5 Forholdet til anna lovgiving
5.1 Gjeldande rett
Det følger av statsforetaksloven § 4 første punktum at forvaltningslova ikkje gjeld for statsføretak. Vidare følger det av § 4 andre punktum at tenestetvistlova og statstilsettelova ikkje gjeld for tilsette i statsføretaka. Dette er fordi statsføretaka er sjølvstendige rettssubjekt som ikkje er ein del av staten, og derfor er dei som arbeider i verksemda, heller ikkje tilsette i staten.
5.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet sitt framlegg i høyringsnotatet var å vidareføre gjeldande rett i ny § 1-6.
5.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Det var berre tre høyringsinstansar som hadde synspunkt om statsføretakslova sitt forhold til anna lovgiving.
Norsk arkivråd og NVE meiner at departementet burde omtale forholdet til offentleglova i forarbeida.
NVE meiner i tillegg at forarbeida burde innehalde ein omtale av miljøinformasjonslova av pedagogiske grunnar, men trekkjer det særleg fram i relasjon til Statnett SF. NVE meiner at forarbeida burde presisere om offentleglova og miljøinformasjonslova gjeld for Statnett SF.
Norsk arkivråd meiner at framlegget til ny § 1-8, som gjeld utarbeiding og oppbevaring av føretaksdokumentasjon, må vise til den nye arkivlova og at statsføretakslova bør vise til dei arkivfaglege prinsippa, jf. ny arkivlov § 4 andre ledd.
Statskog SF viser til at fleire av statsføretaka har behov for ferdsel i utmark, og foreslår derfor at statsføretakslova får følgande føresegn: «Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 bokstav a gjelder tilsvarende ved utøvelse av offentlig oppsyns- og tilsynsoppdrag bestemt av departementene.»
5.4 Vurderingar frå departementet
5.4.1 Offentleglova
Da statsforetaksloven tredde i kraft i 1991, følgde det av § 4 første ledd første punktum at offentleglova ikkje gjaldt for statsføretaka. Dette vart oppheva i 2009 som følge av ny offentleglov der verkeområdet til offentleglova vart utvida til å også gjelde for sjølvstendige rettssubjekt, sjå Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova). Det følger av offentleglova § 2 første ledd bokstav c at lova gjeld for «sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet». Det øvste organet i statsføretaka er føretaksmøtet der eigardepartementet utøver det øvste myndet, jf. statsforetaksloven § 38 første ledd. Den tidlegare tilvisinga i statsforetaksloven til at offentleglova ikkje gjeld for statsføretaka, vart derfor oppheva. Offentleglova gjeld likevel ikkje for sjølvstendige rettssubjekt som «hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.» jf. offentleglova § 2 andre ledd. Spørsmålet om eit statsføretak er omfatta av offentleglova må derfor vurderast på bakgrunn av dette. For Statkraft SF er det gjort direkte unntak frå offentleglova i offentlegforskrifta, sjå § 1 første ledd bokstav g. I tillegg gjeld ikkje offentleglova for enkelte dokument frå Enova SF, Gassnova SF og Statnett SF, jf. offentlegforskrifta § 1 tredje ledd bokstav e, f og j.
Departementet har vurdert moglegheita for å ta inn ei tilvising i den nye statsføretakslova om at offentleglova som utgangspunkt gjeld for statsføretaka. Dette kan vere pedagogisk for dei som bruker lova i det daglege, men først og fremst for offentlegheita som ønskjer å be om innsyn i dokumenta frå statsføretaka.
Likevel kan ei slik tilvising vere i strid med noko av bakgrunnen for at føresegnene om verkeområdet til offentleglova ble endra i ny offentleglov. I Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) s. 36 uttalte det daverande Justis- og politidepartementet blant annet følgende:
«Eit viktig punkt i departementet sitt forslag er at verkeområdet til offentleglova i framtida berre bør regulerast i offentleglova og forskrifta til lova. Som ein konsekvens av dette foreslår departementet at føresegnene som gjer unntak frå verkeområdet til offentleglova i lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak og i særlovgivinga elles, skal opphevast samtidig med at den nye offentleglova tek til å gjelde. Departementet meiner at ei løysing der det ikkje lenger skal gjerast unntak frå verkeområdet i særlovgivinga, vil gi ein meir oversiktleg rettstilstand og ikkje minst sikre ei meir konsekvent behandling. For fleire av rettssubjekta som blir omfatta av lova etter denne endringa, og som ikkje fell utanom fordi dei driv næringsverksemd i direkte konkurranse med private, vil det ikkje vere aktuelt å gjere unnatak i forskrift. For nokre av desse vil det likevel vere aktuelt å halde oppe gjeldande rettstilstand i forskrifter ut frå retningslinjene som det er gjort greie for ovanfor.»
Av omsyn til å unngå feil tolking av verkeområdet til offentleglova, vurderer departementet at statsføretakslova ikkje bør innehalde ei tilvising til offentleglova.
Når det gjeld innspelet frå NVE som ønskte ei avklaring av om offentleglova gjeld for Statnett SF, viser departementet igjen til offentleglova § 2 andre ledd og forarbeida til offentleglova.
5.4.2 Miljøinformasjonslova
Departementet viser til innspelet frå NVE som også ønskte ei avklaring av om miljøinformasjonslova gjeld for Statnett SF. Det følger av miljøinformasjonslova § 4 (1) at lova gjeld for offentlege organ og verksemder som er etablert i Norge. Vidare følger det av miljøinformasjonslova § 5 at statsføretak kan vere offentleg organ som skal følgje reglane om slike i miljøinformasjonsloven kapittel 3, eller offentleg verksemd som skal følgje reglene om verksemder i kapittel 4. Det avheng mellom anna av verkeområdet for offentleglova, ettersom definisjonen av offentleg organ i § 5 dels viser til offentleglova § 2 og dels har like kriterium for kva som skal reknast som eit offentleg organ. Departementet vurderer derfor at spørsmålet om eit statsføretak er omfatta av miljøinformasjonslova må ein vurdere konkret på bakgrunn av disse føresegnene. Klagenemnda for miljøinformasjon sitt vedtak i sak 2013/1 om Statskog SF gjev eit døme på korleis ein avgjer om eit statsføretak er eit offentleg organ eller ei offentleg verksemd etter miljøinformasjonslova:
«Nemnda legger etter dette til grunn at Statskog ikke er et «forvaltningsorgan som er omfattet av offentleglova § 2», som nevnt i mil. § 5 første ledd bokstav a. Fordi Statskog utfører noen forvaltningsoppgaver for staten og er heleid av staten ved Landbruks- og matdepartementet, skal foretaket som utgangspunkt anses som et «offentlig organ» i henhold til mil. § 5 første ledd bokstav b. Dette gjelder imidlertid ikke for aktiviteter Statskog driver i konkurranse med private. Statskog har opplyst at all aktivitet innenfor virksomhetsområdet skog drives i konkurranse med private. Skogsdriften faller derfor utenfor mil. § 5 første ledd bokstav b. Skogsdriften faller også utenfor mil. § 5 første ledd bokstav c i og med at den ikke knytter seg til Statskogs forvaltningsoppgaver. Nemnda legger etter dette, i likhet med partene, til grunn at Statskog, i egenskap av skogbruker, ikke er et «offentlig organ» som definert i mil. § 5 første ledd. Dette innebærer at allmennhetens rett til miljøinformasjon om skogsdriften reguleres av reglene i mil. kapittel 4, som gjelder miljøinformasjon om virksomhet, og at klagenemnda for miljøinformasjon er rett myndighet i denne saken.»
5.4.3 Arkivlova
Gjeldande arkivlov gjeld ikkje for statsføretaka. I forslag til ny arkivlov som har vore på høyring, foreslo det daverande Kulturdepartementet ein heimel til å gi forskrift om at heile eller delar av arkivlova skal gjelde for sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av offentleglova § 2 første ledd første punktum bokstav c eller d som ikkje hovudsakleg driv næring i konkurranse med og på same vilkår som private. Heimelen vil kunne nyttast for enkelte rettssubjekt, men ikkje grupper av rettssubjekt. Når det gjeld høyringsinnspelet frå Norsk Arkivråd om å vise til dei arkivfaglege prinsippa i lova, vurderer departementet at dette ikkje er nødvendig fordi desse prinsippa vil stå i den nye arkivlova som statsføretaka uansett må etterleve dersom forskriftsheimelen i den nye arkivlova vil nyttast.
5.4.4 Motorferdsellova
Når det gjeld Statskog SF sitt framlegg om å ta inn ei føresegn i statsføretakslova om at motorferdsel i utmark er tillate for statsføretaka, vurderer departementet at dette på noverande tidspunkt ikkje er nødvendig. Dersom det i framtida viser seg at avgrensingar i motorferdsellova får mykje å seie for moglegheita som statsføretaka har til å drive ei effektiv verksemd, kan departementet vurdere behovet på nytt. Departementet har på noverande tidspunkt ikkje fått slike tilbakemeldingar frå fleire statsføretak. Det må i den forbindelse også vurderast om ei slik føresegn bør stå i statsføretakslova eller motorferdsellova.