24 Melding om at krav har kome inn. Innkalling til rettsmøte
24.1 Gjeldande rett
Etter jordskiftelova § 12 andre ledd første punktum skal eit krav som har kome inn til jordskifteretten, så snart som råd er og «på etterviseleg måte» gjerast kjent for dei som er nemnde i kravet. Etter jordskiftelova § 13 første ledd andre punktum skal innkalling til rettsmøte «på etterviseleg måte» gjerast kjent for alle eigarar, bruksrettshavarar og grannar som skiftet vedkjem.
Korleis omgrepet «på etterviseleg måte» skal tolkast, har ikkje vore heilt klårt. Då regelen kom inn i lova av 1979, vart det ikkje gjort greie for dette. Kravet om «etterviseleg» kan referere seg til at det skal kunne dokumenterast at meldinga er send, eller det kan referere seg til at det skal kunne dokumenterast at meldinga er motteke av adressaten. Regelen har i praksis blitt tolka slik at det er mottaket av meldinga som skal vere etterviseleg, d.v.s. kunne dokumenterast.
Innkalling til rettsmøte vert av jordskifterettane stort sett send anten rekommandert eller i brev med mottakskvittering. Melding om innkome krav er det derimot mange som sender i vanleg brev, m.a.o. ein praksis som er i strid med lova.
24.2 Framlegget i rutinerapporten
Rutinegruppa sitt framlegg knyter seg berre til melding om innkome krav, og går ut på at § 12 vert endra slik at melding om krav kan sendast i vanleg brev. Situasjonen kan, etter arbeidsgruppa si vurdering, ikkje sammenliknast med forkynning av stevning etter reglane i tvistemålslova, fordi mottak av melding om jordkiftekrav ikkje er utgangspunkt for berekning av fristar med preklusiv verknad. Parten risikerer her ikkje anna enn at han ikke får delta i den skriftlege saksførebuinga. Dessutan er postgangen i Norge etter gruppa si vurdering så god at ein kan vere rimeleg sikker på at det som vert postlagd, kjem fram til adressaten. Arbeidsgruppa meiner på dette grunnlaget at utsending «på etterviseleg måte» ikkje er nødvendig når det gjeld melding til dei øvrige partane om at krav har kome inn.
Etter som ein del jordskifterettar alt praktiserer utsending av melding om krav i vanleg brev, vil ei lovendring gjere at denne praksisen ikkje lenger er lovstridig.
24.3 Høyringsfråsegner
Dei fleste som har uttalt seg, meiner at dette er eit godt framlegg. Dette gjeld alle fråsegnene frå ulike jordskiftekontor, og det går fram at mange har praktisert utsending i vanleg brev lenge.
Den Norske Advokatforening og Justisdepartementet går i sine fråsegner imot dette framlegget. Advokatforeninga meiner at omsynet til rettstryggleiken hindrar utsending i vanleg brev. Dei uttaler:
«Ut fra rettssikkerhetsbetraktninger mener Advokatforeningen at også det første varsel om kravet bør meddeles partene på en slik måte at man har sikkerhet for at varselet er mottatt. Det kontradiktoriske prinsipp er helt grunnleggende, og bør gjelde på alle trinn av saken, også under skriftlig saksforberedelse. I motsatt fall risikerer man at saken (sett med øynene til den som ikke har mottatt varsel) blir kjørt inn i et skjevt spor uten at vedkommende har fått uttale seg.
I tillegg vil varselet kunne ha betydning for partenes øvrige disposisjoner. At man blir varslet om et jordskiftekrav kan f. eks. være av betydning ved driftsplanlegging, generasjonsskifter og/eller utforming av kjøpekontrakter ved salg av eiendommen m.v.
Viktige hensyn taler således for at en part er sikret varsel dersom han trekkes inn i en sak for jordskifteretten. Selv om postgangen i Norge er god, vil de adresser som er oppgitt i kravet kunne være mangelfulle, og det er derfor en ikke ubetydelig risiko for at varslene ikke kommer frem. Advokatforeningen mener derfor at slike varsler fortsatt bør sendes på en slik måte at det kan bevises at varselet er kommet frem.»
Justisdepartementet er skeptiske til omgrepet «på etterviseleg måte». Dei uttaler:
«Om det med kravet om «etterviseleg måte» i jordskifteloven §§ 12 og 13 menes at det skal kunne ettervises at jordskifteretten har avsendt underretningen på tilbørlig måte, eller at det skal kunne ettervises at underretningen har kommet frem til adressaten, synes uklart. (......) På grunn av denne uklarheten bør jordskifteloven ikke tale om at underretninger skal skje på «etterviseleg måte». En bør tale om forkynning der en slik meddelelsesmåte er på sin plass, og ellers ikke regulere meddelelsesmåten, jf. domstolloven § 186.»
24.4 Departementet sine merknader
Departementet har mykje til overs for argumenta frå Den Norske Advokatforening og Justisdepartementet. Departementet er enig med Advokatforeninga i at omsynet til rettstryggleiken er viktig, og at det for partane i ei jordskiftesak vil ha mykje å seie om dei får melding eller ikkje, sjølv om det ikkje knyter seg preklusive fristar til mottaket. Det går i gjennomsnitt 2,5 år frå ei jordskiftesak er kravd og til det første rettsmøtet vert halde, og dette er for lang tid til at det er forsvarleg å risikere at nokon part ikkje har fått melding. Mykje av saksførebuinga vil gå føre seg i denne perioden. Departementet er samd i at postgangen i Norge er god, og er vidare merksam på at det samanlikna med vanleg brev er meir arbeidskrevande å administrere brev med mottakskvittering, og dyrare å nytta rekommandert sending. For rekommandert sending vil dette allikevel ikkje handle om meir enn omlag kr. 8000,- pr. fylke pr. år.
Det er departementet si haldning at det må utvisast varsemd med å la omsynet til rettstryggleiken vike for omsynet til økonomien, særleg der det er tale om små beløp. Departementet finn etter dette ikkje å kunne tilrå framlegget frå arbeidsgruppa om å endre jordskiftelova § 12 slik at melding om innkome krav kan sendast i vanleg brev.
Departementet er vidare samd med Justisdepartementet i at det ikkje er nokon grunn til at reglane i jordskiftelova på dette punktet skal vere annleis enn reglane elles i prosesslovgjevinga, og foreslår etter dette å endre § 12 slik at melding om krav skal forkynnast for partane. Det mest praktiske vil her vere postforkynning eller rekommandert brev, som det er gjeve reglar om i domstollova § 163a, med supplerande reglar i kgl. res. av 11. okt. 1985.
Departementet foreslår vidare å endra jordskiftelova § 13 på same måte, slik at og innkalling til rettsmøte skal forkynnast for partane. I praksis inneber denne endringa ikkje anna enn ei lovteknisk harmonisering med resten av lovverket, fordi innkalling til rettsmøte alltid vert meddelt anten ved rekommandert sending, brev med mottakskvittering eller på annan slik måte at det kan dokumenterast at innkallinga er motteke av rette vedkomande.