11 Skjønnskompetanse etter andre lover
Problemstillingane som vert handsama nedanfor, gjeld om jordskiftedomstolen skal få kompetanse som skjønnsrett etter gjerdelova § 16, veglova § 60, jf. § 53 og servituttlova § 18 første ledd jf. §§ 5-7 og 13.
11.1 Gjeldande rett
11.1.1 Gjerdelova
Jordskifteretten har i dag heimel i jskl. § 52 andre ledd til å halde gjerdeskjønn etter lov om grannegjerde av 5. mai 1961 (gjerdelova) som del av ei jordskiftesak. Jordskifteretten har vidare ein avgrensa heimel til å halde gjerdeskjønn som eiga sak etter jskl. § 2 bokstav e. Skjønnskompetansen ligg elles til dei ordinære domstolane. I lensmannsdistrikt ligg kompetansen til lensmannen.
11.1.2 Veglova § 53
Jordskifteretten har heimel i jskl. § 42 andre ledd til å halde oreigningsskjønn til privat veg etter veglova av 21. juni 1963 nr. 23 som del av ei jordskiftesak. Som eiga sak ligg skjønnskompetansen til lensmannen i lensmannsdistrikt når partane er samde om dette og elles til rettsleg skjønn.
11.1.3 Servituttlova
Jordskifteretten har etter gjeldande rett ikkje heimel til å halde skjønn etter «lov um særlege råderettar over framand eigedom av 29. november 1968» (servituttlova). Saksøkte i eit servituttskjønn kan i medhald av servituttlova § 18 andre ledd på nærare vilkår krevje at saka vert overført til jordskifteretten, som skal handsama saka etter jordskiftelova sine reglar om omskiping (bruksordning) eller avløysing. Servituttlova § 18 andre ledd fyrste punktum lyder:
«Vil motparten i staden krevja bruksordning eller avløysing etter lova om jordskifte, kan skjønet samtykkja i det når det meiner at dette er ein betre framgangsmåte og kravet er satt fram så snart det er høve til det.»
Denne heimelen har ein ikkje kunnskap om har vore nytta. Skjønnskompetansen etter servituttlova er lagt til lensmannen i lensmannsdistrikt og elles til dei ordinære domstolane.
11.2 Framlegget i oppgåverapporten
I oppgåverapporten vert det mellom anna gjort framlegg om at jordskifteretten får kompetanse til å halde skjønn etter gjerdelova § 16 og veglova § 60, jf. 53 som eiga sak. Det vert vidare gjort framlegg om at dette vert heimla i jskl. § 2. Framlegget vert mellom anna grunngjeve med den røynsle jordskifteretten har med skjønn etter dei to lovene som del av jordskiftesak.
Framlegget om å legge skjønnskompetansen etter gjerdelova § 16 til jordskifteretten vert dessutan grunna med at gjeldande rett, med omsyn til kompetansespørsmålet, er vanskeleg å forstå for partane. Det vert vist til at jskl. § 2 bokstav e om sams tiltak gjeld både for nye og eksisterande tiltak. I ei gjerdesak etter § 2 bokstav e har likevel ikkje jordskifteretten heimel til å halde skjønn for eit eksisterande gjerde med mindre det er jordskifteretten som har stifta gjerdeplikta tidlegare, jf. jskl. §§ 2 e nr. 4, andre ledd og 52 andre ledd og gjerdelova § 14 andre ledd. Dei uklåre kompetansereglane medfører at lensmannen viser partane til jordskifteretten, som igjen viser partane tilbake til lensmannen.
Arbeidsgruppa sitt framlegg om å gje jordskifteretten kompetanse etter veglova § 60, jf.§ 53 vert grunngjeve med at gjeldande kompetansereglar valdar problem både for partane og jordskifteretten. Det vert vist til at ein veg som er til nytte for minst to eigedomar, der minst ein av dei er landbrukseigedom, fell inn under jordskifteretten sin kompetanse etter jskl. § 2 bokstav e, jf. § 4 fjerde ledd, § 52 andre ledd og gjerdeloven § 14 andre ledd. Jordskifteretten har derimot ikkje kompetanse når vegen trengst berre for ein landbrukseigedom, eller når kravet ikkje omfattar nokon landbrukseigedom. Omfattar kravet derimot minst ein landbrukseigedom, har jordskifteretten med eitt heimel til å halde vegskjønn for eit utal av eigedomar som ikkje er landbrukseigedomar.
Når det gjeld framlegget til kompetanseendringar i servituttlova, vert dette, på same måte som for gjerdelova og veglova ovanfor, grunngjeve med trongen for forenklingar med omsyn til kompetansespørsmålet. Det vert vist til at reglane i jordskiftelova om bruksordning og avløysing prinsipielt ikkje avvik frå dei materielle reglane i servituttlova om omskiping og avskiping. Det vert vidare vist til den breie røynsla jordskifteretten har i slike saker, og til det store talet på slike saker som er handsama av jordskifterettane. Arbeidsgruppa er ukjend med bruken av lensmannskjønn etter servituttlova, «men antar at den blir brukt i beskjeden grad.» Framlegget frå arbeidsgruppa inneber og at rettsleg skjønn etter servituttlova skal leggjast til jordskifteretten.
11.3 Høyringsfråsegner
Dei fleste av høyringsfråsegnene er positive til framlegga. Lagmannsrettane og Den Norske Advokatforening går imot framlegga på prinsipielt grunnlag. Desse går imot ei utviding av jordskifteretten sin skjønnskompetanse reint generelt og kommenterer ikkje framlegga under dette kapittel særskilt. Departementet viser derfor til pkt. 4.2.1.1.
11.4 Departementet sine merknader
Innleiingsvis vil departementet vise til at gjerdeskjønn og skjønn etter veglova § 60 for private vegar i dag kan haldast av tre ulike slag instansar etter dei same materiellrettslege reglar. Langt på veg kan ein seie det same når det gjeld omskiping og avskiping av servituttar. To av desse instansane er organiserte som domstolar, dei ordinære domstolane og jordskifteretten. Det tredje er forvaltning (lensmannskjønn). Departementet seier seg samd med arbeidsgruppa i at kompetansegrensene på denne måten kan framstå som uklåre for partane. Dette viser seg og i praksis ved at partar vert vist frå ein skjønnsinstans til ein annan, for deretter å bli vist tilbake til den første. Dette er etter departementet sitt syn uheldig. På landsbygda vil ein og kunne sjå at jordskifteretten og lensmannen held skjønn samstundes i eit granneområde. Mellom annna av omsyn til ressursbruk er dette uheldig.
Departementet sitt utgangspunkt er at slike skjønn er rettspleie som bør utførast innanfor ei domstolsramme. Dette gjeld særleg i høve til tvistesaker. Departementet vil likevel peike på at lensmannsetaten har eit særs godt desentralisert apparat med vel 460 lensmannsdistrikt. Departementet er samd med Justisdepartementet i at lensmennene vil kunne fungere som eit godt meklingsorgan i slike saker. Vellukka mekling motverkar at sakene vert bragt inn for domstolane. Departementet sitt framlegg inneber at rekvirenten kan velje mellom jordskifteretten og lensmannskjønn.
Når det gjeld framlegga, som etter hovedregelen er geografisk avgrensa til å gjelde i LNF-områda, område som er regulert til slik bruk og i uregulert område, finn departementet grunn å leggje vekt på følgjande:
Oppgåvene som skal løysast i slike skjønn, er etter sin art rettspleie
Problema som skjønnet skal ta stilling til, vil i i hovudsak gjelde landbruksnæring eller ha tilknytning til naturfaglege spørsmål
Jordskifteretten har heimel til å handsame slike saker som del av jordskiftesak. Årleg handsamar jordskifteretten fleire hundretals slike saker. Jordskifteretten har såleis ein omfattande praksis og erfaring i å handsame slike saker
Jordskifteretten vil og kunne utføre innmåling (koordinatfesting) og kartlegging som ein del av saka. Dette vil innebere prosessøkonomiske fordelar for partane som elles måtte rekvirere kartforretning etter at skjønnet var avheimla
På denne bakgrunnen vil departementet gjere framlegg om at jordskifteretten får heimel til å halde slike skjønn som eiga sak. Den stadlege kompetansen vil vere i samsvar med framlegga til hovudreglar for skjønn elles i proposisjonen. Etter departementet si vurdering vil dette gje ei klår kompetansegrense som vil gjelde for heile landet.
Framlegget inneber ikkje at kompetansen skal vere eksklusiv. Partane skal ha valfridom mellom lensmannsskjønn og jordskifteretten.
Dei einskilde særlover er handsama særleg nedanfor.
11.4.1 Gjerdelova
Departementet seier seg i hovudsak samd i vurderingane til arbeidsgruppa. Skillet mellom nytt gjerde og eksisterande gjerde, og vilkåret om at eit eksisterande gjerde tidlegare må vere stifta i ei jordskiftesak før det kan handsamast av jordskifteretten, er upraktisk. Dette gjeld særleg i høve til jskl. § 2 bokstav e som og femner om eksisterande tiltak. Departementet viser her til ei avgjerd i Høgsterett (Rt. 1987 s. 595) der det vert vist til at å «skipe» omfatter ikkje berre endringar på omfang og utforming av eksisterande tiltak, men gjeld og i dei høve talet på deltakarar i tiltaket vert endra. Departementet ser ikkje nokon grunn til at gjerdespørsmål i denne samanhengen skal stå i nokon særstilling i høve til alle andre sams tiltak. Departementet ser det ikkje nødvendig å take inn ei eiga føresegn om denne kompetanse i jskl. § 2, dette let seg løyse gjennom endringar i gjerdelova.
11.4.2 Veglova § 60, jf. kap. VII
Departementet seier seg i hovudsak samd i arbeidsgruppa sine vurderingar og konklusjonar. Gjeldande regelverk er upraktisk og fører til ekstra kostnader for partane reint prosessøkonomisk. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom vilkåret om at det må vere minst to eigedomar, der minst ein må vere landbrukseigedom, jf. § 2 bokstav e i jordskiftelova. Med andre ord er jordskifteretten på den eine sida kompetent til å halde skjønn etter veglova kap. VII (private vegar) jf. jskl. §§ 2 bokstav e og 42 andre ledd for alle slag av eigedomar, berre vilkåret om at ein landbrukseigedom omfattast av kravet er oppfylt. På den andre sida har jordskifteretten ikkje kompetanse til å halde slikt skjønn når det berre er «andre eigedomar» som er omfatta av kravet, og heller ikkje når saka berre gjeld ein eigedom, sjølv om det er ein landbrukseigedom. Ein kan difor seie at kompetansen omfattar det større, men ikkje det mindre.
Departementet viser til den røynsle jordskifteretten har i vegsaker. Dette gjeld ikkje berre i høve til praktisering av veglova kap. VII som del av ei jordskiftesak, men og i høve til planlegging og bygging av skog- og jordbruksvegar, andre driftsvegar og atkomstvegar.
Departementet gjer derfor framlegg om at jordskifteretten får heimel til å halde skjønn etter veglova § 60 for private vegar, jf kap. VII i lova.
Departementet ser det som naturleg at jordskifteretten utfører nødvendig innmåling, (koordinatfesting) og kartlegging som ein del av saka.
11.4.3 Servituttlova
Departementet viser til at spørsmålet om jordskifteretten sin kompetanse vart drøfta under arbeidet med servituttlova. Den Norske Advokatforening (lovutvalet) tok i si høyringsfråsegn opp spørsmålet om einekompetanse for jordskifteretten i slike saker. Dei uttala mellom anna:
«I denne sammenheng vil vi forøvrig nevne at det blir en noe besynderlig rettsordning at man for de rettigheter som går inn under jordskifteloven skal ha to sett rettergangsregler om til dels samme rettsspørsmål. Vi har derfor vært inne på den tanke om man for den slags rettigheter burde begrense skjønnsrettens kompetanse etter nærværende lovs §§ 5-9 således at jordskifteretten fikk enekompetanse i de spørsmål som kan avgjøres etter jordskifteloven. Det kunne også bli tale om visse tillegg i jordskiftelovens regler for å utvide jordskifterettens kompetanse. Vi er dog blitt stående ved at det får klare seg at saksøkte gis den rett til overflytning som er foreslått i § 18 annet ledd.»
Justisdepartementet uttalte mellom anna til dette spørsmålet:
«Det er på det reine at rettar som går inn under reglane om bruksordning og avløysing i jordskiftelova, i vid mon og går inn under reglane om om- eller avskiping i utvalsframlegget og utkastet her. Det er å sjå til litt underleg at det på denne måten for same slags rettar skal gjelde to slag rettar jamsides om stort sett same spørsmål. Som Advokatforeininga kan ein spørje om ikkje skipnaden heller bør vere den at reglane i jordskiftelova - og jordskifteretten - vert einerådande på sitt område. I så fall bør spørsmålet om reglane i jordskiftelova takast opp til ny prøving for å finne ut om det er tilfelle som heller bør komme inn under reglane her.
Slik departementet ser det kan det - i all fall etter tilhøva i dag vere praktisk med to sett reglar som kvar for seg har sine føremoner, slik det er høve til å nytte den framgangsmåten og avgjerdsmakta som høver best i det einskilde tilfelle...... »
Justisdepartementet viser vidare til servituttlova § 18 andre ledd om overføring av skjønn frå skjønnsretten til jordskifteretten etter krav frå saksøkte, som ein måte å fange opp denne valfridomen på.
Landbruksdepartementet viser til Ot. prp. nr. 8 (1967-68) om sevituttar s. 78 andre spalte flg. om det ovanforståande.
Departementet viser vidare til at § 18 andre ledd ikkje har vore nytta i praksis. Dette har etter departementet si vurdering meir med prosessøkonomi og tid å gjere, enn med valfridom.
Jordskiftedomstolen avsluttar årleg omlag 1000 saker. Eit fleirtal av sakene inneheld bruksordninger og/eller avløysing av bruksrettar, anten som eigne saker eller som del av ei jordskiftesak. Dette er saker som jordskifteretten, gjennom sin faglege kompetanse og erfaringsgrunnlag, har særlege føresetnader for å løyse. Ordning av mellom anna vegar, grus, sand , jakt, fiske, beite, gjerder m.v og avskiping av bruksrettar grip inn i kjerneområdet til jordskiftedommarane sin utdanning og daglege praksis.
Departementet legg vekt på at servituttlova sine materielle reglar prinsipielt ikkje skil seg frå jordskiftelova sine føresegner. Dette samsvarer og med Justisdepartementet si fråsegn i ovanfornemnde proposisjon.
Departementet vil og her legge vekt på at det i fleire av bruksordningssakene (omskiping) er trong for målearbeid. I desse sakene utfører jordskifteretten innmåling, (koordinatfesting) og kartlegging som ein del av saka. Dette må vektleggjast i vurderinga når det gjeld omsynet til valfridom og prosessøkonomi for partane. Det same gjeld med omsyn til ressursbruken i det offentlege. Departementet gjer difor framlegg om at jordskifteretten får heimel til å halde skjønn etter servituttlova § 18, jf. §§ 5-7 og 13.