1 Hovudinnhaldet i lovframlegget
1.1 Utvida kompetanse for jordskifteretten
Etter gjeldande lov har vegstyresmaktene og NSB kompetanse til å kreve jordskifte når eigedomstilhøva vert utenlege som følgje av utbygging, vedlikehald og drift m.v. av offentlege vegar og jernbaner. Når jordskifte vert halde samstundes eller i samband med oreigning av tiltak som nemnt, held jordskifteretten oreigningsskjønnet som ein del av jordskiftesaka.
Departementet gjer framlegg om at kompetansen til å krevje jordskifte i samband med utbyggingstiltak - med eitt unntak - vert utvida til å gjelde for offentlege styresmakter med oreigningsheimel utan omsyn til arten av tiltaket. Unntaket gjeld oreigningstiltak i vassdrag. Departementet gjer såleis framlegg om at ekspropriantar reint generelt kan krevje oreigningsjordskifte. Etter hovudregelen vert kompetansen geografisk avgrensa til å gjelde i område som i kommuneplanen sin arealdel er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder (LNF-område), jf. § 20-4 nr. 1 i plan og bygningslova eller areal som er regulert til slike føremål og til uregulerte område. Framlegget inneber ikkje at jordskifteretten sin kompetanse til å halde skjønn i slike område vert eksklusiv. Vilkåret om at det skal skapast ein privatøkonomisk gevinst innan skiftefeltet, må vere oppfylte, jf. § 1 i jordskiftelova. Samstundes må vilkåret i § 3 bokstav a vere oppfylt. Sistnemnte føresegn sikrar at partane ikkje vert påført tap som ikkje vert erstatta gjennom ekspropriasjonen. Sjølv om vilkåra elles skulle vere oppfylt, har rekvirenten full valfridom med omsyn til om ein vil gjennomføre oreigninga ved jordskifte eller ved rettsleg skjønn.
Departementet gjer framlegg om at partane får heimel til å krevje jordskifte når eigarrådvelde vert avgrensa som følgje av offentleg regulering (vernejordskifte). Vilkåret er at eigedomstilhøva vert utenlege som følgje av avgrensinga i eigarrådvelde. Vert jordskifte halde samstundes eller i samband med offentleg regulering av eigedomsutøving, og det er rettskraftig avgjort av dei ordinære domstolane at det skal ytast erstatning for avgrensing i eigarrådvelde, eller vedkomande styresmakt sjølv legg dette til grunn, kan jordskifteretten halde erstatningsskjønnet som ein del av jordskiftesaka. Kompetansen er geografisk avgrensa på same måte som for oreigningsjordskifte. Dei kumulative vilkåra i §§ 1 og 3 bokstav a må vere oppfylt. Rekvirenten kan velje om han vil nytte jordskifteretten eller dei ordinære domstolane. Framlegget inneber at jordskifteretten ikkje får kompetanse til å avgjere om avgrensinga av eigarrådveldet utløyser erstatningsplikt. Jordskifteretten sin kompetanse er avgrensa til å utmåle erstatninga til den einskilde eigedom. Jordskifteretten skal i størst mogeleg grad kompensere tapet gjennom arealbyte og ny eigedomsutforming.
Det vert gjort framlegg om at jordskifteretten skal kunne halde skjønn som eiga sak etter følgjande lover:
gjerdelova § 16
servituttlova § 19
veglova § 60
Kompetansen er geografisk avgrensa til LNF-område, areal som er regulert til slike føremål og til uregulerte område. Framlegget byggjer på at det i slike område er ønskjeleg med særleg innsikt i landbruks- og naturfaglege spørsmål. Det har vidare vore eit siktemål å skape klårleik for partane når det gjeld den stadlege kompetansen mellom dei ordinære domstolane, lensmennene og jordskifteretten.
Med utgangspunkt i valfridom gjer departementet vidare framlegg om at partane kan avtale at jordskifteretten held skjønn i tilfelle det ikkje vert halde eit jordskifte. Kompetansen vert også her avgrensa til å gjelde i LNF-område.
Landbruksdepartementet understrekar at dei alminnelege domstolane fortsatt skal utgjere det sentrale tvisteløysingsapparatet. Dei utvidingane av jordskifteretten sine oppgåver som foreslås i proposisjonen her, må sjåast på bakgrunn av dei gode erfaringane tiltakshavarar og grunneigarar har med grunnerverv gjennom jordskifte i samferdselssaker, jordskiftedomstolanes etablerte plass i rettsapparatet og dei sterke praktiske omsyn som gjer seg gjeldande. Landbruksdepartementet vil for sin del ikkje foreslå overføring av ytterlegare oppgåver frå dei alminnelege domstolane til jordskiftedomstolane før Domstolskommisjonen og Domstolstrukturutvalet har avslutta sine oppdrag. Desse omsyna er elles meir utfyllande omtalt i punkt 4.2.1.2. nedanfor.
1.2 Prosessreglar
Det vert gjort framlegg om endringar av jordskiftelova sine prosessreglar, mellom anna med sikte på å styrke partane sin rettstryggleik. Det har til no vore ein mangel ved jordskiftelova at den har basert seg på avgjerdsformene i tvistemålslova, sjølv om desse ikkje er tilpassa dei ulike avgjerdene under ei jordskiftesak. Sentralt står derfor innføring av vedtak som ny avgjerdsform i jordskifteprosessen, med tilhøyrande reglar om sakshandsaming og grunngjeving. Vidare vert det gjort framlegg om meir utfyllande reglar for sakstypene grensegang og rettsutgreiing, som mellom anna går ut på at jordskifteretten ikkje lenger skal kunne utvide slike saker utan at dette er kravt av ein part. Det vert og gjort framlegg om at jordskifteretten skal kunne avvise krav om utviding av jordskiftesak som kjem etter at saka er i gang, om endringar i reglane for samansetting av jordskifteretten og om utvida høve til å kreve oppattaking av jordskiftesaker. Dette siste gjeld både oppattaking etter reglane i tvistemålslova og oppattaking på grunn av endringar i forvaltningsmessige føresetnader. Det vert og gjort framlegg om andre mindre endringar.
Når det gjeld skjønnssaker, vert det gjort framlegg om at jordskifteretten i større grad enn i dag skal følgje reglane i skjønnsprosesslova. Vidare vert det gjort framlegg om at lagmannsretten held overskjønnet når jordskifteretten har halde skjønnet i første instans. Dette er særleg viktig i oreignings- og vernesaker, då det inneber at partane slepp å anke gjennom to instansar for å få saka handsama av juridiske dommarar.
1.3 Tilhøvet mellom jordskifteretten og forvaltninga
I kapitel 7 har departementet drøfta nokre problemstillingar knytt til tilhøvet mellom jordskifteretten og forvaltninga. Ein drøftar mellom anna Jordskifteverkets organisering som særdomstol, tilhøvet mellom jordskifteretten og forvaltninga sine arbeidsoppgåver, jordskifterettens rolle som gjennomføringsorgan i landbrukspolitikken og tilhøvet mellom rettskraftig jordskifte og reguleringsendringar.
1.4 Anna
Det vert og gjort andre framlegg til endringar av gjeldande jordskiftelov.
Dette gjeld mellom anna:
miljøvernparagrafen vert utbygd og forsterka
målsettinga for eigedomsutforming vert knytt opp til eit meir dynamisk tenleghetskriterium
når eigar og jordleigar er samde og leigetida er ti år eller meir når saka vert fremma, kan leigejord inngå i driftseininga til jordleigar i den nye eigedomsutforminga
eigar kan kreve at eigedomen hans vert utforma for bortleigeføremål i landbruksnæring
jordskifteretten får ein avgrensa kompetanse til å halde bruksordning i personleg sameige
det vert innført ein ny rettsleg standard i § 2 bokstav c nr. 2, som inneber ei varsam «oppmjuking» av regelen
§ 2b vert endra. Jordskifteretten får ein avgrensa heimel til å byte grunn mot rettar. Det vert innført ein klår heimel for å byte rettar mot rettar i realsameige
det vert innført heimel for å kunne skifte skog etter balanserte metodar (bruksverdiar)
Departementet gjer vidare framlegg om at det vert innført ein spesialregel (lex specialis) i høve til selskapsretten for dei lag som jordskifteretten skipar som del av ei jordskiftesak. Framlegget inneber, i motsetnad til gjeldande rett, at det er partane ved fleirtalsvedtak som tek avgjerd om såkalla risikoprosjekt skal settast iverk. Det er vidare dei som iverkset tiltaket som vel selskapsform. Framlegget byggjer på prinsippa i § 5 i sameigelova.