10 Revisjon
10.1 Gjeldande rett
Føresegner om revisjon og gransking er samla i dagens kapittel 9 i lova. Dei tre føresegnene gjeld plikta til å ha revisor, høvet føretaksmøtet har til å setje i verk gransking av statsføretaket og Riksrevisjonens kontroll.
10.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet foreslo i høyringsnotatet å avløyse statsforetaksloven kapittel 9 om revisjon og gransking med nytt kapittel 6. Departementet foreslo å dele det nye kapittelet inn i nokre fleire paragrafar enn i den gjeldande lova og utforme desse etter aksjelova kapittel 7.
Departementet foreslo å ikkje føre vidare særlege reglar om gransking i statsføretakslova ettersom gransking av selskap er ein del av minoritetsvernet i aksjeretten som ikkje er ei problemstilling i eit statsføretak. Staten som eineeigar av føretaket kan når som helst, og uavhengig av nærare føresegner om dette i lova, vedta gransking av føretaket og gi nærare føresegner om granskingstemaet og gjennomføringa av granskinga.
Departementet foreslo å føre vidare plikta til å ha minst ein statsautorisert revisor uavhengig av storleiken på statsføretaket og dessutan føresegna om Riksrevisjonens kontroll.
Når det gjeld opphøyr av oppdraget til revisor og nyval av revisor, foreslo departementet å vise til aksjelova § 7-2 og § 7-3 første ledd som får lik bruk. Departementet foreslo også nye føresegner om revisjonsmelding og om retten og plikta som revisor har til å delta i føretaksmøtet, slik som i aksjelova §§ 7-4 og 7-5.
10.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Den norske Revisorforening uttaler at framlegget til ny § 6-1 om føretaksrevisjon bør ha lik standardformulering som i revisorlova, og foreslår ei slik formulering: «Eit statsføretak er revisjonspliktig etter revisorlova». Vidare meiner dei at føresegnene om revisjon bør bli tilpassa attestasjon av berekraftsrapportering, slik som foreslått for AS og ASA i NOU 2023: 15 Bærekraftsrapportering – Gjennomføring av direktivet om bærekraftsrapportering (CSRD).
10.4 Vurderingar frå departementet
Departementet er samd med Den norske Revisorforening i at det bør kome tydeleg fram i den nye statsføretakslova at eit statsføretak er revisjonspliktig etter revisorlova. Videre viser departementet til at dei nye reglane i rekneskapslova om rapportering av berekraft etter CSRD-direktivet gjeld for statsføretak som har plikt til å utarbeide berekraftsrapportering, jf. rekneskapslova § 1-2a første ledd nr. 7 og § 2-3. I berekraftsrapporteringa skal også taksonomiinformasjon inngå. Sjå Prop. 57 L (2023–2024) Endringer i regnskapsloven mv. (bærekraftsrapportering) for nærare om dette. Statsføretaka har også før dette direktivet jobba lenge med berekraft, noko som kjem til syne gjennom ulike strategiar og rapportar.
I denne samanhengen viser departementet også til sosial berekraft og openheitslova som gjeld for større verksemder i Norge, jf. openheitslova § 2. Departementet legg til grunn at fleire av statsføretaka er ei «større virksomhet» etter definisjonen i openheitslova § 3 og dermed er omfatta av denne lova, sjå nærare om dette i Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven) punkt 7.3.3. Verksemdene som er omfatta av openheitslova skal mellom anna utføre og gjere greie for aktsemdvurderingar i tråd med openheitslova §§ 4 og 5. Dette inneber å undersøke og styre risiko for den negative påverknaden verksemda har på menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve.
Sjå framlegg til ny § 6-1.