Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

27 Jordskiftelova § 2 bokstav c jf § 35 bokstav h bruksordning og § 2 bokstav e jf § 34 a sams tiltak

27.1 Gjeldande rett

Jordskiftelova § 2 bokstav e har i dag følgjande ordlyd:

«Skipe slike sams tiltak som er nemnde i § 34a og lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene § 31.»

Jordskiftelova § 34a første punktum har i dag følgjande ordlyd:

«Jordskifteretten kan skipe sams tiltak i samband med utnytting og bruk av eigedom som er eller kan nyttast til jord- og skogbruk».

Departementet viser til Ot. prp. nr. 72 (1993-94) om jordlova og innst. O. nr. 36 (1994-95).

Jordskiftelova § 35 bokstav h har i dag følgjande ordlyd:

«...fastsette reglar for sams bruk av sand- og grustak, vassrettar og sams bruk i samband med rekreasjons- og turistformål som ledd i landbruksnæring»

Departementet viser til Ot. prp. nr. 56 (1978-79) om jordskifte o.a. og innst. O. nr. 21 (1979-80).

27.2 Framlegget i rapporten

Arbeidsgruppa gjer følgjande framlegg:

Jordskiftelova § 2 bokstav e første punktum skal lyde:

«Skipe slike sams tiltak som er nødvendige i samband med utnytting og bruk av eigedomane».

Arbeidsgruppa gjer framlegg om at § 34a vert oppheva i det heimelen for sams tiltak no vert å finne direkte i § 2 bokstav e.

Jordskiftelova § 35 bokstav h skal lyde:

Fastsette reglar for sams bruk av sand- og grustak, vassrettar, og sams bruk i samband med rekreasjons og turistformål.

Framlegga i oppgåverapporten er i hovudsak grunngjeve med at omgrepet «landbruksnæring» skapar vanskelege avgrensingsproblem. Vurderinga må i staden knytast opp mot at det er vanskeleg å utnytte eigedomen på ein tjenleg måte etter tilhøva i dag.

Departementet viser til s. 83- 87 første spalte i oppgåverapporten (sams tiltak) og til s. 95 kap. 9.3.5 (bruksordning § 35 bokstav h).

27.3 Høyringsfråsegner

Dei fleste av høyringsfråsegnene er positive til framlegget. Departementet viser til høyringsfråsegnene under pkt. 4.2.1.1.

Den Norske Advokatforening uttaler seg meir spesielt til framlegget:

«Som det framgår av rapporten s. 84, har arbeidsgruppen hatt som utgangspunkt å gjøre jordskifteloven om til en generell lov for å reparere og forebygge ulemper som eiendomsforholdene skaper. Som nevnt innledningsvis, anser Advokatforeningen dette for å være for ambisiøst, og for å komme i strid med andre hensyn. På denne bakgrunn, er Advokatforeningen skeptisk til å utvide jordskiftelovens hjemmel til å omfatte alle typer eiendommer. Foreningen kan således ikke slutte seg til forslaget til endring i jordskiftelovens § 2e, slik forslaget er utformet på s. 87, 1. spalte i rapporten.»

Vidare uttaler Advokatforeningen:

«Advokatforeningen har ikke bemerkninger til forslaget til endringer av jordskiftelovens § 35 h, rapporten s. 95»

27.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med Advokatforeningen i deira prinsipielle vurderinger.

Etter gjeldande rett er jordskifteretten sin kompetanse med omsyn til sams tiltak avgrensa til å gjelde «eigedom som er eller kan nyttast til jord- og skogbruk».

Departementet har kome til at dette ikkje er noko fullgod avgrensing. Omgrepa landbruksnæring, landbrukseigedom og jord- og skogbruk skaper tolkningsproblem. Ein har i dag ikkje nokon eintydige definisjonar på desse omgrepa korkje i lovtekstar, førearbeider eller rettspraksis. Når det gjeld rettspraksis omkring omgrepa «odelsjord» og «odlingsjord» i odelslova, har «landbrukseigedom» i den seinare tida vorte trekt inn. Som moment i ei slik vurdering har det vorte lagt vekt på mellom anna hevdstilstanden til eigedomen, om den har bygningar eller ikkje, og om den har vegsamband.

Departementet viser vidare til at dei fleste andre av verkemidla etter § 2 ikkje set noko direkte vilkår om «jord- og skogbruk». Det same gjeld for § 35, med unntak av paragrafens bokstav h. Ei fiskeordning valdar problem etter gjeldande rett. Langs elva eller innsjøen ligg det jord- og skogbrukseigedomar, men og fleire eine- og fritidsbustadar. Skal ein sjå bort ifrå strandlina og fiskerettane til slike bustadar og lage ei «stykkevis og delt» fiskeordning, utan heilskap, eller skal dei inn som partar i saka. Problemstillinga er like relevant for sams tiltak som for ei rein ordningssak. I vårt døme skulle det mellom anna byggjast laksetrapper, stamfisk/settefiskanlegg m.v.

Departementet viser til si grunngjeving for å avgrense skjønnskompetansen til LNF- områder, områder som er regulert til slik bruk og vern og i uregulert område. jf kap. 8.4. Departementet finn at gode grunnar taler for at ein tek utgangspunktet i ei tilsvarande avgrensing for sams tiltak i § 34 bokstav a første punktum og for bruksordning med heimel i § 35 bokstav h. Etter departementet si vurdering vil ei slik avgrensing likvel ikkje i nødvendig grad fange opp ordninger og sams tiltak langs sjø og vassdrag. Dette vil t.d. vere saker som gjeld ordning av fiske, naustområder, småbåthavner m.v.

Bruksordninger og sams tiltak med omsyn på råstoffutvinning, t.d. stein-, grus- og sanduttak, utgjer viktige saker for partane. Skulle ein avgrense kompetansen til å gjelde i LNF-områder m.v., jf den stadlege skjønnskompetansen etter framlegget til § 6 femte ledd, ville storparten av råstoffressursane falle utanfor. Desse ressursane er utlagt som områder for råstoffutvinning i arealdelen av kommuneplanen, jf plan- og bygningslova § 20-4 nr. 3

For saker om sams tiltak etter § 2 bokstav e, jf § 34 bokstav a og bruksordninger etter § 35 bokstav h er departementet difor komen til at og plan- og bygningslova § 20-4 nr. 5 må vere omfatta av avgrensinga. Det same gjeld § 20-4 nr. 3, områder for råstoffutvinning.

Når det gjeld krava til planstatus, er det ut frå dei same omsyna som er nenmt under kap. 8.4. naudsynt med tilsvarande unntak for saker om sams tiltak etter § 2 bokstav e, jf § 34a og bruksordning etter § 35 bokstav h. Framlegget til unntaksregel vil såleis omfatte dei tilfelle der krava til planstatus ikkje er oppfylt, mens dei interesser som skal handsamast i saka gjeld landbruks-, naturvern- og friluftsinteresser. Det vil vidare omfatte tilfelle der det er naudsynt av omsyn til jordskiftet eller når det ligg føre særlege grunnar.

Jordskiftelova §§ 34a og 35 bokstav h vil bli endra i samsvar med dette.

Til forsiden