16 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovframlegget
Til § 1-1
Føresegna om formålet med lova er ny og har ikkje motstykke i gjeldande lov. Framlegget til departementet er nærare omtalt i punkt 4.4.
Første punktum med formuleringa «berre kan eigast av staten» viser eigenarten ved statsføretaka. At eit statsføretak ikkje kan seljast, og at det er uaktuelt med andre eigarar ved sida av staten, markerer på ein særskild måte langsiktigheit og stabilitet i det statlege eigarskapet for statsføretak.
Andre punktum med formuleringa «samfunnsoppdraget sitt» viser til at mange statsføretak er pålagde å utføre særskilde samfunnsmessige oppgåver ved lov eller anna vedtak frå styresmaktene.
Formuleringa «verksemda si» viser til statsføretak som ikkje har eit definert samfunnsoppdrag, det vil seie Statkraft SF i dag og eventuelle nye statsføretak staten opprettar som ikkje skal ha eit definert samfunnsoppdrag. Med verksemd viser ein her til vedtektsfesta verksemd, jf. framlegget i § 2-3 første ledd bokstav b. Dette inneber at alle statsføretak har ei verksemd, men ikkje nødvendigvis også eit definert samfunnsoppdrag. Formuleringa «samfunnsoppdraget sitt eller verksemda si» omfattar dermed alle dei åtte statsføretaka vi har i dag, og eventuelle nye statsføretak staten opprettar i framtida.
Formuleringa «effektivitet» inneber både formålseffektivitet og kostnadseffektivitet. Formålseffektivitet handlar om å velje dei beste tiltaka for å realisere formålet til det enkelte statsføretaket, medan kostnadseffektivitet handlar om effektiv utnytting av ressursar og innsatsfaktorar for å nå formålet. Statsføretaka skal drive på ein ansvarleg måte med tanke på økonomi og ressursbruk. Både eigarinteresser og tredjepartsinteresser skal takast vare på, og statsføretaka sitt ansvar for å forhindre konkurs inngår i dette. Omsynet til økonomisk, klima- og miljømessig og sosial berekraft inngår også i dette, jf. Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap – Statens direkte eierskap i selskaper. Elles viser departementet til punkt 4.4 i proposisjonen.
Til § 1-2
Føresegna fastlegg verkeområdet til lova og fører vidare gjeldande lov § 1.
Til § 1-3
Føresegna fastslår at statsføretaket er eit eige rettssubjekt som sjølv kan ha rettar og forpliktingar m.m. Føresegna fører vidare gjeldande lov § 3. Ein må sjå føresegna i samanheng med § 2-6 i lovframlegget som angir at eit statsføretak, før det er registrert i Føretaksregisteret, ikkje kan pådra seg andre forpliktingar og erverve andre rettar utover det som står i stiftingsdokumentet.
Til § 1-4
Paragrafen gjeld ansvaret staten har for forpliktingane til føretaket, og fører vidare gjeldande lov § 4 a som vart tilføydd ved lov 20. desember 2002 nr. 88.
Første ledd slår fast at staten ikkje heftar for forpliktingane til føretaket overfor kreditorane.
Andre ledd slår fast at staten ikkje pliktar å skyte inn kapital i føretaket utover det som følger av stiftingsdokumentet eller vedtak om forhøging av innskotskapitalen. Føresegna svarer til aksjelova § 1-2.
Til § 1-5
Føresegna definerer kva eit konsern er, og når eit statsføretak er eit morføretak i eit konsern. Føresegna avløyser gjeldande lov § 2 andre til fjerde ledd, men er tilpassa konserndefinisjonen i gjeldande aksjelov § 1-3.
Til § 1-6
Føresegna fører vidare gjeldande lov § 4 om forholdet til anna lovgiving, og angir at forvaltningslova og statstilsettelova ikkje gjeld. Føresegna angir berre kva lover som ikkje gjeld for statsføretaka. Dette betyr at alle andre lover gjeld for statsføretaka, med mindre noko anna står i dei enkelte lovene. Tilvisinga til at tjenestetvistlova ikkje gjeld er teken ut i den nye føresegna. Tjenestetvistlova gjeld framleis ikkje for tilsette i statsføretaka med den nye lova, men dette følger av ei tolking av tjenestetvistlova § 1 som angir at lova gjeld arbeidstakarar som er tilsett i staten.
Til § 1-7
Paragrafen fastset at føresegnene i statsføretakslova ikkje kan fråvikast i vedtektene, og fører vidare gjeldande lov § 6.
Til § 1-8
Føresegna gjeld utarbeiding og oppbevaring av statsføretaksdokumentasjon, og ho slår i tillegg fast eit prinsipp om teknologinøytralitet. Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov. Ho er utforma etter aksjelova § 1-6 om utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon. Føresegna er likevel oppdatert for å samsvare med framlegget til ny arkivlov som var på høyring i 2021.
Første ledd er utforma etter aksjelova § 1-6 første ledd, bortsett frå at føresegna i framlegget gjeld dokumentasjon som skal utarbeidast etter statsføretakslova, medan den tilsvarande føresegna i aksjelova gjeld dokumentasjon som skal utarbeidast etter aksjelova. Føresegna er teknologinøytral. Den krev at dokumentasjon som blir omfatta av føresegna, skal utarbeidast og forvaltast på forsvarleg vis slik at han vil ha verdi som informasjonskjelde for samtid og ettertid, uavhengig av teknologiske skifte. Viktig for dokumentasjon som er lagra digitalt er føresegna i første ledd andre punktum om at dokumentasjonen skal vere i ei form som kan lesast og bli forstått over tid. Det inneber at slik informasjon skal forvaltast på ein måte som sikrar at opphavet til informasjonen alltid er kjent, at det går fram i kva samanheng informasjonen er skapt og inngår i, at informasjonen ikkje blir endra og at informasjonen er tilgjengeleg på ein måte som ikkje avgrensar framtidig nytte, i tråd med framlegget til ny arkivlov som var på høyring i 2021. Kravet om at dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg frå Norge inneber at det er forbode å føre ut av landet dokumentasjon som er lagra på fysiske medium. Digital dokumentasjon kan lagrast i utlandet så lenge det er mogleg å få tilgang til han gjennom skytenester og liknande.
Andre ledd er utforma etter aksjelova § 1-6 andre ledd, men er noko omformulert. Føresegna slår fast at krav om skriftlegheit i lova ikkje står i vegen for digitale løysingar. Føresegna har mellom anna betydning for saker som skal leggjast fram skriftleg for eigardepartementet etter § 5-11 første ledd i lovframlegget.
Tredje ledd gir departementet heimel til å gi nærare føresegner i forskrift og er identisk med aksjelova § 1-6 tredje ledd.
Til § 2-1
Føresegna fastset at vedtak om å opprette eit statsføretak skal gjerast av Kongen i statsråd. Vidare stiller føresegna krav om at vedtaket skal angi namnet på føretaket. Føresegna er identisk med § 7 i den gjeldande lova.
Til § 2-2
Føresegna inneheld nærare reglar om stiftingsdokumentet som saman med statsrådsvedtaket etter § 2-1 utgjer stiftingsgrunnlaget for føretaket. Føresegna avløyser § 8 i gjeldande lov.
Etter andre ledd blir statsføretaket rekna for stifta når stiftingsdokumentet er oppretta. Dette er i samsvar med § 8 andre ledd første punktum i gjeldande lov. I § 8 andre ledd andre punktum i gjeldande lov heiter det at frå stiftingstidspunktet «[…] kan foretaket ha partsstilling som nevnt i § 3». Denne delen av føresegna er sløyfa i lovframlegget. Spørsmålet om når eit statsføretak kan ha rettar og forpliktingar, er i lovframlegget regulert i § 2-6.
Til § 2-3
Føresegna avløyser §§ 10 og 11 i gjeldande lov om minimumsinnhaldet i vedtektene og vedtektsendringar, sjå også punkt 6 om dette.
Første ledd avløyser § 10 i gjeldande lov, men stiller færre krav til innhaldet i vedtektene. Den nye føresegna er utforma etter mønster av aksjelova § 2-2 første ledd, men slik at føresegna er tilpassa statsføretaka.
Til § 2-4
Paragrafen fører vidare § 13 andre ledd i gjeldande lov, som stiller særlege krav til innhaldet i stiftingsdokumentet der innskotet frå staten er andre eigedelar enn pengar. Tredje punktum om verdsetjinga av innskotet er utforma etter aksjelova § 2-6 første ledd nr. 4 og § 2-6 andre ledd, men framlegget er tilpassa statsføretaka. Reglane i framlegget om innskot med andre eigedelar enn pengar er atskilleg enklare enn føresegnene om dette i aksjelova. Sjå punkt 6 om grunnen til det.
Til § 2-5
Føresegna gjeld registrering i Føretaksregisteret og avløyser § 9 i gjeldande lov. Føresegna i framlegget er bygd ut litt i forhold til den gjeldande føresegna og er utforma etter modell av aksjelova § 2-18.
Til § 2-6
Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov, men har modell i aksjelova § 2-20 om når eit aksjeselskap kan pådra seg rettar og forpliktingar. Sjå nærare omtale i punkt 6.
Første ledd angir at før føretaket er registrert i Føretaksregisteret, kan ikkje føretaket sjølv erverve andre rettar eller pådra seg andre forpliktingar overfor tredjepersonar enn dei som følger av stiftingsdokumentet eller av lov. Føretaket kan dermed på grunnlag av føresegner i stiftingsdokumentet inngå avtalar med bindande verknad om overtaking av bestemte formuesgjenstandar og pådra seg andre forpliktingar. Det kan også følge av føresegner i lova at føretaket kan erverve rettar og pådra seg forpliktingar før registreringa, mellom anna vil føretaket kunne inngå avtale med revisor, jf. § 2-2 første ledd bokstav c. Føresegna i § 9-1 om erstatningskrav mot styremedlemer føreset heller ikkje at selskapet er registrert.
Andre ledd angir at for forpliktingar som statsføretaket pådreg seg før registrering i Føretaksregisteret, gjeld aksjelova § 2-20 andre og tredje ledd tilsvarande. Det betyr mellom anna at for forpliktingar som er pådregne i namnet til statsføretaket før registreringa, og som føretaket ikkje heftar for etter stiftingsdokumentet eller lova, er det dei som har inngått forpliktinga, som er personleg og solidarisk ansvarlege når ikkje anna må reknast som avtalt med kreditor. Ved registreringa overtek føretaket forpliktinga. Frå same tidspunkt fell det personlege ansvaret bort.
Til § 3-1
Føresegna angir eit krav om at føretaket skal ha forsvarleg eigenkapital og likviditet. Føresegna avløyser § 12 første ledd i gjeldande lov, men er utforma etter modell av den tilsvarande føresegna i aksjelova § 3-4.
Til § 3-2
Føresegna pålegg handleplikt ved tap av eigenkapital. Føresegna avløyser § 12 andre og tredje ledd i gjeldande lov. Ho er utforma etter mønster av handleplikta til styret etter aksjelova § 3-5, men er tilpassa statsføretaka. I framlegget er det presisert at eigardepartementet skal ha eit særleg varsel ved tap av eigenkapital m.m.
Til § 3-3
Føresegna gjeld forhøging av innskotskapitalen til staten etter stiftinga. Føresegna avløyser § 14 første og andre ledd i gjeldande lov, men er noko bygde ut i forhold til denne føresegna. Sjå punkt 7 om grunnen til det. Føresegna er utforma etter mønster av reglane om forhøging av aksjekapitalen i aksjelova kapittel 10 I, men er atskilleg enklare enn desse reglane og er tilpassa statsføretak.
Til § 3-4
Føresegna gjeld registrering av forhøginga i Føretaksregisteret. Føresegna avløyser § 14 tredje ledd i gjeldande lov, men er noko bygde ut i forhold til denne føresegna. Føresegna er utforma etter mønster av regelen om melding til Føretaksregisteret ved forhøging av aksjekapitalen i aksjelova kapittel 10 I, men er atskilleg enklare enn denne regelen og er tilpassa statsføretak.
Til § 3-5
Føresegna gjeld forhøging av innskotskapitalen til staten utan nyinnbetaling. Føresegna avløyser § 15 i gjeldande lov.
Til § 3-6
Føresegna gjeld utdeling av midlar frå føretaket til staten som eigar av føretaket.
Første ledd fastset at utdelingar berre kan skje etter reglane i lova om utbyte, nedsetjing av innskotskapitalen, fusjon og fisjon og tilbakebetaling etter oppløysing av føretaket.
Andre ledd inneheld ein definisjon av kva som er ei utdeling etter lova, og som dermed er underlagt reglane i lova om dette. Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov, men har mønster i aksjelova § 3-6. Etter at staten gjennom lovendringa fekk avgrensa ansvar for forpliktingane til føretaket, bør dette ha som konsekvens at utdelingar av midlar frå føretaket til staten som eigar bør formaliserast etter tilsvarande reglar som dei som gjeld for aksjeselskap. Andre punktum angir at verdien skal bereknast til balanseført verdi, i motsetning til aksjelova. Sjå punkt 6.4.2 om grunnen til det.
Tredje ledd gir departementet tilsvarande forskriftsheimel som i aksjelova § 3-6 fjerde ledd andre punktum. Departementet kan nytte forskriftsheimelen dersom det i ei konkret utdeling er behov for å angi en anna verdi for utdelinga enn den balanseførte verdien.
Til § 3-7
Føresegna gjeld ulovlege utdelingar frå føretaket og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna er utforma etter aksjelova § 3-7, men i forenkla form. Føresegna er grunna i at staten har avgrensa ansvar for forpliktingane til føretaket. Ein konsekvens av dette er at staten må ha den same plikta til å føre ulovlege utdelingar tilbake til føretaket som aksjeeigarar i aksjeselskap har etter aksjelova § 3-7.
Til § 3-8
Føresegna gjeld utdeling av utbyte til staten og avløyser § 17 andre ledd i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter mønster av aksjelova § 8-1 men er enklare enn denne. Dette har samanheng med at mellom anna særføresegna i aksjelova § 8-1 andre ledd om frådrag i utbyteramma ikkje er aktuell for statsføretaka.
Til § 3-9
Føresegna angir at det er føretaksmøtet som gjer vedtak om utdeling av utbyte. Føresegna avløyser § 17 tredje ledd i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter mønster av aksjelova § 8-2, men er enklare enn denne.
Til § 3-10
Føresegna gjeld nedsetjing av innskotskapitalen til staten og avløyser § 16 første ledd i gjeldande lov. Føresegna er bygd litt ut i forhold til gjeldande lov. Den er utforma etter mønster av reglane om nedsetjing av aksjekapitalen i aksjelova kapittel 12, men er enklare enn reglane der.
Til § 3-11
Føresegna gjeld berekning av tap og krav til eigenkapital. Føresegna avløyser § 16 andre ledd i gjeldande lov, men er bygd litt ut i forhold til gjeldande lov. Den er utforma etter mønster av reglane om nedsetjing av aksjekapitalen i aksjelova kapittel 12, men er enklare enn reglane der.
Til § 3-12
Føresegna gjeld registrering av nedsetjing av innskottskapitalen i Føretaksregisteret og avløyser § 16 tredje ledd i gjeldande lov.
Andre ledd angir at reglane i aksjelova §§ 12-5 og 12-6 kjem tilsvarande i bruk.
Til § 3-13
Føresegna gjeld for avtalar av eit visst omfang mellom føretaket og medlemer av leiinga i føretaket og deira nærståande. Den gjeldande lova har inga tilsvarande føresegn. Føresegna er utforma etter aksjelova § 3-8, men har ein anna terskelverdi. Sjå punkt 7.4.4 om grunnen til det.
Til § 3-14
Føresegna gjeld konserninterne transaksjonar der eit statsføretak er morføretak i eit konsern, jf. § 1-5 i lovframlegget. Føresegna angir at aksjelova § 3-9 første og andre ledd gjeld tilsvarande.
Om føresegna blir det elles vist til vurderingane til departementet i punkt 7.4.5.
Til § 4-1
Føresegna fører vidare § 38 første ledd i gjeldande lov. Ho fastslår for det første at føretaksmøtet er det øvste organet i statsføretaket, og for det andre at eigarmyndet til eigardepartementet berre kan utøvast gjennom føretaksmøtet. For meir om kva dette inneber, blir det vist til punkt 8.1.
Til § 4-2
Føresegna avløyser § 38 andre ledd i gjeldande lov om retten og plikta leiinga har til å delta i føretaksmøtet. Den gjeldande føresegna regulerer også retten og plikta revisor har til å delta i møtet, men i framlegget er dette regulert i § 6-4.
Andre ledd gjeld kven som har rett til å uttale seg i føretaksmøtet. Omgrepet «styremedlemer» omfattar både leiaren i styret og andre styremedlemer. Aksjelova § 5-4 har ei tilsvarande føresegn, men ho er noko annleis utforma.
Til § 4-3
Føresegna gjeld ordinært føretaksmøte og fører vidare § 39 i gjeldande lov.
Tredje ledd fører vidare i all hovudsak gjeldande lov § 41 første ledd andre punktum om kva som skal leggjast ved innkallinga til ordinært føretaksmøte. Føresegna er utforma etter modell av aksjelova § 5-5 tredje ledd, men tilpassa statsføretak.
Til § 4-4
Føresegna gjeld ekstraordinært føretaksmøte og avløyser § 40 i gjeldande lov.
Første ledd gir eigardepartementet ein generell rett til å kalle inn til ekstraordinært føretaksmøte, medan den gjeldande lova stiller vilkår om at det må vere nødvendig.
Etter andre ledd har eigardepartementet ei plikt til å kalle inn til ekstraordinært føretaksmøte innan éin månad dersom styret eller revisor skriftleg krev det. Framlegget er utforma for å bringe føresegna i samsvar med aksjelova § 5-6.
Til § 4-5
Føresegna gjeld myndet eigardepartementet har til å kalle inn til føretaksmøte, krav til innkallinga og saker utanfor dagsordenen. Føresegna avløyser § 41 i gjeldande lov.
Etter første ledd skal innkallinga vere skriftleg. Dette står ikkje i vegen for at innkallinga blir send digitalt, sjå lovframlegget § 1-8 andre ledd.
Etter andre ledd er innkallingsfristen i utgangspunktet éi veke for både ordinært og ekstraordinært føretaksmøte, medan fristen etter gjeldande lov er to veker for ordinært føretaksmøte og éi veke for ekstraordinært føretaksmøte. Aksjelova § 5-10 andre ledd fastset òg at innkalling til generalforsamlinga skal vere send seinast éi veke før møtet blir halde.
Til § 4-6
Føresegna gjeld opplysningsplikta til leiinga og er ei ny føresegn utforma etter aksjelova § 5-15. Opplysningsplikta til leiinga er ei sentral føresegn i fleire generelle føretakslover.
Føresegna gir eigardepartementet høve til å føre kontroll med leiinga for å vareta interessene i føretaket. Opplysningsplikta vil ha særleg betydning for plassering av ansvar i statsføretak, sidan det er eigardepartementet som kallar inn til føretaksmøte.
Til § 4-7
Paragrafen gjeld møteleiing og protokoll og avløyser § 42 i gjeldande lov.
Fjerde ledd inneheld ei ny føresegn om oppbevaring av protokollen som har mønster i aksjelova § 5-16 tredje ledd andre punktum. Denne føresegna blir likevel supplert av plikta etter § 8-9 tredje ledd i lovframlegget, jf. aksjelova § 16-10 fjerde og femte ledd, til å oppbevare føretaksdokumentasjon i minst ti år etter slutten av rekneskapsåret det året føretaket er endeleg oppløyst.
Til § 5-1
Føresegna gjeld plikta føretaket har til å ha eit styre og avløyser gjeldande lov §§ 18 og 19.
Andre ledd fastset kvalifikasjonskrav til styremedlemene og fastset at berre myndige personar kan vere styremedlemer. Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov, men samsvarer med aksjelova § 6-11 andre ledd. Om føresegna blir det elles vist til punkt 9.
Etter fjerde ledd er det føretaksmøtet som vel styreleiar, jf. også framlegget i § 2-2 første ledd bokstav b med krav om at stiftingsdokumentet mellom anna skal angi kven som er styreleiar.
Til § 5-2
Føresegna gjeld plikta føretaket har til å ha ein dagleg leiar, og avløyser gjeldande lov § 26. Den gjeldande lova bruker nemninga «administrerende direktør» om den som står for den daglege leiinga av føretaket. Dette er bytt ut med nemninga «dagleg leiar», som er nemninga i aksjelova.
Til § 5-3
Føresegna gjeld retten dei tilsette har til å velje styremedlemer og avløyser § 20 første, andre, tredje og delar av sjette ledd i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter mønster av regelen i aksjelova § 6-4.
Representasjonsreglane avvik frå reglane i aksjelova ved at dei ikkje tek høgde for at føretaket kan ha bedriftsforsamling, sjå punkt 9 om dette.
Til § 5-4
Føresegna gjeld retten dei tilsette har til å velje styremedlemer i konsernforhold og avløyser § 20 fjerde, femte og delar sjette ledd i gjeldande lov. Føresegnene i lovframlegget er utforma etter mønster av regelen i aksjelova § 6-5.
Til § 5-5
Føresegna gjeld tenestetida til styremedlemene og avløyser § 21 i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter mønster av aksjelova § 6-6.
Til § 5-6
Føresegna gjeld avgang og avsetjing før tenestetida tek slutt og avløyser § 22 i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter mønster av aksjelova § 6-7.
Til § 5-7
Føresegna gjeld suppleringsval og er ny i forhold til gjeldande lov, men har modell i aksjelova § 6-8. I føresegna er det presisert at aktivitetsplikta til styret ved opphøyr av styreverv før tenestetida er ute, er å varsle eigardepartementet om forholdet. Det blir så opp til eigardepartementet om det skal kalle inn til føretaksmøte for å velje ny styremedlem for resten av tenestetida. Dersom ein varamedlem trer inn, er ikkje dette til hinder for at eigardepartementet sjølv kan velje å kalle inn til ekstraordinært føretaksmøte for å velje ny styremedlem.
Til § 5-8
Føresegna gir framlegga til føresegnene i lova om styremedlemer tilsvarande bruk på varamedlemer og observatørar så langt dei passar. Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov, men har modell i aksjelova § 6-9.
Til § 5-9
Føresegna gjeld godtgjersle til styremedlemer m.m. og er ny i forhold til gjeldande lov, men samsvarer med aksjelova § 6-10. Andre punktum i framlegget fastset at retten til godtgjersle fell bort ved konkurs i føretaket. Føresegna har samanheng med at eit statsføretak etter lovendringa av statsforetaksloven i 2002 kan gå konkurs.
Til § 5-10
Føresegna gjeld oppgåvene styret har i samband med forvaltninga av føretaket, og avløyser § 23 første ledd i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter mønster av aksjelova § 6-12.
Til § 5-11
Føresegna fastset særskilde avgrensingar i myndet til styret.
Første og tredje ledd avløyser § 23 andre og tredje ledd i gjeldande lov. Om denne føresegna blir det vist til punkt 9.
Andre ledd fører vidare § 5 i gjeldande lov. Føresegna presiserer at føretaksmøtet kan vedtektsfeste avgrensingar i høvet styret har til å ta opp lån og til å stille garantiar.
Til § 5-12
Føresegna gjeld ansvaret styret har til å føre tilsyn med den daglege leiinga og verksemda til føretaket elles. Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov, men svarer til aksjelova § 6-13 andre og tredje ledd.
Til § 5-13
Føresegna gjeld myndet og oppgåvene til dagleg leiar og avløyser § 27 i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter mønster av aksjelova § 6-14.
Til § 5-14
Føresegna gjeld pliktene dagleg leiar har overfor styret. Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov, men har modell i aksjelova § 6-15.
Til § 5-15
Føresegna gjeld der det ligg føre eit konsern etter statsføretakslova, jf. § 1-5 i lovframlegget. Føresegna gjeld opplysningsplikt frå eit dotterselskap til eit statsføretak som er morføretak, og motsett og er utforma etter aksjelova § 6-16.
Til § 5-16
Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov og har modell i aksjelova § 6-18. Føresegna gir styret mynde til å setje fram krav om gjelds- eller konkurshandsaming for føretaket og til å representere føretaket som konkursskuldnar. Føresegna er teken inn i statsføretakslova som ein konsekvens av at statsføretak etter lovendringa i 2002 kan gå konkurs.
Til § 5-17
Føresegna om sakshandsaminga til styret avløyser § 24 i gjeldande lov, men er utvida etter modell av aksjelova § 6-19.
Til § 5-18
Føresegna gjeld krav om styrehandsaming og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har modell i aksjelova § 6-20.
Til § 5-19
Føresegna gjeld førebuing av saker som styret skal handsame og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har modell i aksjelova § 6-21.
Til § 5-20
Føresegna gjeld varsel om styrehandsaming og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har modell i aksjelova § 6-22.
Til § 5-21
Føresegna gjeld styreinstruks og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har modell i aksjelova § 6-23.
Til § 5-22
Føresegna angir når styret kan gjere vedtak og avløyser § 25 første ledd i gjeldande lov. Føresegna har modell i aksjelova § 6-24
Til § 5-23
Føresegna gjeld alminnelege fleirtalskrav og avløyser § 25 andre ledd i gjeldande lov. Føresegna har modell i aksjelova § 6-25.
Til § 5-24
Føresegna gjeld fleirtalskrav ved val og tilsetjingar og avløyser § 25 tredje ledd i gjeldande lov. Føresegna har modell i aksjelova § 6-26.
Til § 5-25
Føresegna gjeld inhabilitet og avløyser § 28 i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter modell av aksjelova § 6-27 første ledd. Tredje punktum angir at definisjonen av «nærstående» i aksjelova § 1-5 første ledd gjeld tilsvarande.
Til § 5-26
Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov.
Første ledd i paragrafen lovfestar eit forbod mot at styret, dagleg leiar og andre som representerer føretaket, misbruker posisjonen sin til å gi nokon ein urimeleg fordel der føretaket tek kostnaden. Føresegna gir uttrykk for det tilsvarande grunnleggjande prinsippet i selskapsretten. Føresegna har mønster i aksjelova § 6-28 første ledd.
Andre ledd gjer unntak frå prinsippet om at styret i føretaket har plikt til å følge opp vedtaka til føretaksmøtet, og at dagleg leiar har plikt til å følge opp vedtaka til styret. Føresegna pålegg styret og dagleg leiar å ikkje rette seg etter vedtak som er fatta av føretaksmøtet som er i strid med lov eller vedtektene. Føresegna er i samsvar med den tilsvarande føresegna i aksjelova § 6-28, men er tilpassa statsføretak. Også dette gir uttrykk for eit generelt selskapsrettsleg prinsipp.
Til § 5-27
Føresegna inneheld eit forbod for tilsette og tillitspersonar i eit statsføretak mot å ta imot visse gåver m.m. Føresegna fører i hovudsak vidare § 29 i gjeldande lov. Paragrafen handlar berre om forbod som er underlagde sanksjonen i tredje ledd, men tilsette må også følge andre reglement som gjeld for dei, til dømes instruksar som er fastsette av administrasjonen i personalhandboka.
Til § 5-28
Paragrafen gjeld styreprotokollar og avløyser § 24 tredje ledd i gjeldande lov.
Fjerde ledd er i all hovudsak ei vidareføring av § 24 tredje ledd andre punktum i gjeldande lov som fastset at styreprotokollen skal sendast til eigardepartementet. Nytt er at styret ikkje lenger må sende styreprotokollen innan 14 dagar etter styremøtet, men snarast etter at styret har handsama styreprotokollen. Om dette blir det vist til punkt 9.4.7.
Femte ledd er ny i forhold til den gjeldande lova og er i samsvar med aksjelova § 6-29 fjerde ledd.
Til § 5-29
Føresegna angir at styret representerer føretaket utetter og avløyser § 31 første ledd i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter modell av den tilsvarande føresegna i aksjelova § 6-30.
Til § 5-30
Føresegna gjeld høvet styret har til å gi styremedlemer eller dagleg leiar fullmakt til å teikne føretaksnamnet til føretaket. Føresegna avløyser § 31 andre ledd i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter modell av føresegna i aksjelova § 6-31 utanom høvet styret i aksjeselskap har til å gi namngitte tilsette rett til å teikne føretaksnamnet til selskapet.
Til § 5-31
Føresegna gjeld representasjonen til dagleg leiar utetter. Føresegna avløyser § 31 tredje ledd i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter modell av den tilsvarande føresegna i aksjelova § 6-32.
Til § 5-32
Føresegna gjeld overskriding av mynde og avløyser § 32 i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter modell av den tilsvarande føresegna i aksjelova § 6-33.
Til § 5-33
Føresegna gjeld manglar ved val av styremedlemer eller tilsetjing av dagleg leiar og er lik som i aksjelova § 6-34. Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov.
Til § 6-1
Føresegna fører vidare gjeldande føresegn § 43 i ei litt anna form og er tilpassa endringar i rekneskapslova om berekraftsrapportering. Føresegna pålegg, til liks med gjeldande lov, alle statsføretak å ha revisor, uavhengig av storleik.
Til § 6-2
Føresegna gjeld opphøyr av oppdraget til ein revisor og nyval av revisor og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna angir at reglane om dette i aksjelova §§ 7-2 og 7-3 første ledd gjeld tilsvarande.
Til § 6-3
Føresegna gjeld revisjonsmelding og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har modell i aksjelova § 7-4.
Til § 6-4
Føresegna gjeld retten og plikta revisor har til å delta i føretaksmøtet og vidarefører reguleringa av revisor si rett og plikt til å delta etter gjeldande lov § 38 andre ledd første, fjerde og femte punktum. Føresegna har modell i aksjelova § 7-5.
Til § 6-5
Føresegna gjeld Riksrevisjonens kontroll og fører vidare § 45 i gjeldande lov.
Til § 7-1
Føresegna gjeld fusjon (samanslåing) med anna statsføretak og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har ein viss modell i reglane om fusjon i aksjelova kapittel 13, men er atskilleg enklare enn desse.
Første ledd fastset at Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak fusjonerer med eit anna statsføretak.
I andre ledd er det vist til nokre av reglane i aksjelova kapittel 13 som gjeld tilsvarande så langt dei passar.
Til § 7-2
Føresegna gjeld fisjon (deling) av statsføretak og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har ein viss modell i reglane om fisjon i aksjelova kapittel 14, men er atskilleg enklare enn desse.
Første ledd fastset at Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak skal delast.
I andre og fjerde ledd er det vist til nokre av reglane i aksjelova kapittel 13 og 14 som gjeld tilsvarande så langt dei passar.
Til § 7-3
Føresegna gjeld fusjon (samanslåing) av eit statsføretak med eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap der aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet er overtakande selskap. Kongen i statsråd kan gjere vedtak om dette. Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har eit visst mønster i reglane om fusjon i aksjelova og allmennaksjelova, men er betydeleg enklare enn desse. Reglane om fusjon i aksjelova og allmennaksjelova kjem i stor grad i bruk gjennom tilvisingar til dei aktuelle føresegnene i aksjelova eller allmennaksjelova.
Til § 7-4
Føresegna gjeld fusjon (samanslåing) av eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap med eit statsføretak der statsføretaket er overtakande føretak.
Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har eit visst mønster i reglane om fusjon i aksjelova og allmennaksjelova, men er betydeleg enklare enn desse.
Til § 7-5
Føresegna gjeld omdanning av statleg verksemd til statsføretak. Føresegna avløyser § 55 første ledd i gjeldande lov om dette, men er bygd litt ut.
I andre ledd tredje punktum er det presisert at føresegnene i kapittel 2 om stifting av statsføretak gjeld tilsvarande dersom eit nytt statsføretak skal opprettast i samband med overføringa.
I tredje ledd er det reglane i aksjelova § 13-9, § 13-11 og §§ 13-13 til 13-17 som skal nyttast tilsvarande. Dette betyr mellom anna at det må gjennomførast eit kreditorvarsel etter reglane i aksjelova §§ 13-13 til 13-15. Dette er ein naturleg konsekvens av overføring av forpliktingane staten har, til eit statsføretak der staten har avgrensa ansvar.
Til § 7-6
Føresegna gjeld omdanning av statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap til statsføretak. Paragrafen avløyser føresegna om slik omdanning i § 55 i gjeldande lov.
I første ledd tredje punktum er det presisert at føresegnene i kapittel 2 om stifting av statsføretak gjeld tilsvarande.
Fjerde ledd fører også vidare gjeldande lov § 55 og gir Kongen heimel til å gi nærare føresegner i forskrift om omdanning til statsføretak.
Til § 7-7
Føresegna gjeld omdanning av statsføretak til statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap.
Føresegna er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna har eit visst mønster i reglane om omdanning i aksjelova og allmennaksjelova kapittel 15 og inneheld dels ei tilvising til reglane der når det gjeld melding om omdanninga til Føretaksregisteret og omdanningstidspunktet, sjå tilvisingane i § 7-6 tredje ledd i lovframlegget, jf. § 7-7 andre ledd.
Tredje ledd gir Kongen heimel til å gi nærare føresegner i forskrift om omdanning til statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap.
Til § 8-1
Føresegna gjeld vedtak om oppløysing av føretaket og avløyser § 46 i gjeldande lov.
Til § 8-2
Føresegna gjeld vedtak om oppløysing og val av avviklingsstyre og avviklingsmåte. Føresegna avløyser § 49 i gjeldande lov. Føresegna står ikkje i vegen for at det ordinære styret blir valt til avviklingsstyre om dette er tenleg.
Til § 8-3
Føresegna gjeld melding til Føretaksregisteret om oppløysing og avløyser § 50 første punktum i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter aksjelova § 16-3.
Til § 8-4
Føresegna gjeld kreditorvarsel og avløyser § 50 andre punktum i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter aksjelova § 16-4.
Til § 8-5
Føresegna gjeld stillinga til føretaket under avviklinga og er ny i forhold til gjeldande lov. Føresegna viser til at aksjelova § 16-5 gjeld tilsvarande.
Til § 8-6
Føresegna gjeld plikta styret har til å lage ei oversikt over eigedelane, rettane og forpliktingane til selskapet og gjere opp ein balanse med tanke på avviklinga. Føresegna er ny og er utforma etter aksjelova § 16-6.
Til § 8-7
Føresegna gjeld dekning av forpliktingane til føretaket og avløyser § 51 første og andre ledd i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter aksjelova § 16-7.
Til § 8-8
Føresegna gjeld utdeling til staten ved avviklinga av føretaket.
Første ledd er ny og er utforma etter aksjelova § 16-9 første ledd.
Andre ledd avløyser § 51 tredje ledd i gjeldande lov og er utforma etter aksjelova § 16-9 andre ledd.
Til § 8-9
Føresegna gjeld endeleg oppløysing og avløyser § 52 i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter aksjelova § 16-10.
Til § 8-10
Føresegna gjeld ansvar for udekte forpliktingar og avløyser § 53 i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter aksjelova § 16-12.
Til § 9-1
Føresegna gjeld erstatningsansvar for dagleg leiar og styremedlemer og avløyser § 56 i gjeldande lov. Føresegna er utforma etter aksjelova § 17-1.
I tredje ledd blir føresegnene i aksjelova §§ 17-2, 17-3, 17-5 og 17-6 gitt tilsvarande bruk, dette gjeld reglar om lemping av ansvar, vedtak om å fremje krav om erstatning, vedtak om ansvarsfridom og konkurrerande krav.
Til § 9-2
Føresegna gjeld straffansvar for styret, dagleg leiar og revisor og avløyser gjeldande lov § 58. Føresegna er utforma etter aksjelova §§ 19-1 og 19-2.
Til § 9-3
Føresegna er ny og viser til at reglane om rettargang og berekning av fristar i aksjelova § 18-1, § 18-3 og § 18-4 gjeld tilsvarande.
Til § 10-1
Føresegna angir at lova trer i kraft frå den tida Kongen fastset. Den gjeldande lova om statsføretak blir oppheva frå same tidspunkt som den nye lova trer i kraft.
Til § 10-2
Overgangsføresegna angir at dei statsføretaka som er oppretta i kraft av den eksisterande lova, blir vidareførte i den nye lova. Det same gjeld for forskrifter som er gitt i medhald av gjeldande lov, det vil seie forskrift 24. august 2017 nr. 1278 om de ansattes rett til representasjon i styre og bedriftsforsamling mv.
I tredje ledd får departementet heimel til å fastsetje nærare overgangsføresegner i forskrift.
Til § 10-3
Føresegna nr. 1-4 gir riktig tilvising til og i ny statsføretakslov.