10 Avtaleskjønn
Gjennom lovarbeidet har departementet teke opp spørsmål om det bør innførast ein heimel som gjev partane høve til å avtale at jordskifteretten held skjønn når jordskifte blir halde samstundes eller i samband med oreigning eller regulering av eigarrådvelde. Vidare har departementet teke opp spørsmål om partane kan avtale at jordskifteretten held slike skjønn som eiga sak.
Heimelen for avtaleskjønn er regulert i §§ 4 og 5 i skjønnsprosesslova. Etter skjønnsprosesslova § 4 første ledd kan «skjønn eller takst forlanges, naar dette er hjemlet ved lov eller overenskomst». Når partane er samde, kan dei såleis velge om det rettslege spørsmålet skal avgjerast ved skjønn etter skjønnsprosesslova, eller ved vanleg søksmål etter tvistemålslova. Skjønnsprosesslova § 5 første ledd fastset at skjønn skal haldast av herads- og byrettane når ikkje anna er fastsett ved lov. Av denne føresegna framgår det at avtalt skjønn ikkje kan haldast av jordskifteretten utan nærare lovheimel.
Spørsmålet om det bør vere fri adgang for partane til å avtale skjønn utanom herads- og byrettane, vart drøfta av Justisdepartementet i Ot. prp. nr. 18 (1971-72) «Om lov om endring i lov 1. juni 1917 om skjønn, ekspropriasjonssaker og odelsløsning m.m». På side 31 (kap. 5) i proposisjonen drøfter ein om det bør vere adgang til å avtale lensmannskjønn. Lovarbeidet bygde mellom anna på innstillinga frå det såkalla Husaasutvalget «om Skjønnsordningen og om erstatningsutmåling ved ekspropriasjon» som vart avgjeve 12. juni 1969.
Husaasutvalget uttaler mellom anna:
«Sett i sammenheng med det som er uttalt i forarbeidene til §5, synes dette å tyde på at man med bestemmelsen opprinnelig tok sikte på å opprettholde den adgang partene hadde etter den tidligere prosess til å avtale skjønnsprosess i stedet for tvistemål, idet en i de tilfelle hvor lovgivningen ga anvisning på en bestemt skjønnsprosess, enten rettslig skjønn eller lensmannskjønn, ikke mente det var plass til noen avtale om en annen prosessform. Selv om det kan synes grunn til å overlate til partene å å avtale en enklere og billigere prosessform som et lensmannskjønn er, antar utvalget at det ikke bør bli en generell adgang til det. Det vil gjøre det mulig å få avgjort praktisk talt enhver rettstvist både tvister som etter utrykkelig lovbestemmelse skal avgjøres ved rettslig skjønn og andre - av en instans som ikke nødvendigvis - og som regel ikke har et rettskyndig medlem.»
Utvalget konkluderer med at det ikkje bør gjevast noko føresegn i skjønnslova om adgang til å avtale lensmannskjønn på same måte som det er adgang til å avtale rettsleg skjønn. Utvalget meiner likevel at: «det kan derimot vere grunn til i enkelte ekspropriasjonslover hvor det synes å være et særlig behov for det, å gi partene adgang til å avtale lensmannskjønn i stedet for rettslig skjønn, slik som nå etter vegloven av 21. juni 1963 § 60.»
Om spørsmålet uttaler Justisdepartementet mellom anna:
«.... En slik adgang er ikke uten betenkligheter, jfr. det som anføres av utvalget. Det er nok så at partene før de inngår avtalen, vil kunne vurdere om saken er slik at det byr på særlige betenkligheter å la den avgjøres ved lensmannskjønn. Men de vil i enkelte tilfelle kunne komme til å feilvurdere saken og når det heller ikke etter forslaget vil bli adgang til overskjønn over lensmannskjønn reiser det seg ennå større tvil om man bør utvide adgangen til å avtale lensmannskjønn selv om det nok vil kunne medføre fordeler.»
Justisdepartementet konkluderte med at det ikkje bør opnast for ein almenn adgang til å avtale lensmannskjønn. Departementet sa seg elles samd med utvalget i at det i særlege oreigningslover der det er særleg trong for det, kan vurderast om det bør vere adgang til å avtale lensmannskjønn i staden for rettsleg skjønn.
Under handsaminga i Stortinget sa ein samla justiskomite seg samd med utvalget og Justisdepartementet, jf. innst. O. XVIII (1971-72) s. 11 (pkt. 3), flg.
Landbruksdepartementet finn grunn til å peike på skilnaden som ligg i at lensmannskjønn er forvaltning, medan jordskifteretten er organisert som domstol. Argumenta som vert ført av Husaasutvalget og Justisdepartementet kan difor ikkje utan vidare, og med same vekt, leggjast til grunn når ein drøftar spørsmålet om avtaleskjønn for jordskifteretten. Ein er likevel samd med Justisdepartementet i at ein bør vurdere spørsmålet i tilknytning til den einskilde oreigningslov når det føreligg særlege grunnar. Departementet vil streke under at omsynet til rettstryggleik må stå sentralt i slike vurderingar.
Departementet viser til pkt. 8.4 og 9.4 i proposisjonen, der framlegg til jordskifteretten sin skjønnskompetanse i tilknytning til oreigning og regulering av eigarrådvelde vert handsama.
Departementet legg til grunn at partane sin adgang til å kunne avtale at slike skjønn kan haldast av jordskifteretten, vert bygd på den same grunngjevinga. Departementet gjer difor framlegg om at partane kan avtale at jordskifterettane held skjønn i samband med oreigning og regulering av eigarrådvelde. Kompetansen til å halde slike skjønn skal vere geografisk avgrensa til å gjelde i LNF-område, område som er regulert til slike føremål og i uregulert område.
Departementet gjer vidare framlegg om at partane kan avtale at jordskifteretten kan halde oreigningsskjønn og skjønn ved offentleg regulering av eigarrådvelde som eiga sak i slike områder, utan eit samstundes jordskifte. Departementet legg til grunn at dette i all hovudsak vil kome til å gjelde fastsetting av bruksverdiar for heile, eller delar av jord- og skogbrukseigedomar. Departementet viser til at jordskifteretten har heimel til - og erfaring i - å halde pengevederlagsskjønn i samband med samferdselsjordskifte, jf. jskl. § 6. Etter gjeldande rett har og jordskifteretten kompetanse til å halde oreigningsskjønn etter jordlova §§ 13 og 15, jf. § 17 andre ledd. Departementet viser i denne samanheng til grunngjevinga på s. 59 andre spalte første heile avsnitt i Ot. prp. nr. 72 (1993-94) «Om lov om jord.» Det er i dei same områda, og i all hovudsak for tilsvarande eigedomar, departementet no gjer framlegg om at partane sjølve skal kunne avtale skjønn for jordskifteretten.