25 Tinglyst utdrag til part, § 24 første ledd
25.1 Gjeldande rett
Etter at saka for jordskifteretten er avslutta, er det i jordskiftelova § 24 første ledd fjerde og femte punktum fastsett at i eit tinglyst utdrag av rettsboka, saman med ein kopi av jordskiftekartet, skal sendast til ein av partane og vere til bruk for alle partane i saka.
25.2 Framlegget i rutinerapporten
Rutinegruppa peiker på at alle partane no får kopi av heile rettsboka i samsvar med regelen i § 22 andre ledd siste punktum. Dei får og kopi av kart og andre viktige vedlegg til rettsboka. Rutinegruppa meiner difor at ovanfor nemnte regel i § 24 har vorte overflødig, og gjer framlegg om at den vert oppheva. I staden bør det tinglyste utdraget oppbevarast på jordskifteretten sitt kontor.
25.3 Høyringsfråsegner
Ingen av høyringsinstansane har kommentert dette framlegget.
25.4 Departementet sine merknader
Departementet er samd med rutinegruppa i at jordskiftelova § 24 første ledd fjerde og femte punktum har vorte overflødig, og at § 22 andre ledd siste punktum må tolkast slik at den og omfattar kart og andre viktige vedlegg til rettsboka. Departementet vil difor gjere framlegg om at § 24 første ledd fjerde og femte punktum vert fjerna, og erstatta med ein regel om at kopi av det tinglyste utdraget av rettsboka skal oppbevarast på jordskifteretten sitt kontor.