1 Utkast til endringer i forskrift
Utkast til forskrift .... nr .... om fastsetjing og endring av fostringstilskot. Fastsett av Barne- og familiedepartementet ... i medhald av lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 54 a og § 57.
§ 1 Offentleg fastsetjing av fostringstilskot
Fostringstilskot til barn etter kapittel 7 i barnelova vert fastsett etter reglane i forskrifta her.
§ 2 Fordeling av underhaldskostnaden for barnet mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira
Fostringstilskotet skal fastsetjast utifrå underhaldskostnaden jf § 3 i forskrifta her, og forholdet mellom foreldra sine inntekter jf §§ 4 og 5 i forskrifta her. Tilskotet til hvert barn skal setjast som enten 1/6, 2/6, 3/6, 4/6 eller 5/6 av underhaldskostnaden. Andelen skal reknast utifrå kor stor del den tilskotspliktiges inntekt utgjer av foreldra si samla inntekt. Det er den næraste sjettedelen som skal nyttast.
§ 3 Underhaldskostnaden
Ved offentleg fastsetjing skal det nyttast fastsette underhaldskostnader. Kostnadene omfattar forbruksutgifter, buutgifter og utgifter til barnetilsyn.
Forbruksutgiftene skal setjast i tre aldersgrupper; 0-5 år, 6-10 år og 11-18 år, og reknast utifrå SIFOs standardbudsjett for forbruksutgifter.
Bukostnadene skal reknast utifrå SSBs forbruksundersøkjingar.
Utgifter til barnetilsyn skal fastsetjast utifrå tilskotsmottakaren sin rett til 70 % eller 35 % stønad til barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-11. Det skal setjast ulike beløp for heiltids- og deltidstilsyn. Kostnadene skal reknast utifrå SSBs foreldrebetalingsundersøkjingar medrekna stønad til barnetilsyn og foreldrefrådrag i inntekt. Der tilskotsmottakar ikkje har krav på stønad til barnetilsyn, skal det reknast faktiske utgifter inntil ein gitt sats, redusert for fordel av foreldrefrådrag i inntekt.
Til frådrag i dei samla kostnadene kjem motteken barnetrygd inkludert eventuelt småbarnstillegg.
For tilskot til barn over 18 år, skal underhaldskostnaden for aldersgruppa 11-18 år nyttast.
Underhaldskostnadene skal fastsetjast av departementet.
§ 4 Inntekt
Inntekta for kvar av foreldra skal setjast til personinntekt, medrekna den del av positive netto kapitalinntekter som overstig kr 10 000,- per år.
Ved inntekt frå sjølvstendig næringsverksemd, skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med i kapitalinntekta. Kapitalinntektsdelen er næringsinntekt minus utrekna personinntekt, underskott i næring i inntektsåret, framført underskott frå tidlegare år og godtgjering for arbeid til deltakar i deltakarlikna selskap.
Der tilskotsmottakar mottek utvida barnetrygd, ekstra småbarnstillegg eller kontantstøtte, skal dette leggjast til i inntekta til tilskotsmottakaren. Det same gjeld den fastsette fordelen av fradrag i skatteklasse 2. Dersom nokre av ytingane i dette stykket er fordelte mellom foreldra som følgje av avtale om delt bustad mv., skal ytingane leggjast til i kvar av foreldra si inntekt slik dei er fordelte.
Inntekta skal fastsetjast etter skjønn når ein part ikkje legg fram etterspurd dokumentasjon, eller dersom det er grunn til å tru at parten held tilbake opplysningar som kan ha noko å seie for avgjerda. Det same gjeld når ein part er utan inntekt, eller inntekta er vesentleg lågare enn det han eller ho utifrå utdanning og evner burde kunne oppnå, utan at parten kan gi ein rimeleg grunn til at han eller ho ikkje har inntekt eller at inntekta ikkje er høgare.
§ 5 Barnet si eiga inntekt
Der barnet sjølv har ei årleg inntekt på meir enn 30 gonger forskotteringsbeløpet, skal meirinntekta til barnet reknast inn i den proporsjonale fordelinga av underhaldskostnadene. Når barnet er sjølvforsytt, skal tilskot ikkje fastsetjast.
§ 6 Bidragsevnevurderinga
Utrekna tilskot etter §§ 2 til 5 i forskrifta her skal prøvast mot bidragsevna til den tilskotspliktige. Dette vil seie at tilskotet ikkje skal fastsetjast til eit høgare tilskot enn at tilskotspliktige har att fastsette midlar til skatt, eige underhald, buutgifter og eigne barn i eigen husstand.
Fastsette midlar til skatt tek omsyn til skatt på alminneleg inntekt før frådrag for gjeldsrenter mv. og trygdeavgift. Frådraga er minstefrådrag og klassefrådrag.
Midlar til eige underhald skal reknast utifrå satsane i gjeldsordningslova for einslege og sambuande/gifte.
Buutgiftar for einslege og sambuande/gifte skal reknast utifrå SSBs forbruksundersøkjingar.
Midlar til eigne barn i eigen husstand skal reknast gjennomsnittleg utifrå § 3 i forskrifta her, men reduserast til det halve. For eigne barn i eigen husstand som det er avtalt delt bustad for, skal den gjennomsnittleg rekna underhaldskostnaden reduserast til ein fjerdedel.
Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har full bidragsevne, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fasetjing av tilskota til barna slik nærare fastsett i barnelova § 58 andre stykke med tilhørande forskrift.
§ 7 Maksimumsgrense
Samla tilskot etter §§ 1 til 6 i forskrifta her skal ikkje utgjere meir enn 25 prosent av den tilskotspliktige si inntekt etter § 4.
Der samla tilskot til fleire barn overstig maksimumsgrensa, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fasetjing av tilskota til barna slik nærare fastsett i barnelova § 58 andre stykke med tilhørande forskrift.
§ 8 Delt bustad
Der foreldra er samde om at dei har avtalt delt bustad for barnet og dokumenterar dette skriftleg, skal det leggjast til grunn at foreldra har dei same utgiftene per dag til barnet den tida barnet bur fast hos kvar av dei og at barnet bor like mykje hos begge. §§ 1 til 7 i forskrifta her skal nyttast tilsvarande.
§ 9 Samvær
Skriftleg avtalt og offentleg fastsett samvær kjem som hovudregel til frådrag i tilskot utrekna etter §§ 1 til 7 i forskrifta her.
For samværsavtalar utan tvangskraft, gjeld ikkje regelen i første stykke dersom tilskotsmottakar hevdar at tilskotspliktige ikke følgjer opp avtala og tilskotspliktige ikkje klårt bevis at han fell inn under samværsklassa. For offentleg fastsett samvær, gjeld ikkje regelen i første stykke dersom tilskotsmottakar klårt bevis at avgjerda ikkje kan leggjast til grunn for frådraget.
Dersom unntaksreglane i andre stykke vert gjort gjeldande, vert det ikkje gitt noko samværsfrådrag.
Samværsfrådraget heng saman med omfanget av samvær slik at dette er delt inn i fire samværsklasser. Frådraget skal gjevast som eit fast kronebeløp avhengig av hvilken samværsklasse tilskotspliktige fell i og barnets alder. Frådraget er fastsett med utgangspunkt i kostnadene i § 3 andre stykke i forskrifta her. Kronefrådraget omfattar utgifter til mat, drikke, helse- og hygieneartiklar, leik og fritid og transportutgifter.
Frådraget i tilskotet skal reknast ut gjennomsnittleg. Det skal som hovudregel teljast netter. Dersom hovudregelen ikkje kan nyttast og tilskotspliktige minst har to dagar samvær i månaden, skal det teljast dagar og slik at dagen vert delt inn i fire.
§ 10 Barnetillegg i trygd mv.
Dersom den tilskotspliktige får pensjon, forsytartillegg frå Forsvaret eller anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, skal tilskotet før samværsfrådrag aldri setjast til ein lågare sum enn motteke barnetillegg. Dersom tilskotsmottakar mottek slik offentleg yting der barnetillegg er ein del av stønaden, skal tilskotet etter samværsfrådrag aldri setjast høgare enn underhaldskostnaden redusert for tillegget.
§ 11 Skjønnsfastsetjing av tilskot
Tilskot skal reknast etter skjønn dersom
tilskotet skal fastsetjast etter § 59 i barnelova.
ein av partane er busett eller arbeider og betalar skatt i utlandet og eit kostnadsfastsett tilskot vil verke klårt urimeleg som følgje av at tilhøva i vedkommande land er vesentleg ulike norske tilhøve.
barnet er forsytt av andre eller gifter seg.
§ 12 Tilleggstilskot
Dersom den tilskotspliktige har inntekt som er høgare enn 550 gonger fullt forskottsbeløp fastsett i forskotteringslova, skal det fastsetjast eit tillegg i tilskotet etter krav frå tilskotsmottakar. Tilleggstilskotet skal setjast til 15 % av utrekna tilskot før samværsfrådrag. Tillegget vert lagt til for kvar gong inntekta overstig grensa med nye kr 50 000,-. Det samla tilskotet skal likevel ikkje overstige 5 gonger fullt forskottsbeløp.
§ 13 Endring
Ved fastsetjing av tilskot som tidlegare er fastsett av tilskotsfut, fylkesmann, domstol eller i avtale, skal det løpande tilskotet berre endrast dersom reglane i denne forskrifta vil medføre ei endring på meir enn 10 prosent.
§ 14 Ikraftsetjing
Forskrifta her tek til å gjelde .....Frå same tid vert forskrift 20. mars 1989 om fastsetjing og endring av fostringstilskot oppheva.
Vedlegg til forskrift ... nr ... om fastsetjing og endring av fostringstilskot
Underhaldskostnaden etter § 3 skal reknast ut slik:
Kostnader per månad (19981):
Forbruksutgifter
Barnets alder | 0-5 | 6-10 | 11-18 |
Kostnad | 2 150 | 2 790 | 3 570 |
Buutgifter
Felles |
1 140 |
Utgifter til barnetilsyn
i | ii | |
Heiltidsbarnehage | 580 | 1 140 |
Deltid, park, SFO | 230 | 460 |
Skal nyttast der tilskotsmottakaren har tilsynsutgifter og krav på full stønad (70 %) til barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-11
Skal nyttast der tilskotsmottakaren har tilsynsutgifter og krav på halv stønad (35 %) til barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-11
Frådrag per månad (1998)
Barnets alder | 0 | 1-2 | 3-18 |
Sum frådrag | 1 078 | 1 735 | 1 078 |
Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus frådrag.
Til bidragsevnevurderinga etter § 6 skal følgjande leggjast til grunn for midlar til eige underhald, for buutgifter og for eigne barn i eigen husstand.
Utgifter per månad | Einslege | Gifte/sambuande |
Midlar til eige underhald | 5 243 | 4 441 |
Buutgift | 2 563 | 1 561 |
Eigne barn i eigen husstand | Ein bustad | Delt bustad |
Utgifter per månad | 1 500 | 750 |
Skattebelastninga i bidragsevnevurderinga setjast til 28 % og trygdeavgifta til 7,8 %. Minstefrådraget (20 %, maks kr 32 600) og klassefrådraget (kr 25 000) reknast inn.
Samværsfrådrag etter § 8 skal reknast ut slik (i kroner per månad, 1998 1):
Alder på barnet: | 0-5 | 6-10 | 11-18 |
Ikkje samvær /samvær mindre enn samværsklasse 1 | - | - | - |
Samværsklasse 1 (2-3 netter eller 2-3 dagar per månad) | 140 | 175 | 215 |
Samværsklasse 2 (4-8 netter per månad) | 455 | 580 | 705 |
Samværsklasse 3 (9-13 netter per månad) | 635 | 810 | 985 |
Samværsklasse 4 (14-15 netter per månad) | 800 | 1 015 | 1 320 |
I forskrift om særtilskott fastsett av Barne- og familiedepartementet 13. oktober 1992 i medhald av § 52 andre stykke tredje punktum i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) skal det gjerast følgjande endringar:
§ 1 første punktum skal lyde:
Foreldra kan påleggjast å yte særtilskot dersom det oppstår særlege utlegg.
§ 2 nytt andre og tredje punktum skal lyde:
Særtilskotet skal fastsetjast slik at dei dokumenterte nettoutgiftene vert fordelte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskotet skal rundast av til den næraste sjettedelen av utgiften. Særtilskot skal ikkje fastsetjast dersom tilskotspliktige manglar bidragsevne.
Fotnoter
Alle sjablonene er regnet ut på grunnlag av statistikk 1998 og bygger på satser og beløpsgrenser fra samme år. De refererte satsene og beløpsgrensene for bl.a. barnetrygd og skatt er derfor også fra 1998. Sjablonene og satsene skal reguleres årlig og vil bli omregnet og regulert til ikrafttredelsestidspunktet for bidragsreformen. Se kapittel 12.