13 Helsetilsyn
13.1 Gjeldande rett
Privatskulelova § 6 gir føresegnene om helsetilsyn i medhald av kommunehelsetenestelova tilsvarande verknad for private skolar. Forskrifta til privatskulelova slår fast at kommunar der private skolar ligg, har ansvaret for å gjennomføre helsetenesta for private skolar i samsvar med forskrift heimla i kommunehelsetenestelova. Kommunane skal også dekkje utgiftene for helsetenesta ved private skolar etter dei same reglane som for offentlege skolar.
13.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet at privatskulelova § 6 med forskrifter blir ført vidare.
13.3 Høyringsinstansane
Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette, sluttar seg til forslaget.
Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus peiker på at utanlandsskolane fell utanfor føresegna om helsetilsyn. Utdanningskontoret spør om ein kan gjere godkjende skolar i utlandet ansvarlege for å syte for helsetilsyn sjølve og leggje inn kompensasjon for dette i tilsynsordninga.
13.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Spørsmålet om helsetenester for skolar i utlandet reiser fleire ulike problemstillingar. Det kan mellom anna vere nødvendig å greie ut om ein skal stille dei same krava til ei skoledriven helseteneste som til kommunen si skolehelseteneste etter kommunehelsetenestelova.
Departementet foreslår at friskolelova får føresegner som tilsvarer gjeldande privatskolelov § 6 med forskrifter. Departementet viser elles til § 3-8 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.