Prop. 44 L (2024–2025)

Lov om statsføretak (statsføretakslova)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om statsføretak (statsføretakslova)

Kapittel 1. Innleiande føresegner

§ 1-1 Formålet med lova

Lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming som er tilpassa at statsføretak berre kan eigast av staten. Lova skal bidra til at statsføretak kan vareta samfunnsoppdraget sitt eller verksemda si på ein effektiv måte.

§ 1-2 Verkeområdet til lova

Lova gjeld for føretak som staten eig aleine, og som Kongen har bestemt at lova skal gjelde for, jf. § 2-1.

§ 1-3 Partsstilling

Eit statsføretak har sjølv rettar og forpliktingar, er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har partsstilling overfor domstolane og styresmaktene.

§ 1-4 Kva ansvar staten har for forpliktingane til føretaket

(1) Staten heftar ikkje overfor kreditorane for forpliktingane til føretaket.

(2) Staten pliktar ikkje å gjere innskot i føretaket, eventuelt konkursbuet til føretaket, utover det som følger av stiftingsdokumentet eller vedtak om å forhøgje innskotskapitalen.

§ 1-5 Konsern

(1) Eit morføretak utgjer saman med eitt eller fleire dotterselskap eit konsern.

(2) Eit statsføretak er eit morføretak om det på grunn av avtale eller som eigar av aksjar eller selskapspartar har bestemmande innverknad over eit selskap. Eit statsføretak skal alltid reknast for å ha bestemmande innverknad over eit selskap når føretaket

  • a. eig så mange aksjar eller partar i eit selskap at dei representerer fleirtalet av røystene i selskapet, eller

  • b. har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemene i styret til selskapet.

(3) Eit selskap som står i eit forhold som nemnt i andre ledd til eit morføretak, er å rekne som eit dotterselskap.

(4) Ved berekninga av røysterettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemer skal rettar som morføretaket og dotterselskapa har, reknast med. Det same gjeld rettar som nokon som handlar i sitt eige namn har, men som gjer det for morføretaket eller eit dotterselskap si rekning.

§ 1-6 Forholdet til anna lovgiving

Forvaltningsloven gjeld ikkje for statsføretak. Statsansatteloven gjeld ikkje for tilsette i statsføretak.

§ 1-7 Om lova kan fråvikast

Føresegnene i lova kan ikkje fråvikast i vedtektene med mindre det motsette er særskilt fastsett i lova.

§ 1-8 Utarbeiding og forvaltning av dokumentasjon

(1) Dokumentasjon som statsføretakslova krev at ein utarbeider, skal utarbeidast og forvaltast slik at informasjon ikkje går tapt og er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Dokumentasjonen skal vere i ei form som kan lesast og bli forstått, og vere tilgjengeleg frå Noreg.

(2) Krav i denne lova om at meldingar m.m. skal vere skriftlege, står ikkje i vegen for å bruke digitale løysingar.

(3) Departementet kan i forskrift gi nærare føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar, kva som er rekna som forsvarleg måte for utarbeiding og oppbevaring av dokument, og tryggingsnivået for signatur.

Kapittel 2. Stifting av statsføretak

§ 2-1 Vedtak om oppretting av statsføretaket

Kongen i statsråd gjer vedtak om oppretting av statsføretak og fastset kva departement som skal representere staten som eigar av føretaket. Vedtaket skal uttrykkjeleg namngi føretaket som eit statsføretak som lova her skal gjelde for, jf. § 1-2.

§ 2-2 Stiftingsdokument

(1) Når det er gjort vedtak om å opprette statsføretaket, jf. § 2-1, skal departementet opprette eit datert og signert stiftingsdokument som inneheld ei tilvising til vedtaket, og som dessutan i det minste oppgir kva departementet har vedteke om

  • a. vedtektene til føretaket

  • b. styret til føretaket, irekna kven som skal vere styreleiar

  • c. revisor for føretaket

  • d. eventuelt innskot i anna enn pengar, jf. § 2-4.

(2) Statsføretaket er rekna som stifta når stiftingsdokumentet er oppretta og signert.

§ 2-3 Minstekrav til og endring av vedtektene

(1) Vedtektene til statsføretaket skal minst opplyse om

  • a. føretaksnamnet til statsføretaket

  • b. verksemda til statsføretaket

  • c. staten sitt innskot i statsføretaket

  • d. kva saker som skal handsamast på det ordinære føretaksmøtet.

(2) Føretaksmøtet vedtek endringar i vedtektene.

§ 2-4 Innskot med andre eigedelar enn pengar

Er innskotet frå staten andre formuesverdiar enn pengar, skal stiftingsdokumentet oppgi kva som skal skytast inn, og verdien av innskotet. Innskotet kan ikkje overførast til eit høgare beløp enn det blir anteke å kunne oppførast med i balansen til føretaket. Tidspunktet for verdsetjinga kan tidlegast vere fire veker før stiftinga av føretaket, jf. § 2-2. Ei stadfesting frå revisor om at innskotet ikkje er verdsett høgare enn tillate etter andre punktum, skal leggjast ved stiftingsdokumentet.

§ 2-5 Registrering i Føretaksregisteret

(1) Statsføretaket skal meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet er signert.

(2) Før statsføretaket blir meldt til Føretaksregisteret, skal innskotet frå staten, jf. § 2-3 bokstav c, vere ytt fullt ut. Resultatet av teknisk bistand, forskings- og utviklingsarbeid m.m. skal òg vere stilt til rådvelde for statsføretaket. I meldinga til Føretaksregisteret skal det opplysast om at statsføretaket har fått innskotet. Dette skal stadfestast av revisor. Skal innskotet berre gjerast opp i pengar, kan stadfestinga gjerast av eit finansføretak, ein advokat eller ein statsautorisert rekneskapsførar.

(3) Er statsføretaket ikkje meldt til Føretaksregisteret innan fristen går ut, kan registreringa ikkje skje. Forpliktingane staten har etter stiftingsdokumentet, er da ikkje lenger bindande. Det same gjeld om registreringa blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.

§ 2-6 Rettar og forpliktingar før registreringa i Føretaksregisteret

(1) Før statsføretaket er registrert, kan føretaket sjølv ikkje erverve andre rettar og pådra seg andre forpliktingar overfor tredjepersonar enn dei som følger av stiftingsdokumentet eller av lov.

(2) For forpliktingar m.m. som er pådregne føretaket før registreringa, gjeld aksjeloven § 2-20 andre og tredje ledd tilsvarande.

Kapittel 3. Kapitalen til føretaket. Utdelingar frå føretaket

§ 3-1 Krav om forsvarleg eigenkapital og likviditet

Føretaket skal til kvar tid ha ein eigenkapital og ein likviditet som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i føretaket.

§ 3-2 Handleplikt ved tap av eigenkapital m.m.

(1) Reknar ein med at eigenkapitalen er lågare enn forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i statsføretaket, skal styret straks handsame saka og varsle departementet. Departementet skal innan rimeleg tid etter at det har motteke varselet, kalle inn til føretaksmøte. Styret skal gi føretaksmøtet ei utgreiing om den økonomiske stillinga til føretaket. Dersom statsføretaket ikkje har ein forsvarleg eigenkapital i samsvar med § 3-1, skal styret i føretaksmøtet foreslå tiltak for å rette på dette.

(2) Om styret ikkje finn grunnlag for å foreslå tiltak som nemnt i første ledd fjerde punktum, eller om slike tiltak ikkje lèt seg gjennomføre, skal styret foreslå å løyse opp føretaket.

§ 3-3 Forhøging av innskotskapitalen ved nyinnbetaling

(1) Etter at statsføretaket er registrert i Føretaksregisteret, kan føretaksmøtet vedta å auke innskotet frå staten ved innbetaling av ny kapital.

(2) Styret kan foreslå forhøging av innskotskapitalen ved nyinnbetaling. Styret skal grunngi eit slikt framlegg og gi ei kort utgreiing om forhold som ein må leggje vekt på når innskotet frå staten skal forhøgjast. Dersom føretaksmøtet ikkje skal handsame årsrekneskapen samtidig, skal utgreiinga også omfatte hendingar som har inntreft etter siste balansedag, og som er av vesentleg betydning for statsføretaket.

(3) Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal forhøgjast med. Er innskotet frå staten andre formuesverdiar enn pengar, skal protokollen oppgi kva staten skal skyte inn, og verdien av innskotet. Innskotet kan ikkje overførast til eit høgare beløp enn det blir anteke å kunne oppførast med i balansen til føretaket. Styret skal sørgje for å utarbeide ei forklaring for verdsetjinga, som minst opplyser om dei prinsippa ein har følgt ved vurderinga av dei verdiane føretaket skal overta. Tidspunktet for verdsetjinga kan tidlegast vere fire veker før vedtaket til føretaksmøtet. Ei stadfesting frå revisor om at innskotet ikkje er verdsett høgare enn det tredje punktum tillet, skal følge som vedlegg til protokollen.

§ 3-4 Registrering av forhøging av innskotskapitalen i Føretaksregisteret

(1) Vedtaket om å forhøgje innskotskapitalen skal meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at føretaksmøtet har gjort vedtaket. Er forhøginga ikkje meld til Føretaksregisteret innan fristen har gått ut, kan ho ikkje registrerast. Forpliktinga staten har til å gjere innskotet, er da ikkje lenger bindande. Det same gjeld om registreringa blir nekta på grunn av feil som ein ikkje kan rette.

(2) Før forhøginga av innskotskapitalen blir meld til Føretaksregisteret, skal innskotet vere ytt fullt ut. § 2-5 andre ledd andre til femte punktum gjeld tilsvarande.

(3) Forhøginga er å rekne som gjennomført når ho er registrert i Føretaksregisteret.

§ 3-5 Forhøging av innskotskapitalen utan nyinnbetaling

(1) Føretaksmøtet kan vedta å forhøgje innskotet frå staten i statsføretaket ved å overføre frå midlane statsføretaket kan nytte til utdeling av utbyte etter § 3-8, til innskotskapitalen. Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal forhøgjast med.

(2) Forhøginga av innskotskapitalen skal meldast til Føretaksregisteret. Forhøginga er å rekne som gjennomført når ho er registrert i Føretaksregisteret.

§ 3-6 Utdelingar frå føretaket m.m.

(1) Utdeling av midlar frå føretaket til staten som eigar kan berre skje etter reglane om utbyte, nedsetjing av innskotskapitalen til staten, fusjon eller fisjon av føretaket og tilbakebetaling etter oppløysing.

(2) Som utdeling reknar ein alle former for overføring av verdiar som direkte eller indirekte kjem staten som eigar av føretaket til gode. Verdien skal bereknast etter balanseført verdi.

(3) Departementet kan i forskrift fastsetje at ein anna verdi kan leggjast til grunn for ei nærare angitt utdeling.

§ 3-7 Ulovlege utdelingar

Er det utdelt midlar frå føretaket i strid med føresegnene i lova, skal staten eller andre som har teke imot utdelinga, føre tilbake det som er motteke.

§ 3-8 Utbyte

Føretaket kan berre dele ut utbyte så langt det etter utdelinga har att netto eigedelar som gir dekning for innskotskapitalen til føretaket. Berekninga skal gjerast på grunnlag av balansen i den siste godkjende årsrekneskapen til føretaket, men det er den registrerte innskotskapitalen på vedtakstidspunktet som skal leggjast til grunn. Aksjeloven § 8-1 tredje og fjerde ledd gjeld tilsvarande.

§ 3-9 Vedtak om utbyte

Føretaksmøtet gjer vedtak om utdeling av utbyte etter at styret har gjort framlegg om utdeling eller annan bruk av overskot. Føretaksmøtet er ikkje bunde av framlegget frå styret om utdeling av utbyte.

§ 3-10 Nedsetjing av innskotskapitalen

(1) Føretaksmøtet kan vedta å setje ned innskotskapitalen til staten. Det beløpet innskotskapitalen skal setjast ned med, kan berre brukast til

  • a. dekning av tap som ein ikkje kan dekkje på annan måte

  • b. tilbakebetaling til staten

  • c. overføring til fond.

(2) Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal setjast ned med, og kva det skal brukast til. Dersom det i samband med nedsetjinga skal skje utdelingar til staten med større beløp enn nedsetjingsbeløpet, skal dette høgare beløpet og korleis det skal dekkjast, gå fram av vedtaket til føretaksmøtet.

§ 3-11 Berekning av tap. Krav til eigenkapital m.m.

(1) Ved berekninga av kva føretaket har i tap etter § 3-10 første ledd bokstav a, skal balansen i årsrekneskapen som sist vart godkjend, leggjast til grunn.

(2) Vedtak som nemnt i § 3-10 første ledd bokstav b og c kan ikkje gjelde større beløp enn at føretaket etter nedsetjinga har att netto eigedelar som dekkjer innskotskapitalen til føretaket. Berekninga skal skje på grunnlag av balansen i årsrekneskapen som sist vart godkjend, men det er den registrerte innskotskapitalen på vedtakstidspunktet som skal leggjast til grunn. Aksjeloven § 8-1 tredje og fjerde ledd gjeld tilsvarande.

§ 3-12 Registrering av nedsetjing av innskotskapitalen i Føretaksregisteret m.m.

(1) Vedtaket om å setje ned innskotskapitalen skal meldast til Føretaksregisteret innan to månader etter at føretaksmøtet har gjort vedtaket. Er nedsetjinga ikkje meld til Føretaksregisteret innan fristen, fell nedsetjinga av innskotskapitalen bort.

(2) Aksjeloven §§ 12-5 og 12-6 om når nedsetjinga tek til å gjelde, gjeld tilsvarande.

§ 3-13 Avtalar mellom statsføretaket og medlemer av leiinga i statsføretaket

(1) Føretaksmøtet skal godkjenne avtalar mellom føretaket og ein styremedlem eller dagleg leiar når ytinga til føretaket på det tidspunktet avtalen blir inngått, har ein verdi som er lik eller større enn to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Det same gjeld avtalar mellom føretaket og

  • a. ein nærståande til ein styremedlem eller dagleg leiar

  • b. ein som handlar etter avtale med ein styremedlem eller dagleg leiar.

Ved vurderinga av kven som er nærståande etter andre punktum bokstav a, gjeld aksjeloven § 1-5 første ledd tilsvarande.

(2) Styret skal sørgje for at avtalen blir greidd ut. Allmennaksjeloven § 3-14 gjeld tilsvarande.

(3) Ein avtale som er inngått i strid med første ledd, er ikkje bindande for føretaket om føretaket godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at føretaksmøtet ikkje har godkjent avtalen. Utdeling etter ein avtale som ikkje bind føretaket etter første punktum, skal tilbakeførast. Aksjeloven § 3-7 andre ledd gjeld tilsvarande.

(4) Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje

  • a. avtale som blir inngått som ledd i den vanlege verksemda i føretaket, og som er grunna på vanlege forretningsmessige vilkår og prinsipp

  • b. avtale om løn og godtgjersle til dagleg leiar og avtale som nemnt i § 5-9.

§ 3-14 Konserninterne transaksjonar

Aksjeloven § 3-9 første og andre ledd om konserninterne transaksjonar gjeld tilsvarande i konsern der eit statsføretak er morføretak, jf. § 1-5.

Kapittel 4. Føretaksmøtet

§ 4-1 Myndet til føretaksmøtet

Gjennom føretaksmøtet utøver departementet det øvste myndet i føretaket. Departementet kan ikkje utøve eigarmyndet i føretaket på annan måte enn i føretaksmøtet.

§ 4-2 Retten og plikta leiinga har til å delta i føretaksmøtet

(1) Styreleiar og dagleg leiar skal delta i føretaksmøtet. Ved gyldig forfall skal det peikast ut ein vara i staden. Andre styremedlemer kan delta i føretaksmøtet.

(2) Styremedlemer og dagleg leiar har rett til å uttale seg i føretaksmøtet.

§ 4-3 Ordinært føretaksmøte

(1) Innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår skal det haldast ordinært føretaksmøte.

(2) På det ordinære føretaksmøtet skal følgande saker handsamast og vedtakast:

  • a. godkjenning av årsrekneskapen og eventuell årsmelding, inklusive utdeling av utbyte

  • b. andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under føretaksmøtet.

(3) Årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga skal leggjast ved innkallinga til det ordinære føretaksmøtet.

§ 4-4 Ekstraordinært føretaksmøte

(1) Departementet kan avgjere at det skal kallast inn til ekstraordinært føretaksmøte.

(2) Departementet skal kalle inn til ekstraordinært føretaksmøte dersom styret eller revisor skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt angitt emne. Departementet skal sørgje for at føretaksmøtet blir halde innan éin månad etter at kravet er sett fram.

§ 4-5 Mynde til å kalle inn til føretaksmøte og krav til innkallinga

(1) Departementet kallar inn til føretaksmøte ved skriftleg melding til alle styremedlemene, dagleg leiar og revisoren i føretaket.

(2) Innkallinga skal vere send seinast éi veke før møtet, om ikkje kortare varsel i særlege tilfelle er påtrengjande nødvendig.

(3) Innkallinga skal opplyse om tid og stad for møtet, om møteforma og eventuelt om framgangsmåten for å delta digitalt. I innkallinga skal dei sakene som skal handsamast i møtet, vere klart oppgitt. Framlegg om å endre vedtektene skal også gå klart fram av innkallinga.

(4) Føretaksmøtet kan ikkje gjere vedtak i andre saker enn dei som er oppgitt i innkallinga, med mindre alle styremedlemene og dagleg leiar samtykkjer i det.

§ 4-6 Opplysningsplikta til leiinga

(1) Departementet kan krevje at styremedlemer og dagleg leiar på føretaksmøtet gir tilgjengelege opplysningar om forhold som kan innverke på vurderinga av

  • a. godkjenninga av årsrekneskapen og årsmeldinga

  • b. saker som er presenterte for føretaksmøtet til avgjerd

  • c. den økonomiske stillinga i føretaket, inklusive verksemda i andre selskap som føretaket deltek i, og andre saker som føretaksmøtet skal handsame, med mindre dei opplysningane som krevst, vil valde føretaket uforholdsmessig skade.

(2) Dersom leiinga må innhente opplysningar, slik at svar ikkje kan bli gitt på føretaksmøtet, skal leiinga sende skriftleg svar til departementet innan to veker etter møtet.

§ 4-7 Møteleiing og protokoll

(1) Føretaksmøtet blir leidd av styreleiaren om ikkje departementet bestemmer at nokon annan skal leie møtet.

(2) Møteleiaren skal sørgje for at det blir ført protokoll for føretaksmøtet. Avgjerda til føretaksmøtet og kven som deltok på møtet, skal gå fram av protokollen. Er nokon av styremedlemene eller dagleg leiar ueinige i avgjerda til føretaksmøtet, skal oppfatninga deira førast inn i protokollen.

(3) Møteleiaren og ein annan person som blir vald blant møtedeltakarane, skal signere protokollen.

(4) Prokollen skal oppbevarast på forsvarleg vis i heile levetida til føretaket.

Kapittel 5. Styre og dagleg leiar

I. Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid m.m.

§ 5-1 Samansetjinga av styret m.m.

(1) Føretaket skal ha eit styre med minst tre medlemer. I føretak der dei tilsette har styrerepresentasjon, jf. § 5-3, skal styret ha minst fem medlemer.

(2) Berre myndige personar kan vere styremedlemer. Dagleg leiar kan ikkje vere medlem av styret.

(3) Føretaksmøtet vel styremedlemene, som også avgjer om det skal veljast varamedlemer. Første punktum gjeld ikkje styremedlemer som dei tilsette skal velje etter § 5-3.

(4) Føretaksmøtet vel styreleiar.

(5) Reglane i aksjeloven § 20-6 om representasjon av begge kjønn i styret gjeld tilsvarande.

§ 5-2 Dagleg leiar

Føretaket skal ha ein dagleg leiar som styret tilset. Styret fastset løna til dagleg leiar og andre tilsetjingsvilkår. Vedtak om å seie opp eller gi avskil til dagleg leiar blir gjort av styret.

§ 5-3 Retten tilsette har til å velje styremedlemer

(1) I føretak med fleire enn 30 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør med varamedlemer skal veljast av og blant dei tilsette.

(2) I føretak med fleire enn 50 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at inntil ein tredel og minst to av styremedlemene med varamedlemer skal veljast av og blant dei tilsette.

(3) I føretak med fleire enn 200 tilsette skal dei tilsette velje éin styremedlem med varamedlem eller to observatørar med varamedlemer i tillegg til den representasjonen som følger av andre ledd.

(4) Kongen kan gi forskrift om berekninga av talet på tilsette, inklusive om bruk av gjennomsnittstal. Kongen kan også gi forskrift om valet av styremedlemer, inklusive om vilkår for røysterett og valførleik, om valmåten og om avgjerd ved tvistar om valet, og om bortfall av verv som styremedlem. Kongen kan i forskrifta eller ved enkeltvedtak gjere unntak frå første, andre eller tredje ledd.

§ 5-4 Retten tilsette har til å velje styremedlemer i konsernforhold

(1) Når eit statsføretak er morføretak i eit konsern, kan konsernet inngå skriftleg avtale med eit fleirtal av dei tilsette i konsernet eller med éin eller fleire lokale fagforeiningar som representerer eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, om at dei tilsette i konsernet ved at § 5-4 kjem i bruk skal reknast som tilsette i føretaket.

(2) Når eit statsføretak er morføretak i eit konsern, og det ikkje er inngått avtale etter første ledd, kan Kongen etter søknad frå konsernet, eit fleirtal av dei tilsette i konsernet eller éin eller fleire lokale fagforeiningar som representerer eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, bestemme at ved bruken av § 5-3 skal dei tilsette i konsernet reknast som tilsette i føretaket.

(3) Første og andre ledd gjeld tilsvarande når eit statsføretak tilhøyrer ei gruppe av føretak som er knytte saman gjennom ei felles leiing.

(4) Kongen kan ved enkeltvedtak eller i forskrift bestemme at paragrafen her skal gjelde for delar av eit konsern eller ei slik gruppe.

§ 5-5 Tenestetida til styremedlemer

(1) Styremedlemer tenestegjer i to år. Vedtektene kan fastsetje ei kortare eller lengre tenestetid, men ikkje lengre tid enn fire år. Ved suppleringsval kan vedtektene fastsetje kortare tenestetid.

(2) Tenestetida blir rekna frå valet når ikkje noko anna er bestemt. Ho stansar ved avslutninga av det ordinære føretaksmøtet i det året tenestetida går ut, dersom ikkje noko anna er bestemt.

(3) Sjølv om tenestetida er ute, skal styremedlemen bli ståande i vervet inntil ein ny medlem er vald.

(4) Første og andre ledd gjeld ikkje styremedlemer som er valde etter § 5-3, jf. § 5-4.

§ 5-6 Avgang og avsetjing før tenestetida tek slutt

(1) Ein styremedlem har rett til å gå av før tenestetida er ute. Styret og departementet skal ha rimeleg førehandsvarsel.

(2) Føretaksmøtet kan når som helst gjere vedtak om å avsetje ein styremedlem. Dette gjeld likevel ikkje ein styremedlem som er vald etter § 5-3, jf. § 5-4.

§ 5-7 Suppleringsval

Blir vervet for ein styremedlem avslutta før tenestetida er ute, skal resten av styret varsle føretaksmøtet om at styrevervet har opphøyrt. Dersom det ikkje finst varamedlem, skal føretaksmøtet velje ein ny styremedlem for resten av tenestetida. Det same gjeld om ein styremedlem blir fråteken rettsleg handleevne eller blir sett i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143. Val av ny styremedlem kan utsetjast til neste ordinære føretaksmøte dersom styret framleis er vedtaksført.

§ 5-8 Varamedlemer og observatørar

Føresegnene i lova her om styremedlemer gjeld tilsvarande for varamedlemer og observatørar så langt dei passar.

§ 5-9 Godtgjersle

Føretaksmøtet fastset godtgjersle til styremedlemer, varamedlemer og observatørar. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.

II. Oppgåvene til leiinga, sakshandsaming m.m.

§ 5-10 Forvaltninga av føretaket

(1) Forvaltninga av føretaket høyrer under styret. Styret skal sørgje for forsvarleg organisering av verksemda.

(2) Styret skal fastsetje planar og budsjett for verksemda til føretaket. Styret kan også fastsetje retningslinjer for verksemda.

(3) Styret skal halde seg orientert om gjennomføringa av formålet og den økonomiske stillinga til føretaket. Styret pliktar å sjå til at verksemda, rekneskapen og formuesforvaltinga til føretaket blir kontrollert på forsvarleg vis.

(4) Styret set i verk dei undersøkingane det finn nødvendig for å kunne utføre oppgåvene sine. Styret skal setje i verk slike undersøkingar dersom éin eller fleire av styremedlemene krev det.

§ 5-11 Særlege avgrensingar i myndet til styret m.m.

(1) Før styret gjer vedtak i saker som ein reknar med kan ha vesentleg betydning for formålet til føretaket, eller som i vesentleg grad vil endre karakteren til verksemda, skal saka leggjast fram skriftleg for departementet. Vedtektene kan fastsetje nærare reglar om kva saker som skal leggjast fram for departementet etter første punktum.

(2) I vedtektene kan det fastsetjast reglar om høvet og avgrensingar føretaket har for å ta opp lån og stille garantiar. For avtalar som er i strid med slike vedtektsføresegner, gjeld § 5-32.

(3) Styret kan ikkje utan samtykke frå føretaksmøtet inngå avtale om deltaking i eit selskap eller eit anna samarbeidsforhold der føretaket har eit uavgrensa ansvar for dei samla forpliktingane den felles verksemda har, eller for delar av desse forpliktingane.

§ 5-12 Tilsynsansvaret til styret

(1) Styret skal føre tilsyn med den daglege leiinga og verksemda til føretaket elles.

(2) Styret kan fastsetje instruks for den daglege leiinga.

§ 5-13 Dagleg leiing

(1) Dagleg leiar står for den daglege leiinga av verksemda til føretaket og skal følge dei retningslinjene og pålegga styret har gitt.

(2) Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter forholda til føretaket er av uvanleg art eller stor betydning.

(3) Dagleg leiar kan elles avgjere ei sak etter fullmakt frå styret i det enkelte tilfellet eller når det ikkje går å vente på vedtaket frå styret utan vesentleg ulempe for føretaket. Styret skal snarast underrettast om avgjerda.

(4) Dagleg leiar skal sørgje for at rekneskapen til føretaket er i samsvar med lover og forskrifter, og at formuesforvaltinga er ordna på forsvarleg vis.

§ 5-14 Pliktene dagleg leiar har overfor styret

(1) Dagleg leiar skal minst kvar fjerde månad orientere styret om verksemda til føretaket, inklusive om gjennomføringa av formålet til føretaket og om stillinga og resultatutviklinga til føretaket.

(2) Styret kan til kvar tid krevje at dagleg leiar gir styret ei nærare utgreiing om bestemte saker. Slik utgreiing kan også den enkelte styremedlemen krevje.

§ 5-15 Forholdet mellom dotterselskap og morføretak

(1) Styret i et dotterselskap har plikt til å gi styret i morselskapet opplysningar som er nødvendig for å vurdere stillinga til konsernet og resultatet av verksemda til konsernet.

(2) Morselskapet skal underrette styret i et dotterselskap om forhold som kan ha betydning for konsernet som heilskap. Morselskapet skal også underrette styret i dotterselskapet om avgjerder som kan ha betydning for dotterselskapet, før morselskapet tar ei endelig avgjerd.

§ 5-16 Krav om gjelds- og konkurshandsaming

(1) Krav om gjeldsforhandling eller konkursforhandling for føretaket kan berre setjast fram av styret.

(2) Under konkurshandsaming representerer styret føretaket som konkursskuldnar.

§ 5-17 Sakshandsaminga til styret

(1) Styret skal handsame saker i møte, med mindre styreleiaren finn at saka kan leggjast fram skriftleg eller handsamast på annan måte. Handsamingsmåten skal vere forsvarleg.

(2) Styreleiaren skal sørgje for at styremedlemene om mogleg kan delta i ei samla handsaming av dei sakene som skal handsamast. Kvar styremedlem og dagleg leiar kan krevje at saka blir handsama i møte. Dersom ei sak skal handsamast i møte, bestemmer styreleiaren møteforma. Meir enn halvdelen av medlemene i styret kan likevel krevje at møtet blir halde som fysisk eller digitalt møte.

(3) Styreleiaren leier styrehandsaminga. Deltek verken styreleiaren eller varaleiaren, vel styret ein leiar for styrehandsaminga.

(4) Dagleg leiar har rett og plikt til å delta og til å uttale seg når styret handsamar saker, med mindre styret har bestemt anna i den enkelte saka.

§ 5-18 Krav om styrehandsaming m.m.

(1) Styreleiaren skal sørgje for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret.

(2) Styremedlemene og dagleg leiar kan krevje at styret handsamar bestemte saker.

§ 5-19 Førebuing av saker

(1) Dagleg leiar førebur saker som styret skal handsame, i samråd med styreleiaren.

(2) Ei sak skal førebuast og leggjast fram slik at styret har eit tilfredsstillande grunnlag for handsaminga.

§ 5-20 Varsel om styrehandsaming

Styrehandsaming skal varslast på tenleg måte og med nødvendig frist.

§ 5-21 Styreinstruks

(1) I føretak der dei tilsette har representasjon i styret, skal styret fastsetje ein styreinstruks som gir nærare reglar om arbeidet og sakshandsaminga til styret.

(2) Instruksen skal mellom anna innehalde reglar om kva saker styret skal handsame, kva arbeidsoppgåver dagleg leiar har, og kva plikter dagleg leiar har overfor styret. Instruksen skal også innehalde reglar for innkalling og møtehandsaming.

(3) Kongen kan gi forskrift om styreinstruks.

§ 5-22 Når styret kan gjere vedtak

(1) Styret kan gjere vedtak når meir enn halvdelen av medlemene er til stades eller deltek i styrehandsaminga, om ikkje strengare krav er fastsette i vedtektene.

(2) Styret kan likevel ikkje gjere vedtak utan at alle styremedlemene, om det er mogleg, er gitt høve til å delta i handsaminga av saka.

(3) Melder nokon forfall, og det finst varamedlem, skal varamedlemen innkallast.

§ 5-23 Alminnelege fleirtalskrav

(1) Eit styrevedtak krev at fleirtalet av dei styremedlemene som er med på handsaminga av ei sak, har røysta for. Ved likt røystetal gjeld det som møteleiaren har røysta for. Dei som har røysta for eit framlegg som inneber ei endring, må likevel alltid utgjere meir enn ein tredel av alle styremedlemene i føretaket.

(2) Strengare røystereglar kan fastsetjast i vedtektene.

§ 5-24 Fleirtalskrav ved val og tilsetjingar

(1) Ved val og tilsetjingar er den som får flest røyster, å rekne som vald eller tilsett. Styret kan på førehand bestemme at det skal haldast ny avrøysting dersom ingen får fleirtal av dei gitte røystene.

(2) Står røystetalet likt ved val av dagleg leiar, gjeld det som møteleiaren har røysta for.

(3) Strengare røystereglar kan fastsetjast i vedtektene.

§ 5-25 Inhabilitet

Ein styremedlem må ikkje delta i handsaminga eller ved avgjerda av spørsmål som har så mykje å seie for eigen del eller for nokon nærståande at medlemen må reknast å ha framståande personleg eller økonomisk særinteresse i saka. Det same gjeld for dagleg leiar. Aksjeloven § 1-5 første ledd gjeld tilsvarande for kven som skal reknast som nærståande.

§ 5-26 Misbruk av posisjon i føretaket

(1) Styret og andre som etter §§ 5-29 til 5-31 representerer føretaket, må ikkje gjere noko som er eigna til å gi nokon ein urimeleg fordel til skade for føretaket.

(2) Styret og dagleg leiar skal ikkje rette seg etter vedtak av føretaksmøtet eller eit anna føretaksorgan dersom vedtaket strir mot lov eller mot vedtektene til føretaket.

§ 5-27 Forbod mot å ta imot gåver m.m.

(1) Dei som er tilsette eller har tillitsverv i føretaket, skal ikkje for seg eller andre ta imot gåver, provisjonar, tenester eller andre ytingar frå andre enn føretaket, som er eigna til, eller av givaren meinte, å påverke handlingane deira for føretaket. Det same gjeld gåver m.m. som det er forbode å ta imot etter instruks frå føretaksmøtet eller styret.

(2) Gåver, tenester eller andre ytingar som er nemnt i første ledd, kan heller ikkje takast imot av ektefellen til vedkomande, av ein person som vedkomande lever saman med, eller av eit selskap der ein person som nemnt i første ledd, aleine eller samla har bestemmande innverknad over.

(3) Den som har teke imot ei yting i strid med forbodet i paragrafen her, pliktar å betale føretaket eit beløp som svarer til verdien av det som urettmessig er motteke.

§ 5-28 Styreprotokoll

(1) Det skal førast protokoll over styrehandsaminga. Protokollen skal minst opplyse om tid og stad, deltakarar, handsamingsmåte og vedtak frå styret. Det skal gå fram at sakshandsaminga oppfyller krava i § 5-22.

(2) Er ikkje vedtaket til styret einrøystes, skal protokollen opplyse om kven som har røysta for og imot. Når styremedlemer eller dagleg leiar ikkje er einige i eit vedtak, kan dei krevje å få oppfatninga si ført inn i protokollen.

(3) Alle medlemene som har delteke i styrehandsaminga skal signere protokollen.

(4) Protokollen skal snarast, og seinast fjorten dagar etter at styreprotokollen er godkjend av styret, sendast til departementet.

(5) Protokollen skal oppbevarast på forsvarleg vis i heile levetida til føretaket.

III. Forholda til føretaket utetter

§ 5-29 Representasjon utetter

Styret representerer føretaket utetter og teiknar føretaksnamnet til føretaket.

§ 5-30 Fullmakt til å teikne føretaksnamnet til føretaket

(1) Styret kan gi styremedlemer eller dagleg leiar rett til å teikne føretaksnamnet til føretaket. Slik fullmakt kan fastsetjast i vedtektene, som også kan avgrense myndet styret har til å gi rett til å teikne føretaksnamnet til føretaket.

(2) Retten til å teikne føretaksnamnet til føretaket kan når som helst kallast tilbake. Styret kan kalle tilbake vedtektsfesta fullmakt når ein ikkje kan vente på vedtak frå føretaksmøtet utan å valde føretaket skade.

§ 5-31 Representasjonen til dagleg leiar utetter

Dagleg leiar representerer føretaket utetter i saker som inngår i den daglege leiinga.

§ 5-32 Overskriding av mynde

Har nokon som representerer føretaket utetter etter reglane i §§ 5-29 til 5-31 ved disposisjon på vegner av føretaket gått ut over myndet sitt, er disposisjonen ikkje bindande for føretaket når føretaket godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at myndet vart overskride, og det ville vere uheiderleg å gjere disposisjonen gjeldande.

§ 5-33 Manglar ved val av styreleiar eller tilsetjing av dagleg leiar

Etter at val av styremedlem eller tilsetting av dagleg leiar er registrert i Føretaksregisteret, kan mangler ved valet eller tilsetjinga ikkje påkallast overfor ei tredjepart, med mindre føretaket godtgjer at tredjeparten kjente til mangelen.

Kapittel 6. Revisjon

I. Revisjon

§ 6-1 Føretaksrevisjon

(1) Eit statsføretak er revisjonspliktig etter revisorloven.

(2) Eit statsføretak skal ha minst éin statsautorisert revisor.

(3) Føretaksmøtet vel revisor og godkjenner også godtgjersla til revisor.

(4) I statsføretak som har plikt til å utarbeide berekraftsrapportering etter regnskapsloven § 2-3, skal revisor også attestere berekraftsrapporteringa. Føretaksmøtet kan i staden velje ein annan revisor eller ein uavhengig tilbydar av attestasjonstenester til å attestere berekraftsrapporteringa dersom det er tillate etter revisorloven § 1-3.

(5) Styret skal kvart år ha eit møte med revisor utan at dagleg leiar eller andre frå den daglege leiinga deltek. Aksjeloven § 7-5 a gjeld tilsvarande.

§ 6-2 Opphøyr av oppdraget til revisor. Nyval av revisor

Aksjeloven § 7-2 om opphøyr av oppdraget til revisor og § 7-3 første ledd om nyval av revisor gjeld tilsvarande.

§ 6-3 Revisjonsmelding

Revisor skal for kvart rekneskapsår gi ei revisjonsmelding til føretaksmøtet. Styret skal ha fått revisjonsmeldinga seinast to veker før det ordinære føretaksmøtet.

§ 6-4 Retten og plikta revisor har til å delta i føretaksmøtet

Revisor skal delta i føretaksmøtet når dei sakene som skal handsamast, er av ein slik art at dette må reknast som nødvendig. I tillegg har revisor rett til å delta i føretaksmøtet. Deltakinga kan skje digitalt, med mindre styret krev at revisor deltek fysisk.

II. Riksrevisjonens kontroll

§ 6-5 Riksrevisjonens kontroll

Riksrevisjonen fører kontroll med forvaltninga av interessene til staten og kan gjere undersøkingar m.m. i føretaket og dei heileigde dotterselskapa til føretaket etter lov om Riksrevisjonen og instruks fastsett av Stortinget.

Kapittel 7. Føretaksendringar m.m.

§ 7-1 Fusjon (samanslåing) med anna statsføretak

(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overtakande føretaket) skal overta eigedelane, rettane og forpliktingane til eit anna statsføretak (det overdragande føretaket) som heilskap.

(2) Når det er gjort vedtak etter første ledd, skal styra i føretaka som skal slåast saman, utarbeide ein felles fusjonsplan. Fusjonen blir vedteken ved at føretaksmøta i føretaka godkjenner fusjonsplanen. Føresegnene i aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 13-13 til 13-17 gjeld tilsvarande så langt dei passar.

§ 7-2 Fisjon (deling) av statsføretak

(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overdragande føretaket) skal

  • a. fordele eigedelane, rettane og forpliktingane sine på føretaket sjølv og eitt eller fleire overtakande statsføretak, eller

  • b. fordele eigedelane, rettane og forpliktingane sine på to eller fleire overtakande statsføretak.

(2) Styret i det overdragande føretaket skal utarbeide ein fisjonsplan. Aksjeloven § 13-6, § 13-9, § 13-11 og § 14-4 første ledd nr. 1 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak skal styra i dei føretaka som deltek, utarbeide ein felles fisjonsplan.

(3) I det overdragande føretaket blir fisjonen vedteken ved at føretaksmøtet godkjenner fisjonsplanen. Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak er det føretaksmøtet i det eller dei overtakande føretaka som gjer vedtaket om fisjon.

(4) Aksjeloven §§ 14-7 til 14-11 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar.

§ 7-3 Fusjon (samanslåing) av eit statsføretak med eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap

(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overdragande føretaket) kan overdra eigedelane, rettane og forpliktingane sine som heilskap til eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap (det overtakande selskapet) mot at staten får ei av desse formene for vederlag:

  • a. aksjar i det overtakande selskapet

  • b. slike aksjar med eit tillegg som ikkje må overstige 20 prosent av det samla vederlaget.

(2) Ved fusjonen gjeld reglane om fusjon i aksjeloven §§ 13-3 til 13-22 tilsvarande dersom det overtakande selskapet er eit aksjeselskap, og reglane om fusjon i allmennaksjeloven §§ 13-3 til 13-23 dersom det overtakande selskapet er eit allmennaksjeselskap. Når reglane i aksjeloven eller allmennaksjeloven blir nytta, er det føretaksmøtet som blir rekna som generalforsamlinga til det overdragande føretaket.

§ 7-4 Fusjon (samanslåing) av eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap med eit statsføretak m.m.

(1) Eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap (det overdragande selskapet) kan overdra eigedelane, rettane og forpliktingane sine som heilskap til eit statsføretak (det overtakande føretaket). Styra i det overdragande selskapet og det overtakande føretaket skal utarbeide ein felles fusjonsplan. Fusjonen blir vedteken ved at generalforsamlinga i det overdragande selskapet og føretaksmøtet i det overtakande føretaket godkjenner fusjonsplanen. Føresegnene i aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 13-13 til 13-17 eller allmennaksjeloven §§ 13-6, 13-11 og 13-14 til 13-18 gjeld tilsvarande så langt dei passar.

(2) Første ledd gjeld tilsvarande ved fusjon mellom eit heileigd dotterselskap til eit statsføretak og statsføretaket, der statsføretaket er det overtakande føretaket.

§ 7-5 Omdanning av statleg verksemd til statsføretak

(1) Ei statleg verksemd eller ein del av slik verksemd kan som heilskap overførast til eit statsføretak ved at eigedelar, rettar og forpliktingar som er knytte til verksemda, blir overførte til eit statsføretak.

(2) Det skal utarbeidast ein plan for overføringa. Skal statsføretaket stiftast i samband med overføringa, skal planen takast inn i stiftingsdokumentet, jf. § 2-2. Føresegnene om stifting av statsføretak i lova her gjeld tilsvarande. Skal verksemda overførast til eit eksisterande statsføretak, skal leiinga av den statlege verksemda og styret i statsføretaket utarbeide planen i fellesskap. Føretaksmøtet til statsføretaket skal godkjenne planen.

(3) Føresegnene i aksjeloven §§ 13-9, 13-11 og 13-13 til 13-17 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar.

§ 7-6 Omdanning av statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap til statsføretak m.m.

(1) Eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap kan dannast om til eit statsføretak ved at generalforsamlinga til selskapet gjer vedtak om dette. Selskapet må ved omdanninga ha ein eigenkapital som minst svarer til innskotskapitalen som følger av vedtektene statsføretaket skal ha etter at statsføretaket er oppretta. Føresegnene om stifting av statsføretak i lova her gjeld tilsvarande.

(2) Styret i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet skal utarbeide eit framlegg til omdanningsvedtak og ein plan for omdanninga. Planen skal mellom anna innehalde framlegg til vedtekter for statsføretaket.

(3) Aksjeloven §§ 15-2 og 15-3 gjeld tilsvarande.

(4) Kongen kan i forskrift eller for det enkelte tilfellet gi nærare føresegner om omdanning til statsføretak etter paragrafen her.

§ 7-7 Omdanning av statsføretak til statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap

(1) Eit statsføretak kan dannast om til eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap ved at føretaksmøtet til føretaket gjer vedtak om dette. Føretaket må ved omdanninga ha ein eigenkapital som minst svarer til den aksjekapitalen som aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet som føretaket skal dannast om til, skal ha. Reglane om utgreiing i aksjeloven og allmennaksjeloven § 2-6 gjeld tilsvarande.

(2) § 7-6 andre og tredje ledd gjeld tilsvarande.

(3) Kongen kan i forskrift eller for det enkelte tilfellet gi nærare føresegner om omdanning til statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap etter paragrafen her.

Kapittel 8. Oppløysing og avvikling

§ 8-1 Vedtak om oppløysing

Vedtak om å løyse opp føretaket blir gjort av Kongen i statsråd.

§ 8-2 Vedtak om val av avviklingsstyre og avviklingsmåte

(1) Når Kongen i statsråd har vedteke å løyse opp føretaket, skal departementet innan to veker kalle inn til og halde føretaksmøte der det blir valt eit avviklingsstyre og gitt nærare reglar om avviklingsmåten.

(2) Når avviklingsstyret er valt, trer det ordinære styret og dagleg leiar ut av funksjon.

§ 8-3 Melding til Føretaksregisteret

Vedtak om å løyse opp føretaket skal straks meldast til Føretaksregisteret.

§ 8-4 Kreditorvarsel

(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing skal Føretaksregisteret kunngjere vedtaket om å løyse opp føretaket i den digitale kunngjeringspublikasjonen til Brønnøysundregistera. I kunngjeringa skal kreditorane til føretaket varslast om at dei må melde krava sine til leiaren av avviklingsstyret innan seks veker frå kunngjeringa. Namnet og adressa til leiaren skal gå fram av kunngjeringa.

(2) Alle kreditorar med kjend adresse skal, om det er mogleg, varslast særskilt av føretaket.

§ 8-5 Stillinga til føretaket under avviklinga

Aksjeloven § 16-5 om stillinga til selskapet under avviklinga gjeld tilsvarande for føretaket.

§ 8-6 Avviklingsbalanse m.m.

(1) Styret skal lage ei oversikt over eigedelane, rettane og forpliktingane til føretaket og gjere opp ein balanse med tanke på avviklinga.

(2) Oversikta og balansen skal reviderast.

(3) Oversikta og balansen skal i revidert stand sendast til departementet.

§ 8-7 Dekning av forpliktingane til føretaket

(1) Styret skal sørgje for at forpliktingane til føretaket blir dekte så langt ikkje ein kreditor har gitt avkall på krav eller samtykkjer i å ta ein annan som skyldnar i staden.

(2) Om ein kreditor ikkje blir funnen eller nektar å ta imot det som kreditoren har til gode, skal beløpet deponerast i Noregs Bank etter reglane i lov om deponering i gjeldshøve.

§ 8-8 Utdeling til staten

(1) Utdeling av midlar frå føretaket til staten av anna overskot enn utbyte etter § 3-8 kan ikkje skje før forpliktingane til føretaket er dekte og det er gått minst seks veker sidan kunngjeringa av kreditorvarselet i den digitale kunngjeringspublikasjonen til Brønnøysundregistera etter § 8-4.

(2) Utdeling kan likevel skje når det berre står att uvisse eller omtvista forpliktingar og det blir avsett eit tilstrekkeleg beløp til dekning av dei. Med mindre anna er avtalt, skal beløpet setjast inn på felleskonto for føretaket og den kreditoren det gjeld, slik at uttak ikkje kan gjerast utan skriftleg samtykke frå begge partane eller endeleg dom.

§ 8-9 Endeleg oppløysing

(1) Etter at utdelinga er avslutta, skal styret leggje fram eit revidert sluttoppgjer for føretaksmøtet.

(2) Når sluttoppgjeret er godkjent av føretaksmøtet, skal styret melde til Føretaksregisteret at føretaket er endeleg oppløyst.

(3) Føresegnene om oppbevaringsplikt for selskapsdokument m.m. i aksjeloven § 16-10 fjerde og femte ledd gjeld tilsvarande for avviklingsstyret.

§ 8-10 Ansvar for udekte forpliktingar

(1) Overfor kreditorar som ikkje har fått dekning etter § 8-7 og heller ikkje er tilstrekkeleg tryggja ved avsetning etter § 8-8 andre ledd, heftar staten inntil verdien av det som staten har teke imot ved oppløysinga av føretaket. Overfor slike kreditorar heftar dessutan styremedlemene solidarisk utan avgrensing dersom det ikkje blir godtgjort at dei har opptredd med tilbørleg aktsemd.

(2) Krav frå kreditorar etter første ledd blir forelda tre år etter at den endelege oppløysinga av føretaket vart registrert i Føretaksregisteret.

Kapittel 9. Erstatnings- og straffansvar m.m.

§ 9-1 Erstatningsansvar

(1) Statsføretaket, staten eller andre kan krevje at dagleg leiar eller styremedlemer erstattar skade som dei i den nemnde eigenskapen har valda vedkomande med forsett eller aktlaust.

(2) Statsføretaket, staten eller andre kan også krevje erstatning av den som med forsett eller aktlaust har medverka til skadevalding som nemnt i første ledd. Det kan krevjast erstatning av medverkaren sjølv om skadevaldaren ikkje kan haldast ansvarleg fordi vedkommande ikkje har handla med forsett eller vist aktløyse.

(3) Aksjeloven §§ 17-2, 17-3, 17-5 og 17-6 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Aksjeloven §§ 17-3 og 17-5 gjeld tilsvarande for myndet til å krevje offentleg påtale og reise privat straffesak så langt føresegnene passar. Aksjeloven § 17-5 gjeld tilsvarande for krav frå føretaket på tilbakeføring etter § 3-7 og krav på ulovlege gåveytingar etter § 5-27 tredje ledd.

§ 9-2 Straffansvar

(1) Om medlemer av styret, dagleg leiar eller revisor med forsett eller aktlaust bryt ei føresegn som er gitt i eller i medhald av lova her, blir dei straffa med bøter eller, under skjerpande forhold, med fengsel i inntil eitt år.

(2) Om medlemer av styret, dagleg leiar eller revisor viser grov uforstand når dei utfører vervet sitt for føretaket, blir dei straffa med bøter eller, under skjerpande forhold, med fengsel i inntil eitt år.

(3) Foreldingsfristen for å reise straffesak etter første og andre ledd er fem år.

§ 9-3 Rettargangsreglar og berekning av fristar

Rettargangsreglane i aksjeloven § 18-1 og § 18-3 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Det same gjeld aksjeloven § 18-4 om berekning av fristar.

Kapittel 10. Ikraftsetjing, overgangsføresegner og endringar i andre lover

§ 10-1 Ikraftsetjing

(1) Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan setje føresegnene i kraft til ulik tid.

(2) Frå den tida lova tek til å gjelde, blir lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak oppheva.

§ 10-2 Overgangsføresegner

(1) Eit statsføretak som er oppretta før lova tek til å gjelde, blir rekna som statsføretak og følger reglane i lova her.

(2) Forskrifter som er gitt i medhald av lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak, gjeld også etter at lova her har teke til å gjelde.

(3) Departementet kan gi nærare overgangsføresegner i forskrift.

§ 10-3 Endringar i andre lover

Frå den tida lova trer i kraft, gjerast følgande endringar i andre lover:

1. I lov 14. desember 1917 nr. 16 om konsesjon for rettigheter til vannfall mv. skal § 5 første punktum lyde:

Foretak som er organisert etter statsføretakslova og norske kommuner og fylkeskommuner kan få konsesjon til å erverve eiendomsrett til vannfall på de nærmere vilkår Kongen fastsetter.

2. I lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak skal følgende føresegner lyde:

§ 3-9 første ledd nr. 4:

Styremedlemmene og i tilfelle varamedlemmer og hvem som er styrets formann. Videre skal registeret inneholde opplysninger om observatører, jf. statsføretakslova § 5-3 første og tredje ledd.

§ 3-9 nr. 7:

Styremedlemmers og varamedlemmers kjønn, samt opplysninger om medlemmet er valgt blant de ansatte etter statsføretakslova § 5-3 eller lov 15. juni 2001 nr. 93 om helseforetak m.m. § 22 og § 23.

3. I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt skal følgende føresegner lyde:

§ 2-2 første ledd bokstav f:

statsforetak etter statsføretakslova,

§ 2-36 første ledd bokstav d:

statsforetak etter statsføretakslova

4. I lov 19. desember 2003 nr. 130 om Innovasjon Norge skal § 36 a lyde:

Ved oppløsning og avvikling gjelder bestemmelsene i statsføretakslova §§ 8-1 til 8-4 og §§ 8-7 til 8-10 så langt de passer.

Til forsida