6 Rett og plikt til opplæring
6.1 Oppfylling av rett og plikt
6.1.1 Gjeldande rett
Alle barn i Noreg har rett og plikt til grunnskoleopplæring i ti år, jf. opplæringslova § 2-1. I opplæringslova § 2-1 er det også presisert at det ikkje ligg føre noka skoleplikt - berre opplæringsplikt.
Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til minimum tre år vidaregåande opplæring på heiltid, jf. opplæringslova § 3-1.
Det kjem ikkje direkte til uttrykk i privatskulelova at opplæringsplikta kan oppfyllast gjennom undervisning i ein godkjend privatskole. Det går heller ikkje fram av privatskulelova at elevar i private skolar som er godkjende etter privatskulelova, bruker av retten sin til vidaregåande opplæring.
6.1.2 Høyringsforslaget frå departementet
For å synleggjere at elevane har rett til å oppfylle opplæringsplikta gjennom undervisning i ein godkjend privatskole, og at elevane i ein friskole bruker av retten sin til vidaregåande opplæring, foreslo departementet i høyringsbrevet at dette blir lovfesta. Eit slikt forslag har vore på høyring tidlegare. Departementet viser her til høyringsbrev 14. februar 2001 frå Justisdepartementet om innarbeiding av FNs barnekonvensjon i norsk lovgiving av.
6.1.3 Høyringsinstansane
Dei høyringsinstansane som har uttalt seg til dette spørsmålet, mellom anna Norske Privatskolers Landsforbund og Forbundet Steinerskolene i Norge, støttar forslaget.
Elevorganisasjonen ser likevel med uro på rettstryggleiken til elevar ved private vidaregåande skolar dersom desse skolane får trekt tilbake godkjenninga si, går konkurs eller vel å leggje ned verksemda. Elevorganisasjonen ønskjer formuleringar som sikrar rettar til elevar som står igjen etter ei slik nedlegging, mellom anna skoleplass ved offentleg skole, så snart det lèt seg gjere, og rett til eitt år ekstra med vidaregåande opplæring.
6.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet viser til omtalen i høyringsbrevet, sjå punkt 6.1.2.
Når det gjeld problemstillinga som Elevorganisasjonen tek opp, viser departementet til at fylkeskommunane etter opplæringslova pliktar å tilby opplæring til alle som er busette i fylket, og som har rett til vidaregåande opplæring.
Departementet viser elles til §§ 3-2 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
6.2 Retten til å fullføre opplæringa Flytting av elevar
6.2.1 Gjeldande rett
Elevar som er tekne inn ved skolen, har rett til å fullføre skoleåret eller vedkommande kurs, jf. privatskulelova § 8. Føresegna gjeld 1-årige eller 2-årige kurs, kortare kurs eller deltidskurs.
I opplæringslova § 8-1 siste ledd er det gitt føresegner om at ein elev som er teken inn i ein grunnskole, i særlege tilfelle kan flyttast til ein annan offentleg skole når omsynet til dei andre elevane tilseier det. Andre tiltak må vere utprøvde før det blir gjort vedtak om å flytte eleven. Føresegna kan berre brukast i heilt spesielle unntakstilfelle, når åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over skole- og læringsituasjonen for dei andre elevane, og det dermed ikkje er forsvarleg å gi eleven eit opplæringstilbod ved skolen. Departementet viser til forarbeida til denne føresegna i Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) og Innst. O. nr. 89 (1999-2000).
6.2.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet at ein elev som har fått plass ved ein frittståande grunnskole, skal ha rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend.
Departementet viste i høyringsbrevet til føresegna i opplæringslova § 8-1 siste ledd om flytting av elevar, og foreslo ei tilsvarande føresegn for frittståande grunnskolar.
Vidare foreslo departementet at opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval skal gjelde tilsvarande for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter friskolelova.
6.2.3 Høyringsinstansane
Ingen av høyringsinstansane er negative til forslaget om å lovfeste rett for eleven til å fullføre opplæringa ved den frittståande skolen. Høyringsinstansane er heller ikkje ueinige i forslaget om at reglane om omval, jf. opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, skal gjelde tilsvarande for elevar i frittståande vidaregåande skolar.
Høyringsinstansane har likevel ulike syn på departementet sitt forslag om at ein grunnskoleelev i særlege tilfelle skal kunne flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen.
Norske Privatskolers Landsforbund støttar departementet sitt forslag.
Montessoriforbundet og Kristne Friskolers Forbund meiner det bør vere skolen, ikkje heimkommunen, som gjer vedtak om flytting av eleven. Montessoriforbundet viser til at kommunane i praksis delegerer denne myndigheita til skolane, at lova stiller strenge krav som tryggjer elevane sin rettstryggleik, og at det kan vere brot som kan føre til heving på privatrettsleg grunnlag. Forbundet presiserer likevel at skolen berre kan gjere vedtak om at eleven ikkje lenger skal gå på den frittståande skolen. Stavanger kommune meiner også at skolen bør gjere vedtak om flytting, fordi skolen vil ha betre kunnskap om den faktiske situasjonen.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon meiner forslaget er i strid med grunnprinsippet om at skolen skal vere open for alle. Organisasjonen er redd for at friskolar vil få høve til å flytte problemelevar, og oppfattar dette som ein selektiv regel. Organisasjonen reiser også spørsmål om kven som skal definere «problemelev», og viser til at funksjonshemma ofte blir sedde som problem sidan dei ofte krev ekstra ressursar.
På den andre sida peiker nokre høyringsinstansar på faren for at kommunen vil nekte å overta «problemelevar» som eigentleg burde ha vore flytte frå friskolen.
Kristiansand kommune uttaler at
«det må være like tungtveiende grunner for å flytte en elev fra en frittstående skole til en offentlig skole som det er å flytte en elev fra en offentlig skole til en annen, enten det er innen samme kommune eller til en annen kommune. Dette er et stort inngrep i elevens liv, og den frittstående skolen må kunne dokumentere hvilke andre tiltak som er forsøkt før flytting foretas».
Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag er einig i at vedtaksmyndigheita må leggjast til heimkommunen, men meiner prinsipielt at flytting av elevar til ein annan skole utan samtykke frå elev og/eller foreldre er uheldig. Det er dårleg samsvar mellom denne føresegna og det arbeidet som blir drive i skolen for auka inkludering, styrking av skolemiljøet, kompetanseutviklingsprogrammet for PPT og skoleleiarar (SAMTAK) osv. Statens utdanningskontor i Hordaland har også forståing for at departementet ønskjer ein parallell til opplæringslova § 8-1 tredje ledd, men meiner dette kan opne for ei siling av elevar som skaper problem for den frittståande skolen. Som ei mogleg løysing foreslår utdanningskontoret at krav til kva tiltak som skal vere utprøvde før eleven kan flyttast, blir forskriftsfesta.
6.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet vil presisere at ei føresegn om å flytte ein elev frå skolen berre skal brukast i heilt spesielle tilfelle. På same måten som etter føresegna i opplæringslova bør det stillast krav om at skolen skal ha prøvd andre tiltak. Departementet legg til grunn at dei same omsyna som ligg bak regelen i opplæringslova § 8-1 tredje ledd, også gjer seg gjeldande for frittståande skolar.
Departementet ser høyringsinstansane sine argument for at skolen skal gjere vedtak om flytting. Departementet viser likevel til at forslaget, i motsetning til gjeldande rett, klårgjer ein rett for eleven til å fullføre opplæringa ved den frittståande skolen. Ei føresegn om flytting er meint å vere ei unntaksføresegn, som berre skal brukast i særlege tilfelle. Det bør derfor vere heilt klart at det skal gjerast eit enkeltvedtak dersom det er behov for å bruke føresegna om flytting. Å gjere unntak frå retten til å fullføre opplæringa ved ein skole bør krevje meir enn ei vurdering ut frå privatrettslege vurderingar. Rettstryggleiken til elevane vil vere sikra ved at kommunen må grunngi vedtaket, og ved at vedtaket kan klagast på. Departementet viser vidare til at kommunen etter opplæringslova skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring for alle som er busette i kommunen. Det betyr at heimkommunen bør ha ei tydeleg rolle ved spørsmål om flytting av ein elev. På dette grunnlaget foreslår departementet at det er heimkommunen som skal gjere vedtak om flytting av ein elev. Departementet skal, etter forslaget, vere klageinstans.
Departementet viser elles til § 3-3 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
6.3 Utsett skolestart og fritak frå opplæringsplikta
6.3.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova § 2-1 tredje ledd skal grunnskoleopplæringa til vanleg ta til det året barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga til å begynne på skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten i eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år.
Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn begynne på skolen eitt år før, når barnet har fylt 5 år innan 1. april.
Etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd varer retten og plikta til opplæring til eleven har fullført det tiande skoleåret. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det.
Privatskulelova har ingen tilsvarande føresegner.
6.3.2 Høyringsforslaget frå departementet
Departementet foreslo i høyringsbrevet at føresegnene i opplæringslova § 2-1 tredje ledd om utsett skolestart og tidlegare skolestart, og § 2-1 fjerde ledd om heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta, skal gjelde tilsvarande for elevar i grunnskolar som er godkjende etter friskolelova.
6.3.3 Høyringsinstansane
Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot forslaget i høyringsbrevet.
6.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet meiner at omsyna bak føresegnene om utsett skolestart, tidlegare skolestart og heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta er like relevante anten barnet skal gå eller går i ein offentleg eller ein frittståande skole. Departementet foreslår derfor ei føresegn om dette i friskolelova.
Departementet viser elles til § 3-3 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
6.4 Tilpassa opplæring
6.4.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova § 1-2 femte ledd skal opplæringa «tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten». I motsetning til opplæringslova har privatskulelova ikkje noka tilsvarande føresegn om tilpassa opplæring.
6.4.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet at prinsippet om at opplæringa skal tilpassast til evnene og føresetnadene hos den enkelte eleven, bør komme til uttrykk i lova, på same måten som i opplæringslova. Departementet viste til at behovet for tilpassa opplæring ikkje vil vere mindre i frittståande skolar enn i offentlege.
Når det gjeld reglar om organisering i klassar, sa departementet følgjande i høyringsbrevet:
«Opplæringsloven har i § 8-3 bestemmelser om klassedelingstall. Departementet foreslår ikke en tilsvarende bestemmelse for de frittstående skolene. Kravet om tilpasset opplæring innebærer at elevene må deles inn i grupper som har en forsvarlig størrelse. Videre mener departementet at de klassedelingstallene som gjelder for den offentlige skolen, ikke uten videre vil passe for de frittstående skolene. Departementet er bl.a. kjent med at montessoriskolene ofte deler elevene inn i relativt store aldersblandede grupper. Departementet mener at frittstående skoler i stor grad skal ha frihet til å organisere elevgruppen slik skolen finner det hensiktsmessig.»
6.4.3 Høyringsinstansane
Statens utdanningskontor i Nord-Trøndelag og i Sør-Trøndelag er blant dei høyringsinstansane som er positive til forslaget om at prinsippet om tilpassa opplæring skal komme til uttrykk i lova. Ingen av høyringsinstansane er ueinige i forslaget.
Elevorganisasjonen er positiv til forslaget om tilpassa undervisning, men ønskjer også at § 4-11 om deltakingsrett i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa i forskrifta til opplæringslova blir teken inn i friskolelova.
Det er brei semje blant høyringsinstansane om at friskolelova ikkje skal ha reglar om klassedeling. Fleire instansar, mellom anna ein del kommunar og eit par fylkeskommunar, viser likevel til at det er uheldig at den offentlege skolen må leve med ein forelda klassedelingsregel, mens friskolane skal sleppe det. Dei gir uttrykk for eit ønske om at klassedelingsregelen i opplæringslova § 8-3 blir oppheva.
Landslaget for udelt og fådelt skole stiller seg kritisk til at friskolelova ikkje skal ha reglar om klassedeling. Landslaget viser til at friare organisering av elevane vil senke kvaliteten på undervisninga. Utdanningsforbundet meiner også at friskolelova bør ha reglar om klassedelingstal.
Utdanningskontoret i Sør-Trøndelag viser til at dersom friskolelova ikkje skal ha reglar om klassedelingstal, vil det skape ulike rammevilkår for dei offentlege og dei frittståande skolane.
6.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet meiner at omsyna bak føresegnene om tilpassa opplæring er like relevante anten barnet skal gå på ein offentleg eller ein frittståande skole. Departementet foreslår derfor ei føresegn om dette i friskolelova. Departementet viser elles til § 3-4 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
Sjølv om privatskulelova ikkje har reglar om organisering av klassar, har departementet i eit par godkjenningssaker stilt som vilkår at klassedelingsreglane i opplæringslova § 8-2 blir følgde. Departementet har nyleg sendt ut eit høyringsbrev om lokalt handlingsrom i organisering av grunnopplæringa, der departementet mellom anna foreslår ei friare organisering enn det klassedelingsreglane tillèt. I samsvar med dette arbeidet vil departementet foreslå at friskolelova ikkje får føresegner om klassedelingstal.
Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, jf. punkt 6.4.2.
6.5 Fritak frå religiøse aktivitetar
6.5.1 Gjeldande rett
Opplæringslova § 2-4 fjerde og femte ledd har føresegner om fritak frå dei delane av undervisninga som eleven eller foreldra ut frå eigen religion opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Privatskulelova har ingen føresegner om dette.
6.5.2 Høyringsforslaget frå departementet
I departementet sitt høyringsbrev blei det foreslått ei føresegn som viser til opplæringslova § 2-4 fjerde og femte ledd om fritak frå religiøse aktivitetar. Departementet foreslo likevel at retten til fritak frå religiøse aktivitetar m.m. ikkje skal gjelde for elevar i frittståande grunnskolar som byggjer på eit religiøst og/eller etisk grunnlag.
6.5.3 Høyringsinstansane
Ingen av høyringsinstansane er ueinige i at friskolelova bør ha reglar om fritak frå religiøse aktivitetar. Høyringsinstansane har derimot ulike syn på spørsmålet om elevane bør få fritak frå religiøs aktivitet som er knytt til det grunnsynet skolen byggjer på. Mellom anna har eit par høyringsinstansar stilt spørsmål om skolen sitt religiøse eller etiske grunnsyn framleis vil vere relevant når privatskulelova sine krav om formål ikkje blir førte vidare i den nye lova.
6.5.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet legg til grunn at dei same omsyna som ligg bak reglane om fritak i opplæringslova § 2-4 fjerde og femte ledd, også kan gjere seg gjeldande for elevar i frittståande grunnskolar.
Det er etter departementet sitt syn ikkje ønskeleg at elevar skal kunne be seg fritekne frå delar av undervisninga som inneber utøving av den religionen og/eller det etiske grunnlaget som skolen byggjer på. Departementet er oppteke av at skolar som byggjer på eit religiøst eller etisk grunnsyn, skal kunne tryggje dette også etter friskolelova. Etter departementet sitt syn bør dei skolane som byggjer på eit slikt grunnsyn, informere eventuelle søkjarar om dette, slik at spørsmålet om eventuelt fritak ikkje blir aktualisert. Etter forslaget gjeld derfor ikkje retten til fritak frå religiøse aktivitetar m.m. for elevar i frittståande grunnskolar som byggjer på eit religiøst eller etisk grunnlag.
Departementet viser elles til § 3-12 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
6.6 Permisjon
6.6.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova § 2-11 første ledd kan elevane etter søknad få permisjon i inntil to veker når det er forsvarleg. Privatskulelova har ingen føresegner om permisjon.
6.6.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet blei det foreslått at friskolelova skal ha ei føresegn om permisjon som tilsvarer opplæringslova § 2-11 første ledd.
6.6.3 Høyringsinstansane
Asker kommune viser til at avgrensinga om to veker permisjon ikkje er tilpassa samfunnet i dag. Forbundet Steinerskolene i Norge meiner ei slik føresegn ikkje er nødvendig. Forbundet viser til at eit fråvær utover to veker kan vere motiverande, lærerikt og positivt for eleven.
6.6.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet legg til grunn at dei same omsyna bak føresegna om permisjon i opplæringslova § 2-11 også vil gjelde friskolane. Departementet foreslår derfor ei føresegn om permisjon i friskolelova i samsvar med føresegnene i opplæringslova.
Departementet viser elles til § 3-13 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.