Ot.prp. nr. 33 (2002-2003)

Om lov om frittståande skolar (friskolelova)

Til innhaldsliste

9 Spesialundervisning

9.1 Gjeldande rett

Etter privatskulelova § 9 har elevar i private skolar rett til spesialundervisning mv. etter dei same reglane som gjeld for elevar i tilsvarande offentlege skolar.

Etter opplæringslova § 5-6 andre ledd har den pedagogisk-psykologiske tenesta ansvar for individretta arbeid, dessutan ansvar for å hjelpe skolane med det systemretta arbeidet. I privatskulelova med forskrifter er det fastsett at elevar i private skolar har same rett til å krevje sakkunnig vurdering for å fastslå om eleven har behov for - og dermed rett til - spesialundervisning.

Etter forskrifta til privatskulelova er det berre elevar som bur mellombels utanfor heimkommunen eller heimfylket, som har rett til pedagogisk-psykologisk teneste der skolen ligg. Vertskommunen kan rette refusjonskrav til heimkommunen eller heimfylket for denne tenesta.

9.2 Høyringsforslaget frå departementet

I høyringsbrevet foreslo departementet i hovudsak å føre vidare privatskulelova § 9 med forskrifter, ved å la opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning, § 5-3 om sakkunnig vurdering, § 5-4 om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning og § 5-5 om unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa gjelde tilsvarande for friskolar. Departementet foreslo at reglane om spesialundervisning ikkje skulle gjelde for skolar «som har til føremål å gi vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar», jf. privatskulelova § 3 bokstav e, og forslaget til § 2-2 bokstav e i proposisjonen her. Departementet presiserte også at vaksne i opplæringstilbod som er særskilt organiserte for dei, ikkje har rett til spesialundervisning.

Departementet uttalte vidare:

«Bestemmelsen viderefører i hovedsak privatskoleloven § 9 med forskrifter. Departementet foreslår at ansvaret for elever i norske skoler i utlandet blir lovfestet, se bestemmelsens andre ledd siste setning. Forslaget innebærer ingen endring i forhold til dagens praksis.

Voksne med rett til grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 og § 4A-2 har rett til spesialundervisning. Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring for voksne, men kan bruke andre aktører for å oppfylle denne forpliktelsen, se § 4A-4.

I motsetning til tidligere er det også presisert at voksne i opplæringstilbud som er særskilt organisert for dem, ikke har rett til spesialundervisning. En tilsvarende begrensning gjelder for voksne i fylkeskommunale tilbud, jf. opplæringsloven § 1-1 tredje ledd. Voksne som er tatt inn til vanlig videregående opplæring som elever, er omfattet av retten til spesialundervisning uavhengig av om de har rett til videregående opplæring eller ikke.

Etter opplæringsloven § 5-6 andre ledd har den pedagogisk-psykologiske tjenesten ansvar for individrettet arbeid samt ansvar for å bistå skolene i det systemrettede arbeidet. I privatskoleloven med forskrifter er det fastsatt at elever i private skoler har samme rett til å kreve sakkyndig vurdering for å fastslå om eleven har behov for-og dermed rett til-spesialundervisning. Departementet ber om høringsinstansenes syn på om den pedagogisk-psykologiske tjenesten også skal ha ansvaret for å bistå de frittstående skolene i det systemrettede arbeidet.

Etter forskrift til privatskoleloven er det kun elever som bor midlertidig utenfor hjemkommunen eller hjemfylket, som har rett til pedagogisk-psykologisk tjeneste der skolen ligger. Vertskommunen kan rette refusjonskrav til hjemkommunen eller hjemfylket for denne tjenesten. Departementet foreslår at denne bestemmelsen ikke videreføres, men ber om høringsinstansenes syn på om den pedagogisk-psykologiske tjenesten i vertskommunen eller vertsfylket bør utarbeide sakkyndige vurderinger for alle aktuelle elever ved skolen, uavhengig av bosted. Vertskommunen vil da i tilfelle kunne rette et refusjonskrav mot elevens hjemkommune eller hjemfylke.

Departementet legger til grunn at elever i frittstående skoler er omfattet av de samme rettighetene som elever i offentlig skole ved sykdom eller skade. Når det gjelder opplæring i sosiale og medisinske institusjoner vises det til opplæringsloven § 13-2. Vi viser for øvrig til Ot.prp. nr. 30 (2001-2002), hvor det blant annet foreslås at fylkeskommunen skal ha ansvaret for grunnskoleopplæring og videregående opplæring i sosiale institusjoner og i helseinstitusjoner som eies av regionale helseforetak.

På denne bakgrunn mener departementet at det ikke er behov for å videreføre forskrift til privatskoleloven § 9 om rett til opplæring ved sykdom og skade.

I forskrift til opplæringsloven § 18-1 er statens utdanningskontorer gitt myndighet til å avgjøre i tvilstilfeller hvem som er økonomisk ansvarlig for grunnskoleopplæringen, herunder spesialundervisningen, der elever får opplæring utenfor bostedskommunen. Departementet ber høringsinstansene vurdere om det er behov for en tilsvarende påleggshjemmel i den nye loven.»

9.3 Høyringsinstansane

PP-tenesta og systemretta arbeid

Eit fleirtal av dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, meiner at PP-tenesta bør assistere dei frittståande skolane i det systemretta arbeidet. Statens utdanningskontor i Nord-Trøndelag meiner dette på kort sikt kan skape meirarbeid for PP-tenesta, men at ein innsats her vil redusere behovet for enkeltvedtak om spesialundervisning på lengre sikt, og såleis minske den arbeidsbyrda PP-tenesta har i samband med tildeling av ressursar etter enkeltvedtak. Statens utdanningskontor i Buskerud peiker på at målet med PP-tenesta sitt systemretta arbeid er å medverke til å gjere skolen i stand til å gi tilpassa opplæring til alle elevar innanfor den ordinære ressursramma, og at dette er eit arbeid som fremjar inkluderande opplæring for alle elevar.

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon peiker på at bistand frå PP-tenesta med systemretta arbeid«fører til at det blir vanskeligere for en frittstående skole å flytte elever til en annen skole fordi vedkommende utgjør et problem. For det andre vil det presumptivt føre til at frittstående skoler ikke kan avslå søknader fra elever med særskilte behov med begrunnelse i mangel på kompetanse. Det er imidlertid vanskelig å tenke seg at PP-tjenesten kan utvide sine systemrettede tjenester uten at det tilføres ressurser».

Utdanningsforbundet peiker på at

«det ikkje vil gå inn for at den pedagogisk-psykologiske tenesta skal ha ansvar for å assistere private skular i systemretta arbeid som kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov, slik tenesta har i offentleg skule. Her meiner vi at dei private skulane må ta eit sjølvstendig ansvar for gjennomføring av kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for sitt eige personale.»

Andre peiker på at PP-tenesta har avgrensa kapasitet, og at det ikkje er naturleg at den offentlege PP-tenesta skal assistere private skoleeigarar i å utvikle frittståande skolar. Samarbeidet må i så fall baserast på semje, ikkje pålegg. Kommunane Oslo og Kristiansand meiner at dersom PP-tenesta skal ta del i systemretta arbeid i friskolane, må også kommunane ha ansvar for å føre tilsyn med desse skolane. Kristiansand kommune spør om PP-tenesta sitt engasjement skal vere obligatorisk, eller om det skal vere ei betalingsteneste.

Sakkunnig vurdering

Når det gjeld spørsmålet om kven som skal ha ansvaret for den sakkunnige vurderinga og vedtaket om spesialundervisning, er høyringsinstansane delte:

Nærare halvparten av høyringsinstansane meiner det er vertskommunen eller vertsfylket som skal stå for den sakkunnige vurderinga. Grunngivinga for dette er vertskommunen sin nærleik til eleven, noko som høyringsinstansane meiner gjer han betre skikka til å gjere vurderinga, dessutan at elevane på skolen dermed blir behandla likt - utan omsyn til heimkommune eller heimfylke. Somme instansar set det som eit vilkår at vertskommunen må kunne sende refusjonskrav til heimkommunen.

Den andre halvparten støttar forslaget om at ansvaret for sakkunnig utgreiing skal liggje hos heimkommunen eller heimfylket. Dei meiner mellom anna at dette vil sikre likeverd og lik ressurstildeling for alle elevar som er heimehøyrande i kommunen eller fylket.

Stavanger kommune meiner skolen sjølv skal gjere vedtak om spesialundervisning og dekkje kostnadene ved slik opplæring.

Tvil om bustad

Dei fleste høyringsinstansane er einige i at statens utdanningskontor bør avgjere kven som har det økonomiske ansvaret for spesialundervisninga i tilfelle det er tvil om dette.

Ansvar for skolar i utlandet

Høyringsinstansane støttar forslaget om departementet sitt ansvar for skolar i utlandet.

Diverse

Norske Privatskolers Landsforbund er ueinig i at elevar ved § 2-2 e-skolar ikkje skal ha rett til spesialundervisning.

NFU (Norsk Forbund for Utviklingshemmede) støttar departementet sitt forslag, men peiker på at opplæringslova § 5-2 om rett til spesialundervisning for vaksne også må gjerast gjeldande for elevar i den vidaregåande skolen.

9.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Ansvaret for den sakkunnige vurderinga:

Departementet meiner at heimkommunen eller heimfylket, som i dag, bør ha det økonomiske ansvaret for spesialundervisninga. Dette er i samsvar med føresegna i opplæringslova.

Departementet meiner det bør komme klart fram i lova om det er heimkommunen/-fylket eller vertskommunen/-fylket som har ansvaret for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering. Det kan førast argument både for at dette ansvaret bør liggje hos vertskommunen/-fylket, og for at ansvaret bør liggje hos heimkommunen/-fylket.

Følgjande moment taler for å leggje ansvaret for sakkunnig vurdering hos vertskommunen eller vertsfylket:

  • dette sikrar likebehandling av elevane på skolen

  • vertskommunen/-fylket kan ha større nærleik til skolen enn heimkommunen/-fylket

  • ved ei eventuell omlegging av finansieringssystemet til eit system der vertskommunen/-fylket deler ut tilskotet til friskolane, vil ei føresegn om at vertskommunen/-fylket har ansvaret, truleg vere meir i tråd med eit slikt finansieringssystem

Følgjande moment taler for at ansvaret likevel bør liggje hos heimkommunen/-fylket:

  • etter gjeldande reglar er det heimkommunen/-fylket som har ansvaret for å oppfylle elevane sin rett til spesialundervisning, det inkluderer å utarbeide ei sakkunnig vurdering. Det same gjeld etter opplæringslova. Dette har departementet foreslått å føre vidare. Det er prinsipielt uheldig om vertskommunen/-fylket skal kunne leggje føringar for kva kostnader heimkommunen/-fylket skal bli påførte

  • elevar som bur mellombels i vertskommunen/-fylket, har etter gjeldande reglar rett til PP-teneste der. Prinsipielt bør det vere anten heimkommunen/-fylket eller vertskommunen/-fylket som har ansvaret for alle elevane

Departementet viser til dette, og foreslår at heimkommunen eller heimfylket til eleven skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering.

Departementet vil ta inn ei føresegn om at PP-tenesta skal assistere friskolane i det systemretta arbeidet.

Ansvaret for spesialundervisning for elevar i utlandet

Departementet foreslår at departementet skal ha tilsvarande ansvar som kommunen eller fylket når det gjeld spesialundervisning for elevar i norske skolar i utlandet.

Diverse

Når det gjeld departementet sitt forslag om at elevar ved skolar som er godkjende etter privatskulelova § 3 bokstav e, jf. § 2-2 bokstav e i lovutkastet, ikkje skal ha rett til spesialundervisning, vil departementet peike på at det finst svært få slike skolar. Det vil derfor kunne vere vanskeleg å finne eit samanlikningsgrunnlag for kva som er tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. vilkåret for spesialundervisning i opplæringslova § 5-1.

Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, som er sitert ovanfor.

Departementet viser elles til § 3-6 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.

Til forsida