14 Personalet i skolen
14.1 Skoleleiinga
14.1.1 Gjeldande rett
Etter privatskulelova § 13 skal skolen ha ein dagleg leiar som har både den pedagogiske og den administrative leiinga av skolen.
14.1.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet å lovfeste eit generelt krav om at kvar skole skal ha ei fagleg, pedagogisk og administrativ leiing, på same måten som i opplæringslova § 9-1 første ledd.
Vidare foreslo departementet at kravet om dagleg leiar blir ført vidare. Departementet viste til at det er formålstenleg at alle skolar har ein person med det daglege ansvaret, slik at både foreldra og offentlege myndigheiter veit kven dei skal vende seg til i ulike samanhengar. Forslaget inneheldt ikkje noko krav om at det er den same personen som må ha både den pedagogiske og den administrative leiinga av skolen. Dispensasjonsføresegna i privatskulelova § 13 andre ledd blei derfor ikkje foreslått vidareført.
14.1.3 Høyringsinstansane
Høyringsinstansane er delte i synet på kva krav som skal stillast til skoleleiinga. Organa for privatskolane støttar departementet sitt forslag. Forbundet Steinerskolene i Norge er likevel ueinig i kravet om dagleg leiar, og meiner det er viktig å opne for alternative leiingsformer. Det ønskjer vidareføring av privatskulelova § 13 andre ledd.
Andre instansar er imot departementet sitt forslag. Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag meiner «det er lite heldig at skoler drives av et styre som øverste organ som har en leder uten pedagogisk utdanning». Same syn har mellom anna Elevorganisasjonen, lærarorganisasjonane og nokre kommunar, som meiner kravet om at skolane skal ha ein rektor med pedagogisk kompetanse, må førast vidare. LO meiner pedagogisk utdanning bør vere eit krav, og at dette vil verke kvalitetssikrande. Landslaget for udelt og fådelt skole meiner forslaget frå departementet kan få presedens ved ein framtidig revisjon av opplæringslova, og meiner spørsmålet krev ei breiare skolepolitisk drøfting.
Fleire høyringsinstansar meiner omgrepet «forsvarleg leiing» er for upresist, og saknar ei nærare utdjuping av dette i lova eller merknadene til ho.
Læringssenteret peiker på at «forsvarleg» kan få eit svært ulikt tolkingsresultat avhengig av kven som les føresegna.
14.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Etter departementet si vurdering bør det vere eit prinsipp at skolane i størst mogleg grad får organisere seg slik dei sjølve finn det formålstenleg. Eit tilsvarande prinsipp er lagt til grunn for kommunane i kommunelova. Eit slikt prinsipp bør derfor også gjelde for frittståande skolar. Det avgjerande må vere at leiinga er forsvarleg. Kva som er ei forsvarleg leiing, må avgjerast ut frå ei konkret vurdering og vil kunne variere både over tid og frå skole til skole. I kravet om forsvarleg leiing ligg mellom anna at elevar og lærarar må kunne vite kven dei skal vende seg til i ulike samanhengar, og at denne personen eller desse personane må vere tilgjengelege for dei.
Når det gjeld spørsmålet om leiing, legg departementet til grunn stortingsfleirtalet sitt syn i Innst. S. nr. 262 (2001-2002). Fleirtalet understreka mellom anna at det avgjerande må vere om leiargruppa ved skolane i sum har både tilstrekkeleg fagkompetanse, pedagogisk kompetanse og leiarkompetanse, medrekna kompetanse i økonomi og personalleiing.
Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, som er sitert ovanfor, og foreslår ei føresegn i samsvar med dette.
Departementet viser elles til § 4-1 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
14.2 Kompetansekrav for undervisningspersonalet
14.2.1 Gjeldande rett
Undervisningspersonalet i private skolar er omfatta av dei same kompetansekrava som undervisningspersonalet i offentlege skolar, og undervisningspersonalet og skoleleiarane ved privatskolane har rett til dei lønns- og arbeidsvilkåra som i tilsvarande offentlege skolar, jf. privatskulelova §§ 14 første ledd og 16 første ledd.
Privatskulelova § 16 første ledd er ikkje til hinder for at personalet godtek dårlegare vilkår, sjå Ot.prp. nr. 58 (1983-1984) s. 39. Privatskulelova §§ 14 første ledd og 16 første ledd gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter § 3 e. Ved slike skolar fastset skolestyret krava til utdanning (dersom departementet ikkje fastset noko anna) og løns- og arbeidsvilkåra, jf. § 16 andre ledd.
Etter privatskulelova er det ikkje høve til verken mellombels eller fast tilsetjing av søkjarar som ikkje fyller krava til kompetanse. Opplæringslova § 10-6 har ei føresegn om at dersom det ikkje er søkjarar som fyller dei fastsette kompetansekrava, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.
14.2.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet at krava til undervisningspersonalet i privatskulelova § 14 i hovudsak blir førte vidare. Forslaget inneber tilpassing til opplæringslova ved at ein bruker omgrepet «kompetansekrav». Dette omgrepet er vidare i innhald enn omgrepet utdanning, og opnar i prinsippet for at annan kompetanse enn utdanning kan vere relevant. Etter gjeldande krav til kompetanse vil forslaget i hovudsak ikkje innebere realitetsendringar.
Departementet foreslo likevel også at friskolelova får ei føresegn tilsvarande opplæringslova § 10-6, om mellombels tilsetjing der det ikkje er søkjarar som fyller dei fastsette kompetansekrava.
14.2.3 Høyringsinstansane
Fleire instansar gir tilslutning til bruken av uttrykket «kompetansekrav», som erstattar uttrykket «utdanning», som er brukt i privatskulelova. NHO meiner det er positivt at departementet i merknadene til forslaget opnar for at annan kompetanse enn utdanning kan vere relevant, og ønskjer at departementet skal arbeide aktivt for at det også i realiteten blir opna for at det kan tilsetjast undervisningspersonale basert på realkompetanse.
Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus seier at omgrepet «kompetansekrav» opnar for eit skjønn, som skolane kan bruke på ein slik måte at kompetansekravet blir utvatna. Det ligg, etter utdanningskontoret si meining, eit problem i at skolane ikkje blir pålagde å leggje fram tilsetjingar til godkjenning, men at undervisningspersonalet sine kvalifikasjonar blir vurderte ved tilsyn. I eit område som Oslo og Akershus vil ein ikkje kunne gjennomføre tilsyn hyppig nok til å gi ei forsvarleg vurdering av skolane sin bruk av dette skjønnet.
Forbundet Steinerskolene i Norge meiner skolar med eigne læreplanar bør kunne velje å tilsetje lærarar som har føresetnader for å arbeide i ein slik skole. Dei meiner også at det bør opnast for at lærarar med realkompetanse kan tilsetjast, slik at det blir opp til styret å fastsetje krava til kompetanse.
Norsk Luthersk Misjonssamband og Kristne Friskolers Forbund ønskjer at det blir presisert, anten i lova eller i merknadene til lova, at friskolane ikkje er bundne til å lyse ut stillingar, jf. at frittståande skolar ikkje kan reknast som forvaltningsorgan etter § 1 i forvaltningslova. Det blir vist til forarbeida i gjeldande lov.
Kristne Friskolers Forbund meiner føresegna i arbeidsmiljølova § 55A ikkje er tilfredsstillande, og viser til den sterkare forpliktinga gjennom formålskravet i gjeldande lov. Forbundet vil ha ei presisering om at til dømes religiøse skolar kan stille særleg krav om tru osv.
Forslaget om å opne for mellombels tilsetjing blir støtta av dei som har uttalt seg om dette.
14.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet
For å få samsvar med føresegnene om kompetanse i opplæringslova foreslår departementet å bruke omgrepet «kompetansekrav». Dette omgrepet er vidare i innhald enn omgrepet «utdanning» og opnar i prinsippet for at annan kompetanse enn utdanning kan vere relevant. Etter gjeldande krav til kompetanse vil forslaget i hovudsak ikkje innebere realitetsendringar.
Departementet foreslår vidare at ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skolar som representerer eit fagleg-pedagogisk alternativ, kan departementet godkjenne alternative kompetansekrav til dei som følgjer av § 10-1 i opplæringslova med forskrift.
For at frittståande skolar skal kunne drive si verksemd i samsvar med deira formål og eigenart, vil dei ofte ha ønske om å setje eigne krav til personalet ved skolane. Verken lovforslaget eller den gjeldande privatskulelova har føresegner om dette, fordi det er moglegheita til å stille krav om bestemt livssyn ved tilsetjing er regulert av lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. § 55A. Då arbeidsmiljølova § 55A blei vedteken, la Stortinget vekt på at omsynet til formåla til institusjonen måtte vernast, og det blei gitt uttrykk for at verksemdene måtte ha ei romsleg ramme for å vurdere kva stillingar som hadde direkte relevans for å fremje formålet. Ved seinare revisjonar av føresegna er det også presisert at målet med føresegna i § 55A er å fjerne all rimeleg tvil om at politiske, religiøse og kulturelle organisasjonar skal kunne drive si verksemd fullt ut i samsvar med deira eigenart og formål.
Ved tilsetjing i stillingar som har relevans for å fremje formålet til verksemda, kan det etter arbeidsmiljølova § 55A mellom anna leggjast vekt på om søkjaren deler det livssynet eller formålet som verksemda skal fremje, og korleis søkjaren stiller seg til skolen sitt syn på religiøse spørsmål. Det skal gjerast ei konkret vurdering av stillinga, og denne vurderinga bør gjerast av leiinga eller styret for verksemda. Departementet viser elles til at når arbeidstakaren er tilsett i stillinga, vil han eller ho etter alminnelege arbeidsrettslege reglar ha lojalitetsplikt overfor arbeidsgivaren.
Slik departementets ser det, gir føresegna i arbeidsmiljølova § 55A tilstrekkeleg heimel for å sikre at friskolane kan tilsetje personale i samsvar med eigenarten og formålet til den enkelte skolen. Opphevinga av formålsføresegna i privatskulelova § 3 bokstav a gir inga endring av dette. Departementet vil derfor ikkje foreslå noka særskild føresegn om dette.
Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, som er referert ovanfor.
Departementet viser til § 4-2 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
14.3 Politiattest
14.3.1 Gjeldande rett
Opplæringslova § 10-9 krev at den som skal tilsetjast i skolen, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje tilsetjast i grunnskolen. Denne føresegna er i privatskulelova § 15 tredje ledd gitt tilsvarande verknad for grunnskolar som er godkjende etter privatskulelova.
14.3.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet å føre vidare gjeldande rett, men slik at kravet i opplæringslova § 10-9 blir teke inn i friskolelova.
14.3.3 Høyringsinstansane
Ingen av høyringsinstansane hadde merknader til forslaget.
14.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet foreslår ei føresegn i samsvar med høyringsforslaget. Departementet viser elles til § 4-3 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
14.4 Lønns- og arbeidsvilkår for undervisningspersonalet
14.4.1 Gjeldande rett
Etter privatskulelova § 16 første ledd har undervisningspersonalet og skoleleiarane ved privatskolane rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar. Privatskulelova § 16 første ledd er ikkje til hinder for at personalet godtek dårlegare vilkår, sjå Ot.prp. nr. 58 (1983-1984) s. 39. Privatskulelova § 16 første ledd gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter § 3 e. Ved slike skolar fastset skolestyret lønns- og arbeidsvilkåra, jf. § 16 andre ledd.
14.4.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet å føre vidare føresegna i § 16 når det gjeld undervisningspersonalet. I tråd med at departementet også foreslo å opne for at dei frittståande skolane kan ha ein dagleg leiar som ikkje har godkjend lærarutdanning, foreslo departementet å ikkje føre vidare kravet om lønns- og arbeidsvilkår for skoleleiarar. Det blei peikt på at i den utstrekning leiinga ved skolen underviser, vil vedkommande ha krav på lønns- og arbeidsvilkår som resten av undervisningspersonalet.
I tråd med gjeldande rett foreslo departementet at ved skolar som har som formål å gi vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje blir gitt ved offentlege skolar, jf. privatskulelova § 3 bokstav e, fastset styret lønns- og arbeidsvilkår.
14.4.3 Høyringsinstansane
Utdanningsforbundet og Skolenes landsforbund er ueinige i at styret fastset lønna til skoleleiarane. Det blir mellom anna peikt på at dette kan skape presedens for lønning av leiarane i den offentlege skolen.
Treider videregående skole spør etter grunngivinga for at undervisningspersonalet skal ha rett til same lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar, og meiner det må vere opp til styret å avgjere dette, innanfor rammene av norsk lov.
Det same standpunktet har Norsk Montessoriforbund og Forbundet Steinerskolene i Norge. Desse instansane er ueinige i at forslaget fører vidare gjeldande rett i privatskulelova § 16.
Norske Privatskolers Landsforbund er einig i at det bør vere dei same lønns- og pensjonsvilkåra, men meiner arbeidsvilkår og tilsetjingsforhold elles bør bestemmast av den enkelte skolen, så lenge det ikkje bryt med gjeldande reglar.
Kristiansand kommune meiner det er vanskeleg å sjå på førehand kva følgjene kan bli av at styret skal gjere vedtak om dette.
Forbundet Steinerskolene i Norge meiner det bør gjerast synleg i merknadene at Hovudtariffavtalen ikkje gjeld lærarar ved private skolar, jf. Ot.prp. nr. 58 (1984-85).
14.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Spørsmålet om å fastsetje lovføresegner om lønns- og arbeidsvilkår for undervisningspersonalet ved friskolar har fleire sider der ulike omsyn gjer seg gjeldande. På den eine sida har styresmaktene ansvar for at elevane er sikra ei undervisning av tilfredsstillande standard. På den andre sida må dei føresegnene som blir gitt, ikkje vere så restriktive at dei verkar hindrande for skolen i å verke for sitt formål, men må kunne gi grunnlag for fleksible løysingar etter dei varierande forholda ved den enkelte skolen.
Departementet foreslår å føre vidare føresegna i gjeldande privatskolelov § 16. Dette vil sikre rettane til arbeidstakarane samtidig som lova ikkje hindrar fleksible løysingar.
Departementet viser elles til § 4-4 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.