18 Ulike føresegner
18.1 Opplysningsplikt
18.1.1 Gjeldande rett
Privatskulelova har ikkje føresegner om opplysningsplikt. Personalet i den offentlege skolen har opplysningsplikt til barnevernet og sosialtenesta etter opplæringslova høvesvis §§ 15-3 og 15-4.
18.1.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet at føresegnene om opplysningsplikt til barneverntenesta og sosialtenesta i opplæringslova skulle gjelde tilsvarande for personalet i friskolar.
Departementet la i høyringsbrevet til grunn at lov om barneverntjenester § 6-4 andre ledd også gjeld for private skolar som er godkjende etter privatskulelova, og viste til at dei same omsyna som grunngir reglane i opplæringslova §§ 15-3 og 15-4, også gjeld i forhold til frittståande skolar. Departementet viste dessutan til at reglane i opplæringslova også omfattar privatskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12.
18.1.3 Høyringsinstansane
Forbundet Steinerskolene i Norge er ueinig i at privatskolane har opplysningsplikt etter barneverntenestelova § 6-4. Forbundet viser til at privatskolar ikkje er offentlege organ, og etter deira meining heller ikkje kan seiast å utføre oppgåver på vegner av eit offentleg organ.
18.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet foreslår at innhaldet i forslaget i høyringsbrevet blir ført vidare. Men departementet finn det formålstenleg å presisere reglane i friskolelova i staden for å vise til opplæringslova.
Departementet viser elles til vurderingane i høyringsbrevet, som er refererte under punkt 18.1.2 ovanfor. Departementet viser også til dei generelle merknadene til §§ 7-4 og 7-5.
18.2 Overgangsføresegner
Departementet meiner det ikkje er behov for overgangsreglar for skolar som er godkjende etter privatskulelova. Dei endringane som er foreslått, er, etter departementet si vurdering, lite inngripande for dei skolane som allereie er godkjende. Departementet ser likevel at det kan vere behov for ei viss tid til tilpassing for skolar som får tilskot etter privatskulelova § 26 tilskotsreglane 1, 2 og 3. Sjå også forslag til § 6-1 med merknader.