengeleg og oppnåeleg for alle barn.
Dette forslaget har også vore på høyring tidlegare, i samband med høyringsbrev av 14. februar 2001 frå Justisdepartementet om innarbeiding av FNs barnekonvensjon i norsk lovgiving.
11.3 Høyringsinstansane
Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot forslaget.
11.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet held fast ved forslaget frå høyringsbrevet og foreslår lovfesta rett til rådgiving for elevar i frittståande skolar. Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, som er sitert ovanfor. Departementet viser elles til § 3-11 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.