12 Skyss
12.1 Gjeldande rett
Etter privatskulelova § 10 har elevar i private skolar rett til skyss etter dei same reglane som gjeld for elevar i tilsvarande offentlege skolar. Dette inneber mellom anna at skolar som er godkjende etter privatskulelova § 3 bokstav e, ikkje har rett til skyss. Utgiftene til skyss blir dekte av heimkommunen eller heimfylket. Skyssrettane gjeld likevel berre innanfor eleven sin heimkommune eller heimfylke, jf. forskrifta til privatskulelova § 10.
Etter privatskulelova § 26, tilskotsregel 8, får norske grunnskolar i utlandet statstilskot med 85 prosent til skyss og innlosjering.
12.2 Høyringsforslaget frå departementet
Departementet foreslo ei føresegn som hovudsakleg fører vidare privatskulelova § 10 med forskrifter, og privatskulelova § 26 tilskotsregel nr. 8 andre og tredje ledd, likevel slik at retten til skyss ikkje gjeld for skolar som er godkjende for å «ha til føremål å gi vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skular», jf. privatskulelova § 3 bokstav e og § 2-2 bokstav e i lovforslaget her.
Departementet presiserte at vaksne i opplæringstilbod som er særskilt organiserte for dei, ikkje har rett til skyss. Ei tilsvarande avgrensing gjeld for vaksne i fylkeskommunale tilbod, jf. opplæringslova § 1-1 tredje ledd. Vaksne som er tekne inn som elevar i vanleg vidaregåande opplæring, er omfatta av retten til skyss, uavhengig av om dei har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje.
Departementet foreslo også ein eigen forskriftsheimel til føresegna, mellom anna om utrekning av skyssavstand og utgiftsgrunnlaget for skyss og innlosjering for norske grunnskolar i utlandet, og om at skyssbehovet til elevane i vidaregåande skolar i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.
12.3 Høyringsinstansane
Dei fleste høyringsinstansane støttar forslaget om at elevane i frittståande skolar skal ha tilsvarande skyssrettar som elevane i den offentlege skolen. Fleire uttrykkjer likevel uro for auka utgifter.
Ein del høyringsinstansar meiner at sidan det er frivillig å søkje seg til friskole, må foreldra sjølve dekkje utgifter utover skyss til den offentlege skolen der eleven har skoleplass.
Andre peiker på at valfridommen blir redusert ved at retten til skyss berre gjeld innanfor grensa i kommunen eller fylkeskommunen der eleven bur.
Norske Privatskolers Landsforbund ønskjer at funksjonshemma elevar i skolar som er godkjende etter privatskulelova § 3 bokstav e, skal ha rett til skyss.
Kommunane Alta og Oslo meiner staten må dekkje meirkostnader for skyss som følgjer av foreldra sine eigne val, og Alta kommune ser for seg statleg meirtilskot til kommunen eller fylkeskommunen, eller at skolen blir ansvarleg for skyssen mot å få refundert kostnadene.
12.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet viser til drøftinga i høyringsbrevet og foreslår at gjeldande skyssordning blir ført vidare.
Departementet viser elles til § 3-7 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.