Prop. 44 L (2024–2025)

Lov om statsføretak (statsføretakslova)

Til innhaldsliste

8 Føretaksmøte. Utøving av eigarmyndet til staten i statsføretak

8.1 Gjeldande rett

Statsforetaksloven kapittel 8 (§§ 38 til 42) har reglar om føretaksmøte. Føretaksmøtet svarer i hovudtrekk til generalforsamlinga i eit aksjeselskap og er det organet i føretaket der staten som eigar kan utøve eigarmyndet sitt.

Om føretaksmøtet står det mellom anna følgende i NOU 1991: 8 Lov om statsforetak, punkt 8.8.6 (side 62):

«Utvalget mener at statens eiermyndighet bare skal kunne utøves gjennom et særskilt organ, foretaksmøtet. Utenfor dette skal departementet ikke ha noen formell myndighet i foretaket. Ved å kreve at departementet treffer vedtak i foretaksmøtet vil det sikres en viss notoritet over hvilke vedtak som blir truffet. Fra foretaksmøtet skal det føres en protokoll som eventuelt vil kunne legges fram hvis det blir spørsmål om ansvar m.v. Protokolleringen fra foretaksmøtet vil også kunne være av betydning for statsrådens parlamentariske og konstitusjonelle ansvar for forvaltningen av statens eierinteresse i statsforetak.
Videre vil krav om et foretaksmøte gjøre det lettere å trekke grupper utenfor departementet inn i avgjørelsesprosessen. Se utkastets § 38 annet ledd om hvem som har rett til å være tilstede i foretaksmøtet og til å uttale seg der.
Utvalget legger dessuten særlig vekt på at ved å kreve at departementet bare kan utøve eiermyndighet i foretaket gjennom foretaksmøtet, vil dette demme opp for uformelle instrukser og beskjeder fra departementets tjenestemenn til foretaksledelsen. Slike uformelle kontakter vil lett medføre en uheldig uklarhet om hvor ansvaret for avgjørelser ligger, og bør derfor brukes med varsomhet.»

I Ot.prp. nr. 32 (1990–91) Om lov om statsforetak, punkt 7.3 (side 21), sluttar departementet seg til at myndeutøvinga til eigardepartementet bør kanaliserast gjennom føretaksmøtet.

Det som er gitt att ovanfor, er framleis gyldig. Reglane i statsforetaksloven om føretaksmøtet er utforma med utgangspunkt i reglane i aksjelova om generalforsamlinga, men er likevel vesentleg enklare enn reglane om generalforsamlinga. Dette heng først og fremst saman med at staten er eineeigar av føretaket og dermed har vedtaksmynde aleine i sakene som blir handsama i føretaksmøtet. Det er dermed ikkje behov for røysterettsreglar og andre reglar som byggjer på at det kan vere fleire deltakarar med vedtaksmynde. Av den same grunnen er det i statsforetaksloven heller ikkje behov for reglar om søksmål om ugyldige vedtak og gransking etter krav frå eit mindretal av aksjeeigarane, sjå reglar om dette i aksjelova kapittel 5 V og VI.

Aksjelova kapittel 5 II har reglar om forenkla generalforsamlingshandsaming. Reglane kom inn i lova ved endringslov 14. juni 2013 nr. 40 og er seinare endra ved endringslov 16. juni 2017 nr. 71. Desse reglane opnar mellom anna for at generalforsamlinga kan haldast utan fysisk møte, inkludert ved hjelp av digitale hjelpemiddel.

Reglane i statsforetaksloven om føretaksmøtet føreset at representanten for staten deltek saman med leiinga av føretaket på føretaksmøtet. Eigar får tilsendt saksdokumenta og kan uttale seg om dei sakene som er oppe til handsaming, og blir med dette trekt inn i vedtaksprosessen. Det blir elles vist til det som er gitt att frå NOU 1991: 8 Lov om statsforetak ovanfor, om grunngivinga utvalet hadde for føretaksmøtet.

Ved endringslov 28. mai 2021 nr. 51, som tok til å gjelde 1. juni 2021, vart føresegnene i statsforetaksloven om møte og protokollføring endra slik at det blir lagt til rette for at sakshandsaminga i styret og føretaksmøtet kan skje utan fysiske møte, og at protokollar kan signerast digitalt. Departementet foreslår å føre vidare desse endringane.

I det som er gitt att frå NOU 1991: 8 Lov om statsforetak ovanfor, peiker utvalet på at å utøve eigarmyndet gjennom føretaksmøtet vil hindre at tenestepersonar frå eigardepartementet gir uformelle instruksar og beskjedar til føretaksleiinga. Slike instruksar og beskjedar vil lett, på uheldig vis, kunne føre til at det blir uklart kvar ansvaret og avgjerdene ligg, og må brukast med varsemd. Det som står i NOU-en om kontakt mellom eigardepartementet og føretaksleiinga utanfor føretaksmøtet, er framleis gyldig. Problemstillinga er mellom anna utdjupa i punkt 7 i notatet Statsrådens forvaltning av statens eierskap i selskaper som staten eier alene eller er deleier i: Forholdet til Stortinget og selskapets ledelse, som Nærings- og fiskeridepartementet fekk 9. oktober 2017. Seinare er spørsmålet mellom anna handsama i Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap – Statens direkte eierskap i selskaper, der det i punkt 12.1 mellom anna står:

«Staten avholder regelmessige møter med selskapet. Dette og annen kontakt med selskapet omtales som eierdialog. I eierdialogen kan staten ta opp forhold, stille spørsmål og formidle synspunkter som selskapet kan vurdere i tilknytning til sin virksomhet og utvikling. Dette er innspill til selskapet, og ikke instrukser eller pålegg. Styret skal forvalte selskapet i selskapets og aksjonærfellesskapets interesse, og skal selv foreta konkrete avveininger og beslutninger. Saker som krever tilslutning fra eierne, må behandles på generalforsamlingen.»

8.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet foreslo i høyringsnotatet å vidareføre dagens føresegner om føretaksmøtet. Føresegnene er til ein viss grad basert på reglane om generalforsamlinga i aksjelova kapittel 5, men er atskilleg enklare enn desse.

8.3 Synspunkt frå høyringsinstansane

Ingen av høyringsinstansane hadde synspunkt om framlegget til føresegner om føretaksmøtet.

8.4 Vurderingar frå departementet

Departementet held fram med framlegget, sjå framlegg til nytt kapittel 4.

Til forsida