Prop. 44 L (2024–2025)

Lov om statsføretak (statsføretakslova)

Til innhaldsliste

13 Erstatnings- og straffansvar m.m.

13.1 Gjeldande rett

Dagens lov har tre føresegner samla i kapittel 12, som gjeld erstatningsansvar, straffansvar og myndet til føretaksmøtet om å treffe avgjerd om erstatningsansvar. Etter gjeldande rett kan styremedlemer, medlemer av bedriftsforsamlinga og administrerande direktør få erstatnings- og straffansvar.

Den gjeldande føresegna om erstatningsansvar i statsforetaksloven § 56 har mønster i aksjelova 1976 § 15-1. Det går fram av føresegna at ansvaret kan lempast.

Den gjeldande straffeføresegna i statsforetaksloven § 58 er utarbeidd etter mønster av aksjelova 1976 § 17-1 og har ein atskilleg mildare straffereaksjon ved brot på reglane i statsforetaksloven enn det som er fastsett i straffeføresegnene i gjeldande aksjelov §§ 19-1 og 19-2.

13.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet foreslo i ny § 9-1 at føresegna om erstatningsansvar for dagleg leiar, styremedlemer m.m. blir utforma etter mønster av reglane i gjeldande aksjelov § 17-1.

Når det gjeld dei nærare reglane om lemping av ansvar, vedtak om å fremje krav om erstatning, vedtak om ansvarsfridom og konkurrerande krav, foreslo departementet at føresegnene om dette i aksjelova §§ 17-2, 17-3, 17-5 og 17-6 blir gitt tilsvarande bruk i ny § 9-1 tredje ledd.

Departementet foreslo i ny § 9-2 at føresegna om straffansvar for medlemer av styret, dagleg leiar og revisor blir utforma etter aksjelova §§ 19-1 og 19-2.

Statsforetaksloven har ingen føresegner om rettargang og berekning av fristar. Departementet vurderte at føresegnene om rettargang og berekning av fristar i aksjelova §§ 18-1, 18-3 og 18-4 også kunne ha betydning for statsføretak. Departementet foreslo at desse føresegnene i aksjelova skulle få tilsvarande bruk ved tilvising til desse i ei føresegn i eit eige kapittel 10 i lovutkastet.

Ingen av høyringsinstansane hadde innspel til føresegnene om erstatnings- og straffansvar og føresegnene om rettargang og berekning av fristar.

13.3 Vurderingar frå departementet

Departementet vurderer at det ikkje er nødvendig å ha eit eige kapitel i lova for føresegna som viser til at føresegnene om rettargang og berekning av fristar i aksjelova gjelder. Denne føresegna er derfor flytta til kapittel 9 i lovframlegget. Departementet held fram med resten av lovframlegget i kapittel 9.

Til forsida