16 Statlege tilskot og skolepengar
16.1 Statleg tilskot
16.1.1 Gjeldande rett
Statstilskotet skal bereknast etter privatskulelova § 26. Det blir i hovudsak gitt eit tilskot per elev med utgangspunkt i eit berekna tilskotsgrunnlag. Når ein skal fastsetje tilskotsgrunnlaget, blir samanlikningsgrunnlaget hovudsakleg henta frå dei gjennomsnittlege driftsutgiftene per elev i den offentlege skolen.
Det er ein «tilskotsregel» for kvar type skole, mellom anna for skolar for funksjonshemma og for norske skolar i utlandet. I tillegg gir tilskotsregel nr. 10 departementet heimel til å gi forskrift om tilskot til kompletterande undervisning til EØS-borgarar som er elevar ved utanlandske og internasjonale grunnskolar, og statstilskot til delvis dekning av skolepengar til elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar.
Etter privatskulelova § 27 skal alle offentlege driftstilskot og eventuelle skolepengar komme elevane til gode. Skolane kan ikkje krevje skolepengar som saman med dei offentlege tilskota overstig dei driftsutgiftene som svarer til utgiftsnivået ved tilsvarande offentlege skolar, jf. § 27 tredje ledd.
16.1.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet å føre vidare føresegnene om at grunnskolar og vidaregåande skolar skal få eit tilskot på 85 prosent av tilskotsgrunnlaget, som omfattar tilsvarande driftsutgifter per elev i offentlege skolar, med unntak av utgifter til skolebygg og til elevane sitt eige ordinære skolemateriell. Forslaget fører også vidare føresegna om at skolar som tilbyr yrkesretta vidaregåande opplæring som ikkje blir gitt i tilsvarande offentlege skolar, får 75 prosent av tilskotsgrunnlaget. Forslaget inneber at tilskotsreglane nr. 4, 6, 7, 8 og 9 i § 26 i privatskulelova blir førte vidare.
Departementet foreslo å avvikle dei særlege tilskotsordningane etter privatskulelova § 26 første ledd andre setning og § 26 tilskotsregel nr. 4 bokstav b. Departementet viste til at Stortinget ikkje har løyvd midlar til desse formåla i dei seinare åra, og at eventuelle framtidige tilskot til slike formål kan fastsetjast på vanleg måte ved budsjettvedtak i Stortinget.
Departementet foreslo også å avvikle tilskotsreglane nr. 1, 2 og 3 i gjeldande lov. Om tilskotsreglane 1 og 2 uttalte departementet:
«Departementet foreslår at tilskuddsregel nr. 1 og 2 avvikles, og at disse skolene innlemmes i forslaget § 6-1, som svarer til dagens tilskuddsregel nr. 4 (private videregående skoler) og nr. 7 (private grunnskoler). Bakgrunnen for dette er at tilskuddsordningen ikke er tilpasset dagens krav om individuell vurdering av elever som har behov for spesialundervisning.
I opplæringslova § 5-1 heter det: «Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.» Etter forslaget § 3-5 skal denne bestemmelsen også gjelde for elever i frittstående skoler, med unntak av skoler godkjent etter forslaget § 2-2 bokstav e. Det er kommunen eller fylkeskommunen som fatter vedtak om spesialundervisning og dekker utgiftene til slik undervisning. Før et slikt vedtak foreligger, skal det foreligge en sakkyndig vurdering av elevens særlige behov.»
Om avviklinga av tilskotsregel 3 uttalte departementet:
«Departementet foreslår at tilskuddsordning 3 avvikles. Tilskuddsregel nr. 3 omfatter per i dag to sjøaspirantskoler og Norges byggskole. I dag får skolene under tilskuddsregel nr. 3 tilskudd ut fra et godkjent budsjett. Det er imidlertid svært ressurskrevende for departementet å vurdere sjøaspirantskolers budsjett for godkjenning. Driften av disse skolene er så spesiell at det er problematisk å ta stilling til om budsjettene er realistiske, nøkterne etc., uten spesialkompetanse på området. Departementet har ikke anledning til å bygge opp slik kompetanse på et område som er så lite, og tilrår derfor at skolene som i dag ligger under tilskuddsregel nr. 3, innlemmes i de vanlige tilskuddsordningene, dvs. under tidligere tilskuddsregel 4. Forslaget innebærer at disse skolene i likhet med de andre private skolene får tilskudd per elev.»
Departementet foreslo ei overgangsordning på inntil tre år frå det tidspunktet lova trer i kraft for dei skolane som i dag får statsstøtte etter tilskotsreglane 1, 2 og 3. Det blei mellom anna grunngitt med omsyn til husleigeutgifter.
Departementet foreslo vidare at skolar som over ein periode på tre år har eit gjennomsnittleg elevtal på mindre enn 15, mistar tilskotet:
«Departementet mener at det ikke er rimelig at staten yter tilskudd til skoler som over lang tid har dårlig søkning. Godkjenningen av skolen vil likevel ikke bli inndratt, og skolen kan derfor få utbetalt tilskudd dersom skolen senere får flere enn 15 elever.»
Departementet opna likevel for å gjere unntak frå denne føresegna i særskilde tilfelle, til dømes for skolar som ligg i grisgrendte strøk.
Departementet viste vidare til Sem-erklæringa, der det mellom anna heiter at regjeringa vil innføre eit eige tilskot for kapitalkostnader, og vurdere ein auke av driftstilskotet, og det blei uttalt at regjeringa legg opp til at husleigeutgifter og kapitalkostnader blir tekne med i berekningsgrunnlaget for tilskotet til frittståande grunnskolar og vidaregåande skolar. Høyringsbrevet inneheldt likevel ikkje noko forslag til føresegner om dette, men viste til at tilskotsordningane vil bli behandla i samband med budsjettarbeidet.
Departementet foreslo ein særleg forskriftsheimel til føresegna.
16.1.3 Høyringsinstansane
Fleire høyringsinstansar går sterkt imot forslaget om å avvikle tilskotsreglane nr. 1 og 2. Dette gjeld mellom anna Forbundet Steinerskolene i Norge og fleire fylkeskommunar.
Aglo, Hop, Hopen, Seiersborg og Øvrebø vidaregåande skolar får i dag tilskot etter tilskotsregel 2. Dei har levert ei felles høyringsføresegn til forslaget om å avvikle tilskotsordninga. Desse skolane er medlemmer i Kristne Friskolers Forbund. Forbundet har gitt uttrykk for samanfallande synspunkt i si høyringsføresegn.
Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke, som eig Krokeide yrkesskole, og Krokeide yrkesskole har også levert høyringsføresegner der dei tek klar avstand frå departementet sitt forslag.
Felles for alle desse høyringsinstansane er at dei ønskjer ei ordning med 100 prosent statleg finansiering av driftsutgiftene.
Statens utdanningskontor i Rogaland meiner ei avvikling av tilskotsregel nr. 3 vil få store følgjer for sjøaspirantskolane. Dei viser til at
«det er dyrare å drive skole om bord på ein båt enn i eit vanleg skolebygg. Grunngjevinga for at desse skolane til no har fått tilskot etter godkjent budsjett, har vore at skolane har behov for å byggje opp kapital over ein 4-5-årsperiode for å dekkje kostnader til vedlikehald, dokking, klassing, sertifisering etc. I det nye regelverket må det takast omsyn til at desse skolane har andre utgifter enn ordinære vidaregåande skolar, og dei to skolane vi har, bør sikrast «levelege» vilkår.»
Sørlandet Vg. Sjøaspirantskole utdjupar dette, og viser til at drifta av eit skoleskip kan variere frå år til år, og at dei somme år kan få ekstra store utgifter som følgje av nye tryggleikskrav og pålegg frå sjøfartsmyndigheitene. Skolen ber departementet om å ta omsyn til dette og eventuelt gi moglegheit for tilleggsløyvingar ved dokumenterte forandringar.
Rogaland Vg. Sjøaspirantskole ber primært om at ein held fram med ei tildeling som etter tilskotsregel nr. 3, etter godkjent budsjett, slik at det er drifta og aktivitetsnivået som dannar grunnlaget for tilskotet. Subsidiært ønskjer dei ein eigen sats for vidaregåande sjøaspirantskolar, slik at tilskotet per elev blir så stort at det dekkjer dei reelle kostnadene. Dei viser til at ingen av dei seks satsane tek atterhald for kostnadene med å drive maritim vidaregåande skole frå eit skip. Satsen bør etter deira meining vere på minimum kr 170 000 per elev.
16.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet viser til høyringsforslaget, og foreslår at tilskotsregel 1, 2 og 3 blir avvikla. Desse vurderingane ligg til grunn for forslaget:
tilskuddsregel 1 og 2 er ikkje tilpassa dagens krav om individuell vurdering av elevar som har behov for spesialundervisning
offentlege og private skolar bør i høgare grad behandlast likt
private skolar bør i høgare grad behandlast likt
Utdannings- og forskningsdepartementet held fast ved dei vurderingane som ligg til grunn for høyringsforslaget, men vil inntil vidare halde oppe ei særleg finansiering av dei 13 skolane som no ligg under tilskotsregel 1, 2 og 3. Forslaget i høyringsbrevet om ei treårig overgangsordning blir etter dette ikkje gjennomført. Desse skolane ligg i dag under tilskotsregel 1, 2 og 3:
Tilskotsreglane 1 og 2
Aglo opplæringssenter
Helseped. Steinerskole i Bergen (Skjold)
Helseped. Steinerskole i Oslo (Hovseter)
Helseped. Steinerskole på Hedemarken
Hopen vidaregåande skole
Krokeide yrkesskole
Øvrebø vidaregåande skole
Hop vidaregåande skole
Seiersborg vidaregåande skole
Soon Sjøskole
Tilskotsregel 3
Norges Byggskole
Sørlandets Sjøaspirantskole M/S Sjøkurs
Rogaland Sjøaspirantskole M/S Gann
Departementet vil vidare foreslå at føresegnene i privatskulelova § 26 første ledd andre setning og § 26 tilskotsregel nr. 4 bokstav b blir avvikla, slik det går fram av høyringsbrevet, sjå punkt 16.1.2 ovanfor. Elles vil departementet føre vidare gjeldande tilskotsreglar.
Departementet viser elles til at regjeringa vil betre det økonomiske grunnlaget for friskolane. I Sem-erklæringa heiter det at det skal introduserast eit eige tilskot for kapitalkostnader, og at det må vurderast å auke driftstilskotet til friskolane. Departementet arbeider for tida med finansieringa av grunnopplæringa, og vurderer i samband med det å sende eit forslag om finansiering av friskolane på høyring i løpet av desember 2002.
Departementet viser elles til § 6-1 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.
Departementet viser også til punkt 20.3 under økonomiske og administrative følgjer nedanfor.
16.2 Skolepengar
16.2.1 Gjeldande rett
Privatskulelova § 27 tredje ledd har denne ordlyden:
«Skular som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevja inn skulepengar. Styret fastset storleiken på skulepengane. Skulepengane må ikkje setjast høgare enn det som trengst for saman med statstilskotet å dekkje driftsutgifter som svarar til utgiftsnivået ved tilsvarande offentleg skule som det er naturleg å samanlikne med. Dersom styret fastset høgare skulepengar, trengst godkjenning av departementet.»
Kva som er «driftsutgifter som svarar til utgiftsnivået ved tilsvarande offentleg skule som det er naturleg å samanlikne med», må sjåast i samanheng med tilskotsføresegnene i privatskulelova § 26, som opererer med ein normalsats for tilskotsgrunnlaget. Satsen byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen. Dette inneber at dersom ein skole får dekt 85 prosent av normalsatsen for det aktuelle skoleslaget, vil skolen kunne krevje inntil 15 prosent av denne normalsatsen i skolepengar.
16.2.2 Høyringsforslaget frå departementet
Departementet foreslo i hovudsak å føre vidare privatskulelova § 27 tredje ledd. Føresegna om at det er styret som fastset storleiken på skolepengane, blei foreslått flytta til føresegna om styret sine oppgåver.
16.2.3 Høyringsinstansane
Foreldreutvalget for grunnskolen meiner ein ikkje skal kunne ta skolepengar. Sarpsborg kommune meiner høve til å krevje skolepengar bryt med prinsippet om gratis grunnskole, og at det hindrar reell valfridom for alle.
Norsk Montessoriforbund ønskjer på den andre sida større fleksibilitet når det gjeld storleiken på skolepengar.
Elevorganisasjonen ønskjer ei formulering som gir elevane på friskolane rett til å sjå kva skolepengane blir brukte til. Dei ønskjer også ei klar formulering mot kommersielle friskolar, og at det må lovfestast at friskolar ikkje skal kunne gå med vesentlege overskot.
Somme høyringsinstansar meiner at grensa for skolepengane bør utformast meir presist i lovteksten. Fleire meiner det er uklart kva som er «utgiftsnivået ved tilsvarande offentleg skole».
16.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Når det gjeld dei ulike synspunkta om skolepengar, vil dei bli vurderte i departementet sitt igangverande arbeid med finansieringssystemet, jf. punkt 6.1.4 over.
Departementet held fast ved forslaget i høyringsbrevet om at gjeldande føresegner om skolepengar i privatskulelova blir førte vidare. Departementet viser elles til forslaget til § 6-2 og dei spesielle merknadene til føresegna.