3 Overordna innspel
3.1 Synspunkt frå høyringsinstansane
I høyringsrunden kom det enkelte overordna innspel som blir omtalte i dette kapittelet. Innspela som gjeld dei konkrete lovframlegga, kjem fram i dei påfølgande temakapitla og er kommenterte i samband med vurderingar frå departementet.
Advokatforeningen set spørsmålsteikn ved behovet for ei eiga lov om statsføretak, men støttar likevel i all hovudsak framlegget til ny lov.
Vidare meiner Advokatforeningen at det er eit uheldig lovteknisk val å nytte både tilvisingsteknikk og å ta inn enkelte føresegner frå aksjelova i statsføretakslova. Advokatforeningen meiner derfor at ein heller berre bør bruke tilvisingar til aksjelova i staden for ein kombinasjon.
LO framhevar betydninga av medråderett i arbeidslivet og skriv følgande:
«Medbestemmelse i arbeidslivet er en demokratisk rettighet og avtaleverket må sikre at medbestemmelsen ivaretas og utøves på alle organisatoriske nivå, uavhengig av virksomhetens styringsmodell eller struktur. Arbeidslivet er i stadig endring og utvikles best gjennom aktiv bruk av de ansattes faglighet og kunnskap. Medbestemmelse er avgjørende for å ivareta de ansattes interesser og samtidig opprettholde gode offentlige tjenester. De ansattes kunnskap og kompetanse er statsforetakenes fremste ressurs og må tas bedre i bruk.
Vi har merket oss at Statnett SF i 2023 meldte overgang fra arbeidsgiverforeningen Spekter til NHO-foreningen Fornybar Norge. LO mener dette er uheldig. Statnett utfører forvaltningsoppgaver med utgangspunkt i hva som tjener fellesskapet best. Selskap som er statlig eid på grunn av sine viktige samfunnsoppgaver forventes å ha en særskilt uavhengighet.»
Språkrådet gir uttrykk for at det er positivt at den nye lova er på nynorsk, og påpeiker at det er i tråd med språklova og språkpolitikken.
Statkraft SF og Statskog SF er særleg positive til at lova blir teknologinøytral. Statkraft SF viser til at dei har same styre i Statkraft SF og Statkraft AS, og at det derfor er eit sterkt ønske at moglegheita til å ta i bruk ny teknologi er den same i begge selskapa. Statskog SF viser til at digital signering vil spare dei for arbeid, i staden for at dei som i dag må sende signerte papirutgåver til Brønnøysundregistera.
3.2 Vurderingar frå departementet
Departementet merkar seg spørsmålet frå Advokatforeningen om behovet for ei eiga lov om statsføretak. I denne samanhengen viser departementet til kapittel 2 i proposisjonen om bakgrunnen for lovframlegget og særleg forarbeida til dagens lov om statsføretak som er omtalte i kapittel 2.1. Departementet vurderer at dei same omsyna som gjeld for å vidareføre statsføretak som selskapsform, også gjeld for å ha ei eiga lov om statsføretak. Departementet har også vurdert moglegheita for å lage eit nytt kapittel i aksjelova om statsføretak, i staden for ei eiga lov om statsføretak, slik som statsaksjeselskap har i aksjelova kapittel 20 og statsallmennaksjeselskap i allmennaksjelova kapittel 20. Departementet vurderer at dette ikkje er formålstenleg fordi statsføretaksforma skil seg frå aksjeselskapsforma på nokre viktige område. Å behalde ei eiga lov for statsføretak markerer desse skilja. I tillegg har departementet laga eit lovframlegg som byggjer på aksjelova, men som er særleg tilpassa statsføretaksforma, i likskap med dagens lov. Ei lov som samlar alle føresegner som er særeigne for eller tilpassa statsføretaka, vil vere enklare å forhalde seg til for brukarane av lova.
Når det gjeld innspelet frå Advokatforeningen om uheldig val av lovteknikk, meiner departementet at den teknikken som er vald, medverkar til å redusere omfanget av statsføretakslova. Elles viser departementet til kapittel 1 i proposisjonen som omtaler val av lovteknikk.
Departementet er einig med LO om at medråderett i arbeidslivet er viktig. Som følge av at statsføretak er sjølvstendige rettssubjekt, vel dei sjølv kva for arbeidsgivarforeining dei vil vere tilslutta.
Å gjere lova teknologinøytral har vore eit av de viktige måla i arbeidet med å fornye lova. Departementet er einig med Statkraft SF og Statskog SF at dette er eit nødvendig grep for å lette arbeidsbøra til statsføretaka.