Prop. 44 L (2024–2025)

Lov om statsføretak (statsføretakslova)

Til innhaldsliste

6 Stifting av statsføretak

6.1 Gjeldande rett

Kapittel 2 i statsforetaksloven inneheld nærare reglar om stifting av eit statsføretak. Kapittelet inneheld tre føresegner. Paragraf 7 fastset at vedtak om oppretting av eit statsføretak skal gjerast av Kongen i statsråd. Forma «Kongen i statsråd» betyr at vedtaket skal gjerast ved kongeleg resolusjon, og at myndet ikkje kan delegerast, sjå NOU 1991: 8 Lov om statsforetak, side 78–79 om grunngivinga til at vedtaket skal gjerast av Kongen i statsråd.

Vedtaket skal oppgi kva departement som skal representere staten som eigar av føretaket, og uttrykkjeleg namngi føretaket som eit statsføretak. Etter at det ved kongeleg resolusjon er gjort vedtak om å opprette eit statsføretak, skal eigardepartementet etter § 8 i statsforetaksloven opprette eit datert og underskrive stiftingsdokument. Føresegna oppgir dei forholda som i det minste skal fastsetjast i stiftingsdokumentet. Statsføretaket blir rekna som stifta når stiftingsdokumentet er oppretta, og frå dette tidspunktet er føretaket eit eige rettssubjekt med evne til å pådra seg rettar og forpliktingar. Etter statsforetaksloven § 9 skal føretaket meldast til Føretaksregisteret seinast seks månader etter at stiftingsdokumentet er oppretta.

6.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet foreslo å flytte nokre føresegner frå dagens lov til nytt kapittel 2 om stifting av statsføretak. I all hovudsak er endringane i den nye lova i kapittel 2 foreslått for å bringe lova meir i samsvar med aksjelova.

Departementet viste i høyringsnotatet til at reglane om korleis eit statsføretak blir stifta, er atskilleg enklare enn reglane om stifting av eit aksjeselskap i aksjelova kapittel 2. Reglane i aksjelova skal skape notoritet omkring stiftinga og mellom anna vareta omsynet til at dei som vurderer å teikne aksjar i selskapet, får slik informasjon om selskapet som kan påverke om dei teiknar aksjar. Reglane er også tilpassa at selskapet blir eigd gjennom aksjar, og at det kan vere fleire aksjeeigarar. Dessutan skal det vere mogleg å dokumentere den nemnde informasjonen i ettertid, mellom anna kva som faktisk vart vedteke av stiftaren. Reglane i aksjelova skal også sørgje for at selskapet faktisk blir tilført den kapitalen det etter teikningsgrunnlaget skal få.

Departementet vurderte at dette er omsyn som ikkje gjeld for statsføretaka. Ved at Kongen i statsråd skal gjere det grunnleggjande vedtaket og eigardepartementet skal opprette stiftingsdokumentet, blir den nødvendige notoriteten sikra. Det er ikkje behov for å sikre staten ytterlegare informasjon omkring selskapsetableringa ved å gi reglar om dette i lova. Departementet vurderte likevel at det var behov for at lova inneheld føresegner som klargjer staten si forplikting til å tilføre den kapitalen som vart vedteken ved skipinga av føretaket. Departementet foreslo derfor å flytte nokre av dagens føresegner til kapittelet om stifting av statsføretak, mellom anna framlegget til ny § 2-4 i høyringsnotatet som fører vidare § 13 andre ledd i den gjeldande lova. Føresegna stiller særlege krav til innhaldet i stiftingsdokumentet der innskotet frå staten er andre eigedelar enn pengar, mellom anna om verdsetjinga av eit slikt innskot. Etter føresegna skal verdsetjinga stadfestast av ein revisor.

Departementet foreslo også å fjerne nokre av minstekrava for kva vedtektene skal innehalde, slik at dei samsvarer betre med minstekrava i aksjelova. Departementet foreslo derimot å behalde minstekravet om kva saker som skal bli handsama i føretaksmøtet. Betre samsvar med aksjelova var også grunngivinga for å endre fristen for når føretaket må meldast til Føretaksregisteret etter at stiftingsdokumentet er oppretta, frå seks til tre månader.

Departementet foreslo også å endre tidspunktet for når eit statsføretak kan erverve rettar og pådra seg plikter, vere part i avtalar med private og offentlege styresmakter og ha partsstilling overfor domstol og andre styresmakter. Etter gjeldande lov § 8 andre ledd kan statsføretaka gjere dette allereie når stiftingsdokumentet er oppretta, jf. dagens § 3. Dette er i motsetning til det som gjeld for aksjeselskap, som etter aksjelova § 2-20 første ledd før registreringstidspunktet ikkje kan erverve andre rettar og pådra seg andre forpliktingar enn det som kjem fram av stiftingsdokumentet. Reguleringa i statsforetaksloven § 8 andre ledd andre punktum vart ikkje endra i samband med endringane i statsforetaksloven i 2002, som oppheva det tidlegare statlege garantiansvaret for forpliktingane til føretaket og innførte den nogjeldande føresegna i statsforetaksloven § 4 a om at staten har avgrensa ansvar for forpliktingane til føretaket. Departementet vurderte derfor at endringa av ansvarsforma også bør få konsekvensar for kva rettar og plikter føretaket kan erverve og pådra seg før registreringa. Det er først når føretaket er registrert, at kreditorane kan vere visse på at staten har tilført føretaket dei verdiane som er oppgitt i stiftingsdokumentet. Det betyr også at statsføretak bør ha avgrensa rett til å pådra seg plikter utover det som er vedteke i stiftingsdokumentet før registrering, slik som for eit aksjeselskap. For plikter som statsføretaket pådreg seg før registrering i Føretaksregisteret, foreslo departementet at aksjelova § 2-20 andre og tredje ledd blir gitt tilsvarande bruk. Det betyr mellom anna at for forpliktingar som er pådregne i namnet til statsføretaket før registreringa, og som føretaket ikkje heftar for etter stiftingsdokumentet eller lov, er det dei som har inngått forpliktinga, som er personleg og solidarisk ansvarlege når ikkje anna må reknast som avtalt med kreditor. Ved registreringa overtek føretaket forpliktinga. Frå same tidspunkt fell det personlege ansvaret bort.

6.3 Synspunkt frå høyringsinstansane

Høyringsinstansane hadde synspunkt knytte til to av føresegnene i framlegget til nytt kapittel 2 om stifting av statsføretak, det gjeld § 2-3 om minstekrav til vedtektene og § 2-4 om innskot med andre eigedelar enn pengar.

6.3.1 Minstekrav til vedtektene

Brønnøysundregistera stiller spørsmål ved om den nye statsføretakslova bør vidareføre minstekravet til vedtektene om kva for saker som skal bli handsama på føretaksmøtet, jf. framlegget i høyringsnotatet til ny § 2-3 første ledd nr. 4, når aksjelova § 2-2 ikkje lenger har eit slikt minstekrav.

Statkraft SF er generelt positive til at lovfesta krav til vedtektene i størst mogleg grad samsvarer med minstekrava i aksjelova. I tillegg meiner høyringsinstansen at dagens minstekrav i statsforetaksloven § 10 nr. 4 om kva for departement statsføretaket høyrer under, er unødvendig.

6.3.2 Innskot med andre eigedelar enn pengar

Bane NOR SF og Statkraft SF støttar framlegget frå departementet i ny § 2-4 framfor ei generell tilvising til § 2-6 i aksjelova.

NHH meiner at departementet bør vurdere nærare kva omgrepet «verkeleg verdi» inneber ved tingsinnskot og utbyte før omgrepet tas inn i ny statsføretakslov, og uttaler mellom anna følgande:

«Bruk av virkelig verdi er langt fra uproblematisk. Et hovedproblem er at det ikke alltid er klart hva begrepet «virkelig verdi» betyr i regnskapsmessig sammenheng. Også beregning av virkelig verdi kan være problematisk i mange sammenhenger og spesielt i tilfeller hvor eiendeler (og forpliktelser) som skytes inn ikke har markedsverdi og i tillegg er underlagt restriksjoner. Verdien må da estimeres.

NHH peiker på at dei uansett er samde med departementet i at verdiane under kvar omstende bør grunngivast godt og attesterast av revisor slik som framlegga i høyringsutkastet § 2-4 og § 3-3, og uttaler følgende:

«Dette er nødvendig selv om statsforetak bare har en eier. Kreditorer og andre som er interessert i å analysere foretakets risiko og lønnsomhet, må kunne stole på at verdier som skytes inn eller tas ut er reelle. Grunnlaget for verdsettelsen bør derfor også formidles i årsrapporten eller på annen hensiktsmessig måte.»

NHH reiser også spørsmålet om tingsinnskot ved oppretting av eit statsføretak skal reknast som statleg tilskot eller eigenkapitalinnskot. NHH meiner at dette ikkje er avklart, og at departementet bør avklare dette spørsmålet i forbindelse med eller etter at loven tek til å gjelde.

6.4 Vurderingar frå departementet

6.4.1 Minstekrav til vedtektene

Når det gjeld innspelet frå Brønnøysundregistera om behovet for å føre vidare gjeldande lov § 10 nr. 7, viser departementet til framlegget til ny § 2-3 første ledd bokstav d som må sjåast i samanheng med framlegget til ny § 4-3 andre ledd. Ny § 4-3 andre ledd fastset kva saker som skal handsamast og vedtakast på det ordinære føretaksmøtet. På grunn av samanhengen mellom desse føresegnene vurderer departementet at den nye lova også bør innehalde eit slikt minstekrav til vedtektene som angir kva saker som skal handsamast på føretaksmøtet.

6.4.2 Innskot med andre eigedelar enn pengar

Når det gjeld verdsetjing av tingsinnskot til «verkeleg verdi» når eit statsføretak blir stifta, viser departementet til høyringsfråsegna frå NHH. Departementet er samd i at det kan vere behov for å greie ut nærare kva omgrepet «verkeleg verdi» inneber for statsføretaka. Departementet vurderer at dette kan gjerast på eit seinare tidspunkt etter at lova tek til å gjelde. Departementet har derfor teke ut omgrepet «verkeleg verdi» i lovframlegget og fører vidare statsforetaksloven § 13 andre ledd i ny § 2-4. Ei verdsetjing skal i alle tilfelle underbyggjast godt, og ein revisor skal attestere verdsetjinga

NHH uttaler også at problemstillinga knytte til omgrepet «verkeleg verdi» heng saman med spørsmålet om rekneskapsmessig handsaming av tingsinnskot når eit statsføretak blir stifta, og meiner at departementet må avklare dette. Departementet er samd med NHH i at disse problemstillingane har ein samanheng, og vurderer at problemstillingane kan utgreiast på eit seinare tidspunkt. Det må i den forbindelse også vurderast om desse spørsmåla skal avklarast i statsføretakslova eller anna regelverk, til dømes rekneskapslova.

Til forsida