7 Bortvising. Tap av rettar
7.1 Gjeldande rett
Etter privatskulelova § 12 gjeld føresegnene i opplæringslova §§ 2-10 og 3-8 om bortvising også for elevar «ved tilsvarande private skular». Elevar ved andre private skolar kan visast bort etter reglar som er fastsette i skolen sitt reglement.
Tilvisinga til opplæringslova i privatskulelova § 12 inneber også at reglane om tap av retten for elevar i vidaregåande opplæring også gjeld dei private skolane.
Reglane i opplæringslova om bortvising og tap av rett inneber at skolen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga. På klassetrinna 1-7 kan elevar visast bort for enkelttimar eller for resten av dagen, og på klassetrinna 8-10 kan elevar visast bort i inntil tre dagar. Elevar i vidaregåande opplæring kan visast bort i inntil fem dagar. Den daglege leiaren av skolen vedtek sjølv bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Dagleg leiar kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om bortvising.
Når ein elev i vidaregåande skole vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømer pliktene sine, kan eleven visast bort frå resten av det kurset han eller ho er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av lengda på kurset kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen kan ikkje overlate til skolen å gjere vedtak om bortvising eller tap av retten til vidaregåande opplæring.
Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av retten, skal ein vurdere å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.
Departementet er klageinstans for vedtak om bortvising og tap av rett.
7.2 Høyringsforslaget frå departementet
I høyringsbrevet foreslo departementet ei føresegn som i det vesentlege tilsvarer føresegnene i opplæringslova §§ 2-10 og 3-8, og som dermed i hovudsak fører vidare gjeldande rett etter privatskulelova § 12. Departementet foreslo at dei same reglane om bortvising også skal gjelde skolar som «har til føremål å gi vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje vert gitt ved vidaregåande offentlege skular», jf. privatskulelova § 3 bokstav e og forslaget § 2-2 bokstav e.
7.3 Høyringsinstansane
Statens utdanningskontor i Østfold stiller spørsmål ved fylkeskommunen si innblanding i bortvising for resten av kurset. Utdanningskontoret meiner vedtaket om bortvising bør fattast på skolenivå, og at rettstryggleiken blir godt nok sikra gjennom retten til å klage til departementet. Også Kristne Friskolers Forbund meiner at skolen sjølv, i samråd med fylkeskommunen, bør ha myndigheit til å vise bort ein elev frå resten av kurset.
Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus peiker på at forslaget til føresegn om tap av rettar ikkje kan brukast overfor elevar i vidaregåande skolar i utlandet, då fylkeskommunen ikkje har myndigheit til å gjere vedtak for elevar han ikkje har ansvaret for. Utdanningskontoret finn det også problematisk å leggje slik myndigheit til departementet.
7.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Forslaget inneber at reglane i opplæringslova om bortvising og tap av rett, som det i dag er vist til i privatskulelova, blir tekne inn i friskolelova. Dette vil ikkje føre med seg noko nytt i innhaldet i forhold til gjeldande rett. I tillegg foreslår departementet at reglane om bortvising også skal gjelde for skolar som «har til føremål å gi vidaregåande undervisning som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skular», jf. forslaget sin § 2-2 bokstav e, jf. noverande privatskolelov § 3 bokstav e.
Når skolen gjer vedtak om bortvising for ein eller fleire dagar, må dette etter departementet si vurdering reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. I slike tilfelle praktiserer skolen offentleg myndigheit, og departementet meiner at det er viktig å presisere at reglane i forvaltningslova om mellom anna enkeltvedtak og klagesaksbehandling også gjeld for dei frittståande skolane. Departementet viser elles til at styret har ei generell plikt til å syte for at skolen blir driven i samsvar med gjeldande regelverk, sjå § 5-1. Dette inneber mellom anna plikt for skolen til å følgje reglane i forvaltningslova i saker der skolen gjer enkeltvedtak.
Spørsmålet om kven som bør vedta bortvising for resten av kurset i den vidaregåande skolen, er dels eit spørsmål om kva som gir god nok rettstryggleik for elevane, og dels eit spørsmål om kven som er best eigna til å vurdere om eleven bør visast bort. På den eine sida vil skolen etter departementet si meining vere nærast til å vurdere om eleven kan halde fram på kurset eller ikkje. På den andre sida taler omsynet til nøytralitet for at fylkeskommunen skal behandle saka. Dette kan likevel vegast opp ved at eit vedtak frå skolen kan klagast på til regional statleg forvaltning. Eit anna moment er at fylkeskommunen behandlar bortvisingssakene for dei offentlege vidaregåande skolane, og slik sett har breiare grunnlag for å treffe avgjersler. Dessutan vil fylkeskommunen ha ansvaret for oppfølginga av elevar som eventuelt blir viste bort for resten av kurset, jf. opplæringslova § 3-6. Etter ei samla vurdering vil departementet foreslå at fylkeskommunen vedtek bortvising for meir enn fem dagar.
Departementet viser til kommentarane frå Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus når det gjeld elevar ved norske vidaregåande skolar i utlandet. Departementet er einig i vurderinga til utdanningskontoret. For desse elevane foreslår departementet derfor at vedtak om bortvising for resten av kurset og vedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring blir gjorde av statleg regionalt organ. Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus har i dag ansvaret for norske skolar i utlandet. Departementet meiner det vil vere formålstenleg at dette utdanningskontoret gjer slike vedtak, og at departementet er klageinstans.
Departementetviser elles til § 3-10 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.