1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag til ny lov om statsføretak (statsføretakslova). Lova vil erstatte lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak (statsforetaksloven).
I likskap med dagens lov vil også den nye lova byggje på aksjelova. Gjeldande rett blir for det meste vidareført i den nye lova, men lovføresegnene er utforma for å gjenspegle dei endringane som aksjelova har gjennomgått dei siste åra. I tillegg er lovføresegnene utforma kjønnsnøytralt og teknologinøytralt. Dei føresegnene som er særeigne for statsføretaka, blir også vidareførte i den nye lova.
Formålet med lovframlegget er å sørgje for at lova legg gode og tidsmessige rammer for verksemda til statsføretaka, og at lova er i tråd med utviklinga innan selskapslovgivinga. Statsføretaka som er oppretta i kraft av den eksisterande lova, blir vidareførte i den nye lova. Dei åtte statsføretaka som finst i dag, er ganske ulike. I framlegget er lova derfor utforma fleksibelt slik at ho gir rom for å vareta spesielle behov for dei enkelte statsføretaka.
Statsføretakslova blir også vidareført som ei kort og oversiktleg lov som er lett å bruke. Sidan statsføretakslova utelukkar andre offentlege eller private eigarar ved sida av staten, er til dømes omsynet til andre aksjonærar ikkje aktuelt. Lova er derfor utforma som ei kortare lov enn aksjelova.
Aksjelova har fleire føresegner som ikkje er relevante for statsføretaka i det heile teke, føresegner som i nokre situasjonar kan vere relevante, og fleire føresegner som alltid vil vere relevante. Departementet har derfor teke inn i lova dei føresegnene som får mykje å seie i praksis for den daglege verksemda, til dømes føresegner om leiinga av føretaket.
Når det derimot gjeld meir spesielle reglar som berre unntaksvis vil ha noko å seie i praksis, har departementet i større grad valt å vise til aksjelova for å unngå at lova blir for omfattande. Dette gjeld til dømes meir spesielle spørsmål i samband med kapitaltilhøva til føretaket, reglar om føretaksendringar og føretakshendingar som oppløysing og avvikling av føretaket. Det er likevel slik at føresegnene i aksjelova er utvikla for og tilpassa andre føretak enn statsføretaka. Omtalen av føresegnene i aksjelova i proposisjonen er teken inn for å utvikle formålstenlege reglar for statsføretak, ikkje for å klargjere rettstilstanden for ordinære aksjeselskap eller statsaksjeselskap.
Lova gjeld berre for dei åtte statsføretaka som er oppretta i medhald av statsforetaksloven, og eventuelle nye statsføretak som blir oppretta i medhald av den nye statsføretakslova. Når det gjeld forholdet til anna lovgiving, blir føresegna om at forvaltningslova ikkje gjeld for statsføretak, og at statstilsettelova ikkje gjeld for dei tilsette i statsføretaka, vidareførte.
Den nye lova får ei formålsføresegn utforma med vekt på at lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming tilpassa at føretaket berre kan eigast av staten. Lova skal medverke til at statsføretak kan vareta sitt samfunnsoppdrag eller verksemda si på ein effektiv måte.
Styrings- og organisasjonsmønsteret til statsføretaka, som byggjer på tilnærma same modell som aksjeselskapa, har vist seg å vere tenleg. Staten som eigar har ikkje direkte mynde i den løpande forvaltninga og daglege drifta av føretaket, men utøver eigarmyndet sitt gjennom føretaksmøtet og elles innanfor dei rammene som lova fastset. Den løpande forvaltninga og daglege drifta av føretaket høyrer til under styret og administrerande direktør, som har høg grad av økonomisk og forretningsmessig handlefridom. Departementet foreslår i framlegg til ny lov å føre vidare denne hovudstrukturen, men foreslår fleire justeringar i tråd med endringar som har blitt gjennomførte i aksjelova. Det omfattar framlegg til endra føresegner om stifting av statsføretak, vedtekter, kapitalreglar, styre og administrerande direktør, bedriftsforsamling og føretaksmøte.
I den gjeldande aksjelova er dei sentrale føresegnene om myndet og oppgåvene til styret bygde betydeleg ut og går no fram av aksjelova § 6-12 om forvaltninga av selskapet og § 6-13 om tilsynsansvaret som styret har. I framlegget til ny lov er føresegnene i statsføretakslova om myndet og oppgåvene til styret gjorde meir tydelege etter mønster av den gjeldande aksjelova.
Føresegnene som er særeigne for statsføretaka, blir vidareførte i den nye lova. Dette gjeld føresegna om at styret skal sende styreprotokollen til eigardepartementet og føresegna som krev at visse avgjerder skal leggjast fram for eigardepartementet (føretaksmøtet) før avgjerda blir teken (framleggingsplikta). Det gjeld saker som har svært mykje å seie for formålet til føretaket eller som i vesentleg grad vil endre karakteren til verksemda. I tillegg gjeld framleggingsplikta ved avtale om deltaking i eit selskap eller eit anna samarbeidsforhold der føretaket har eit uavgrensa ansvar for dei samla forpliktingane den felles verksemda har, eller for delar av desse forpliktingane.