Prop. 44 L (2024–2025)

Lov om statsføretak (statsføretakslova)

Til innhaldsliste

15 Økonomiske og administrative konsekvensar

Å oppheve den eksisterande statsføretakslova og vedta ei ny vil ikkje medføre økonomiske og administrative konsekvensar av betydning. Framlegget til ny lov vil ikkje gi vesentlege endringar i organiseringa av og styringspraksisen for statsføretaka som finst i dag. Lovendringane vil medføre ei tydelegare lov gjennom at det blir innført ei eiga formålsføresegn, og samtidig ei meir fleksibel lov gjennom innføringa av teknologinøytrale føresegner. Samla sett kan framlegget gi ein viss effektiviserings- og forenklingsgevinst.

Til forsida