17 Tilsyn
17.1 Tilsynsmyndigheit
17.1.1 Gjeldande rett
Private skolar som er godkjende etter privatskulelova, står under tilsyn av statens utdanningskontor. I tillegg står dei private grunnskolane under tilsyn av kommunane. Dette følgjer av privatskulelova § 29. Departementet har gitt Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus myndigheit til å føre tilsyn med norske skolar i utlandet.
17.1.2 Høyringsforslaget frå departementet
Høyringsforslaget fører i hovudsak vidare reglane i privatskulelova §§ 25 nr. 4 og 29. Departementet foreslo likevel berre å føre vidare det statlege tilsynet, og at myndigheita blir lagd til departementet.
I høyringsbrevet viste departementet til at gjeldande ordning, der både kommunen og statens utdanningskontor skal føre tilsyn med private grunnskolar, fører til uklare forhold når det gjeld så vel tilsynsansvaret som tilsynsplikta. Departementet viste til at det i hovudsak er statens utdanningskontor som reint faktisk har ført tilsyn. Departementet refererte også Smith-utvalet sine fråsegner i NOU 1995:18 Ny lovgivning om opplæring:
«Kommunene bør fortsatt ha det primære ansvar for å føre tilsyn med hjemmeundervisning på grunnskolens område. Derimot synes det lite hensiktsmessig å legge tilsynsansvaret overfor private skoler mv. til kommunene eller fylkeskommunene. Deres faglige og administrative kompetanse til å vurdere alternativ pedagogikk o.l. vil ofte være begrenset. Dessuten skal slike skoler på grunnskolenivå bare kunne drives med godkjenning av staten (se kap. 34), og de vil som regel få statlig tilskudd til sin virksomhet. Det vil da være mest tjenlig at staten også står for tilsynet, som blant annet må ta utgangspunkt i de vilkår som gjelder for tildelingen av tilskudd.
På videregående nivå har utdanningskontoret bare plikt til å føre tilsyn med skoler mv. som får statstilskudd. Det synes hensiktsmessig å videreføre denne ordningen. [...]
Selv om ansvaret for å føre tilsyn med private skoler mv. i sin helhet legges til staten, bør det være mulig å inngå avtaler med kommuner og fylkeskommuner om å forestå tilsyn med private grunnskoler og videregående skoler.»
Departementet viste vidare til at tilsynsansvaret for private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, er lagt til departementet, jf. opplæringslova § 14-1.
Etter dette foreslo departementet at plikta og ansvaret for å føre tilsyn med frittståande skolar som er godkjende etter privatskulelova, skulle leggjast til departementet. Departementet uttalte samtidig at det tok sikte på å delegere denne oppgåva til statleg regionalt nivå. Høyringsforslaget fører elles i hovudsak vidare reglane i privatskulelova §§ 25 nr. 4 og 29.
I høyringsforslaget blir det også presisert at departementet skal ha tilgang til skoleanlegg og dokumentasjon i samband med tilsynet. Forslaget er i samsvar med opplæringslova § 14-1 andre ledd.
17.1.3 Høyringsinstansane
Eit klart fleirtal av høyringsinstansane meiner at tilsynet skal vere statleg. Fleire høyringsinstansar, mellom dei Kommunal- og regionaldepartementet, peiker likevel på at tilstrekkelege ressursar må setjast av, slik at forsvarleg gjennomføring av tilsynet er mogleg.
17.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet viser til vurderingane i høyringsbrevet, som er referert under 17.1.2, og foreslår ei føresegn i samsvar med dette.
Departementet viser elles til § 7-2 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
17.2 Sanksjonsmoglegheiter
17.2.1 Gjeldande rett
Etter privatskulelova § 25 nr. 4 kan departementet trekkje godkjenninga tilbake dersom skolen ikkje følgjer vilkåra i lova.
17.2.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet å føre vidare føresegna om tilbaketrekking av godkjenninga i privatskulelova § 25 nr. 4. I tillegg ønskte departementet å ha høve til å kunne påleggje retting. Forslaget er identisk med § 14-1 tredje ledd i opplæringslova. Departementet foreslo også rett til å halde tilbake tilskotet ved brot på regelverket. Departementet bad i høyringsutkastet særleg om høyringsinstansane sitt syn på om departementet bør ha ein vidare heimel til å sanksjonere mot brot på andre lover enn lov om frittståande skolar, til dømes brot på likestillingslova.
17.2.3 Høyringsinstansane
Fleirtalet av instansane ser på det som positivt at ein skal kunne gi pålegg å rette på forhold som står i strid med lova, halde igjen tilskot eller trekkje godkjenninga tilbake dersom vilkåra i lova ikkje blir oppfylte, jf. § 7-2 i forslaget.
Justisdepartementet meiner sanksjonsheimelen bør presiserast slik at det er snakk om sanksjonsmoglegheiter berre ved kvalitative brot på vilkåra i lova, til dømes i form av eit krav om alvorlege eller gjentekne brot.
Somme instansar har uttalt at ein bør utvide nedslagsfeltet for forslaget til sanksjonsheimelen i høyringsforslaget til å gjelde brot på alminneleg norsk lovgiving, til dømes likestillingslova.
17.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet meiner det ikkje er nødvendig eller formålstenleg å stille kvalitative vilkår for å gi pålegg om å rette på lovstridige forhold. Eit pålegg inneber ikkje så store følgjer at det blir sett på som nødvendig. Når det gjeld å halde tilbake midlar, verkar slike vilkår rimelegare. Ved spørsmål om å trekkje tilbake godkjenninga er departementet samd i at det bør stillast kvalitative vilkår.
Etter departementet si vurdering vil ei utviding av nedslagsfeltet for sanksjonsheimelen ikkje vere heldig. Ei slik utviding ville bety at ein flyttar seg over på område der ein ikkje kan gå ut frå eller krevje at det statlege tilsynsorganet skal ha det nødvendige oversynet. Resultatet vil dermed fort kunne bli feilaktig rettspraktisering og/eller manglande rettspraktisering.
Departementet vil i staden foreslå at friskolelova inneheld ei plikt for styret til å syte for at skolar godkjende etter lova blir drivne i samsvar med gjeldande lov og forskrifter, jf. forslaget til § 5-2.
Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, som er referert ovanfor.
Departementet viser elles til § 7-2 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.