21 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
Kapittel 1 Formålet med og verkeområdet for lova
§ 1-1 Formålet med lova
Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast og drivast frittståande skolar, mellom anna skolar oppretta av religiøse og/eller etiske grunnar og skolar oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege.
Opplæringa ved skolar som blir godkjende etter lova her, skal ta sikte på:
å utvikle personlegdommen, talentet og dei mentale og fysiske evnene til elevane,
å utvikle respekt for menneskerettane, grunnleggjande fridommar og for dei prinsippa som pakta til Dei sameinte nasjonane vernar om,
å utvikle respekt for foreldra og den kulturelle identiteten, språket og verdiane til eleven, for dei nasjonale verdiane i det landet der eleven bur, og respekt for kulturar som er ulike hans eller hennar eigen,
å førebu eleven til eit ansvarleg liv i eit fritt samfunn i ei ånd av forståing, fred, toleranse, likestilling mellom kjønna og venskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personar som høyrer til urfolk,
å fremje respekten for naturmiljøet.
Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim. Alle som er knytte til skolen, skal arbeide for å hindre at elevane kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.
Merknader til § 1-1:
Det første leddet i føresegna er ei vidareføring av formålsføresegna i den nogjeldande privatskulelova § 1. I samband med behandlinga av lov om private skoler uttalte stortingskomiteen blant anna i Innst. O. nr. 53 (1984-1985) at:
«Retten til å skipa skular utanom det offentlege skuleverket er etter fleirtalet si vurdering ein grunnleggjande demokratisk rett. Fleirtalet ser vidare retten til å gje og ta imot undervisning utanfor det offentlege undervisningssystemet som ein menneskerett. Det kan her visast til FN-konvensjonen av 16. desember 1966 om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, artikkel 13 § 3, der retten til å velje undervisning for borna er nedfelt som ein del av foreldreretten. Fleirtalet ser privatskulelova som eit viktig middel til å realisere denne allmenne retten, og fleirtalet konstaterer at ein føresetnad for at denne retten kan bli reell, er at det vert gjeve offentlege tilskot til drifta av private skular.»
Første ledd inneber også at barn skal kunne få ei opplæring som er i samsvar med foreldra si religiøse og moralske overtyding.
Føresegna sitt andre ledd inneber ei synleggjering av Barnekonvensjonen sin artikkel 29 nr. 1. Når det gjeld krav til anna innhald i opplæringa, blir det vist til punkt 2.3 og § 2-3 med merknader.
Føresegna sitt tredje ledd første setning fører vidare føresegnene i privatskulelova § 11 om arbeidsmiljø og samarbeid, men har fått ein ordlyd som tilsvarer opplæringslova § 1-2 sjette ledd første setning. Andre setning samsvarer med opplæringslova § 1-2 sjette ledd andre setning.
§ 1-2 Verkeområdet
Lova gjeld godkjenning med rett til offentleg tilskot for frittståande grunnskolar og frittståande skolar som gir vidaregåande opplæring, og vilkår for å få slike tilskot.
Frittståande skolar er skolar som er i privat eige, og som blir godkjende etter denne lova.
Lova gjeld ikkje skolar som er omfatta av lov av 8. juni 1984 nr. 64 om folkehøgskolar, lov av 28. mai 1976 nr. 35 om voksenopplæring eller skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12. Lova gjeld heller ikkje skolar som blir drivne av politiske grupper eller parti på partipolitisk grunnlag.
Merknader til § 1-2:
Føresegna inneber vidareføring av privatskulelova § 2. I tillegg til at friskolelova ikkje skal gjelde skolar som er omfatta av folkehøgskolelova, vaksenopplæringslova eller opplæringslova § 2-12, vil friskolelova heller ikkje omfatte skolar som blir godkjende etter ny lov om fagskoleutdanning.
Med «frittståande skolar» meiner departementet skolar som er godkjende etter denne lova, og som er i privat eige.
§ 1-3 Definisjonar
Med heimkommune og heimfylke i denne lova er meint den kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret etter opplæringslova § 13-1 og § 13-3.
Merknader til § 1-3:
Føresegna har særleg relevans for kven som skal ha ansvaret for utgifter til spesialundervisning osb.
Kapittel 2 Godkjenning med rett til tilskot
§ 2-1 Godkjenning av grunnskolar
Frittståande grunnskolar som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentlege tilskot. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk eller samisk.
Retten til godkjenning gjeld berre dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative følgjer for vertskommunen. Vertskommunen skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.
Retten til godkjenning, jf. første og andre ledd, gjeld ikkje norske frittståande grunnskolar i utlandet og internasjonale frittståande grunnskolar i Noreg. Departementet kan likevel, etter ei samla vurdering, godkjenne slike skolar. Før ein internasjonal frittståande grunnskole blir godkjend, skal vertskommunen gi fråsegn i saka.
Merknader til § 2-1:
Føresegna sitt første ledd inneber at frittståande grunnskolar som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og tilskot frå staten. Den lovfesta retten til godkjenning inneber at departementet ikkje kan setje andre vilkår for godkjenning enn dei som følgjer av lova.
Etablering av ein frittståande grunnskole kan føre til endringar i den offentlege skolestrukturen i kommunen. Følgjene for kommunen kan mellom anna vere av økonomisk, organisatorisk eller pedagogisk karakter. Føresegna sitt andre ledd inneber at ein søknad om godkjenning kan bli avvist dersom godkjenninga vil få vesentlege negative følgjer for vertskommunen. Departementet vil presisere at omgrepet «vesentleg» inneber at det skal mykje til før ein søknad om godkjenning vil bli avvist ut frå følgjene for kommunen. Det vil, etter departementet sitt syn, ikkje vere god nok grunn for avslag at kommunen må gjere endringar i det kommunale grunnskoletilbodet. Departementet legg til grunn at slike endringar må gjerast kontinuerleg, mellom anna på grunn av tilflytting til og utflytting frå kommunen, dessutan flytting innanfor kommunen. Negative følgjer som ikkje er langvarige, vil normalt ikkje bli rekna som vesentlege. Etter departementet sitt syn må det vere mogleg for kommunane å påverke eigen skolestruktur. Endringar i den offentlege skolestrukturen kan vere grunngitt i omsynet til effektivitet. Om kommunen kan påvise at etableringa av ein friskole på lengre sikt gir ein mykje dyrare offentleg skolestruktur, sjølv om kommunen gjorde naudsynte endringar i det offentlege skoletilbodet, kan dette takast omsyn til ved departementet si behandling av søknaden om godkjenning.
I behandlinga av ein søknad om å etablere ein frittståande skole skal kommunen ha høve til å uttale seg. Dersom departementet skal kunne byggje på fråsegner frå kommunen om dei følgjene godkjenning vil få, må kommunen dokumentere sine påstandar. Departementet har inga sjølvstendig plikt til å skaffe dokumentasjon om følgjene for kommunen. Kommunen kan dokumentere følgjene av godkjenning til dømes ved bruk av befolkningsdata, statistikk, kostnadsberekningar, ulike kommunale planar og annan relevant informasjon. Det må også kunne påvisast at dei negative følgjene vil vere langvarige og monalege. Ideologiske eller reint politiske fråsegner frå kommunane vil ikkje vere tilstrekkelege for å avvise ein søknad om godkjenning av ein frittståande skole.
Dersom føresetnadene for godkjenning blir endra, til dømes ved eigarskifte, søknad om auke av elevtalet eller flytting av skolen, må følgjene for kommunen gjerast greie for på nytt.
Føresegna sitt tredje ledd fører vidare reglane i privatskulelova om godkjenning av norske grunnskolar i utlandet, jf. privatskulelova § 3 bokstav c og § 25 nr. 3 første setning. Føresegna inneber at frittståande skolar i utlandet kan godkjennast, men at lova ikkje gir ein rett til godkjenning. På same måte som etter privatskulelova vil godkjenning utløyse rett til tilskot.
I tillegg opnar føresegna for at internasjonale skolar i Noreg kan godkjennast etter lova. Heller ikkje internasjonale skolar vil ha rett til godkjenning sjølv om vilkåra i lova er oppfylte, men departementet kan godkjenne slike skolar etter ei samla vurdering. I departementet si skjønnsmessige vurdering av om ein internasjonal skole bør godkjennast, vil det særleg vere relevant å vurdere om skolen både prinsipielt og i praksis vil vere open for alle. Dette betyr mellom anna at det ikkje kan stillast andre vilkår for inntak enn dei som gjeld for inntak til offentlege skolar, jf. lovforslaget § 3-1. Vidare vil det innebere at det språket undervisninga skal skje på, må vere eit språk som flest mogleg av innbyggjarane meistrar, lett kan lære eller likevel skal lære. Engelsk er det einaste obligatoriske framandspråket i norsk grunnskole, og dermed er språket godt eigna til å realisere prinsippet om opne skolar. I tillegg vil undervisning på engelsk også oppfylle nokre av dei måla i engelsk som den offentlege læreplanen fastset. Etter det departementet kjenner til, har dei fleste internasjonale skolane engelsk som undervisningsspråk. Undervisning på engelsk vil derfor vere formålstenleg for elevar som har fått delar av opplæringa si ved ein internasjonal skole i utlandet, eller for elevar som tek sikte på å halde fram skolegangen sin ved ein slik skole i utlandet.
Sjølv om engelsk er det mest vanlege språket ved dei internasjonale skolane i dag, ser departementet at det kan oppstå behov for skolar som har eit anna undervisningsspråk. Føresegna opnar derfor for godkjenning av skolar med ulike undervisningsspråk.
Vidare vil det vere relevant å vurdere om norske styresmakter vil ha ei reell moglegheit til å føre tilsyn med skolen, og om skolen får tilskot frå eit anna land. Departementet vil også krevje at skolen tilbyr norskopplæring.
Godkjenning vil gi rett til tilskot.
§ 2-2 Godkjenning av vidaregåande skolar
For å bli godkjend med rett til tilskot etter denne lova må den vidaregåande skolen anten vere:
oppretta av religiøse og/eller etiske grunnar
eller oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ,
eller oppretta for undervisning av norsk ungdom i utlandet,
eller oppretta for å fylle eit kvantitativt undervisningsbehov,
eller ha til føremål å gi vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar.
Vertsfylket skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.
Vedkomande departement avgjer i kvart enkelt tilfelle om skolen tilfredsstiller krava etter denne lova, og om skolen etter ei samla vurdering skal godkjennast med rett til tilskot. For skolar som søkjer godkjenning etter bokstav a eller b, skal det ikkje leggjast einsidig vekt på nedgang i elevtalet for fylkeskommunen i den samla vurderinga.
Merknader til § 2-2:
Føresegna fører vidare reglane om godkjenning og rett til tilskot i privatskulelova § 3 og § 25 nr. 2 og 3 når det gjeld vidaregåande skolar. Desse skolane har ikkje rett til godkjenning slik som grunnskolar etter § 2-1 første ledd.
§ 2-3 Innhald og vurdering
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte.
Frittståande grunnskolar skal anten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege grunnskolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamgod opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 fyrste ledd. Elles har skolen sin undervisningsfridom.
Frittståande vidaregåande skolar godkjende etter § 2-2 bokstav a til d skal gi elevane opplæring i samsvar med den generelle delen av læreplanen og dei fagspesifikke læreplanane for den offentlege skolen. Skolar godkjende etter § 2-2 bokstav a og b kan likevel gjere unntak frå dei offentlege planane der dette er grunngitt med formålet til skolen. Frittståande skolar godkjende etter § 2-2 bokstav e skal ha læreplanar som er på nivå med offentleg vidaregåande opplæring.
Departementet kan gi forskrifter om vurdering av elevar, klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon.
Merknader til § 2-3:
Føresegna sitt første ledd er i hovudsak ei vidareføring av privatskulelova § 4 første ledd.
Etter andre ledd må den frittståande grunnskolen anten følgje læreplanen for den offentlege skolen eller ha læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamgod opplæring. I vurderinga av læreplanane vil hovudpoenget vere at læreplanane sikrar elevane ved den frittståande skolen minst like godt grunnlag for forståing og valfridom med tanke på seinare utdanning og yrkesval. I tillegg vil det vere heilt sentralt at læreplanane gjer ein eventuell overgang frå eit skoleslag til eit anna uproblematisk.
Departementet vil understreke at skolar som ønskjer ein særskild profil, til dømes livssynsmessig eller pedagogisk særpreg, framleis kan utarbeide og få godkjent eigne læreplanar, såframt desse gir elevane ei opplæring som er jamgod med opplæringa etter offentlege læreplanar. Føresegna inneber ingen endringar i den undervisningsfridommen som privatskulelova gir. Desse skolane kan derfor mellom anna framleis søkje om avvik frå L97.
Føresegna sitt tredje ledd er ei lovfesting av departementet sin etablerte praksis. Føresegna inneber derfor ingen endringar i den undervisningsfridommen vidaregåande skolar som er godkjende etter privatskulelova, har i dag.
I føresegna sitt fjerde ledd har departementet heimel for å gi forskrifter om vurdering, klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon. Privatskulelova har ei generell føresegn i § 31 som mellom anna gir heimel til å gi forskrifter om vurdering osv.
§ 2-4 Undervisningsrom, utstyr og skolemiljø
Undervisningsrom og utstyr skal godkjennast av departementet.
Opplæringslova kapittel 9A gjeld også for skolar godkjende etter lova her.
Merknader til § 2-4:
Føresegna fører i hovudsak vidare privatskulelova § 5. Føresegna inneber likevel at myndigheita til å godkjenne undervisningsrom og utstyr etter lova skal liggje i departementet. Departementet viser til at statleg avgjerdsmynde etter opplæringslova er lagt til departementet. Departementet tek sikte på å delegere myndigheita til å godkjenne undervisningsrom og utstyr til statleg regionalt nivå.
I den siste setninga i føresegna er det presisert at reglane om skolemiljø i opplæringslova kapittel 9A også gjeld for frittståande skolar.
Kapittel 3 Elevane
§ 3-1 Inntak av elevar
Dei frittståande skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar. Dette gjeld òg norske skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg.
Søkjarar med rett til opplæring etter opplæringslova skal i alle høve prioriterast føre andre søkjarar. Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal fastsetje ei prioritering ut frå saklege omsyn.
Skolen skal ha eit inntaksreglement som ligg innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstavane a-d skal sendast til heimfylket til eleven.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
Merknader til § 3-1:
Føresegna inneber i hovudsak vidareføring av privatskulelova § 7. I motsetning til i privatskulelova er det i andre ledd tydelegare reglar om kva for søkjarar som kan prioriterast når det er færre plassar enn søkjarar.
Dersom det er oversøking til ein skole, meiner departementet det er naturleg at skolane må prioritere dei som har rett til anten grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring. I den vidare prioriteringa bør skolen kunne prioritere ut frå saklege omsyn, til dømes geografisk nærleik til skolen, søkjaren sine karakterar eller at ein søkjar har sysken ved skolen. Det bør, som i dag, også vere høve for ein skole som er ått av ein kyrkjelyd eller eit trussamfunn, å kunne prioritere medlemmer av kyrkjelyden eller samfunnet framfor andre søkjarar.
I tredje ledd er det stilt krav om at skolen skal ha inntaksreglement.
Fjerde ledd viser til at forvaltningslova gjeld ved vedtak etter føresegna. Aktuelle føresegner i forvaltningslova er særleg kapitla IV-VI om enkeltvedtak og føresegnene om habilitet. Føresegner om teieplikt er gitt i friskolelova § 7-3.
§ 3-2 Rett og plikt til opplæring
Elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova, oppfyller si plikt til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.
Elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova, nyttar retten sin til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Merknader til § 3-2:
Føresegna sitt første ledd presiserer retten for grunnskoleelevar til å oppfylle opplæringsplikta i ein godkjend frittståande skole.
I andre ledd er det presisert at elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova, bruker av retten sin til vidaregåande opplæring.
§ 3-3 Skolegangen
Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend. Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein grunnskoleelev i særlege tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen. Før det blir gjort enkeltvedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Opplæringslova § 2-1 tredje ledd om utsett skolestart og tidlegare skolestart, og § 2-1 fjerde ledd om heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta, gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Ein elev som har fått plass ved ein vidaregåande skole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre skoleåret eller vedkomande kurs med mindre eleven kan visast bort, jf. § 3-10.
Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval gjeld tilsvarande for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Fylkeskommunen gjer vedtak.
Merknader til § 3-3:
Føresegna sitt første ledd første setning inneber ei presisering av gjeldande rett. Fleire av dei grunnskolane som er godkjende etter privatskulelova, har berre godkjenning for klassetrinna 1-4 eller 1-7. Retten til å fullføre opplæringa ved frittståande grunnskolar som har ei avgrensa godkjenning når det gjeld klassetrinn, vil berre gjelde så langt skolen si godkjenning rekk.
Føresegna sitt første ledd andre til femte setning om flytting av elevar er ny i forhold til gjeldande privatskolelov. Reglane er i samsvar med opplæringslova § 8-1 siste ledd. Føresegna inneber at ein elev som er teken inn i ein frittståande grunnskole, i særlege tilfelle kan flyttast til ein annan skole når omsynet til dei andre elevane tilseier det. Andre tiltak må vere utprøvde før det blir gjort vedtak om å flytte eleven. Føresegna kan berre brukast i heilt spesielle unntakstilfelle når åtferda til eleven i alvorleg grad går utover skole- og læresituasjonen for dei andre elevane og det dermed ikkje er forsvarleg å gi eleven eit opplæringstilbod ved skolen. Departementet viser til vurderingane som er gjorde i forarbeida til opplæringslova § 8-1 siste ledd, jf. Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) og Innst. O. nr. 89 (1999-2000).
Ordlyden i første ledd andre setning inneber at ein elev berre kan flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen. Dette er likevel ikkje til hinder for at foreldra til eleven kan samtykke i at eleven blir flytta til ein skole utanfor heimkommunen.
Vedtak om å flytte ein elev til ein annan skole skal gjerast av eleven sin heimkommune, og departementet er klageinstans. Enkeltvedtaket kan klagast på av foreldra, eleven og skolen, jf. forvaltningslova § 28.
Føresegna sitt andre ledd inneber ei presisering av gjeldande rett.
Føresegna sitt tredje ledd inneber ei vidareføring av privatskulelova § 8 første ledd.
Føresegna sitt fjerde ledd inneber at opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om rett til eit ekstra år ved omval også gjeld for elevar i frittståande vidaregåande skolar. Føresegna vil mellom anna ha ein del å seie for om ein elev har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje.
§ 3-4 Tilpassa opplæring
Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven.
Merknader til § 3-4:
Føresegna er i samsvar med opplæringslova § 1-2 femte ledd. Departementet viser til dei vurderingane som er gjorde i forarbeida til opplæringslova, Ot.prp. nr. 46 (1997-1998).
§ 3-5 Særleg opplæring for elevar frå språklege minoritetar
Elevar ved grunnskolar godkjende etter denne lova som har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, har rett til nødvendig morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring til dei har tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Heimkommunen til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til slik opplæring. Departementet er klageinstans.
Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
Når opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal skolen og kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.
Merknader til § 3-5:
Føresegna inneber at elevar med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til nødvendig morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring til dei har tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Føresegna er i samsvar med det som gjeld for elevar frå språklege minoritetar i den offentlege skolen, jf. forskrifta til opplæringslova § 24-1. Føresegna i § 24-1 i forskrifta er foreslått lovfesta, sjå dei generelle merknadene under punkt 10.1.4.
Særskild norskopplæring og tospråkleg fagopplæring skal tilbydast ved den skolen eleven går på til vanleg, mens morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole. Det siste har samanheng med at morsmålsopplæring blir gitt i tillegg til det vanlege timetalet i grunnskolen.
§ 3-6 Spesialundervisning og PP-tenesta
Opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning, § 5-3 om sakkunnig vurdering, § 5-4 om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning og § 5-5 om unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa gjeld tilsvarande.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven, jf. § 1-3, sørgjer for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering, gjer vedtak om spesialundervisning og dekkjer utgiftene til slik opplæring. I tvilstilfelle avgjer departementet kven som er ansvarleg for kostnadene. Departementet har tilsvarande ansvar for elevar ved norske skolar i utlandet.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om spesialundervisning.
Departementet er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning.
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstav e, og opplæringstilbod som er spesielt organiserte for vaksne.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta i vertskommunen skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje betre til rette for elevar med særlege behov.
Merknader til § 3-6:
Føresegna fører i hovudsak vidare privatskulelova § 9 med forskrifter.
Etter føresegna sitt første ledd gjeld opplæringslova §§ 5-1, 5-3, 5-4 og 5-5 tilsvarande for frittståande skolar.
I andre ledd er det presisert at det er heimkommunen eller heimfylket til elevane som skal syte for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering. Heimkommunen eller heimfylket gjer vedtak om spesialundervisning og dekkjer utgiftene. Føresegna er ikkje til hinder for at heimkommunen og vertskommunen gjer avtalar om korleis reglane kan praktiserast best mogleg. Til dømes kan det vere formålstenleg at vertskommunen utarbeider den sakkunnige vurderinga og krev refusjon frå heimkommunen for utgiftene. I somme tilfelle kan det vere tvil om kva kommune eller kva fylke som er eleven sin heimkommune eller heimfylke. Føresegna i andre ledd andre setning er heimel for departementet til å avgjere konkrete tvilstilfelle.
Departementet har etter føresegna tilsvarande ansvar for elevar ved norske skolar i utlandet. Dette inneber inga endring i forhold til praksisen i dag.
I tredje ledd har departementet heimel til å gi forskrift om gjennomføring av reglane om spesialundervisning.
I femte ledd er det presisert at elevar i skolar godkjende etter § 2-2 ikkje har rett til spesialundervisning. Den same avgrensinga gjeld også vaksne i opplæringstilbod som er særskilt organiserte for dei, jf. opplæringslova § 1-1 tredje ledd. Vaksne som er tekne inn til vanleg vidaregåande opplæring som elevar, er omfatta av retten til spesialundervisning uavhengig av om dei har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje.
Føresegna sitt sjette ledd inneber at vertskommunen si PP-teneste skal hjelpe til i det systemretta arbeidet. Føresegna er i samsvar med opplæringslova § 5-6 andre ledd første setning.
§ 3-7 Skyss m.m.
Elevane har rett til skyss etter reglane i opplæringslova § 7-1 første og andre ledd om skyss i grunnskolen, § 7-2 første ledd om skyss i den vidaregåande skolen, § 7-3 om skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke og § 7-4 om reisefølgje og tilsyn. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i frittståande grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. For elevar i frittståande vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.
Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 13-4. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss i grunnskolen. Fylkeskommunen er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar.
Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot med 85 prosent til skyss og innlosjering for elevane. Departementet kan gi forskrifter om utrekning av skyssavstanden og utgiftsgrunnlaget for skyss og innlosjering.
Departementet kan gi forskrifter om skoleskyss og skyssgodtgjersle, og om at skyssbehovet til elevane i vidaregåande skolar i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje i skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstav e, og opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne.
Merknader til § 3-7:
Føresegna inneber vidareføring av privatskulelova § 10 med forskrifter, og privatskulelova § 26 tilskotsregel nr. 8 andre og tredje ledd.
Føresegna gir, med visse unntak, rett til skyss innanfor heimkommunen for grunnskoleelevar, og innanfor heimfylket for elevar i den vidaregåande skolen. Dersom eleven går på skole i ein annan kommune eller eit anna fylke, gjeld altså skyssretten til kommunegrensa.
Retten til skyss gjeld ikkje vaksne i opplæringstilbod som er særskilt organiserte for dei. Ei tilsvarande avgrensing gjeld for vaksne i fylkeskommunale tilbod, jf. opplæringslova § 1-1 tredje ledd. Vaksne som er tekne inn som elevar i vanleg vidaregåande opplæring, er omfatta av retten til skyss, uavhengig av om dei har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje.
Retten til skyss gjeld heller ikkje elevar i skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstav e.
§ 3-8 Helsetilsyn
Forskrift gitt i medhald av lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetenesta i kommunane § 1-3 fjerde ledd gjeld for elevar i frittståande skolar. Kommunen der skolen ligg, har ansvaret for å gjennomføre helsetenesta i samsvar med gjeldande lov. Kommunane skal dekkje utgifter for helsetenesta ved frittståande skolar etter same reglar som for offentlege skolar.
Merknader til § 3-8:
Føresegna vidarefører privatskulelova § 6 med forskrifter. Elles viser ein til dei generelle merknadene i punkt 13.
§ 3-9 Ordensreglement og liknande
Kvar skole skal ha eit reglement med reglar om elevane sine rettar og plikter så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.
Reglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast. Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising eller tap av rettar, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
Merknader til § 3-9:
Første ledd slår fast at skolen skal ha eit ordensreglement eller anna reglement som inneheld elevane sine rettar og plikter. Føresegna svarer til opplæringslova §§ 2-9 og 3-7, og vidarefører innhaldsmessig privatskulelova § 11.
Reglementet skal innehalde reglar om åtferd og kva som kan skje når desse blir brotne. Ut frå omsynet til føreseielegheit og rettstryggleik skal reglementet beskrive dei tiltaka som skolen ønskjer å bruke dersom elevane bryt reglementet. Skolen kan ikkje bruke andre tiltak enn dei som følgjer av reglementet eller av sjølve lova. Av omsyn til elevane sin rettstryggleik skal også skolen sin framgangsmåte i slike saker gå fram av reglementet.
Etter andre ledd skal ordensreglementet gjerast kjent for elevane og foreldra. Det går direkte fram av føresegna at eleven skal få høve til å forklare seg munnleg før det blir teke avgjerd om refsing, og at fysisk refsing eller anna krenkande behandling ikkje må brukast. Føresegna er ei naturleg følgje av artikkel 28 nr. 2 i Barnekonvensjonen, som seier at partane skal gjere alle nødvendige tiltak for at disiplinen på skolen blir ført på ein måte som er i samsvar med menneskeverdet til barnet.
Ein må praktisere regelen ulikt etter om det er tale om meir alvorlege regelbrot og refsingstiltak eller mindre alvorlege forhold. Regelen krev såleis ikkje nokon omstendeleg prosedyre før ei munnleg irettesetjing frå læraren. Men det er ein føresetnad at hovudprinsippet om retten for eleven til å forklare seg er sikra gjennom den utvekslinga av synspunkt og påstandar som i regelen finn stad før ei munnleg irettesetjing.
§ 3-10 Bortvising av elevar og tap av rettar
Skolen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga. På klassetrinna 1-7 kan elevar visast bort for enkelttimar eller for resten av dagen, og på klassetrinna 8-10 kan elevar visast bort i inntil tre dagar. Elevar i vidaregåande opplæring kan visast bort i inntil fem dagar. Den daglege leiaren av skolen vedtek sjølv bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Foreldra til elevar på klassetrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.
Når ein elev i vidaregåande skole vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven etter vedtak av fylkeskommunen visast bort frå resten av det kurset eleven er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av lengda på kurset kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Fylkeskommunen kan ikkje overlate til skolen å gjere vedtak etter leddet her om bortvising eller tap av retten til vidaregåande opplæring.
Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdere å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om bortvising og tap av retten til vidaregåande opplæring er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
Merknader til § 3-10:
Føresegna svarer i det vesentlege til opplæringslova §§ 2-10 og 3-8. Føresegna fører hovudsakleg vidare regelen i privatskulelova § 12, men gjeld i motsetning til denne også for skolar som «har til føremål å gi vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skular», jf. § 2-2 bokstav e.
Første ledd gjeld bortvising med avgrensa tidslengd, der den daglege leiaren har avgjerdsmyndet.
Andre ledd tek for seg bortvising frå resten av kurset og tap av retten til vidaregåande opplæring. Avgjerdsmyndigheita her er fylkeskommunen. Då det her er snakk om alvorlege inngrep i eleven sine rettar, har ikkje fylkeskommunen høve til å delegere dette avgjerdsmyndet til skolen.
Tredje ledd avgjer at skolen eller fylkeskommunen skal vurdere andre tiltak før han gjer vedtak om bortvising eller tap av rettar.
Fjerde ledd viser til at forvaltningslova gjeld ved vedtak etter føresegna. Etter departementet si vurdering er det i utgangspunktet berre avgjersler om bortvising for ein eller fleire dagar som er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Aktuelle føresegner i forvaltningslova er særleg kapitla IV-VI om enkeltvedtak og føresegnene om habilitet. Føresegner om teieplikt er gitt i friskolelova § 7-3.
3-11 Rådgiving
Elevane har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Departementet kan gi nærare forskrifter.
Merknader til § 3-11:
Føresegna er ny i friskolelova, og svarer til opplæringslova § 9-2. Føresegna byggjer på Barnekonvensjonen artikkel 28 nr. 1 bokstav d om at informasjon og rettleiing om undervisning og fagutdanning skal gjerast tilgjengeleg og oppnåeleg for alle barn.
§ 3-12 Fritak frå religiøse aktivitetar m.m.
Opplæringslova § 2-4 fjerde og femte ledd om fritak frå religiøse aktivitetar m.m. gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar godkjende etter lova her. Retten til fritak frå religiøse aktivitetar m.m. gjeld likevel ikkje for elevar i grunnskolar som er oppretta av religiøse og/eller etiske grunnar.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om fritak frå religiøse aktivitetar m.m. er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
Merknader til § 3-12:
Føresegna er ny i friskolelova.
Første ledd viser til opplæringslova § 2-4 fjerde og femte ledd, som har føresegner om fritak frå dei delane av undervisninga som eleven eller foreldra ut frå eigen religion opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn.
Retten til fritak gjeld ikkje for elevar i frittståande grunnskolar som byggjer på eit religiøst og/eller etisk grunnlag.
Andre ledd viser til at forvaltningslova gjeld ved vedtak etter føresegna.
§ 3-13 Permisjon frå den pliktige grunnskoleopplæringa
Når det er forsvarleg, kan skolen etter søknad gi den enkelte eleven i grunnskolen permisjon i inntil to veker.
Merknader til § 3-13:
Føresegna svarer til opplæringslova § 2-11 første ledd. Det er ikkje lov å gi permisjon utover to veker om gongen.
Om det er forsvarleg å gi eleven permisjon, må vurderast konkret ut frå eleven sitt faglege nivå og hennar eller hans moglegheit til å ta igjen den tapte opplæringa.
Ein permisjon som er gitt, kortar ned retten for eleven til grunnskoleopplæring tilsvarande.
Kapittel 4 Personalet i skolen
§ 4-1 Leiing
Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing.
Skolen ha ein dagleg leiar.
Merknader til § 4-1:
Første ledd slår fast at kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Føresegna svarer til opplæringslova § 9-1 første ledd. Kva som er ei forsvarleg leiing, må avgjerast ut frå ei konkret vurdering og vil kunne variere både over tid og frå skole til skole. Det er prinsipielt ikkje noko til hinder for at den fagleg-pedagogiske og den administrative leiinga blir delt mellom fleire personar.
Andre ledd fører vidare kravet om dagleg leiar i privatskulelova § 13. Den daglege leiaren skal ha det daglege ansvaret, slik at både foreldra og offentlege styresmakter veit kven dei skal kontakte i ulike samanhengar. Den daglege leiaren treng ikkje absolutt ha både den pedagogiske og administrative leiinga av skolen.
§ 4-2 Kompetansekrav til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende etter lova her, gjeld dei kompetansekrava som følgjer av § 10-1 i opplæringslova, med tilhøyrande forskrift.
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstav e, fastset styret krav til kompetanse, dersom departementet i det einskilde tilfellet ikkje fastset noko anna.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava etter første og andre ledd, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.
Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skolar som representerer eit fagleg-pedagogisk alternativ, kan departementet også godkjenne alternative kompetansekrav til dei som følgjer av § 10-1 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift.
Merknader til § 4-2:
Første og andre ledd fører i hovudsak vidare privatskulelova § 14. Omgrepet «kompetansekrav» er henta frå opplæringslova. Det er innhaldsmessig vidare enn omgrepet utdanning, og opnar i prinsippet for at annan kompetanse enn utdanning kan vere relevant. Etter gjeldande krav til kompetanse vil forslaget i hovudsak ikkje innebere realitetsendringar.
Tredje ledd svarer til opplæringslova § 10-6, og er ny i forhold til gjeldande privatskolelov. Føresegna gjer det mogleg å mellombels tilsetje søkjarar som ikkje fyller dei fastsette krava til kompetanse, der slike søkjarar ikkje finst. Personar som ikkje oppfyller kompetansekrava, kan maksimalt tilsetjast for eit skoleår om gongen.
Ein viser elles til dei generelle merknadene under 14.2.4 framfor.
Når det gjeld forholdet til arbeidsmiljølova § 55A, viser ein til vurderingane under punkt 14.2.4.
§ 4-3 Krav om politiattest
Den som skal tilsetjast i ein grunnskole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje bli tilsette.
Styret kan krevje politiattest etter første ledd også for andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen.
Departementet kan gi nærare forskrifter.
Merknader til § 4-3:
Forslaget til § 4-3 er ei vidareføring av privatskulelova § 15 tredje ledd, og svarer til opplæringslova § 10-9.
Regelen gjeld alle som skal tilsetjast i grunnskolen, både fast og mellombels personell og både administrativt personell, undervisningspersonell og andre som skal arbeide i skolen. Regelen gjeld også for personell som etter denne lova gir pedagogisk hjelp til barn under opplæringspliktig alder, og som er tilsett i grunnskolen.
Politiattesten skal berre vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for «seksuelle overgrep mot barn». Eventuelle andre lovbrot skal ikkje gå fram av politiattesten.
Når det blir innhenta politiattest, vil det i tilsetjingssaka sjølvsagt vere relevant å leggje vekt på opplysningane i attesten. Dette må også gjelde i dei tilfella der alternativet er å tilsetje mellombels i medhald av reglane i § 4-2 tredje ledd.
Etter andre ledd kan skolestyret krevje politiattest også av andre personar som regelmessig oppheld seg i skolen. Dette kan til dømes vere personar som er knytte til skolefritidsordninga.
§ 4-4 Lønns- og arbeidsvilkår
Ved skolar som er godkjende etter denne lova, skal undervisningspersonalet ha rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar. Ved skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstav e, fastset styret lønns- og arbeidsvilkår.
Merknader til § 4-4:
Føresegna fører vidare privatskulelova § 16 når det gjeld undervisningspersonalet. Det er då også berre undervisningspersonalet som har rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar. For leiinga kan styret fastsetje andre lønns- og arbeidsvilkår. Dette heng saman med at § 4-1 opnar for at dei frittståande skolane kan ha ein dagleg leiar som ikkje har godkjend lærarutdanning. I det mon leiinga ved skolen underviser, vil vedkommande ha krav på lønns- og arbeidsvilkår som resten av undervisningspersonalet.
Skolar som er godkjende etter privatskulelova § 3 bokstav e, står fritt til å utforme lønns- og arbeidsvilkår for personalet.
Kapittel 5 Styrings- og rådsorgan
§ 5-1 Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Styret er valt av eigaren, som fastset kor mange medlemmer og varamedlemmer styret skal ha. Med samtykke frå departementet kan to eller fleire skolar ha sams styre. Rett til å vere til stades på møter i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen har:
ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld skolar godkjende etter § 2-2 bokstavane a til d,
ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,
ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,
ein representant for lærarane ved skolen,
ein representant for andre tilsette ved skolen,
dagleg leiar av skolen.
Departementet kan i særskilde tilfelle gi dispensasjon frå bokstavane a til f.
Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate møtet.
Merknader til § 5-1:
Første ledd slår fast at kvar skole skal ha ei styre som øvste organ.
Skolestyret skal veljast av eigaren, men vil like fullt vere eit sjølvstendig rettssubjekt i forhold til denne. Dersom skolen er ått av ei stifting eller eit aksjeselskap, er det såleis viktig at styret for skolen ikkje blir forveksla med styret for stiftinga eller aksjeselskapet. Derimot er det ikkje noko i vegen for at dei same representantane som sit i styret for stiftinga eller aksjeselskapet, også sit i styret for skolen.
Etter andre punktum i første ledd kan departementet gi samtykke til at to eller fleire skolar har felles styre.
Føresegna listar også opp kva representantar som har rett til å vere til stades på styremøte, til å seie si meining og få ho protokollført. For at møteretten skal vere reell, må dei som kan vere til stades, få innkalling til møta. Etter siste punktum i første ledd kan departementet i «særskilde tilfelle» dispensere frå kravet om representasjon. Det skal truleg mykje til før det kan vere tale om eit «særskilt tilfelle».
Med unntak av siste setning under bokstav a inneber forslaget i første ledd ei vidareføring av privatskulelova § 17 første ledd. Ettersom tilskotsreglane nr. 1, 2 og 3 i privatskulelova § 26 ikkje er førte vidare, vil det ikkje vere aktuelt med representantar oppnemnde av departementet, sjå § 6-1.
Andre ledd i forslaget gir styret plikt til å syte for at personar som er under 18 år, ikkje er til stades når det blir behandla saker der det er teieplikt etter lov eller forskrift. Teieplikta kan vere heimla i ulike lover eller forskrifter, alt etter kva saker det dreier seg om. Føresegna omfattar ikkje eventuell avtalefesta teieplikt.
Når representantar for undervisningspersonalet er medlemmer av styret, følgjer det etter departementet si vurdering av god saksbehandlingsskikk at dei ikkje tek del ved saker som gjeld dei sjølve eller stillinga deira.
§ 5-2 Styret sine oppgåver
Styret har den øvste leiinga av skolen og skal sjå til at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Styret skal:
sjå til at elevar i opplæringspliktig alder som blir tekne inn ved skolen, får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og melde frå til foreldra og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter fram til undervisninga utan lovleg grunn,
fastsetje storleiken på skolepengane,
vedta skolen sitt budsjett og ha ansvar for rekneskapen,
fastsetje inntaks- og ordensreglement for skolen,
fremje saker om flytting etter § 3-3 første ledd og bortvising etter § 3-10 andre ledd.
I andre saker enn dei som følgjer av andre ledd, kan styret delegere avgjerdsretten.
Merknader til § 5-2:
Føresegna fører i hovudsak vidare gjeldande rett, og samlar opp i ei føresegn dei styreoppgåvene som var plasserte i ulike paragrafar i privatskulelova.
Styret er skolen sitt øvste organ, og har det overordna ansvaret for drifta av skolen. Styret er ansvarleg for at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Andre ledd bokstav a til e gir styret ulike oppgåver. Desse kan ikkje delegerast til skolen sin administrasjon eller andre, sjå tredje ledd.
I andre ledd bokstav a blir styret gitt ansvaret for at elevane får oppfylt retten dei har til grunnskoleopplæring. Skolestyret har også ansvaret for at foreldra og heimkommunen blir varsla dersom eleven ikkje oppfyller si plikt til grunnskoleopplæring. Plikta for styret til å melde frå til heimkommunen når elevar har langvarige, ikkje legitimerte fråvær frå undervisninga, har samanheng med at kommunen har det overordna ansvaret for å gi grunnskoleopplæring til alle elevar som er busette i kommunen. Elevar som over lengre tid ikkje møter fram på skolen, kan reknast som å ha slutta ved den frittståande grunnskolen. Frittståande skolar har ikkje ansvar for elevar som har slutta ved skolen. Elles viser ein til merknadene til § 7-6.
Andre ledd punkt e fastset at det er styret som fremjar ei eventuell sak om flytting og bortvising. Etter tredje ledd kan denne avgjersla ikkje delegerast. Dette er avgjersler som grip sterkt inn i livssituasjonen til enkeltelevar, og det er derfor rimeleg at det blir bestemt i eit organ der mellom anna representantar frå foreldra og kommunen kan møte, jf. § 5-1.
Tredje ledd gir styret høve til å delegere myndigheit i alle andre saker enn dei som er nemnde i andre ledd bokstavane a til e. I motsetning til tidlegare rett har styret høve til å delegere tilsetjingsmyndigheit og fastsetjing av eventuelle instruksar. Det er likevel eit krav om at denne delegasjonen skal vere forsvarleg. Styret er i alle tilfelle ansvarleg for dei avgjersler som blir tekne, anten det skjer i styret eller etter fullmakt.
Friskolelova regulerer ikkje internatdrift. Dersom skolen har internat, er det opp til eigaren av internatet å avgjere kven som skal fastsetje eventuelle reglement og instruksar for internatet.
§ 5-3 Elevråd
Ved grunnskolar skal det vere elevråd for klassetrinna 5-10 med ein representant for kvar klasse. Alle vidaregåande skolar skal ha eit elevråd på minst 5 medlemmer med varamedlemmer.
Elevrådet blir valt av elevane ved skriftleg røysting. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.
Elevrådet skal blant anna fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape eit godt lærings- og skolemiljø.
Merknader til § 5-3:
Føresegna svarer i hovudsak til opplæringslova § 11-2 og § 11-6. Det nye i friskolelova er at kravet til elevråd også skal omfatte mellomtrinnet.
Skolen avgjer om det skal vere eit felles elevråd ved skolen, eller om det skal vere eitt elevråd for mellomtrinnet og eitt elevråd for ungdomstrinnet.
Andre relevante føresegner for elevrådet er § 2-4, som viser til opplæringslova kapittel 9a om skolemiljøet og § 5-1 om styret.
§ 5-4 Foreldreråd
Ved kvar grunnskole skal det vere foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet kan velje eit arbeidsutval.
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.
Merknad til § 5-4:
Føresegna svarer i stor grad til opplæringslova § 11-4.
Andre relevante føresegner for foreldrerådet er § 2-4, som viser til opplæringslova kapittel 9a om skolemiljøet og § 5-1 om styret.
Kapittel 6 Offentlege tilskot og skolepengar
§ 6-1 Offentlege tilskot
Frittståande skolar som er godkjende etter § 2-1 eller § 2-2, får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen.
For vidaregåande skolar som kan godkjennast etter § 2-2 bokstav a, b eller d, blir 85 prosent av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
For vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstav e, blir 75 prosent av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst svarer til eit halvt skoleår. Departementet kan gi nærare reglar.
Grunnskolar får tilskot av staten med 85 prosent av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar. Tilskotet blir rekna ut på grunnlag av ein normalsats per elev, særskilt for barnesteget og ungdomssteget. Tilskotsgrunnlaget blir fastsett av Stortinget. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege grunnskolen til dei typar utgifter som går inn i tilskotsgrunnlaget, leggjast til grunn.
Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot med 85 prosent av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar. Tilskotsgrunnlaget blir fastsett av Stortinget. Tilskotet blir knytt til ein normalsats per elev, særskilt for barnesteget og ungdomssteget, rekna ut for grunnskolar i Noreg, jf. punkt 3. Skolane får statstilskot med 85 prosent til skyss og innlosjering. Departementet gir føresegner om utrekning av skyssfråstand og utgiftsgrunnlag for skyss og innlosjering.
Godkjende, norske vidaregåande skolar i utlandet får statstilskot med 85 prosent av ein normalsats per elev. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
Departementet kan gi forskrift om at
statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot etter denne lova til kompletterande undervisning, og at
statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot til delvis dekning av skolepengar.
Merknader til § 6-1:
Føresegna inneber i hovudsak ei vidareføring av tilskotsreglane nr. 4, 6, 7, 8 og 9 i § 26 i privatskulelova. Skolar som tidlegare fekk tilskot etter tilskotsreglar nr. 1, 2 og 3 i privatskulelova, blir no omfatta av nr. 1 og 3 i føresegna.
Bakgrunnen for dette er at tilskotsordninga ikkje er tilpassa krava i dag om individuell vurdering av elevar som har behov for spesialundervisning.
§ 6-2 Elevane og dei offentlege tilskota, skolepengar
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode.
Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane må ikkje setjast høgare enn det som trengst for saman med statstilskotet å dekkje driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået ved tilsvarande offentleg skole som det er naturleg å samanlikne med. Dersom styret fastset høgare skolepengar, trengst godkjenning av departementet.
Merknader til § 6-2:
Føresegna svarer til privatskulelova § 27 tredje ledd. Styret fastset storleiken på skolepengane, jf. § 5-2 andre ledd bokstav b og tredje ledd.
Første ledd slår fast at alle offentlege tilskot og elevane sine eigendelar skal komme elevane til gode. Dette inneber mellom anna at det ikkje kan givast utbytte på aksjar dersom skolen er ått av eit AS. Sjå elles § 7-1 om budsjett og rekneskap.Ved berekning av kva som er «driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået ved tilsvarande offentlege skolar som det er naturleg å samanlikne med», skal det tilskotsgrunnlaget som departementet fastset etter § 6-1, leggjast til grunn. Det blir presisert at styret må søkje departementet om særskild godkjenning dersom skolen skal fastsetje høgare skolepengar enn det som går fram av hovudregelen.
§ 6-3 Offentleg tilskot til kompletterande undervisning og skolepengar
Til statsborgarar i Noreg eller i ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller i utlandet, kan det givast tilskot til kompletterande undervisning. Til statsborgarar i Noreg eller i ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Noreg eller i utlandet, kan det givast tilskot til delvis dekning av skolepengane. Departementet kan gi forskrifter.
Merknader til § 6-3:
Regelen inneber ei vidareføring av privatskulelova § 26 tilskotsregel 10. Føresegna skal gjere sitt til at elevar får opplæring i fag som norsk, KRL og samfunnsfag når dei går på skolar der dette ikkje blir tilbydd.
Kapittel 7 Diverse
§ 7-1 Budsjett og rekneskap
Skolane må leggje fram budsjett og rekneskap etter forskrifter fastsette av departementet.
Merknader til § 7-1:
Føresegna fører vidare privatskulelova § 28.
§ 7-2 Tilsyn m.m.
Departementet fører tilsyn med skolar godkjende etter denne lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon.
Dersom det blir oppdaga forhold som står i strid med denne lova eller med forskrifter gitt med heimel i lova, kan departementet gi pålegg om å rette på forholda.
Departementet kan halde attende tilskotet eller dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova ikkje blir fylte.
Merknader til § 7-2:
Føresegna fører i hovudsak vidare privatskulelova § 25 nr. 4 og § 29.
Første ledd legg plikta og ansvaret for å føre tilsyn med frittståande skolar som er godkjende etter friskolelova, til departementet. Departementet kan delegere denne oppgåva til statleg regionalt nivå. Føresegna svarer til opplæringslova § 14-1 andre ledd.
Andre ledd gir departementet myndigheit til å gi pålegg om retting dersom det blir oppdaga forhold i strid med friskolelova eller forskrifter gitt i medhald av ho. Føresegna er ny i friskolelova, og svarer til opplæringslova § 14-1 tredje ledd.
Tredje ledd fører vidare privatskulelova § 25 nr. 4 om tilbaketrekking av godkjenning. I tillegg gir føresegna departementet høve til å halde tilbake tilskotet ved brot på regelverket.
§ 7-3 Teieplikt
Reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeld ved behandling av saker etter denne lova.
Merknader til § 7-3:
Føresegna fører vidare privatskulelova § 32.
§ 7-4 Opplysningsplikt til barneverntenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.
Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester, skal personalet gi slike opplysningar.
Merknader til § 7-4:
Føresegna gjer unntak frå føresegna om teieplikt i § 7-3. Føresegna er ny i friskolelova, og svarer til § 15-3 i opplæringslova og til § 6-4 tredje ledd i lov om barneverntjenester.
§ 7-5 Opplysningsplikt til sosialtenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.
Merknader til § 7-5:
Føresegna gjer unntak frå føresegna om teieplikt i § 7-3. Føresegna er ny i friskolelova, og svarer til § 15-4 i opplæringslova.
§ 7-6 Straffeansvar
Dersom ein elev i grunnskolen utan å ha rett til det har fråvær frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale.
Merknader til § 7-6:
Føresegna svarer til opplæringslova § 2-1 femte ledd. Grunnskoleplikta kan skjøttast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller anna, tilsvarande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 første ledd. Sjå også § 5-2 andre ledd bokstav a).
§ 7-7 Overgangsreglar
Departementet fastset overgangsreglar for skolar som er godkjende etter privatskulelova.
Merknader til § 7-7:
Departementet vil gi forskrifter med overgangsreglar for skolar som er godkjende etter privatskulelova.
§ 7-8 Endringar i andre lover
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort desse endringane:
§ 1-1 andre ledd skal lyde:
Lova gjeld private grunnskolar som ikkje mottek statstilskot etter friskolelova, og privat heimeopplæring i grunnskolen.
§ 2-8 skal lyde:
Kommunen skal gi elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk nødvendig morsmålopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring til dei har tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.
Morsmålopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
Når opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale ved nokon skole i kommunen, skal kommunen så langt det er mogleg, leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.
I lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester blir det gjort desse endringane:
§ 6-4 tredje ledd skal lyde:
Også yrkesutøvere i medhold av lov om helsepersonell mv., lov om psykisk helsevern, lov om helsetjenesten i kommunene, lov om familievernkontorer og meklingsmenn i ekteskapssaker (jf. lov om ekteskap), lov om frittståande skolar plikter å gi opplysninger etter reglene i andre ledd.
Merknader til § 7-8:
Til endring i opplæringslova § 1-1:
Omgrepet privatskolar vil herfrå omfatte skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12. Skolar som er godkjende etter friskolelova, vil vi kalle frittståande skolar.
Til endring i opplæringslova § 2-8:
Endringa inneber at føresegna i forskrift til opplæringslova § 24-1 blir teken inn i lova.
Til endring i lov om barneverntjenester § 6-4:
Departementet viser til merknadene til § 7-4 ovanfor.