3 Formålet med og verkeområdet for lova
3.1 Gjeldande rett
Formålsføresegna i privatskulelova i dag har denne ordlyden:
«Føremålet med denne lova er å medverka til å sikra at det kan skipast og drivast private skular.»
I samband med behandlinga av lov om private skolar uttalte stortingskomiteen mellom anna i Innst. O. nr. 53 (1984-1985)
«Retten til å skipa skular utanom det offentlege skuleverket er etter fleirtalet si vurdering ein grunnleggjande demokratisk rett. Fleirtalet ser vidare retten til å gje og ta imot undervisning utanfor det offentlege undervisningssystemet som ein menneskerett. Det kan her visast til FN-konvensjonen av 16. desember 1966 om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, artikkel 13 § 3, der retten til å velje undervisning for borna er nedfelt som ein del av foreldreretten. Fleirtalet ser privatskulelova som eit viktig middel til å realisere denne allmenne retten, og fleirtalet konstaterer at ein føresetnad for at denne retten kan bli reell, er at det vert gjeve offentlege tilskot til drifta av private skular.»
3.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet å føre vidare og presisere formålsføresegna i privatskulelova i dag.
Departementet foreslo også uttrykkjeleg å lovfeste ein del av det generelle formålet til skolen etter modell av opplæringslova § 1-2. Grunngivinga for dette er mellom anna å gjennomføre og synleggjere Barnekonvensjonen sine krav til formålet med opplæringa i friskolelova. Konvensjonen sitt krav i artikkel 29 nr. 1 har til no ikkje komme til uttrykk på same måte i privatskulelova som i opplæringslova. Det blei ikkje gjort endringar i privatskulelova i samband med at Noreg ratifiserte Barnekonvensjonen i 1991.
Departementet foreslo vidare å ta inn føresegnene i privatskulelova § 11 om arbeidsmiljø og samarbeid i friskolelova si formålsføresegn. Opplæringslova § 1-2 siste ledd har reglar om mobbing osv. Departementet foreslo at denne føresegna også blir teken inn i forslaget til lov om frittståande skolar. Det blei også vist til arbeidet med lovforslaget om elevane sitt skolemiljø (Ot.prp. nr. 72 (2001-2002)), og departementet uttrykte at elevar i frittståande skolar bør ha same rett til eit godt skolemiljø som elevar i den offentlege skolen.
3.3 Høyringsinstansane
Fleirtalet av høyringsinstansane sluttar seg til forslaget i høyringsutkastet om formålet til lova. Kristne Friskolers Forbund gir uttrykk for at foreldreretten må komme klarare fram i lovteksten. Forbundet meiner på denne bakgrunnen at ei føresegn som synleggjer krava i Barnekonvensjonen, ikkje bør gå fram av formålsføresegna i lova, men heller vere eit krav til innhaldet i opplæringa. Somme instansar meiner det bør gå fram av lova at det dreier seg om fridommen til både foreldre og elevar. Vidare ønskjer fleire instansar ei vidareføring av formålet uttrykt i den noverande privatskulelova § 1, som fastslår ikkje berre eit mål om moglegheit for etablering, men også for drift av private skolar. Forbundet Steinerskolene i Norge uttaler:
«Men begrepsbruken i denne bestemmelsen er vesentlig, og dette kommer ikke fullt ut frem i departementets skriv. Den forutsetter at den som har valgrett, også har frihet til å foreta valget. Da er det viktig å reflektere over hvilke faktorer som kan begrense en slik frihet, og i hvilken utstrekning en skal godta slike begrensninger. Departementet mener at om den som har valgretten ikke kan velge av økonomiske grunner, ivaretas ikke denne friheten.»
3.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet vil presisere at Noreg er forplikta av FNs barnekonvensjon. Denne forpliktinga gjeld uavhengig av om konvensjonen kjem direkte til uttrykk i lovteksten eller ikkje. Departementet ser likevel at det kan tenkjast tilfelle der det tilsynelatande er motstrid mellom barn sine rettar i Barnekonvensjonen og foreldra sin rett til å velje i samsvar med den trua dei ønskjer å oppdra barna sine i.
Departementet meiner at krava til innhaldsvurdering blir strengare enn nødvendig dersom Barnekonvensjonen artikkel 29 nr. 1 blir teken inn i § 2-3 i lovutkastet, slik Kristne Friskolers Forbund foreslår. Det blir sett på som tilstrekkeleg og formålstenleg at krava i Barnekonvensjonen kjem til uttrykk i § 1-1 om formålet med lova.
Departementet vil understreke at skolar som ønskjer ein særskild profil, til dømes livssynsmessig eller pedagogisk særpreg, framleis kan utarbeide og få godkjent eigne læreplanar, såframt desse gir elevane ei opplæring som er jamgod med opplæringa etter offentlege læreplanar. Føresegna inneber ingen endringar i den undervisningsfridommen som privatskulelova gir.
Departementet viser til vurderinga i høyringsbrevet, jf. punkt 3.2 ovanfor.
Departementet viser elles til § 1-1 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.