19 Informasjonsplikta skolen har overfor elevar og foreldre
19.1 Innleiing
Dette punktet handlar om plikta skolane har til å sørgje for at elevane og foreldra får den informasjonen dei treng om rettane og pliktene sine.
19.2 Dagens reglar
Det er fleire reglar i opplæringslova som inneheld ei plikt for skoleeigar til å gi informasjon til elevar og foreldre.
Skolen skal til dømes årleg informere elevar og foreldre om reglane for fritak frå aktivitetar som ut frå eigen religion eller livssyn blir opplevde som støytande eller som utøving av ein annan religion, og om innhaldet i opplæringa, jf. § 2-3 a femte ledd.
Skolen skal informere elevane og foreldra om rettane deira etter kapittel 9 A, jf. § 9 A-9. Elevar og foreldre skal varslast snarast mogleg dersom skolen blir kjend med at noko ved skolemiljøet kan vere til skade for helsa til elevane. Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet, elevrådet og foreldra skal givast informasjon om alt som er viktig for skolemiljøet.
Ordensreglementet skal også gjerast kjent for elevar og foreldre, jf. § 9 A-10, fjerde ledd.
Forskrift til opplæringslova inneheld mange reglar om plikta skolen har til å gi informasjon til elevar og foreldre. Som døme kan nemnast informasjon om tilbod om leksehjelp, rådgivande røysting om skriftleg hovudmål, retten til sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving, kva det vil innebere for eleven å velje vurdering med eller utan karakter, reglar ved formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar og informasjon om eksamen, vitnemål og retten til å klage. Skolen skal gi informasjon om eleven og det daglege arbeidet, rutinar og anna som er relevant for foreldra til elevar som ikkje er myndige, jf. forskrift til opplæringslova §§ 20-3 og 20-4. Foreldra skal også få informasjon om rettar eleven og foreldra har etter opplæringslova og forskrifta.
19.3 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet å vidareføre at skolen skal gi elevane og foreldra deira den informasjonen dei treng, mellom anna om opplæringa, skolemiljøet, skolereglane og dei rettane og pliktene elevane elles har.
Departementet foreslo å samle dagens reglar om plikta skolen har til å gi informasjon til elevar og foreldre, i éin paragraf.
Departementet følgde med dette høyringsforslaget opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 43.2.
19.4 Høyringsinstansanes syn
Det er sju høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å vidareføre reglane som handlar om informasjonsplikta til skolane, og om å samle reglane i ein paragraf. I all hovudsak støtta dei forslaga.
Barneombodet uttalte at plikta til å gi informasjon om den enkelte eleven ikkje kjem godt nok fram i forslaget.
Barneombodet bad vidare om at departementet i forarbeida presiserer kva informasjon foreldre skal få om elevane i konkrete saker, og om det er informasjon dei ikkje skal få om eleven ikkje ønskjer det. Barneombodet meiner at det bør komme fram noko om informasjonsplikta i dei tilfella der foreldra ikkje bur saman, og om det er forskjell på kva informasjon som skal givast til den som har den daglege omsorga, og den andre forelderen.
Nasjonalt Organ For Flerspråklig Opplæring (NAFO) påpeikar at skolen har eit ansvar for å gi tilpassa informasjon til foreldre og føresette, slik at foreldre og føresette forstår korleis dei kan samarbeide og bidra til det beste for barnet sitt. Dei ønskjer ei presisering av at informasjonen som blir gitt, må vere forståeleg og tilpassa. Dette kan bety å setje om informasjonen til eit språk foreldra og føresette forstår, og i nokre tilfelle at informasjonen må givast munnleg.
Nokre høyringsinstansar har gitt innspel om at informasjonsplikt om retten til opplæring i og på samisk må presiserast i lovteksten. Sametinget etterlyser oppfølging av rapporten frå riksrevisjonen som mellom anna peikar på manglande informasjon om rettar og rett til læremiddel på samiske språk, og meiner at rettleiingsplikta skoleeigar har, må synleggjerast. Også Utdanningsforbundet meiner at dette må synleggjerast i lova, og skriv:
Utdanningsforbundet støtter departementets forslag til informasjonsplikt overfor elever og foreldre og foresatte i kapittel 34 i høringsnotatet og forslag til ny § 10-8. Utdanningsforbundet mener samtidig at denne paragrafen ikke sikrer samiske elevers og foresattes språklige rettigheter, og skoleeiers plikt til å informere om språklige rettigheter. Rettighetene til samiskopplæring er i dag ikke godt nok kjent utenfor samiske kjerneområder. Retten til opplæring i og på samisk bør derfor fremgå eksplisitt i loven.
19.5 Departementets vurdering
Departementet foreslår å vidareføre informasjonsplikta til skolen overfor elevar og foreldre og å samle reglane om plikta skolen har til å gi informasjon, i éin paragraf.
Departementet meiner at dei grunnleggjande rettane til elevane bør synleggjerast i regelverket. For å kunne nytte seg av rettane sine må elevar og foreldre vere informerte og kjenne til rettane. At skolen informerer elevar og foreldre, bidreg til at intensjonane bak rettane i lova blir oppfylte. Å sikre at informasjonen blir gitt, er grunngivinga for å ha informasjonsplikt i lova.
Plikta skolen har til å gi informasjon, er i dag regulert i mange paragrafar i opplæringslova og forskrifta. Dette gir ei oppstykka og lite oversiktleg framstilling av plikta og kan føre til at elevar og foreldre ikkje får den informasjonen dei skal ha. Departementet meiner at å regulere ansvaret og plikta i éin paragraf kan gjere det lettare for skolen å etterleve regelverket.
Departementet foreslår at reglar om plikta skolen har til å gi informasjon, blir lovfesta i éin paragraf.
Departementet meiner at den nye paragrafen bør stille krav til den generelle informasjonen som skal givast alle elevar og foreldre. Elevar og foreldre har rett til informasjon og rettleiing om relevante reglar, særleg rettar og pliktar. Paragrafen bør også stille krav til spesifikk informasjon som skal givast til enkeltelevar og foreldre i samband med konkrete saker. Til dømes skal skolen årleg informere elevar og foreldre om reglane for fritak frå aktivitetar som ut frå eigen religion eller livssyn blir opplevde som støytande eller som utøving av ein annan religion, og om innhaldet i opplæringa og om rettane deira som gjeld skolemiljø. Elevar og foreldre skal varslast snarast mogleg dersom skolen blir kjend med at noko ved skolemiljøet kan vere til skade for helsa til elevane. Elevrådet, andre organisasjonsformer for elevdemokrati, andre brukarorgan og foreldra skal givast informasjon om alt som er viktig for skolemiljøet. Ordensreglementet skal også gjerast kjent for elevar og foreldre.
Departementet føreset at skolane finn eigna måtar å informere på som sikrar at formålet med plikta blir oppfylt, slik at elevane og foreldra kan nytte seg av rettane sine. Dette føreset at elevar og foreldre er informerte og kjenner til rettane. Det er ikkje tilstrekkeleg å basere seg på at barn vidareformidlar informasjon til foreldra, informasjon må givast direkte til foreldra. Det er dessutan viktig at informasjonen blir gjort tilgjengeleg for alle. Han må formidlast på ein forståeleg måte og eventuelt også via tolk eller på andre språk enn norsk. Skolen bør også ta omsyn til at mange barn har fleire foreldreheimar, og at informasjonen må nå desse.
Paragrafen er generelt forma ut og vil naturleg omfatte alle pliktene som ligg til kommunen og fylkeskommunen, også plikta til å informere om retten til opplæring i og på samisk. Departementet ser likevel at det kan vere behov for å presisere denne plikta i lova for å synleggjere dette ansvaret, det same meiner Sametinget. Sametinget har i konsultasjonar med departementet gitt innspel om at paragrafen eksplisitt bør nemne plikta til å informere om retten til opplæring i og på samisk. Sametinget har gitt uttrykk for at skoleeigarar kan ha for lav kjennskap til, og dermed for lav etterleving av regelverket. Sametinget meiner det er ei utfordring at skoleeigarane ikkje kjenner godt nok til verken samiske elevars rettar, innhaldet i rettane, eller den rettleiingsplikta dei har, og at det også er behov for at skoleeigaren sjølv får rettleiing i retten til samiskopplæring. Også nokre høyringsinstansar har gitt innspel om det same. Det blir vist til at rettane til samiskopplæring ikkje er godt nok kjende, verken for elevar, foreldre eller lærarar, og at det er skoleeigar som har ansvar for å opplyse om dette.
Det er viktig at elevar og foreldre veit om retten til opplæring i og på samisk, slik at dei som ønskjer det, kan ta i bruk retten. Samtidig er det viktig at skoleeigar og lærarar kjenner til dei rettane som finst innanfor og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk, slik at dei kan leggje til rette for dei som ønskjer samiskopplæring. Skolen er ein sentral arena for varetakinga av samisk språk, og kunnskap om dei rettane som finst i dag, er særleg viktig.
Departementet foreslår at lovteksten, slik som forslått i høyringa, skal vere at kommunen og fylkeskommunen skal gi elevane og foreldra den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, skolemiljøet og skolereglane, og om dei rettane og pliktene elevane elles har, og at det blir presisert i eit eige punktum at kommunen og fylkeskommunen også skal gi informasjon om retten til opplæring i og på samisk. Sametinget og departementet er samde om å inkludere opplæring i og på samisk i informasjonsplikta.
19.6 Departementets forslag
Departementet foreslår
å vidareføre at skolen skal gi elevane og foreldra deira den informasjonen dei treng, mellom anna om opplæringa, kvar enkelt elev, skolemiljøet, skolereglane og dei rettane og pliktene elevane elles har, sjå forslaget til § 10-8 første punktum
å lovfeste ein overordna paragraf om plikta skolen har til å gi informasjon til elevar og foreldre, sjå forslaget til § 10-8 første punktum
at skolen skal informere om retten til opplæring i og på samisk, sjå forslaget til § 10-8 andre punktum