9 Styre og dagleg leiar
9.1 Gjeldande rett
Reglane om styre og administrerande direktør i statsføretak er samla i kapittel 5 og 6 i statsforetaksloven.
Styret og administrerande direktør i føretaket utgjer leiinga i føretaket. Føresegnene er utforma etter mønster av aksjelova, men er atskilleg enklare enn reglane der.
Paragraf 18 i lova fastslår at eit statsføretak blir leidd av eit styre og ein administrerande direktør. Dette svarer til leiinga i eit aksjeselskap, sjå aksjelova kapittel 6.
Dei nærare reglane om styret går fram av §§ 19–25 i lova. Paragraf 19 regulerer samansetjinga av styret m.m., § 20 gjeld styrerepresentasjonen til dei tilsette, § 21 gjeld tenestetida til styremedlemene, og § 22 gjeld opphøyr av styreverv før tenestetida er gått ut. Myndet til styret er nærare regulert i § 23. Paragrafane 24 og 25 har nærare reglar om styremøte, når noko er å rekne som vedtaksført, og fleirtalskrav.
Paragrafane 26 og 27 inneheld reglar om administrerande direktør i føretaket og myndet til administrerande direktør.
Paragrafane 28, 29 og 30 inneheld reglar av meir generell karakter, mellom anna om habilitet (§ 28), forbod mot å ta imot gåver m.m. (§ 29) og opplysningsplikt for styret i dotterselskap overfor leiinga i statsføretaket, det vil seie i morføretaket (§ 30).
Statsforetaksloven kapittel 6 gjeld representasjon av statsføretaket utetter og består av to paragrafar. Paragraf 31 gjeld retten styret og administrerande direktør har til å representere føretaket, og § 32 regulerer konsekvensane av at nokon som representerer selskapet utetter, overskrid det vedkommande har rett til på vegner av føretaket.
Statsforetaksloven kapittel 7 har reglar i §§ 33 til 37 om bedriftsforsamlinga i statsføretaket. Reglane om bedriftsforsamlinga er i utgangspunktet utarbeidde etter mønster av reglane om bedriftsforsamlinga i aksjelova av 1976. Bedriftsforsamlinga har likevel andre oppgåver i eit statsføretak enn i eit aksjeselskap. I motsetning til det som gjeld i aksjeselskap etter aksjelova § 6-35 første ledd, jf. allmennaksjelova § 6-37 første ledd, er det i eit statsføretak føretaksmøtet som vel styret til føretaket. Bedriftsforsamlinga har ikkje vedtaksmynde i saker om større investeringar m.m. slik som i aksjeselskap, jf. aksjelova § 6-35 første ledd, jf. allmennaksjelova § 6-37 fjerde ledd. Dei sentrale oppgåvene til bedriftsforsamlinga i statsføretak er dermed avgrensa til å føre tilsyn med forvaltninga av føretaket, gje fråsegner i saker som skal behandlast på føretaksmøtet, og vedta anbefalingar til styret.
9.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet foreslo i all hovudsak å vidareføre dagens føresegner om styre og dagleg leiar og endre dei føresegnene der det har vore endringar i aksjelova. For nokre føresegner vurderte departementet likevel at det ikkje var formålstenleg for statsføretaka å ha tilsvarande føresegner som i aksjelova.
Departementet gjekk i høyringsnotatet inn for å vidareføre framleggingsplikta i dagens § 23 andre og tredje ledd i framlegget til ny § 5-11 i høyringsnotatet. Departementet foreslo også å føre vidare § 5 i framlegget til § 5-11. Departementet vurderte at føresegna høyrer heime i § 5-11 om særskilde avgrensingar i myndet til styret. Føresegna presiserer at statsføretaket kan vedtektsfeste avgrensingar i høvet styret har til å ta opp lån og til å stille garantiar.
Departementet bad særskilt om innspel på om plikta til å oversende styreprotokoll til eigardepartementa etter dagens § 24 tredje ledd tredje punktum skulle vidareførast, om føresegna om gåveforbod for dei tilsette skulle vidareførast etter gjeldande lov § 29, og om behovet for at statsføretakslova inneheld eigne føresegner om openheit kring godtgjersle.
Departementet foreslo å sløyfe føresegna i statsforetaksloven § 18 som fastset at eit statsføretak skal vere leidd av eit styre og ein administrerande direktør. Departementet vurderte at føresegna skaper uklarleik om ansvarsfordelinga mellom styret og dagleg leiar. Det er styret som har det overordna ansvaret for å forvalte (leie) føretaket. Styret er overordna dagleg leiar og kan gi han eller ho instruks i alle saker. Føresegna kan gi eit misvisande inntrykk av at styret og dagleg leiar er meir likeverdige enn dei er. Vidare meinte departementet at føresegna ville vere overflødig fordi det følger av høyringsframlegget i §§ 5-1 og 5-2 at statsføretak skal ha styre og dagleg leiar. Oppgåvene og myndet deira kjem fram av kapittel 5 II og III i framlegget. Departementet foreslo også å endre frå «administrerende direktør» til «dagleg leiar» for å ha same omgrepsbruk som i aksjelova.
Departementet foreslo også ei føresegn i framlegg til § 5-9 i høyringsnotatet som svarer til aksjelova § 6-10 om godtgjersle til styremedlemer, varamedlemer og observatørar. Føresegna i aksjelova § 6-10 regulerer ikkje storleiken på godtgjersla nærare, men fastslår at ho blir fastsett av generalforsamlinga. Det er i samsvar med praksisen. Dessutan fastslår aksjelova § 6-10 andre punktum at retten til godtgjersle for styremedlemer fell bort ved konkurs i selskapet. Som følge av at staten som eigar etter lovendringa i 2002 har eit avgrensa ansvar for forpliktingane til statsføretaket, kan også eit statsføretak gå konkurs. Departementet vurderte derfor at det også i statsføretakslova kunne vere behov for ei føresegn etter mønster av aksjelova § 6-10 andre punktum.
Departementet foreslo å ikkje føre vidare reglane om bedriftsforsamling fordi det i praksis ikkje har vore noko interesse for å ha bedriftsforsamlingar i statsføretak. Departementet peikte på at ein konsekvens av dette er at dei tilsette i alle statsføretak med meir enn 200 tilsette skal ha slik utvida styrerepresentasjon som dei i dag skal ha i føretak der det blir inngått avtale om ikkje å ha bedriftsforsamling, det vil seie at dei skal velje éin styremedlem eller to observatørar i tillegg til den representasjonen dei elles skulle hatt. Departementet foreslo reglar om dette i framlegget i høyringsnotatet § 5-3 tredje ledd.
9.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
9.3.1 Retten tilsette har til å velje styremedlemer og bedriftsforsamling
Statkraft SF er positive til at føresegnene om representasjonsrett i statsføretakslova blir i samsvar med føresegnene i aksjelova, og viser til at dei tilsette ofte vil vere representerte også i styra i dotterselskap organiserte som aksjeselskap, og det vil kunne gi unødvendig meirarbeid om valføresegnene er ulike.
Statkraft SF og LO støttar å ikkje vidareføre dagens føresegner om bedriftsforsamling.
9.3.2 Openheit kring løn og godtgjersle for leiinga i føretaket
Norsk helsenett SF og Statkraft SF meiner at det ikkje er grunn til at statsføretakslova skal ha eigne føresegner om openheit kring løn og godtgjersle fordi alle dei åtte statsføretaka har regulert dette i vedtektene sine. LO ser ingen grunn til ikkje å lovfeste plikt til openheit om løn og anna godtgjersle for leiinga.
9.3.3 Forvaltning av statsføretaket
Enova SF meiner at framlegget til ny § 5-10 første ledd om at styret skal fastsetje budsjett og planar for statsføretaket, er ei føresegn som kan innebere ei endring i ansvarsfordelinga mellom eigardepartementet, styret og dagleg leiar i statsføretaket.
Vidare meiner Enova SF at framlegget til ny § 5-10 tredje ledd om at styret skal halde seg orientert om gjennomføringa av formålet og den økonomiske stillinga til statsføretaket, er ei ikkje ubetydeleg endring frå gjeldande rett. Etter statsforetaksloven § 23 skal styret sørgje for at verksemda blir driven i samsvar med formålet og med vedtekter og rettleiing fastsette av føretaksmøtet. Enova SF meiner at det ikkje kjem tydeleg fram i høyringsnotatet kva som er grunngivinga for endringa i ansvaret til styret, utover at framlegget følger aksjelova og er meir detaljert enn gjeldande lov.
Statkraft SF meiner at eit krav om budsjett for statsføretak vil føre til administrativt arbeid utan reell betydning for økonomistyringa i selskapet. Dei peiker på at i Statkraft SF er det svært få økonomiske transaksjonar fordi all forretningsverksemd går føre seg i dei underliggjande aksjeselskapa til Statkraft.
9.3.4 Særlege avgrensingar i myndet til styret – deltaking i samarbeidsforhold
LO meiner at framlegget til § 5-11 tredje ledd bør bli ført vidare sjølv om staten sitt garantiansvar er oppheva. Dei meiner at samarbeidsforholda som føresegna regulerer, kan påføre statsføretaket ansvar som i visse omstende kan svekke moglegheita for å oppnå dei sektorpolitiske måla til statsføretaket.
Statkraft SF peiker på at deltaking i slike samarbeidsforhold er lite praktisk for dei etter omorganiseringa dei hadde i 2004, og i praksis er det dotterselskapa av Statkraft SF som eventuelt deltek i slike samarbeid. Statkraft SF har derfor ingen synspunkt på framlegget frå departementet om å føre vidare føresegna no som staten sitt garantiansvar er oppheva.
9.3.5 Inhabilitet
NVE støttar at statsføretakslova har ei føresegn om inhabilitet, men meiner at føresegna også bør gjelde for dei tilsette, ikkje berre for styremedlemene. NVE viser til samanhengen med gåveforbodet i framlegget til § 5-27 som gjeld for alle tilsette, og som er grunna på omsynet til tilliten til statsføretaka. NVE meiner derfor at det vil styrke tilliten til statsføretaka dersom føresegna om inhabilitet også gjeld for dei tilsette.
Statskog SF støttar at også den nye lova om statsføretak har ei føresegn om inhabilitet i tråd med tilsvarande føresegn i aksjelova.
9.3.6 Gåveforbod
Statkraft SF ser ikkje behovet for å føre vidare eit forbod mot å ta i mot gåver. Dei viser til at aksjelova ikkje har ei tilsvarande føresegn, og at eit forbod mot at styret eller dei tilsette skal ta i mot slike gåver, vil følge av dei alminnelege føresegnene i straffelova § 387 om utruskap, grov utruskap eller påverknadshandel.
Statskog SF støttar ei føresegn om gåveforbod.
NVE peiker på at framlegget frå departementet også omfattar mellom anna ektefellar og personar som vedkomande bur med, men at forbodet mot gåver i statstilsettelova § 39 ikkje omfattar ein slik utvida personkrets. NVE meiner derfor at departementet bør vurdere nærare i forarbeida kva som er bakgrunnen for ein slik skilnad.
9.3.7 Plikt til å sende styreprotokoll til eigardepartementet
Advokatforeningen meiner at departementet ikkje bør føre vidare føresegna om å sende styreprotokoll til eigardepartementet fordi ho bryt med det alminnelege prinsippet om forholdet mellom eigar og styret.
Bane NOR SF har ingen synspunkt om føresegna bør førast vidare eller ikkje, men meiner at fristen på 14 dagar bør bli forlengd i samsvar med arbeidsmåten til styra.
Enova SF ser det i utgangspunktet ikkje som problematisk at føresegna blir ført vidare, men peiker på at det kunne vore meir naturleg å regulere eit slikt krav i vedtektene.
NHH peiker på at den delen av grunngivinga for føresegna som gjeld staten sitt tidlegare garantiansvar, moglegvis framleis har gyldigheit fordi konsekvensane av insolvens vil vere minst like alvorlege som før.
LO ser omsyna som taler både for og imot ei plikt til å sende styreprotokollen til eigardepartementet, men meiner likevel at omsynet til openheit og politisk innsyn bør vege tyngst, og at føresegna derfor bør førast vidare.
Norsk helsenett SF meiner at ei slik plikt ikkje bør vere regulert i lova, men heller kan avtalast mellom statsføretaket og eigardepartementet gjennom eigarstyringa. Vidare er Norsk helsenett SF kritisk til fristen på 14 dagar, som dei meiner at departementet bør fjerne, og foreslår at statsføretaka får ei plikt til å sende styreprotokollen etter at han er godkjend.
Statkraft SF peiker på at styret i Statkraft SF handsamar få saker fordi verksemda blir drifta i Statkraft AS og dotterselskapa deira. Statkraft SF meiner at statsføretakslova i størst mogleg grad bør vere lik aksjelova som ikkje har eit slikt krav, heller ikkje for statsaksjeselskapa. Som departementet også peikte på i høyringsnotatet, meiner Statkraft SF at å sende over styreprotokollen kan føre til uklarleik om kva ansvar statsråden har eller ikkje har for styret si leiing av statsføretaket.
Statskog SF har ingen kommentar utover at dei ikkje ser på føresegna som uforholdsmessig børefull.
9.4 Vurderingar frå departementet
9.4.1 Retten tilsette har til å velje styremedlemer og bedriftsforsamling
Dei høyringsinstansane som uttalte seg om framlegget frå departementet om føresegnene knytte til retten tilsette har til å velje styremedlemer, og framlegget om å ikkje føre vidare føresegner om bedriftsforsamling, var positive til dette. Bedriftsforsamlinga i eit statsføretak vil i utgangspunktet ha ei anna og meir avgrensa rolle enn i eit aksjeselskap. Erfaringa syner at det har vore lita interesse for å ha bedriftsforsamlingar i statsføretak, og ingen av dagens statsføretak har bedriftsforsamling.
Departementet opprettheld derfor framlegget om å avvikle reglar om bedriftsforsamling i statsføretak og viser til ny §§ 5-3 og 5-4 om retten tilsette har til å velje styremedlemer.
9.4.2 Openheit kring løn og godtgjersle for leiinga i føretaket
Departementet peikte i høyringsnotatet på at alle dei åtte statsføretaka har vedtekter om openheit kring løn og godtgjersle for leiinga i selskapet, og at det på noverande tidspunkt ikkje er behov for å ha eigne føresegner om dette i statsføretakslova. Fleirtalet av høyringsinstansane som uttalte seg om dette, var også samde i at det ikkje var eit slikt behov no. Departementet legg til grunn at dersom staten opprettar fleire statsføretak, vil desse også regulere slike forhold i vedtektene, jf. Statens retningslinjer for lederlønn i selskaper med statlig eierandel. Departementet foreslår derfor ikkje eigne føresegner om dette i den nye statsføretakslova.
9.4.3 Forvaltning av statsføretak
Departementet vurderer at framlegget om å ta inn aksjelova § 6-12 i ny statsføretakslov § 5-10 ikkje endrar ansvarsfordelinga mellom eigardepartement, styret og dagleg leiar. Statsforetaksloven § 23 om myndet til styret regulerer også avgrensingar i myndet til styret. Dette er no foreslått som ei eiga føresegn i ny § 5-11. Myndet til styret må sjåast i samanheng med ansvaret og forpliktingane til styret. Styret sitt mynde i statsføretak kan samanliknast med styret i andre selskapsformer der ansvar og mynde heng saman. Myndet og ansvaret til styret er ikkje annleis enn myndet og ansvaret til styret i andre selskapsformer. Myndet til styret blir også avgrensa av andre føresegner i statsføretakslova, og brot på ansvaret kan føre til erstatnings- eller straffansvar. Departementet vurderer at det er meir naturleg at styret fastset planar, budsjett og retningslinjer enn føretaksmøtet.
Statkraft SF peikte på at eit krav om budsjett for statsføretak vil føre til administrativt arbeid utan reell betydning for økonomistyringa i statsføretaket, fordi forretningsverksemda i Statkraft blir driven i underliggjande verksemder. Departementet er kjent med at forretningsverksemda også blir driven i dei underliggjande verksemdene i Bane NOR SF. Samstundes peiker departementet på at det bør vere like krav for alle statsføretaka i statsføretakslova. Departementet vurderer derfor at det bør vere eit krav om budsjett for statsføretak. Eit budsjett heng saman med og konkretiserer planar for verksemda gjennom å gi oversikt over forventa utgifter og inntekter. Budsjettet har derfor ein viktig informasjonsverdi, både internt og eksternt.
9.4.4 Særlege avgrensingar i myndet til styret – deltaking i samarbeidsforhold
Det er ingen høyringsinstansar som er imot å føre vidare avgrensinga i myndet til styret i framlegget til § 5-11. Departementet opprettheld framlegget fordi det er eit av få særtrekk ved statsføretaksforma som gir eigardepartementet høve til å reagere i særskilde saker.
9.4.5 Inhabilitet
Departementet er samd med NVE i at det kan vere ein viss samanheng mellom føresegna om inhabilitet og gåveforbodet i statsføretakslova.
Samstundes skal føresegna om inhabilitet forhindre at styremedlemer og dagleg leiar tek avgjerder som ikkje varetek interessene til statsføretak på ein tilfredsstillande måte. Styremedlemer og dagleg leiar har ei overordna plikt til å fremje desse interessene, i motsetning til dei tilsette. Dei tilsette tek ingen avgjerder som direkte påverkar styringa av statsføretaket. Departementet vurderer at gåveforbodet er ei tilstrekkeleg føresegn for å sikre at liknande omsyn blir varetekne når dei tilsette utfører oppgåvene sine i statsføretaket.
9.4.6 Gåveforbod
Departementet vurderer at det er eit behov for å føre vidare føresegna om gåveforbod som gjeld for dei tilsette og dei med tillitsverv. Sjølv om føresegna har mønster av gåveforbodet i statstilsettelova, og dei tilsette i statsføretak ikkje er statstilsette, er det likevel viktig å oppretthalde tilliten til statsføretaka der staten er einaste eigar. Departementet vurderer at ei slik føresegn, som forbyr dei tilsette å ta imot gåver som mellom anna kan påverke kven dei vel som leverandørar, vil medverke til dette. Når det gjeld NVE sitt høyringsinnspel, vurderer departementet at dei same omsyna gjeld for personkretsen som er nemnd i framlegg til § 5-27 andre ledd, som i all hovudsak førar vidare § 29 andre ledd i gjeldande lov. Departementet har ikkje fått nokon innspel på at personkretsen er for vid, eller at han ikkje fungerer som han skal. Dersom det i framtida kjem innvendingar om at personkretsen verkar lite føremålstenleg, kan departementet vurdere dette igjen på et seinare tidspunkt.
Føresegnene i straffelova §§ 387 flg. om utruskap, grov utruskap eller påverknadshandel som Statkraft SF viser til, har ein høgare terskel for bruk enn gåveforbodet i statsføretakslova.
Departementet opprettheld framlegget, sjå § 5-27.
9.4.7 Plikt til å sende styreprotokoll til eigardepartementet
Lovreguleringa av at styreprotokollar skal sendast eigardepartementet er særskild for statsføretak og har ikkje parallell i anna selskapslovgiving. Frå forarbeida til statsforetaksloven kjem det fram at ordninga må sjåast i samanheng med den sektorpolitiske rolla til statsføretaka som tilseier at eigardepartementet bør ha noko større innsyn i verksemda i statsføretaka enn i verksemder som blir drivne som aksjeselskap. Somme av høyringsinstansane peiker på at ei slik føresegn bryt med alminnelege prinsipp om forholdet mellom eigar og styre.
Departementet meiner at styreprotokollen kan ha ein verdi som opplysningskjelde, og at føresegna kan vere verd å vidareføre. Styreprotokollen gir eit referat av dei sakene som er handsama i styret, og gir såleis departementa eit etterfølgande høve til å halde seg orienterte om kva saker som har vore oppe til styrehandsaming. Etter departementet si vurdering vil ikkje den informasjonsdelinga som føresegna inneber, endre ansvarsforholdet mellom eigar og styre. Vidare vil departementet påpeike at plikta til å sende over styreprotokollar ikkje er uforholdsmessig børefull for statsføretaka.
Enkelte av høyringsinstansane peiker på at plikta til å oversende styreprotokollen kan gå fram av vedtektene. Sjølv om ei slik plikt kan vere regulert i vedtektene, meiner departementet at dette er ei plikt som bør vere lik for alle statsføretaka.
Departementet er samd med dei av høyringsinstansane som meiner at fristen for å sende styreprotokollen til eigardepartementet bør bli utvida i samsvar med arbeidsmåten til styra, sjå framlegg til ny § 5-28 fjerde ledd.