12 Oppløysing og avvikling
12.1 Gjeldande rett
Dagens lov har sju føresegner om oppløysing og avvikling samla i kapittel 10. Her kjem det fram at det er Kongen i statsråd som kan treffe vedtak om oppløysing av statsføretaket. Vidare er det føresegner om avviklingsstyre, melding til Føretaksregisteret og kreditorvarsel, dekning av fordringshavarar, endeleg oppløysing, ansvar for udekte forpliktingar og samanslutning med eit anna statsføretak.
12.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet foreslo å føre vidare føresegnene i dagens lov i nytt kapittel 8, men med nokre justeringar i tråd med aksjelova, og flytte føresegna i dagens § 54 om samanslutning med anna statsføretak til nytt kapittel 7 om statsføretaksendringar.
I høyringsnotatet foreslo departementet å føre vidare føresegna om avviklingsstyre, sjølv om aksjelova ikkje lenger har ei slik føresegn. Etter aksjelova står det ordinære styret for avviklinga. Departementet viste til at eit statsføretak normalt vil vere samansett for å forvalte eit føretak under normal drift. Når det er vedteke å løyse opp og avvikle føretaket, er situasjonen ein heilt annan. Verksemda skal styrast mot avvikling der mellom anna omsynet til å vareta forholdet til kreditorane og medkontrahentane til føretaket står sentralt. Dette kan tilseie at det ordinære styret normalt bør avløysast av eit særskilt avviklingsstyre. Departementet påpeikte at framlegget om å føre vidare føresegna likevel ikkje står i vegen for at det ordinære styret blir valt til avviklingsstyre om dette er tenleg.
Departementet foreslo også ei ny føresegn om avviklingsbalanse, utforma etter aksjelova § 16-10.
Ingen av høyringsinstansane hadde innspel til føresegnene om oppløysing og avvikling.
12.3 Vurderingar frå departementet
Departementet held fram med framlegget, sjå nytt kapittel 8.