22 Flytting m.m. av jordskiftelova § 2 bokstav h - rettsutgreiing
22.1 Gjeldande rett
I dag finn vi føresegna om rettsutgreiing i jordskiftelova § 2 bokstav h. Denne paragrafen opnar med «Jordskifte kan gå ut på å:». Rettsutgreiing er likevel av ein annan karakter enn dei andre sakstypene i denne paragrafen. Denne sakstypa handlar om å slå fast kvar grensene går og kva rettar og plikter som finst i eit område, medan dei andre sakstypene i paragrafen går ut på å trekke opp nye grenser og etablere nye rettar og plikter.
At rettsutgreiing står i § 2, har mellom anna fått den konsekvens at Høgsterett i Rt. 1995 s. 607 har slått fast at § 3 bokstav a gjeld for desse sakene. Kjæremålsutvalet uttaler mellom anna i orskurden:
«Kjæremålsutvalget er enig med lagmannsrettens mindretall i at jordskifteloven § 3 bokstav a gjelder for alle de former for jordskiftevedtak som er angitt i jordskifteloven § 2. Noe grunnlag for en innskrenkende tolking i forhold til det som følger av bestemmelsens ordlyd foreligger ikke.»
Når det gjeld omfanget av ei rettsutgreiing, gjev §§ 25 og 26 no heimel for å utvide omfanget av rettsutgreiinga utover kravet, både geografisk og med omsyn til kva slag rettshøve som skal vere gjenstand for utgreinga, berre dei to kumulative vilkåra (rettsleg betinga sambruk og nødvendig av omsyn til bruken) i § 2 bokstav h, samt vilkåret i § 3 bokstav a, er oppfylt. Etter § 25 andre ledd kan jamvel jordskifteretten av eige tiltak gjere dette.
22.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet vurderer i høyringsnotatet plasseringa av jordskiftelova § 2 bokstav h mellom anna på bakgrunn av avgjerda i Høgsteretts kjæremålsutval. At § 3 bokstav a skal gjelde for rettsutgreiingssaker, finn departementet problematisk. Slik ein ser det, er det ikkje tenleg å tale om å vinne eller tape på å få fastsett kva rettar og plikter ein har, på same måte som ein kan vinne eller tape i ei sak der rettar blir regulert eller bytta. I så måte har rettsutgreiing etter jordskiftelova § 2 bokstav h mykje meir til felles med grensegang etter jordskiftelova § 88 (med unntak av nest siste og siste punktum om makeskifte og regulering av grensene) enn med § 2 bokstavane a-g.
Ein vurderer i høyringsnotatet den rettslege plasseringa av § 2 bokstav h og ut frå andre rettspolitiske omsyn, med særleg vekt på kor vidt omfanget av ei slik utgreiing bør vere. Etter gjeldande rett er omfanget av ei rettsutgreing som nemnt avgrensa av vilkåret om at det skal vere rettsleg betinga sambruk i vedkomande område. Innanfor eit slikt område må saka ikkje femne om meir enn det som er naudsynt av omsyn til bruken for partane. Departementet legg til grunn at rettsutgreiing etter jordskiftelova berre skal femne om fastsetting av eigedoms- og bruksrettstilhøva. Dette fell klårt utanfor omgrepet «jordskifte» i § 2.
Ein gjer i høyringsnotatet framlegg om å flytte heimelen til å halde rettsutgreiing til eit eige kap. 10a, systematisk plassert før kapittel 11 om grensegang, slik at omgrepet «jordskifte» ikkje omfattar andre saker enn dei som er nemnt i jordskiftelova § 2 bokstavane a-g.
Det vert vidare lagt til grunn at ei rettsutgreiing skal avgrensast i samsvar med framlegget til § 88 nytt fjerde ledd, slik at parten i kravet om rettsutgreiing må opplyse kva for spørsmål det er som er uklåre, og slik at retten ikkje på eige initiativ kan gå utanfor dette. Skulle ei rettsutgreiing kunne utvikle seg, utanfor partane sin kontroll, til å bli noko nær altomfattande, ville dette kunne få alvorlege og uoversiktlege verknader for partane. Dette gjeld ikkje minst med omsyn til prosesskostnadene. Ein rekvirent, som vil ha utgreidd eit eller fleire rettshøve, må kunne ha ein rimeleg oversikt over kostnadene når han krev saka.
På dette grunnlaget vert det i høyringsnotatet gjort framlegg om å flytte jordskiftelova § 2 bokstav h om rettsutgreiing til eit eige kapittel 10a, og å gjere nytt fjerde ledd i § 88 gjeldande for rettsutgreiing.
22.3 Høyringsfråsegner
Det har ikkje kome fram tunge motførestillingar til dette framlegget frå høyringsinstansane i Jordskifteverket, men det vert påpeika at det etter framlegget ikkje lenger går fram kven som kan sette fram krav om rettsutgreiing. Vidare vert det uttalt at reglane om rettsutgreiing bør takast inn i nogjeldande kap. 11 om grensegang i staden for i eit eige kapittel.
Vest-Oppland jordskifterett uttaler:
«Vi har ingen merknader til at hjemmelen for rettsutgreiing flyttes fra § 2 til ny § 87 a, og er enige i at dette er viktig for å klargjøre at § 3 a ikke skal gjelde for disse sakene. (....) Den foreslåtte ordlyd i § 87 a må imidlertid endres slik at det - som i § 88 - går frem hvem som har rett til å kreve slik sak.»
Agder jordskifteoverrett uttaler:
«Vi er enige i at § 2 h om rettsutgreiing ikke hører hjemme hvor den står oppført i gjeldende jordskiftelov. Rettsutgreiing kan i visse tilfeller sammenlignes med reglene om grensegang i kap. 11. Rettsutgreiing og grensegang bør derfor vurderes plassert samlet i et kapittel.»
Den Norske Advokatforening uttaler:
«Departementet foreslår bestemmelsen om rettsutgreiing flyttet til et eget kapittel for å klargjøre at rettsutgreiing, på samme måte som grensegang, ikke faller inn under jordskiftebegrepet i § 2, og slik at lovens regler om jordskifte derfor bare skal gjelde så langt de passer.
I høringsnotatet har departementet presisert at man ikke ved denne endringen skal utvide jordskifterettens kompetanse, men at en rettsutgreiingssak bare kan fremmes for arealer som ligger i sameie mellom bruk og/eller arealer der det er sambruk mellom eiendommer, f.eks. felles beitestrekninger e.l. Denne begrensning bør opprettholdes, slik at jordskifteretten f.eks. ikke får alminnelig kompetanse til i likhet med de ordinære domstoler å avgjøre alle tvister etter sameieloven og servituttloven m.v.
At den foreslåtte lovendring ikke skal medføre utvidet kompetanse, bør sies i klartekst i lovforarbeidene.
Som følge av at bestemmelsen er flyttet til et eget kapittel, fremgår ikke lenger hvem som kan fremsette krav om rettsutgreiing. Advokatforeningen vil anbefale at det på samme måte som i bestemmelsene om grensegang, klarlegges i lovteksten hvem som kan kreve rettsutgreiing.»
Den Norske Dommerforening uttaler:
«En vesentlig side ved lovforslaget er hvilken kompetansefordeling vi i framtiden skal ha mellom de alminnelige domstoler og jordskifterettene. Jeg har i lang tid gått rundt med den forestilling at når det gjelder spørsmål om eiendomsrett til fast eiendom, har en part stort sett kunne velge mellom herredsretten og jordskifteretten (i medhold av § 88) for å få avgjort et tvistespørsmål.
Spørsmålet blir så om jordskifteretten skal ha en liknende kompetanse i bruksrettsspørsmål. Ved å flytte § 2 h til ny bestemmelse § 87 a, vil vel dette langt på vei bli konsekvensen.
Vi er her inne på ganske grunnleggende spørsmål i tilknytningen til organiseringen av vår sivile rettergang. Det er vårt prinsipielle utgangspunkt at vi ikke skal ha særdomstoler for visse typer saker. Lar vi jordskifterettene få tilnærmet samme kompetanse som de alminnelige domstoler i tvister om eiendomsrett og bruksrett til fast eiendom, blir dette således en ordning som ganske klart avviker fra den øvrige organisering av vår sivilprosess. I denne forbindelse er det særskilt grunn til å peke på at i tingsrettsaker der vi gir jordskifteretten kompetanse til å avsi dom, vil en part fritt kunne velge mellom de alminnelige domstoler og jordskifteretten. Noe slikt har vi vel ikke ellers i vår sivilprosess.
Jeg har ikke noe bestemt syn på om vi bør satse på en slik særordning når det gjelder fast eiendoms rettsforhold. Jeg mener dette spørsmålet bør utredes på prinsipiell basis, der ikke minst Justisdepartementet blir trukket inn i arbeidet.»
Norges Landbrukshøgskole uttaler:
«For det første vil vi gjerne understreke at det er fortenestefullt å ta opp dette temaet. Regelen i § 2h kom inn i loven i 1979 med alt for lite drøfting og analyse i førearbeida. Alt for mykje var uklårt, særleg på den prosessuelle sida. Ein ny gjennomgang er difor velkommen.
Rettsutgreiing er eit omfattande tema. I praksis har det vist seg å vere mange ulike variantar. Men praksis syner og at nyskapinga «rettsutgreiing» har vore nyttig. Vi har ikkje nå hatt høve til å analysere emnet på ein grundig måte, men vi ser på framlegget frå departementet som positivt, i så måte som det er ein freistnad på å leggje ei meir presis ramme kring slike saker.
Flyttinga av heimelen til eit eige kapittel, evt. saman med grensegang, synest vi er positiv og utan særlege problem. Det går også klart fram av vurderingane at dette er gjort m.a. for at tapsgarantien i § 3a ikkje skal gjerast gjeldande.
Derimot synest det ikkje å vere heilt klart kva for reglar som skal gjelde for omfanget av saka. At den foreslåtte nye regelen om grensegang i § 88, 4. ledd skal gjelde er klart nok, men kva med § 25? Erstattar eller kompletterar den nye regelen i § 88 reglane i § 25, og også forsåvidt § 12 første ledd? Etter samanhengen må vi tru at kravet er å skjerpe praksis, kravet må utformast meir presist, det skal bli vanskelegare å utvide saka i forhold til kravet. Men det er ikkje lett å sjå kva det nye 4. ledd i § 88 får av sjølvstendig tyding i høve til det som elles følgjer av §§ 25 og 12.1 i høve til disposisjonsprinsippet. Det er § 25 som er problemet, og då serleg andre ledd. I høve til rettsutgreiing kan det vel tenkjast tilfeller der det i og for seg ville vore tenleg å utvide saka på den måte som denne lovstaden gir heimel til. Men spørsmålet er om det er nok til at jordskifteretten bør ha slik utvidingsheimel av eige tiltak, her krevst det nok meir analyse med praktiske døme.
Det er ikkje til å kome frå at i § 2h-saker har jordskifteretten til forveksling same funksjon som vanleg herredsrett, det er som regel vanlege tingsrettslege tvistar og spørsmål som skal avklarast. Det er då vanskeleg å argumentere for at jordskifteretten her skal kunne ta opp til fastlegging, og til og med evt. pådøming, forhold og spørsmål som partane ikkje har bede om.
Eit poeng i denne samanhengen er forholdet mellom rekvirenten og dei andre partane. Det er klart nok at kravet frå rekvirenten ikkje, utan vidare i alle fall, skal ha nokon førerett framfor dei andre partane til å definere kva saka skal omfatte. Dei andre må ha full heimel til å artikulere ei meining om det, og få den vurdert og avgjort på lik line med den parten som krev sak. Her er det likevel slik at vi dreg med oss ei førestilling om at den som krev den mest vidtgåande saka, størst omfang så å seie, både sakleg og geografisk, har ein slags førerang. Og slik må det reint prosessuelt vere, kravet definerer ei ytre ramme, som enten kan fremmast slik det er eller utvidast som følgje av andre partar si meining eller rettens eige tiltak, i den grad det er høve til det. Innskrenking derimot er det verre med, det er rimelegvis ikkje høve for retten til å innskrenke saka av eige tiltak, den må i så fall avvisast som utenleg, dersom retten skulle meine det.»
22.4 Departementet sine merknader
Gjeldande rett m.o.t. kven som kan kreve rettsutgreiing, framgår i dag av jordskiftelova § 5 første, andre og åttande ledd. Kravskompetansen er lik for rettsutgreiingssaker og grensegangssaker, jf §§ 88 og 89, med unntak av at utøvar av reindrift ikkje er nemnt i gjeldande § 88. Førearbeida til reglane om kven som skal ha kravskompetanse i reinbeitedistrikt (Ot. prp. nr. 28 for 1994-95), tyder ikkje på at det her har vore meininga å ha ulike reglar for grensegangssaker og rettsutgreiingssaker (s. 57 og 60). Departementet vil derfor gjere framlegg om å ta inn utøvar av reindrift i § 88.
Departementet ønskjer ikkje no å gjere endringar når det gjeld kven som kan kreve rettsutgreiing, og vil gjere framlegg om at reglane om rettsutgreiing her får ein ordlyd som er i samsvar med gjeldande rett.
Den Norske Dommerforening tek opp spørsmålet om utviding av jordskifterettens kompetanse. Det er, slik departementet ser det, tre moglege årsakar til at flyttinga av jordskiftelova § 2 bokstav h til rettsutgreiingskapitlet kan verte oppfatta som ei kompetanseutviding for jordskifteretten. For det første skal jordskiftelova § 1 ikkje lenger gjelde, d.v.s. at jordskifteretten ikkje lenger skal måtte prøve om «eigedomane er vanskelege å nytte ut etter tida og tilhøva». For det andre skal jordskiftelova § 3 bokstav a heller ikkje gjelde, d.v.s. at tilhøvet mellom nytte og kostnader/ulemper for den einskilde eigedom ikkje lenger skal vurderast. For det tredje har vi jordskiftelova § 3 bokstav b som heller ikkje lenger vil gjelde for rettsutgreiingssaker, d.v.s. at kommunen ikkje lenger vil ha krav på å få «seie si meining» i spørsmålet om fremming av saka.
Slik departementet vurderer dette, vil ikkje flyttinga av rettsutgreiingsheimelen medføre ei utviding av jordskifterettens kompetanse. Departementet vil grunngje dette synet på følgjande måte: Når det gjeld verknaden av at § 1 ikkje lenger skal gjelde, er det fortsatt eit vilkår for rettsutgreiing at det skal vere «nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området» (sjå ny § 88 a første ledd). Ein vurderer det slik at § 1 har liten sjølvstendig tyding i høve til dette vilkåret. Når det gjeld § 3 bokstav a, så har denne paragrafen aldri gjeve noko meining i reine rettsutgreiinggsaker, då den er meint for omformingssaker og sikrar partane at dei skal kome ut av omformingsprosessen i balanse eller pluss. Når det til slutt gjeld § 3 bokstav b, så kan ein ikkje sjå det som ei utviding av jordskifterettens kompetanse at kommunen ikkje lenger skal ha krav på å få «seie si meining» i desse sakene. Det går klårt fram av førearbeida til § 3 bokstav b at det kommunen her har er ein uttalerett og ikkje ein vetorett, og at regelen forsåvidt ikkje har noko stor sjølvstendig tyding ved sida av gjeldande § 20 tredje ledd (ny § 20 a) om samråding (Ot.prp. nr. 56 for 1978-79 s. 76).
Norges Landbrukshøgskole tek opp spørsmålet om tilhøvet mellom gjeldande § 25 andre ledd og ny § 88 fjerde ledd i rettsutgreiingssaker. Departementet sin klåre intensjon med å innføre ein regel som § 88 fjerde ledd i grensegangs- og rettsutgreiingssaker, er at denne uttømmande skal regulere tilhøvet mellom partane sine krav og omfanget av sakene. Det vil ikkje gje noko fornuftig meining å la § 25 andre ledd og § 88 gjelde ved sida av kvarandre. Departementet meiner at det ikkje er naudsynt å ta dette inn i lovteksten. Ein er vidare samd i det Norges Landbrukshøgskole uttaler om at rekvirenten ikkje skal ha nokon førerett framfor dei andre partane i saka til å definere omfanget av saka, her må alle partane ha den same retten.
Elles har ein kome til at det er ønskjeleg å ta reglane om rettsutgreiing inn i kapitel 11 om grensegang m.m.
Det vert gjort framlegg om flytting av rettsutgreiingsheimelen og nye reglar for rettsutgreiing i samsvar med det som er sagt under dette punktet og ovanfor under pkt. 22.2. Paragrafen om rettsutgreiing (ny § 88 a) vil få det meste av sitt innhald gjennom tilvisingar til §§ 88 og 89 om grensegang, og det som er sagt om desse reglane i kap. 21 vil derfor gjelde tilsvarande i rettsutgreiingssaker.