5 Inntak av elevar
5.1 Gjeldande rett
Etter privatskulelova § 7 nr. 1 første ledd skal skolane ha heile landet som inntaksområde og vere opne for alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skolar. Føresegna gjeld dei formelle vilkåra for opptak, jf. Ot.prp. nr. 58 (1983-1984) s. 24, der det mellom anna heiter:
«Bestemmelsen innebærer at en privat skole ikke kan stille krav om f.eks. utdanning og praksis utover de krav som stilles ved opptak i offentlige skoler. For inntak i private videregående skoler, som disse bestemmelsene særlig vil ha betydning for, vil det således være tilstrekkelig at vedkommende søker fyller de krav som følger av lov om videregående opplæring § 7 første ledd. På den annen side gir oppfyllelsen av dette formelle krav ikke en søker ubetinget rett til å bli tatt inn ved privat skole.»
Dersom skolen må avvise elevar av kapasitetsgrunnar, kan slik avvising skje med grunnlag i skolen sitt formål, jf. Innst. O. nr. 53 (1984-1985) s. 9. Vedtak som gjeld inntak, kan klagast på til statens utdanningskontor, jf. § 7 nr. 3 og delegasjonsvedtak av 8.12.1993.
5.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet i hovudsak å føre vidare reglane i privatskulelova § 7. Departementet ønskte i tillegg å presisere i lovteksten at skolane må prioritere dei som har rett til grunnskoleopplæring eller til vidaregåande opplæring, dersom det er færre plassar enn søkjarar.
Høyringsforslaget opnar for at skolen elles skal kunne prioritere ut frå saklege omsyn. Departementet presiserte at det framleis bør vere mogleg for ein skole som er ått av ein kyrkjelyd eller eit trussamfunn, å kunne prioritere medlemmer av kyrkjelyden eller samfunnet framfor andre søkjarar.
Departementet foreslo plikt for skolen til å informere eleven sin heimkommune eller heimfylke om inntaket.
Departementet foreslo vidare å ikkje føre vidare føresegna i privatskulelova § 7 nr. 1 tredje ledd om at elevane fritt kan velje arbeidsstad eller skole når skolegangen er avslutta. Departementet uttrykte:
«Etter departementets vurdering må elever i frittstående skoler kunne velge andre opplæringstilbud også før skolegangen er avsluttet. Elever i videregående opplæring kan også velge å avslutte skolegangen når de måtte ønske. Noe annet er at eleven eller de foresatte kan ha kontraktsmessige forpliktelser overfor skolen når det gjelder betaling av skolepenger, se § 6-2. Departementet mener at det ikke er nødvendig at dette lovfestes.»
Departementet foreslo elles å fjerne kravet i privatskulelova § 7 nr. 2 om at det er skoleleiaren som avgjer kva søkjarar som skal takast inn ved skolen. Det blei vist til at den enkelte skolen er nærast til å vurdere kven som skal behandle søknader om inntak.
5.3 Høyringsinstansane
Fleire høyringsinstansar, mellom anna Norske Privatskolers Landsforbund, støttar forslaget til inntaksreglar i høyringa. Somme høyringsinstansar har ulike synspunkt når det gjeld kva vilkår som skal setjast for inntak.
Somme høyringsinstansar, Kristne Friskolers Forbund og Forbundet Steinerskolene i Norge, ønskjer å kunne stille som vilkår for inntak at foreldra og elevane sluttar seg til det pedagogiske eller trusmessige grunnsynet til skulen.
LO er derimot sterkt imot at det skal vere lov å setje andre vilkår enn alderskriteriet, som etter deira syn er det einaste som gjeld ved inntak i offentlege skolar. Landslaget for udelt og fådelt skole meiner at eit inntaksreglement i seg sjølv er diskriminerande, idet det opnar for styrevurderingar som kan vere vanskelege å etterprøve, moglegheit for å handplukke ressurssterke elevar og sile ut dei ressurskrevjande elevane.
Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG) meiner ein må sikre ein open og ikkje-diskriminerande praksis. Utvalet meiner ordlyden er for vag med omsyn til å sikre at funksjonshemma barn og barn med spesialpedagogiske behov blir tekne inn.
International School of Bergen peiker på at utanlandske barn som er mellombels busette i Noreg, til dømes fordi foreldra tek seg jobb her, har behov for førerett ved konkurranse om plassar ved ein internasjonal skole.
Krokeide yrkesskole meiner det må takast omsyn til at dei funksjonshemma og andre med yrkeshemmingar kan ha behov for førerett til inntak ved spesialtilpassa skolar som Krokeide yrkesskole.
5.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet meiner at det, som i dag, ved kapasitetsproblem bør vere høve til å prioritere til dømes søkjarar som har sysken som går på skolen, og søkjarar som er medlemmer i kyrkjelyden eller trussamfunnet. Eit sakleg omsyn kan også vere det særskilde behovet for ein utanlandsk elev til å få plass ved ein internasjonal skole. Vidare bør det ved spesialtilpassa skolar også kunne givast førerett til elevar med slike spesielle behov.
Det bør derimot ikkje vere høve til «siling» ut frå «riktig» bakgrunn, «riktige» haldningar osv.
Departementet vil elles peike på at eit godkjent inntaksreglement vil vere ei god forsikring mot usaklege prioriteringar.
Når det gjeld fråsegnene om ivaretaking av særpreget til enkelte skolar, vil departementet peike på at det ikkje er foreslått fritaksrett frå skolen sine religiøse aktivitetar osv. ved grunnskolar som er etablerte av etiske eller religiøse grunnar, jf. § 3-12 i forslaget. At søkjarar må vurdere dette obligatoriske aspektet, vil i praksis gjere sitt til å tryggje skolen sitt særpreg gjennom at fleirtalet av søkjarane dermed sannsynlegvis vil dele denne trua eller dette livssynet.
Departementet har vurdert om skolane også bør ha plikt til å informere om sitt særpreg eller sin ståstad, slik at søkjarane veit kva dei søkjer seg til. Departementet meiner likevel at dette er unødvendig, då ein må gå ut frå at skolane har eigeninteresse i å informere søkjarar og foreldre om sitt særpreg og sin ståstad.
Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, som står å lese ovanfor.
Departementet viser elles til § 3-1 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.